Nokre bilete frå to framsyningar på FN-dagen 2013.
FN-dagen 23. oktober 2013 hadde Symra to danseoppdrag på dagtid, først på
Vålerengen bo og behandlingshjem og så på Lambertseter bo og behandlingshjem. Vi
var 6 par som dansa, Einar Westrheim spela og Vebjørn var leiar. Det var trongt,
særleg på Lambertseter, men det gjekk bra likevel. Der hadde vi elles to
separate framsyningar for at alle skulle få plass. På Lambertseter fekk vi og
smake mat frå heile verda. Frå Vålerenga fekk Inger ei fin tilbakemelding om at
dei ette stor pris på framsyninga..
Vi dansar Stjernetur på Vålerenga, f.v. Inger, Erik, Erik og Bjørg. |
Også frå Vålerenga, same dansen. |
På Lambertseter var det mange rikhaldige matbord som vi fekk smake på. |
Her er alle samla, f.v. Erna, Erik, Inger Erik, Marie, Inger, Hallvar, Kjell, Bjørg Eldbjørg, Peder og Einar. Vebjørn tok biletet. |
Vi ventar på å få danse på Lambertseter. |