- Organiseringa av
folkedans, folkemusikk og bunadarbeid i Noreg
- Innleiing
- Noregs Ungdomslag
- Landslaget for Spelemenn
- Norsk Folkemusikk og
Danselag
- Rådet for
folkemusikk og folkedans
- Bunadarbeidet
- Leikarringane
- Gamaldansklubbar
- Andre
gamaldansaktørar
- Nordleik - nordisk
samarbeid
- Innleiing
- Det organiserte arbeidet med folkedans, folkemusikk og bunader tok
til for ca 100 år sidan, og har i stor grad vore knytt til landssamskipnadene Noregs
Ungdomslag (songdans, turdans, og bunader) og Landslaget for spelemenn
(bygdedans og folkemusikk). Men også andre oganisasjonar har vore aktivt med i arbeidet.
Når det gjeld bunader har husflidslaga og bondekvinnelaga stått sentralt. Norges
Bygdeungdomslag og andre har arbeidd med folkedans. Norsk folkemusikk og danselag
har i seinare år særleg lagt vekt på slåttemusikken og bygdedansen. Og ulike
organisasjonar og frittståande lag har vore sterkt inne i biletet i arbeidet med
gamaldans og dansemusikk på trekkspel. For den forskningsretta verksemda innan folkedans
og folkemusikk har Rådet for folkemusikk og folkedans hatt mykje å seie etter at
det vart oppretta i 1972, og med sekretariat på Dragvoll i Trondheim. På same måten har
den statlege Landsnemnda for bunadsspørsmål, oppretta i 1947, hatt mykje å seie
for bunadarbeidet. I dag heiter dette organet Bunad og folkedraktrådet og har
sekretariat på Fagernes. Det nordiske samarbeidet innan desse områda har særleg vore
knytt til dei Nordiske stemnene, frå 1975 fastare organisert gjennom den nordiske
folkedansorganisasjonen Nordleik.
- tilbake til toppen av dokumentet
- Noregs Ungdomslag
- Landssamskipnaden Noregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896, på
eit møte i Trondheim 11 juli med 18 representantar frå 7 fylkeslag til stades.
Organisasjonen er bygd opp med lokallag (ungdomslag), fylkeslag og landslag. Det er i dag
27 fylkeslag, ca 650 lokallag og totalt ca 21 000 medlemer. Sekretariatet til NU held til
i Oslo og vert kalla NU-kontoret.
NU har vore og er den sentrale organisasjonen i det som blir kalla den frilyndte
ungdomsrørsla. Dei sentrale arbeidsoppgåvene har vore folkeopplysning på fullnorsk
grunn, målsak, fråhaldssak, nasjonal reising, arbeid for levande bygdesamfunn,
internasjonal solidaritet, og å skape sosiale samværsformer for ungdomen særleg knytta
til aktivitetane folkedans og folkemusikk, amatørteater, bunader og samfunnsengasjement.
I svært mange bygder bygde ungdomslaga eigne ungdomshus, og mykje av aktiviteten i laga
var knytta til arbeidet der. I tidlegare tider stod dei såkalla lagsmøta svært sentralt
- medlemsmøte med foredrag, kanskje handskreve blad, teaterstykkje, allsang og leik og
dans til slutt. Dei siste 10-åra har det tradisjonelle lagsmøtet nesten blitt borte - og
dei ulike aktivitetane har fått ein meir sentral plass - folkedans, amatørteater,
barnearbeid, engasjement for lokale saker og for internasjonale spørsmål.
Dei første ungdomslaga vart skipa kring 1870, og etter kvart kom nye til, ofte kalla
leselag, ynglingeforeningar, eller ungdomslag. Talet på lag vaks sterkt - særleg på
1890-talet. Ved slutten av skipingsåret 1896 var det i NU 15489 medlemer fordelt på 192
lokallag i 9 fylkeslag. Og voksteren heldt fram utetter på 1900-talet. I 1905 var det ca
26 000 medlemer, og ved 25-års jubileet i 1921 var det om lag 1000 ungdomslag med 48 000
medlemer. Så gjekk medlemstalet noko nedover utetter på 20- og 30-talet. Størst var
organisasjonen straks etter krigen. Då var det over 1200 lag og over 50 000 medlemer. På
50- og 60-talet gjekk medlemstalet snøgt nedover til ca 750 lag og 27000 medlemer i 1970.
Etter den tid har medlemstal og lagstal gått noko attende til 650 og 21000 i 1998.
