Diverse frå Landskappleiken 2000 på Voss

Landskappleiken 2000 på Voss vart ei fin tilskiping. Kappleiken skulle eigentleg vere i Bergen, og Voss måte overta på nokså kort frist, men kom fint frå oppgåva. Det var påmeldt mellom 1100 og 1200 deltakarar - om lag som i 1999. Veret på stemnet var svært fint.
Meir om stemnet her.
 
 Finalespel
Som i fjor var det finalespel mellom dei tre beste på hardigfele og på flatfele i klasse A. Knut Hamre, Hardanger,  vart best i Hardingfele, med Steinar Rygg, Voss, på andre og Øyvind Vabø, Fjellbekken, på tredje. På vanleg fele vart Mari Eggen, Glåmos, best, med Astrid Sulheim, Lom, på andre og Tron S. Westberg, Brekken, på tredje.
 

 
Vokal folkemusikk
I klasse A vart Gunnhild Tømmerås, Kristiansand, vart best, Jon Anders Halvorsen, Telemark, nest og på tredje Ingvild Marit Garnås, Tuddal.
 
I spel hardingfele klasse B vart dei tre beste: Jan Granli, Frank Rolland og Liv Merete Kroken.
 
I spel vanleg fele klasse B vart dei tre beste: Einar Olav Larsen, Ingunn Bø og Gjermund Larsen .
 
I dans hardingfele klasse A vart Grete og Hallstein Krogsrud best med asbjørg og Arne Sølvberg nr to, og Eva Rusten og Håkon Sandum på tredje.
 
Lausdans klasse A vann Jon Ellingsen, Vidar Underseth på andre og Sigbjørn Rua på tredje.
Full resultatliste frå kappleiken her