Bilete frå Viljans 70 års jubileum 8. oktober 2011

Tilbake til hovudsida

Det vart ein svært fin tur til Viljans 70 års jubileum i Stockholm den 8. oktober 2011. Dei fleste reiste med buss - 30 til saman - og totalt var det 40 frå Symra. Ei imponerande gåve til eit venskapslag gjennom 46 år! Dei fleste overnatta på ungdomsherberget Zinkendamm på Sødermalm, og nokre minutts gangavstand derifrå var festsalen, i Høgalids forsamlingslokale ved Høgalidskyrkan. Det var trongt om parkeringsplass rundt hotellet, så Viljan-folk hadde møtt opp tidleg for å halde av plass til bussen, og Curre Brandt møtte oss sør for byen og viste veg. Flott service! Laurdag føremiddag var det fritt fram, men mange var med på den guida turen rundt om på Sødermalm. Ein flink og ivrig guide vise oss omkring. Etter det såg dei fleste seg om på byen før vi laut tilbake til hotellet for å skifte. Festen byrja alllereide kl 16. Viljan stilte opp og synte veg til festlokalet. Festen var i eit stort og godt danselokale. Festen vart gild på alle måtar. Vi fekkk velkomendrink, og Curre fortalde litt om då Viljan og Symra møttest på Østbanen første gong i 1965, og viste fram dei som var til stades då. Maten smakte svært godt, og det var mange songar. Vi fekk sjå ein biletkavalkade frå heile Viljans historie. Vebjørn helsa frå Symra og overrekte ei jubileumsbok og eit dansehefte som gåve til jubilanten. Så var det variert dans til Viljans gode danseorkester. Ein jonglør kom og underheldt med mange slags ablegøyer - munnrapp og flink! kaffi og kaker, og meir dans til klokka var halv eitt. Då var alle passe trøytte, så det høvde godt å avslutte den gilde jubileumsfesten. Det var visstnok ca 90 til stades på festen. Viljan har all ære for eit fint jubileum! Søndags morgon var det bussavgang kl 11, og mange frå Viljan møtte fram og ynskte oss god tur heim. Men først var det avskilsring som vanleg. Både laurdag og søndag var vi velsigna med godt haustver.


På veg til Stockholm. Det var ein partybuss, og særleg der bak var det livleg song ei stund.     

Laurdag morgon, klar til guida tur. Her i resepsjonen.
 

Her ventar vi på at guiden skal kome.
  
 

Utafor Ungdomsherberget klar til guida tur.
  

Klar til avgang. Nokre frå Viljan var også med. Her Britt Inger med veske.
 

Britt Inger viser stolt fram bilen sin som ho nyst hadde vunne på eit skrapelodd. Heldiggrisen!
 

Guiden er i ferd med å fortelje om Søder i gamle dagar.
 

Her fortel ho også om si eiga slekt, og om andre. På den måten kjem historia nær.
 

Her ser vi utsikten frå Stockholms høgste punkt. Stadshuset med det høge tårnet på andre sida av sjøen.
 

Og guiden fortel om det vi ser.
 

Ein norsk kunstnar passerte vi også undervegs.
 

Etter den guida turen drog folk på byen. Her ser vi Inger Frøydis og Vigdis saman med ein kjent trubadur i Gamla stan.

Damene måtte ha ny hatt!
 

Så fekk vi oss mat i ein liten kafe i Gamla stan. Petter til venstre.
  

Så har vi fått finkleda på og er på veg til festen. Dag fremst.
 

Vi blir ønskt velkomne. Kirsten fremst.
 

Curre har tatt ordet og fortel litt frå gamle dagar.
  

Dei norske som var med og møtte Viljan i 1965. Peder, Inger, Per Ove og Aud. Marie var også med i 1965.
 

Dei tre frå Viljan som var med i 1965: Annika, Tommy og Curre.
 

Sonen til han som stifta Viljan i 1941 var på festen saman med kona.
  

Vi er komne til bords, og her er det eine festbordet.
  

Her er bord 2.
 

Her er tredje bordet.
 

Og det femte.
  

Og det sjette
 

Og det sjuande
 

Vi ser på bilete frå gamle dagar
 

Her poserer han for fotografen
 

Her er underhaldaren i gang.

Her er fleire som morar seg. Astrid fremst.
  

Dei morar seg over det dei ser: -f.v. Nina, Gunnar, Anne Lise, Hallvar og Inger.

To staselege karar. Tommy (t.v.) og ??.
 

Bilete frå kaffiborda. Hans og Tommy fremst.
  

Orkesteret som sytte for fin dansemusikk.
  

Nå har vi fått heile orkesteret med.
  

Det er søndag morgon, og frukost.
 

Frukost søndag
 

Det er tid for avskjed og tradisjonell ring med avskjedssongar, talar og klemmar.