Nokre bilete frå Nordlek 2015 i Viborg

Tilbake til hovudsida

Her er ein del bilete frå det vi var med på i Nordlek 2015 i Viborg. Det er berre glimt frå nokre av tilstellingane. Det vart eit svært vellukka Nordleik med ca 2300 deltakarar og knapt 300 frå Noreg. Symra var vel den største gruppa med 40 deltakarar. Symra hadde også to særskilte framsyningar i byen fredag. Nokre (15 stk) frå Symra budde på skulen Nordre, men dei fleste budde på hotell, på Best Western, enten i sentrum eller ved golfbana. Veret var lageleg alle dagar. "Våre spelemenn" Benjamin Kehlet og Anders Fongen spela for oss på framsyningane, og dei var også NU sine spelemenn på mange tilstellingar og konsertar. Danmark har all grunn til å vere fornøgd med sitt Nordlek 2015. Salar og hallar låg nokså tett saman og avviklinga gjekk greitt over alt. "Stadionoppvisninga" var delt mellom eit torg og ein park med tog mellom, og det fungerte fint, sjølv om det vart lenge å stå for dei som såg på heile tida.
Gruppa Danseben var sentral under opninga av festivalen i Hall 1.
  

Opninga er slutt og fane og flagg marsjerer ut. Det er Lasse som ber det norske flagget.
  

Tre blide deltakarar, frå v. Peder, Sverre og Erik.
  

På konsert tysdag med Benjamin og Anders. Flott!
   

Middag tysdag "På enden av gaden" tett ved hotellet vårt Best Western. Sverre, Inger Frøydis og Inger.
  

På nordisk folklore tysdag. Klepp med fleire står for det norske innsslaget med songdans.
    

Island hadde ei morosam forestilling der born også fekk vere med.
  

Sverige var representert med ei gruppe frå Stockholm som viste noko av eit jubileumsprogramm frå i fjor. For oss var det moro at Catharina og mannen var med.



  

Færøyane dansa eit program med korte utdrag frå fleire viser i fleire formasjonar. Songen gjekk vist endå betre dagen etter.
  

Etter å ha vore med på øving i Hall 5 både onsdag og torsdag var det ball i festsalen på Katedralskolen torsdag kveld. Ein flott sal og 90 deltakarar.
  

Per Sørensen var primus motor for ballet, og ønskjer her velkomen til gards.
  

Nokre av dei fint pynta deltakarane frå Symra: Eystein, Inger, Unni, Oddny og Grethe. Symra og Norge hadde mange deltakarar på ballet.
 

Etter ein svært god middag i kantina, kom dansen i gang i den fine festsalen. Det vart litt trongt med 90 dansarar og mange søyler, men det gjekk bra. Fremst erik, Unni, Jørn og Inger Frøydis.
 

Fleire dansarar. Til venstre Marie og Jan Erik.
 

Den danske kvadrilletrio spela som vanleg framifrå.
 

Per Sørensen syter for sjampangesmell
 

Det er fredag og Symra har framsyningar. Her er Erik i ferd med å ordne med det mobile anlegget som fungerte fint.Dette er første framsyninga, på Hjultorvet. Det var mange som såg på og framsyninga gjekk fint.  Fremst Liv, Kristen, Vebjørn Inger Frøydis, Erna Erik S. Erik H., Anders og Benjamin.

Nokre av dei som såg på, f.v. Inger og vår danske ven frå Canada. Med nypussa briller kan han sjå på med eit granskande blikk :)

Framsyninga er i gang - Eikeril. F.v. Inger Dag, Oddvar, Marita, Oddny, Petter og Vebjørn. Det vart ikkje mange bilete for minnekortet var fullt!
 

Så er vi på Kjøpesenteret i gågata. Vi står klar til å byrje, Erik har annonsert gruppa og spelemennene. Fremst av dansarane Marita og Dag.
 

På den andre sida står dei andre klar: Oddny, Anne, Eystein, Live, Oddvar, Liv, Kristen, Inger Frøydis og Vebjørn

Vi dansar pariserpolka, f.v. May Britt, Bjørn Harald, Inger, Dag , Marita.
 

