Det var strålande ver då Bygdelagssamskipnaden i Oslo hadde sitt
tradisjonsrike sumarstemne på Folkemuseet på Bygdøy. Stemnet starta kl
12 med tog frå torget til den nye festplassen, der barnelaga i BLS og
BUL viste fram dans. Så var det grilling i eit par timar, og deretter
skulle alle laga i BLS få 20 min til å vise sin dans på den nye scena.
Veret var strålande, men det kunne godt ha vore meir folk. Kanskje dei
fleste låg på badestranda? Om kvelden var det folkedanskveld.
|
Stemnetoget på veg gjennom Teletunet til Festplassen
|
Stemnetoget på nytt - dei fleste var barn frå BLS og BUL sine
barnelag.
|
Den nyvalde leiaren i BLS opnar stemnet
|
Her er dei aller minste i gang med dansen - den yngste er 3 år.
|
Her er alle borna og ungdomane i ein stor ring
|
Eit av dei mange oppsetta med barn
|
Her er det full fart - dei litt eldre.
|
Her er det mange som slappar av med sol og niste etter at barnelaga
var ferdig
|
Her dansar Sogn og Fjordane ringen - Solvor og Benjamin spelar
|
Så er det Symra sin tur - fotografen hadde fått standin til å ta
bilete
|
Symra er nesten på plass
|
Her er det visst pariserpolka Symra dansar
|
Skal tru om det er Sandsværsril? Igjen er Symra i aksjon
|
Symra - framleis Sandsværsril
|
Også her er det samdsværsril - og nå var kamera-minnet fullt!
|
Vidar Lande spela til fleire av danegruppene - han spela også litt til
slutt
|