Det var i Nikolaus Gjelsvik si formannstid (1906-15) at NU voks fram til ein fasttømra
landssamskipnad av ungdomslag. Gjelsvik var ihuga i arbeidet, ofte krass og stridlyndt i
ordskifta, men klårtenkt og framsynt. I 1913 fekk NU fast kontorhald. Saman med Noregs
Mållag fekk dei "Skrivarstova" i Oslo der Edvard Os vart tilsett som skrivar
på deltid (1913-1926). Dette vart til gagn også for leikarbeidet i NU, fordi Edv. Os var
eit arbeidsjarn og initiativrik, og hadde også interesse for leikarbeidet. Dei fekk frå
1913 også meldingsbladet "Bodstikka", som frå 1916 har heitt "Norsk
Ungdom" - dei siste åra berre "Ungdom". Det faste talerøyret for den
frilyndte ungdomsrørsla var elles nynorskbladet "Den 17. mai". Dette bladet
starta i 1889 som eit framhald av "Fedraheimen", og heldt frå 1935 fram under
namnet "Norsk Tidend".
- Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) vart skipa i 1899 av Klaus Sletten og vart året etter
med i NU. Sletten var ein sterk og drivande formann der frå starten og heilt til 1915.
BUL fekk mykje å seie for utviklinga i NU, og mange av dei sentrale medlemene var med
der. Ikkje minst fekk BUL svært mykje å seie for utviklinga av leikarbeidet, som i 1919
vart organisert som eit eige særlag - Leikarringen i BUL.
Dei første 10-åra hadde NU mange sterke personlegdomar som sette sitt sterke preg på
rørsla og organisasjonen. Vi kan nemne Halvdan Koth (ei drivkarft i alt målarbeid og
norskdomsarbeid i 1890-åra og seinare), Anders Hovden (1860-1943) (prest og stor
folketalar), Peter Slotsvik (1862-1924) (første formann -3 år), Klaus Sletten
(1877-1946) (formann 1901-1906) (stifta av BUL i Oslo, formann der i mange år), Sven
Moren (1871-1938) (formann 1899-1901 og 1915-1919) (diktar og folketalar), Nikolaus
Gjelsvik (1866-1938) (formann 1906-1915, ihuga norskdomsmann), Anders Vassbotn (1868-1944)
(styremedlem, salmediktar), Olav Midttun (1883-1972) (formann 1919-26, norskdomsmann,
kringkastingssjef), Hulda Garborg (1862-1934) (norskdomskvinne, songdans, teater,
bunadarbeid), Edvard Os (1885-1969) (skrivar 1913-1927)(militær, norskdomsmann), Klara
Semb (1884-1970) (songdans, turdans, bunader), Halvdan Wexelsen Freihov (18??-19??)
(formann 1926-36, prest), Knut Eik-Nes (19??-19??) (formann 1936-47, minus krigsåra,
prest).
Det viktigaste arbeidet i NU har foregått i lokallaga. Gjennom alle år har det vore ein
viktig opplæringsplass i organisasjonsarbeid og kulturarbeid. Svært mange politikarar
rundt om i bygdene har fått si første opplæring i ungdomslaget. I mange 10-år, og
seinare også i mange lutar av landet, var det sterke motsetnader mellom ungdomslagsfolk
og dei religiøse. Frilyndt tyder frisinna, og slik vart dei oppfatta mange stader, sjølv
om kristentru også har vore eit viktig trekk ved den frilyndte ungdomsrørsla.
Gjennom alle år har det kvar sumar vore årsstemne og årsmøte som ei offentleg
mønstring av arbeidet i NU. På desse stemna har det ofte vore svært mange deltakarar
frå lokallaga. Frå 1907 har ein eller fleire stemnetalarar vore eit av dei viktige
innslaga. Bunadmønstring har også vore vanleg. På olsok-stemna på Stiklestad i 1930
var det til dømes samla 10-20000 menneske, mellom dei over 1000 leikarar. Kronprins Olav
og Halvdan Koht var mellom talarane - Olav tala på nynorsk.
- Litteratur om NU: Moren/Os: Den frilynde ungdomsrørsla. NU i 25 år, Oslo 1921.
Lundanes/Moren: Ung i 75 år NU 1896-1971, Oslo 1971. Kløvstad: Ungdomslaget.
NU 1896-1996. Oslo 1995. Dyrnes m.fl.: Ungdomshuset. Eit kultursenter i bygde-Noreg.
Oslo 1986.
