Bilete frå Symras fjelltur til Dovre september 2011
Den eldste delen av Fjellstova eller hotellet Toftemo. |
Her er den nye delen |
Folk til bords |
Fleire til bords |
Nokre til |
Og endå nokre |
Fleire glade fjes |
Musikarane Gunnar med gitaren og Hallvar med torader. |
Vi er på Hjerkin, og Moskussafien skal snart starte. |
Vi er klar for safari! |
Her har vi sjefsguiden som orienterer om turen |
Vi er komne fram til moskusflokken, ca 50 m unna, og vi skal vere forsiktige. |
Her såg vi dei først, nede i veggrøfta på andre sida av vegen. |
Her ser vi dei litt betre |
Og her endå litt betre. |
Vi lista oss opp på ein haug for ikkje å skære dei og for å få betre utsikt. Dei sprang eit stykke unna oss. |
Her står vi på haugen og ser |
Vi stod og såg på dei eit kvarters tid. Det var visst 4 til saman. Ein vaksen hann, to hunnar og ein kalv. |
Det var moro å ha sett dei |
Det var viktig å ta bilete. Trond er stø på handa. |
Her ser vi spora etter dei i sanden. |
Så har vi gått tilbake og opp på toppen der Snøhetta har bygt ei varmestove med svært spesiell utforming. Ein del av oss gjekk dit direkte, og ikkje på moskustur. |
Det var skodde både ute og inne, så biletet inne vart mørkt og uklart. |
Så sette vi i gang med stordans - På Dovrefjell i Noreg, måtte det bli. |
Utafor kvilebua. Regnkleda må på igjen, sjølv om veret hadde letta litt. |
Vi er nesten nede ved bilane. |
Vi tok turen bortom Eysteinskyrkja på Hjerkinn. Her er det Petter som studerer oppslagstavla. |
Tavla må fotograferast også. |
Vi fekk ein kort titt inni kyrkja også sjølv om det skulle vere vielse der snart. |
Også inne i kyrkja. |
Vei og Per tar ein kort kvild. |
Kyrkjetenaren for Dovre orienterer litt om kyrkja og pilgrimsleden |
Vi måtte ta bilete av kyrkja utvendig også. |
Laurdag kveld var det fin middag i storstova på Toftemo. |
Her er fleire middagsgjester |
Og endå nokre. |
Vi ventar på middagen framleis |
Og her også. |
Anne fotograferer også. |
Jon har forlete plassen sin, kva det no galdt? |
Klar til middag! |
Svolten veks etter som vi ventar. |
Men samtalen går... |
Petter viser fram bileta til Bibbi |
Også fotografen blir foreviga. |
At Sinclar for gjennom dalen ser vi også på denne døra i spisesalen. |
Søndag, heimereisedagen, gjekk turen først til den gamle Dovre kyrkje. Kyrkja er dekka med store skiferplater. |
Inger Frøydis song ein folketone. |
Kyrkjetenaren viste oss rundt i kyrkja og fortalde. |
Så gjekk ferda vidare til Bygniskhistorisk senter, der prestefrua også serverte kaffi og bollar. |
Her er prestefrua i full sving. |
Forsamlinga følgjer nøye med. |
Vi får høyre om bygningsmåtar og skikkar. |
Oppgangssaga fekk vi også orientering om og sjå ho i bruk, sjølv om vassføringa var litt lita. |
Ein ggamal medlem frå 1960-talet, Ingolv Toven, var møtt fram for å helse på gamle kjente. |
Alle følgjer godt med når eksperten fortel. |
Så har vi køyrt vidare til Selsverket, og oppover mot Kvitskiuprestin. Vi tar ein matbit før vi tar føtene fatt oppgjennom bratte lia. |
Her er dei, Kvitskiuprestin. Ikkje så imponerande kanskje, men moro å ha sett likevel. |
Det var ganske bratt, og det var sett opp gjerde mot skrenten. |
Ja så hadde vi sett og teke bilete, så dermed var det heimturen som stod att. |