Diverse frå Jørn Hilme-stemnet på Fagernes 2000

Jubileumsstemnet for Jørn Hilme  vellukka
Hilme-stemnet på Fagernes har utvikla seg til å bli eit av dei store mønstringane av folkemusikk og folkedans - ikkje minst med vekt på dansen. Eit strålande ver gjorde sitt til å lage ei gild ramme om det fine stemnet. Ikkje berre er det kappleik, men like mykje også konsertar, buskspel, gamaldans, godkarstykkje, dans i mange stover på museet og kurs. Budsjettet for stemnet var på 650 000 kr, og vonar snart å få statlege tilskot på line med dei andre store festivalane. I år var det nærare 4000 selde billettar - ein auke på 700 frå 1999.
Det er Valdres Folkemusikklag som står bak festivalen, med Ellen Persvold og Karen Marie Kvåle som stemneleiar og Frod Rolandsgard som pr-sjef.
Eit særpreg ved kappleiken er elles at folk  melder seg på rett før og under tevlingane.
  
Gild jubileumskonsert fredag
Nesten 300 var til stades på den fine konserten, som var ei oppsummering av liv og musikk etter Jørn Hilme. Ein fin samanbindande tekst med lysbilete batt dei fine musikkinnslaga godt saman. Unge og eldre spelemenn og dansarar både frå Valdres og andre stader deltok, mellom andre Olav Jørgen Hegge, Jan Beitohaugen Granli, Vidar Lande og Harald B. Knutsen

  
Dei beste i A-klassen spel
Det var ikkje så mange deltakarar i A-klassen. Ingvild Marit Garnås var einaste og beste i vokal (131p). I hardingfele vart Åse Teigland best (130p) med Tore Bolstad (127p), Jan Beitohaugen Granli (120p) og Erland Joplassen (120p) deretter. På vanleg fele vart Leif Inge Schølberg (131p) best, med Torill Aaseng (123p) og Joar Skorpen (119p) og Håkon Aasheim (119) på dei neste plassane. Alle desse fekk 1. premie.
 
Mange gode på langeleik
Som ein kunne vente, var det mange som deltok på langeleik i mange klassar. I eldste klasse var det 6 deltakarar som alle fekk 1. premie. Best av alle var som i fjor Knut Aastad Bråten (129p), tett fylgd av Kari Steinsrud (128) og Ole Aastad Bråten (127).
 
CD-slepp: Gamle opptak med Olav Moe
Olav Moe er den mest kjende Valdres- spelemannen i vårt hundreår - frå vestre Slidre. Ei ny plate med gamle opptak frå NRK vart slept under stemnet - og salget gjekk vistnok strykande.
 
Ingvar Hegge (84 år) fekk Haldor Røines ærespris - den høgste folkemusikk-utmerkinga i Valdres. Han har teke vare på mange låttar som ein flink hullar - til hausten kjem det  CD - og har laga svært mange langeleikar.
 
Folkefest på Folkemuseet laurdag
Både fredagskvelden og laurdagskvelden var det folkefest og dans på museumsområdet. Mest folk var det laurdag - ca 1000 til saman. Småviltlaget laga skikkeleg gamaldansstemning på Slidrehuset. Og det var fleire konsertar og dans i mange stover. 
Mellom andre hadde Vidar Lande og Ingvil Marit Buen Garnås ein intim konsert i ei av stovene - spel og dans av beste merke formidla med humor og innsikt. Det var også utekappleik med lagdans og spel på gamle instrument - fint i det flotte veret! Barneteateret "Gjete kongens harar" gjorde også stor lukke - det vart laga til Lillehammer-OL..
 
Mange unge deltakarar
Det var gledeleg mange deltakarar i yngste klasse både i spel og dans. Det lovar godt for rekrutteringa i Valdres.
 
I B-klassen var det til dels bra deltaking
Unge Britt Pernille Frøholm frå Hornindal vart best både på hardingfele (120p) og flatfele (115p). På hardingfele kom Synnøve Bjorseth (117) og Joar Skorpen (114p) begge frå Indre Sunnfjord,  på dei neste plassane og fekk 1. premie.
 
Dans hardingfele  
I Klasse A vart Gunnlaug Lien Myhr og Geir Helge Espeseth best (Hallingspringar 99p), med Britt Totland og Bjørn Strand  (Valdresspringar 96p) på 2. plass. I B-klassen vann Ellen Pervold og Erik Onstad (Valdresspringar 99p) med Kjersti Aasen og Svein Aasen på andre (Numedalssspringar 94p).
 
Dans vanleg fele
I A-klassen var det berre eit par: Haldis Hårdnes Dalåsen og Per Dalåsen (Alvdal, 96p) fekk 1. premie. I B-klassen var det 7 par. Solveig Hårdnes og Martin Myr vann med pols (93p), føre Randi og Odd Øversveen (90 p) og Elin Eidsand og Ola Grøsland (89). Desse fekk og 1. premie.
 
Folkemusikkgruppa "Blår" sin konsert på torsdag var også populær. Med i Blår er Aaste Kveseth (torader), Gunnhild Haugsjordet (fløyte) og Ingvill Buen Garnås (vokal).
 


Jørn Hilme-statua på Valdres Folkemuseum

 
Meir om Hilme-stemnet på Fagernes her.
 
Open klasse i spel
Dette er nytt av året. Her var det mange uvanleg  og morosame innslag. Nils Øyvind Bergset vart best, og han vart også best i bygdedansspel på durspel.
 
Lausdans - få deltok
Det var skuffande få deltakarar i halling. I klasse A berre to: Martin Myhr vann (101p)- 1. premie, og Mads Bøhle fekk 74 p. I klasse B berre ein - Gunnar K. Amundsen og i klasse C tre.
 
Mange kurs
I tillegg til Strunkeveka - kursveka for unge utøvarar med framifrå lærarkrefter, var det også kurs i springar og kveding og langeleik og munnharpe. Det var også "masterclass" med Egil Bakka, Jan Petter Blom og Ingar Ranheim som lærarar. Talet på kursfolk var 103 fortel "Oppland" .
 
Strunkeveko blir film
Strunkeveko - kursveka for unge folkemusikarar i alderen 8-17 år - vart gjennomført tredje året. Og denne gongen lagar Sverre Pedersen frå Studio Regin ein 30 minuttars film frå kurset.