Nokre bilete frå stildansavslutninga i Symra 29. november 2008

Tilbake til hovudsida


Det vart ei fin avslutning på balløvingane på Løkenåsen skole laurdag 29. november med 32 dansarar - akkurat nok til 4 kvadriljer. Dagen før hadd dronning Sonja vore der og delt ut diplom til skulen fordi dei har så godt miljø. Og godt miljø var det også på det såkalla miniballet. Med forsiktig hjelp frå Marita kom vi vel gjennom alle dansane vi prøvde på, mellom dei den finske fransesen og den nye versjonen av Stora menuetten. Etter ein halvtimes "oppvarming" fekk vi servert god middag frå "Ingers kjøken", og god dessert. Seinare på kvelden var det kaffi og heimebaka kaker. Erik fekk ei lita påskjøning fordi han er snill å stille plass til disposisjon, og ordne opp saman med Bjørg. Det er ein svært fin stad for slike arrangement, eit godt dansegolv, bra akustikk, og ein fin matsal og kjøken tett ved. Marita fekk også rosande ord for ein godt gjennomført kveld og eit godt dansehalvår. På biletet ser vi Grete overlevere den fine blomsterbuketten til Marita Her er nokre bilete til frå Miniballet..


Frå eit av middagsborda
  

   Frå det andre middagsbordet
   

Middagsbordet sett frå andre enden
     

Middagsbordet sett frå andre enden
  

Her er det gammel polka i kvadrilje
     
.
Her er det dei anna kvadrilje
 

Og her ei tredje kvadrilje
   

Marita i sving ved "mixepulten"
   

Frå Kaffibordet (foto: Erik Skogen)
  


Frå kaffibordet - det andre (Foto Erik Skogen)

Marita får blomar av Grete.