F.v. Benjamin, Anders, Inger Frøydis og Vebjørn, Liv og Kristen, Erna og Erik, Hilde og Ove.
 

Nesten dei same ein gong til.
 

Benjamin og Anders, Inger Frøydis og Vebjør, Liv og Kristen, Live og Oddvar, Erik og Erna, Ove og Hilde.

 

Benjamin, Unni og Jørn, Bjørn Harald og May Britt, Peder og Inger.

Benjamin, Anders, Dag, Erna, Eystein og Inger.
 

Benjamin, Anders, Marita, Eystein, Dag, Jørn, Peder og Oddny i Stjernetur.
 

Det skal helsast fint i Stjerneturen. Eystein, Oddny, Kristen, Liv, Inger Frøydis, Vebjørn, Erna og Erik.
 

Nokre av dei som ser på og dei som ikkje dansar. Erik t.v.
 

Så er det songdans, Petter, May Britt, Bjørn Harald, Live, Oddvar, Oddny og Eystein.
 

Songdans igjen. Oddny, Jørn, Unni, Peder, Inger, Kristen.
 

Her er det fart - truleg gamal reinlender. F.v. Inger Frøydis, Hilde, Petter og Vigdis.
 

Musikkdans igjen. Peder, Inger, Kristen og Liv, Dag og Marita, Erik og Erna, Benjamin og Anders.
 

Songdans. Erna, Vebjørn, Inger Frøydis, Over, Hilde og Petter.
 

Munnen må opnast når songen skal ut: Erna, Vebjørn, Inger Frøydis, Ove, Hilde og Petter.
 

Framleis Menuett i mai. F.v. Oddvar, Live, Eystein og Oddny.
 

Etterpå spanderte Symra mat på dei som deltok i framsyningane på Pavarotti. På det eine bordet Erik, Oddny, Eystein, Inger, Peder, Bjørg, Liv, Kristen, Curre og Ragnhild.
 

Bord 2: Marita, Petter, Vigdis, Bjørn Harald, May Britt, Anne, Dag og Bjørn
 

Det tredje bordet. Benjamin, Jørn, Unni, Ove, Hilde, Erna, Erik Trine, Peter.
 

Fjerde bordet: Live og Oddvar.
 

Femte bordet: Inger Frøydis, Gunnar, Liv og Vebjørn.

Benjamin takka for maten med historier og spel. F.v. DAg, Bjørn, Hilde, Benjamin, Trine, Peter og Sofie.
 

Benjamin spela ein fin slått nordfrå.
 

På spelemannsgudsteneste i domkyrkja. Heilt fult og vel så det.
 

Mange ville vere med på Færøy-dansen.
 

Ein blir sveitt av dans - Inger Frøydis saman med ein av dei fremste skiparane på færøyane.
 

Vi er komne til laurdag og nasjonale framsyningar på Nytorvet. Her er nordmennene samla.
 

Danskane kunne sjølvsagt mønstre dei fleste dansarane.
 

Åsta og Sigurdjon frå Island saman med to av borneborna.  
 

Inger Frøydis saman med folk frå BUL.

Inger og Peder
 

Her dansar finnane menuett frå Oravais.
 

Færøyane med sin dans.
 

Vi spanderer to bilde på dei :)

Og Grønland, med sine fine drakter og rytmiske tramping.
 

Klar til avmarsj frå torget. Frenst Marita og Bjørn.
 

Dei norske dansarane gjer seg klar for å danse i parken. Fremst Erik H. og Anne.
 

Mange av dansarane frå Symra. Fremst May Britt og Bjørn Harald.
 

Nordmennene er med på den færøyske samdansen.
 

Her også.
 

Ein heil del av dansarane frå Symra samla på eitt brett.
 

Så var det tid for mar, på ein asiatisk restaurant attved stemnesenteret. F.v. Dag, Kristen, Anne, Astrid, Petter, Vebjørn, Inger Frøydis, Ove, Dag, Inger, Peder, Reidun, Kari og Liv.
 

Det andre bordet: Eystein, Oddny, Hilde og Bjørg.
  

Avslutning i Hall1 laurdagskvelden: Fane og flagg blir borne inn.
 

Siste farvel med hotellet vårt Best Western. Ein fin plass å bu når du er i Viborg.