- tilbake til toppen av dokumentet
- Landslaget for Spelemenn
- Det er Landslaget for spelemenn (LfS) som har vore den viktigaste
organisasjonen for folkemusikken og bygdedansen i Noreg. LfS vart skipa i Bergen i 1923 i
samband med ei gild nasjonal stemne som Noregs Ungdomslag skipa til der med 300 dansarar
og 30 spelemenn. Få førehand var det i Norsk Ungdom kunngjort eit opprop om at det
skulle skipast eit lag for spelemenn der, underteikna av Arne Bjørndal, J.N.Dale og
Rikard Berge. Skrivaren i NU Edvard Os hadde laga framlegg til lover, og det nye laget
vart knytta til Noregs Ungdomslag. Arne Bjørndal (1882-1965) vart første formannen, og
var det heilt til 1936. I samband med skipinga var det kappleik der Dregn Ose og Halldor
Meland vart dei to beste. Sigbjørn Bernhoft Osa var også med 13 år gamal.
Men alt før dette var det eit målretta arbeid for å ta vare på det gamle slåttespelet
og bygdedansen. Frå 1860-70 åra vart den nasjonale folkemusikken og dansen trengd til
side mange stader i landet. På same tid fekk dei gamle marknadane mindre å seie, og dei
religiøse vekkjingane gjrde også at mange spelemenn la bort fela. Samtidig var det at
folkemusikken vart kunstmusikk i noko mon, ved at kjende felespelarar reiste rundt på
konsertferder. Det starta med Myllarguten og heldt fram med kjende menn som Fykerud,
Mosafinn, og seinare Halldor Meland, Torkjell Haugerud og Olav Moe. Den første kappleiken
ein veit om vart halden på Grivi i Bø sumaren 1888 etter opptak av interesserte
bygdafolk. Fire år seinare i 1992 var det igjen kappleik i Bø, og frå 1899 sytte
Telemark ungdomslag for årvisse kappleikar i Telemark. På Vestlandet var det
Vestmannalaget som stod for den første tevlinga der i 1896. Året etter skipa sama laget
til Landskappleik med heile 48 deltakarar. Dans var det ikkje på kappleikane før der
før i 1905. Også andre stader i landet vart det skipa til kappleikar: I Oslo skipa
"Huldreleiken" til kappleik i 1902, same året i Ål ved Hallingdal Fylkeslag og
Sunnmøre frilynde Ungdomssamlag i Ålesund også i 1902. I Ålesund var det kappleik
også året etter og då var også dansarar med. Kring hundreårsskiftet starta også
arbeidet med innsamling av slåttar og tradisjonsstoff om spel og spelemenn, mest kjent er
Arne Bjørndal (1882-1965), Rikard Berge (18?? - 19??) og O.M.Sandvik (1877-197?). Viktig
i denne samanheng var også det som skjedde i arbeidet med folkedansen som Hulda Garborg
starta og som mest heldt fram i laga knytta til Noregs Ungdomslag. Endeleg nemner vi at
det i Oslo i 1918 vart skipa eit lag med namn "Foreningen til folkemusikkens
fremme" med Herbrand Hagen i spissen, og som kanskje vart kimen til LfS.
I åra framover var det ikkje særleg aktivt arbeid i laget. Dei fleste år vart det skipa
til Landskappleik og årsmøte. Frå ca 1930 vart det smått om senn skipa lokale lag som
meldte seg inn i Landslaget. Frå 1931 vart det sendt folkemusikk i Kringkastinga. I 1933
var det årsmøte og kappleik i Nesbyen, og her fekk Landskappleiken ei utforming som vart
eit mønster for alle seinare Lnadskappleikar. Først dette året kom Laget for
folkemusikk i Oslo med i LfS, endå laget var skipa så tidleg som i 1903.. Mot slutten av
30-talet var det nesten ingen aktivitet i laget. I 1939 tok menn knytta til Laget for
folkemusikk i Oslo initiativ til ei revitalisering og Leif Sem vart formann. I 1941 kom
første nummeret av "Spelemannsbladet". Dette året var det kappleik i Nesbyen
og Amund Roheim vann klassa for hardingfele og Hans W. Brimi vanleg fele. I mange år
etter krigen vart Brimi best på ei lang rekkje Landskappleikar. I 1942 vart så laget
overteke av tyskarane. Det første årsmøtet etter krigen var på Notodden sumaren 1946.
Årsmøte vedtok har at laget skulle vere sjølvstendig og valde Sigbjørn Bernhoft Osa
til formann, og på eit omframt årsmøte i oktober vart nye lover for LfS vedtekne. Det
vart meir fart i arbeidet og v 1948 var det ein stor jubileumskappleik i Oslo.
