Nokre bilete frå juleavslutninga til Moderato des 2013

Tilbake til hovudsida
Det var 50 til stades på juleavslutninga i Moderato 11. desember 2013 på Bækkelagshuset på Nordstrand. Det var mykje god mat og kaffi og kaker. Per K. leia som vanleg dansen, godt hjelpt av Helen. Hallvar spela både til songen og elles. Rannveig hadde laga eit uvanleg fint festhefte med songar og danseliste og deltakarliste og masse bilete frå ballet. Lagsleiinga hadde elles pynta fint, mellom anna med ei mengd julenissar i ulike fasongar. Ragnhild leia bordsetet. Ein flott avslutning på hausthalvåret.
  

Folket masjerer til matborda, fremst Helen og Per.
 

Ei freistande bord med flotte snittar
  

Eit av dei runde matborda.
  

Og her eit anna.
  

Eit til..
     

Og endå eit
 

Eit bord til
 

Og endå eitt


Helen og Per som leia dansen.
     

Til kaffien var det mange fristande og gode kaker.
 

Kakebordet
    

Rannveig hadde laga denne.