Aktivitetar

Symra har mange aktiviteter. Her er dei viktigaste. Detaljar om programmer dette halvåret finn du her
 
  •  Faste øvingar i leikarringen kvar onsdag heile årer (bortsett frå midt på sumaren). Øvingane er i Storsalen i BLS-huset i Nordahl Brunsgt. 22 (nær det gamle Rikshospitalet og Blitshuset). Øvingane er frå kl 19.30 til kl 22.00. Det er ein halv time kaffipause frå 20.45 - 21.15 (kaffi og kaker og hyggjeleg samvær). På øvingane er det alltid levande musikk, og dugande instruktører som gjennomgår dansane. To-tre gonger for semesteret er øvingane litt annleis enn normalt. Då startar vi med kaffi/kaker, litt program, og meir fri dans utan instruksjon.
       

  •  Offentlege kurs. Ringen tilbyr normalt 1 offentlege kurs per semester. Dei siste åra har det vore helgekurs i gamaldans/runddans.
       

  •  Temakurs. Nokre onsdagar før vanleg øving (kl 18.15 - 19.45) er det kurs/øving i spesielle dansar eller spesielle tema. Det er som oftast bygdedansar eller stildansar. Sjå det aktuelle programmet for nærare detaljar. Har ikkje vore gjennomført dei siste åra.
       

  •  Stildans-øvingar. Ca to gonger per månad er det spesielle øvingar i stildans. Det er som oftast på fredagar i Storsalen frå kl 18.30 til kl 21.30. Her er det anledning for alle - også dei som ikkje er medlemer i Symra - å danse stildans og lære nye stildansar. Marita Ramstad er instruktør på stildansøvingane.
      

  •  Helgekurs, heildagskurs, seminar. Iblant har Symra kurs i spesielle dansar. Det kan vere kurs i Vestlandssspringar, pols, stildans, bygdedansar frå Møre og Romsdal etc. Også dei som ikkje er medlemer i ringen er velkomne på kursa.
      

  • Framsyningar. Symra legg vekt på å kunne vise fram norsk folkedans og folkemusikk for andre. Slike framsyningar kan vere for turistar, på kongressar etc, og då tar ringen betalt for oppdraget. Men har også framsyningar på sjukeheimar, aldersheimar, på 17. mai, på turar i inn og utland etc. Ringen har i blant ekstra øvingar der vi øver spesielt med tanke på slik framsyningar.

  • Turar. Symra reiser kvart år på fleire turar. Kvar haust, ca 1. september, er det helgetur til fjells. Til ei fjellstove eller hotell, der vi kombinerer turar i fjellet med dans om kvelden og kulturaktivitetar. Dei fleste år reiser også Symra på danseturar til utlandet, til ein felstival eller annan spennande turmål.
     

  • Vennskapsring. Symra har heilt frå 1965 hatt vennskapslag i Stockholm. Laget heiter Viljan. Annakvart år reiser Symra til Stockholm og annakvart år kjem dei til Oslo. Dette foregår i pinsa. Også til andre tider er det nær kontakt mellom dei to danseringane.
      

  • Festar. Julefesten i byrjinga av desember er årviss. Elles blir det av og til elles arrangert dansefestar, særleg når vi har besøk av andre danseringar frå utlandet.
      

  • Ulike kulturelle tiltak. Iblant blir det arrangert ulike kulturtiltak. Dei siste åra har det vore fast med teaterbesøk 3-4 gonger for halvåret.

Det er også mykje anna som foregår i Symra. Mer om det kan du lese her.