Frå 1951 tok Torleiv Tveito over styringa av Spelemannsbladet og saman med kona Olaug la
dei ned eit stort arbeid i mange år. I 1952 vart bladmannen Ludvig Jerland formann, og
var det heilt til 1961. I 1953 var det igjen jubileumsstemne i Oslo, og Gjermund Haugen
vann for 6. året. Frå 1956 var det på Landskappleiken også tevlingar i vokal
folkemusikk og eldre folkemusikkinstrument. Utover på slutten av 60-talet og på 70-talet
vart det stor auke i interessa for folkemusikken og bygdedansen, og oppslutninga om
spelemannslaga og ikkje minst Landskappleiken auka monaleg. Det vart også skipa dansarlag
eller spel- og danselag sume stader som kom med i LfS. Mange stader rundt om i landet vart
det årvisse lokale kappleikar, distriktskappleikar, fylkeskappleikar og
landsdelskappleikar. Til 50-års-jubileet i 1973 kom det jubileumsbok, skriven av Jostein
Mæland.
Dei to siste 10-åra har den aukande interessa for folkemusikken og folkedansen halde
fram. Viktig for denne utviklinga har det fore at dei offentlege løyvingane til
folkemusikkformål har auka monaleg, sjølv om dei framleis er lave. Fleire stader i
landet har det også vakse fram lokale "kompetasesentra" innan folkemusikk og
folkedans, med fast tilsette folkemusikarar og dansarar. Dei viktigaste oppgåvene til
desse har vore å drive opplæring, samle inn og dokumentere lokalt stoff om folkemusikk
og dans, og vere eit inspirasjonssenter. Sogn og Fjordane, Valdres og Setesdal er gode
døme på denne utviklinga. Viktig var det også at opplæringstilbode for ungdom vart
betre. Ei side av dette var tilboda om folkemusikkline ved dei vidaregåande skulane på
Fagernes og i Valle. Etter reform 94 i vidaregåande skule vart det uråd for desse linene
å halde fram som før, men i Valle og i Vinstra har dei fått liner for Musikk, dans og
drama ved vekt på folkemusikk og folkedans. At folkemusikk har blitt eit tilbod ved mange
kommunale musikkskular har vore viktig for rekrutteringa. Eit anna
opplæringstilbod er Akademiet i Rauland som vart etablert som eit samarbeid mellom
fleire organisasjonar. I same leia - men mindre omfattande - er Ole Bull akademiet
på Voss, der det no (1996) også er heilårsstudium for folkemusikarar, meisterstudiet, i
tillegg til dei kortare kursa i folkemusikk som har vore i lang tid. Av tilbod utover
vidaregåande skole er Folkedansstudiet ved Rådet for folkemusikk og folkedans i
Trondheim. På same måten har det blitt oppretta ei professorstilling i folkemusikk ved Norges
musikkhøgskole. Attåt desse har det utvikla seg mykje god kursverksemd mange stader,
som til dømes på Toneheim folkehøgskole, Sommarkurset på Mo jordbruksskule. I denne
perioden har det vore ein stor auke i talet på plater/CD'ar med folkemusikk og gamaldans.
På den andre sida må ein konstatere at det har gått svært seint å få folkedans og
folkemusikk inn i grunnskulen og vidaregåande skule.
Selskapa Heilo og Buen kulturverkstad, og i mindre mon Ose Kulturverkstad,
har stått sentralt i dette arbeidet ved sida av etablerte selskap som Grappa.
Dette har ført til større interesse for folkemusikken. Nemnast må også den innsatsen
som Rikskonsertane har gjort for å gjera folkemusikken kjent ikkje minst blant
skuleungdomen. For å spreie interessa for folkemusikken og dansen har også
folkemusikkfestivalane spela ei rolle. Den største av desse er Førde Internasjonale
Folkemusikkfestival (starta 1990), dinest Telemarkfestivalen i Bø i Telemark - også den
internasjonal (starta 1990). Folkemusikkdagane i Ål (frå 1977) har hatt ein reint norsk
programprofil - frå 1993 utvida til ei hel veke - Den Norske Folkemusikkveka.
