Velkomne til Stildans på Grand
Song under Folkekulturfestivalen 2007

Velkomne til stildans på Grand ! 

1) I dag skal det feirast med stildans på Grand.
Hei faddera, dans vil vi ha!
Og det skal bli jubel og det skal bli sang.
Hei fadderi, hurra!
For Symra og NU har bydd inn til fest
så ver då velkomen du festkledde gjest.
Tyrolleri, her skal det bli
glede og helgefri!
 

2) På Grand har dei festa så mang ein gong før,
Hei faddera, dans vil vi ha!
i kjole og kvitt, og i silke og slør.
Hei fadderi, hurra!
Her dansa kong Håkon med dronninga si,
og Bjørnsson og Ibsen og Hamsun og Lie
Tyrolleri, nå skal det bli
sommar og leksefri!
 

3) Når magen er fylt og dessertskåla tom
Mat må vi ha, skal dansen bli bra!
det lyder frå salen: Finn partneren, kom!
Hei fadderi, hurra!
Marita trør dansen med tryggleik og stil:
Still opp til Fransese og gjer det med smil!
Heisann og hå! Byttomsteg nå!
Rett fram og litt på skrå!

4) Musikken i kveld blir av edlaste slag,
Hei faddera, musikk må vi ha!
med Ingebjørg, Bjørn, med Vegar og Dag.
Hei fadderi, hurra!
Når tonane kling i ein fin menuett
vi glir over golvet så leikande lett.
Hoppsan og hu! Og huttemeg tu!
Dette blir moro du!
 

5) Med bankande hjarte og pulsen på topp,
Hei faddera, dans vil vi ha!
eg skrår over golvet og byr henne opp.
Hei fadderi, hurra!
Og så glir vi ut i ein smektande vals –
kor godt å få kjenne di arm om min hals!
Ja sanneleg min – den dansen blir fin
som edlaste årgangsvin

6) Når ballet er slutt og vi helsar farvel,
Hei faddera, dansen var bra!
så vandrar vi ut i ein sommarsval kveld.
Hei fadderi, hurra!
Men først skal det dansast på nybona golv
til klokka på Speilen blir langt over tolv.
Ja, det skal bli, ei lykkeleg tid,med sommer og ferie-fri!
 

Vebjørn Bakken