BLS-huset og BLS

BLS-huset er det huset som bygdelaga i BLS (Bygdelagssamskipnaden) eig saman. Det ligg i Nordahl Brunsgt. 22, tett inntil det gamle Rikshospitalet, og i same gata som Blitz-huset. Her finn du kart dit.

BLS består no ca 20 bygdelag frå alle kantar av landet. Eitt av desse bygdelaga heiter Symra. Symra er ein leikarring og driv mest med folkedans og folkemusikk.

BLS vart skipa i 1923 av 10 bygdelag i Oslo, mellom dei Sunnmøringen og Romsdalslaget. Namnet på fylkeslaget var den gongen Oslo Fylkeslag. Namnet vart endra til Bygdelagssamskipnaden i Oslo i 1967. I 1927 kjøpte BLS garden, og same året kom også Nordmørslaget med i samskipnaden. Frå starten var det drygt 2000 medlemer i Fylkeslaget, og det steig jamnt til knapt 4000 då krigen starta. Under siste delen av krigen var drifta nedlagt og tyskerane overtok garden. Etter krigen heldt engelskmennene til ei tid i garden. Straks etter krigen vart medlemstalet det høgste nokon gong, over 5000 i 1946. Seinare har det gått jamt nedover. I jubileumsåret 1973 var det ca 4200 medlemer. Frå 1967 fekk laget eit Forretningsstyre i tillegg til Lagsstyret. Forretningsstyret skulle ta seg av drifta av garden.

BLS-garden, Nordahl Brunsgt 22 og 24, vart kjøpt i 1927 for kr 152 000. Til då hadde det vore drive skule her. Garden hadde ei grunnflate på 650 rutemeter. Ragna Nielsen (f. Ullmann 1845-1924) hadde dreve Ragna Nielsens Latin- og Realskole i garden frå han vart grunnlagt i 1885 til ho døydde i 1924. Skulen var den første fellesskulen i landet (både for jenter og gutar), og vart rekna for ein av dei beste skulane i byen. Sigrid Undset var mellom elevane her. Ragna Nielsen var kjent kvinnesakskvinne, aktiv riksmålskvinne og spiritist. Det synte seg at det eigentleg var forbod mot dans i garden, men heldigvis ordna det seg.

BLS-garden vart nytta til fleire ting. For det første vart det plass for laga å ha sine tilskipingar og møte her. Heim for Landsungdom fekk også tilhald i garden. dette var eit tiltak som laga hadde arbeidd for i mange år, og som Stortinget ved to høve hadde løyvt pengar til (kr 100000 og kr 150000). Det var berre gutar som fekk bo på hyblane.. Så fekk fylkeslaget sine kontor i garden, Noregs Ungdomslag likeeins. Det vart også kafedrift her - Kaffistova -, og i nokre år også Sosialkontor for landsungdom. Kaffistova vart lagt ned på 1970-talet. Heim for Landungdom vart lagt ned i 1968 og i staden vart hyblane utleigd til Postverket. I dag er det 45 hyblar som vert leigd ut til private. Når du kom inn porten frå gata ligg gardsplassen med lindetreeet rett fram, Kaffistova var inn døra til venstre, og kontoret inn døra til høgre.

I 1938 vart BLS-garden utvida og oppussa. Den delen som vender mot Nordahl Brunsgt. fekk ein ekstra etasje, og over Blåsalen vart det bygt hyblar i fleire etasjar. Det vart no totalt ca 100 hyblar.

I BLS-huset er det tre salar: Storsalen (den største, sjå biletet), Halli og Blåsalen. Alle salane er nyleg oppussa og er fine. I tillegg til dei 45 hyblane, leiger BLS ut ein del kontorlokale. På dagtid og i helger leiger BLS ut dei tre salane og eit møterom når laga ikkje brukar dei. Dei siste 10-åra fram til 2006 (?) var det to tilsette i BLS. Ein vaktmeister på heiltid, og ein kontormedarbeidar på deltid. Etter det har har styret teke seg av drifta av garden.

I tillegg til arbeidet for eige hus, gjorde Fylkeslaget mykje for å gjere bygdelaga kjent i byen. Dei satsa på to store markeringar: Sommarstemnet og 17. mai. Alt første sumaren 1923 vart det sumarstemne på Hovedøya. Over 1000 møtte fram i det fine sumarveret og høyrde Anders Hovden halde tale - slik berre han kunne det - Leikarringen i BUL hadde leikframsyning og Torkjel Haugerud og Henrik Gjellesvik spela hardingfele. Det vart sendt helsing til frendane på Island og Færøyane og Stortingen vart oppmoda om om ta att Oslo-namnet på byen. Sumaren 1926 vart sumarstemnet lagt til Folkemuseet, og hadde tilhald der nokre år. Tradisjonen glapp, men vart teken opp at i 1949, og etter det har det alltid vore sumarstemne på Folkemuseet.

I 1924 skipa Fylkeslaget sitt første 17. mai-tog. Over 3000 innflyttarar, mange i bunad, var med i toget og Olav Midttun tala for 3000 på Tullinløkka.Utover på 30-talet vart det vanskelegare å samle folk til 17. mai-tog. Etter 1952 har det ikkje vore eige 17. mai-tog, men frå 1964 ein fest i Storsalen om kvelden.

Den første sekretæren i Oslo Fylkeslag var Jon Dyrrdal 1928 - 33, og så Kaare Solheim 1934 - 42.  Første kontordama var Halldis Moren Vesaas, som var tilsett her dei første to åra etter at ho flytta til Oslo. Etter krigen var Viktor Krüger sekretær i Oslo Fylkeslag frå 1946 til 1961, og gjorde ein stor innsats. Etter han overtok Oddvin Lundanes frå Geiranger, til han vart generalsekretær i Noregs Ungdomslag i 1969. Den kjente kvedaren Talleiv Røysland frå Lårdal i Telemark var vaktmeister i BLS-garden frå 1932 til 1960. Både før og seinare song han ofte på programkveldar og festar i bygdelaga. Kona hans Borghild var i mange år vakt i garderoba ved Storsalen. Den direkte inngangen frå gata til Storsalen vart seinare stengt. Ingebjørg Juvkvam var husmor for Heim for Landsungdom frå 1929 til 1963. Nemne må vi også at "verdens fremste hardigfelebyggjar" Gunnar røstad hadde verkstaden sin i kjellaren i BLS-huset, i "katakomben", frå 1937 til 1939.

Tilbake til hovudsida