Innan LfS vart det etter kvart ein sterk strid om kva vekt organisasjonen skulle leggje
på gamaldansen og den musikken som høyrer til. Sume ville at dette arbeidet måtte få
eit breiare rom - særleg folk i frå flatfeledistrikta med Gudbrandsdalen i fremste
rekkja. Andre - særleg knytta til dei typiske hardingfeledistrikta Telemark/Setesdal -
meinte at hovudvekta framleis måtte vere på dei eldste folkemusikkformene og
bygdedansen. Striden toppa seg kring spørsmålet om LfS skulle skipe til tevlingar også
i gamldans. Resultatet vart at LfS tok til med ei eiga tilskiping for gamaldansmusikk i
ulike former - Landsfestivalen i Gamaldansmusikk - som vert skipa til kvar sumar på same
måten som Landskappleiken. Festivalen vart ei fast ordning i 1989 etter 3 års
prøvedrift. Dei som var i mot denne utviklinga danna så ein ny landssamskipnad Norsk folkemusikk og danselag i 1989.
- tilbake til toppen av dokumentet
- Norsk Folkemusikk
og Danselag
- Norsk Folkemusikk og Danselag (NFD) vart skipa i 1989 som eit
utbrytarlag frå Landslaget for Spelemenn. Det var striden rundt Landsfestivalen i
Gamaldansmusikk som førte til at den nye samskipnaden vart skipa. Laget skal særleg
arbeide for dei eldste formene for folkemusikk og dans - slåttemusikken, kveding og
bygdedans. Laget har i heile perioden gjeve ut meldingsbladet Kvinten og har i fleire år
gjeve ut ei Årbok for norsk folkemusikk, med mykje godt stoff. I samarbeid med Saga
Petroleum A/S deler laget kvart år ut ein pris til unge utøvarar - Saga-prisen. I
samband med utdelinga er det også ein konsert. Laget har frå 1997 kontor i Oslo med
heiltids dagleg leiar.
Mange av dei fremste spelemennene i landet har vore sentrale i NFD, som Hallvard T.
Bjørgum, Knut Buen, Hauk Buen, Hallgrim Berg og andre. Som ventandes er har det vore ein
del strid mellom NFD og LfS, mellom anna om tildelingar av offentlege midlar.
- tilbake til toppen av dokumentet
- Bunadarbeidet
- Bunad er i dag det vanlege ordet for dei kleda som har eit
"nasjonalt preg" og som liknar på dei folkedraktene som var i bruk for 100-200
år sidan rundt om i bygdene. Bunadane har stort sett
ei fastlåst form, dei er ikkje under utvikling, og byggjer i dei fleste tilfelle på meir
eller mindre gode rekonstruksjonar av tidlegare tiders folkedrakter. Med folkedrakt meiner
ein dei kleda som folk brukte rundt om i bygdene i gamle dagar (100-300 år sidan). Folkedraktene var eit
produkt av ein tradisjon, motepåverknader, lokal utvikling og individuell smak. Dei
varierte ein del frå person til person og var bruksavhengig (kvardagsklede, helgeklede,
kyrkjeklede, brure/brudgoms-klede, gigt/ugift-klede. Nokre få stader i landet kan ein
seia at dagens bunad er det same som siste utviklinga av folkedraktene (Setesdal,
Telemark, Hallingdal, Hardanger..).
Bunadene som fenomen vaks fram på slutten av 1800-talet på bakgrunn av dei nasjonale og
politiske straumdraga på 1800-talet. Innan norskdomsrørsla ville dei gjerne markere sin
nasjonale innstilling også i klesvegen. Frå ca 1870 vart det vanleg at folk i andre
delar av lande byrja bruke Hardangerdrakta som festklede. Denne drakta var meint å vere
ei nasjonaldrakt - og fekk også den nemninga. Det var til dømes vanleg at jenter som
gjekk på folkehøgskole sydde seg nasjonaldrakt, også i område av landet der
folkedraktene enno var i bruk.
- I tida kring hundreårsskiftet var det Hulda Garborg som vart pioneren i bunadarbeidet
her til lands. Ho tok også i bruk namnet bunad for desse nye draktene. Hulda Garborg utga
fleire hefte om bunader og rekonstruksjon av bunader. Den første "Norsk
klædebunad" kom så tidleg som i 1903. Ho utforma også ein foreinkla variant av
Hallingdrakta - og denne vart tilliks med Hardangerdrakta svært populær over store deler
av landet. Denne drakta vart kalla Hulda Garborg-bunaden. I nyare tid fekk
"rutastakken" frå Gudbrandsdalen ein funksjon som nasjonaldrakt innan delar av
hotell og kafe-næringa. Serveringsdamene på kafistovene hadde som oftast rutastakk.
Hulda Garborg hjelpte også nokre damer i Valdres å utarbeide ein "ny"
kvinnebunad for Valdres. Bunaden var nokså lausreven frå tradisjonen i Valdres, og ho
kalla han ein "tillempa bunad". Denne bunaden vart eit slags mønster for andre
bygder som tok til å rekonstruere sin bunad på 1920, 30 og 40-talet. Bunaden hadde kvit
linsjorte med kvitsaum på krage og ermlinning, lue, liv og stakk av mørkt ullstoff med
ullgarnsbroderi i mange fargar. Broderiet skulle helst ha lokal tilknytning - skulle likne
på restar av gamalt broderi som ein fann døme på i lokalmiljøet. Fasongen skulle vere
"bunadprega", dvs likne på den frå Valdres. Mange stader rundt om i landet
vart det rekonstruert bunader på dette grunnlaget. Klara Semb følgde opp det arbeidet
som Hulda Garborg starta opp når ho reiste rundt og samla inn turdansar og instruerte
folkedans. Det var gjerne eldsjeler - mange stader knytta til husflitslag eller
bondekvinnelag - som fekk arbeidet i gang. Sume stader samla inn gamle plagg som skulle
vere med å danne grunnlaget for bunaden. Ikkje minst mellom folkedansarane vart det
vanleg å bruke bunad. I dette miljøet fekk også gutane seg bunad, og det var ikkje så
mange andre gutar som nytta det.
I 1947 vart Landsnemnda for Bunadspørsmål oppretta, som ei oppfølgjing av det arbeidet
Klara Semb og andre hadde drive i mange år. Klara Semb vart medlem i nemnda frå starten,
og var medlem i mange år - til 1965. Seinare var Ågot Noss eit sentralt medlem i nemnda
- ho var i mange år konservator på Folkemuseet på Bygdøy. I dag har nemnda fått
namnet Bunad og Folkedraktrådet og har fått fast tilhald på Museet på Fagernes. Marit
Karlberg har stått i brodden for dette frå midt på 70-talet. Rådet er eit statleg vald
organ som er rådgjevande i bunad og folkedraktspørsmål. Nemnda kan gje råd i
spørsmål om rekonstruksjon av bunader på grunnlag av tradisjonelle folkedrakter. Ei
kort tid på 50-talet godkjente nemnda lokalt rekonstruerte bunader. Men nemnda gjekk
snøgt over til i staden å tilrå rekonstruksjonane. Frå 1967 har det vore praksis at
nemnda gjev uttale om forholdet til lokal draktskikk når ein bunad blir lagt fram til
vurdering.
- Dei siste 20-30 åra har det gått ei ny rekonstruksjonsbølje over landet. Ofte er det
bygder der dei rekonstruerte bunader på 20- og 30-talet som no vil lage seg bunader som
er nærare knytt til lokal tradisjon. Mange av desse nye bunadane har ikkje dei
tradisjonnelle rose-broderiet som viktig element, og fargane er også annleis enn det som
var tradisjonen i lang tid. I det siste har vi også sett døme på at ein har utvikla
meir "generelle festdrakter" i bunadtradisjon som ikkje er meint å dekkje eit
avgrensa geografisk disktrikt. Døme på dette er Kystkultur-bunaden, Vestlandsdrakten og kanskje
også Oslobunaden.
- Både Hulda Garborg og særleg Klara Semb var nær knytt til Noregs Ungdomslag. Difor er
det ikkje unaturleg at NU har stått sentralt når det gjeld bunader og bunadbruk i Noreg.
Dels har det vore privatpersonar og dels organisasjonen sjølv som har stått for
arbeidet. NU har i mange år hatt ei særskild nemnd - frå 1994 kalla Bunadrådet - som
har teke seg av arbeidet. Dessutan har det vore vanleg at leikarringane har hatt
særskilde nemnder som skulle fremje interessa for bunader og god bunadbruk mellom
dansarane.
- I våre dagar har det blitt svært vanleg å bruke bunad, og særleg på 90-talet har
bunadbruken i Noreg auka kraftig. Det gjeld særleg kvinnebunader, men også mannsbunaden.
Det er mest husflitsutsala som sel bunader. Her kan ein kjøpe ferdige bunader, eller ein
kan kjøpe det som høyrer til og sy (brodere/montere) han sjølv. I Oslo er det Husfliden
og Heimen som har stått for sal av bunader. Det siste året har det også kome ein
spesialbutikk for mannsbunader. Dei aller fleste kjøper seg bunad frå det distriktet der
dei eller deler av slekta kjem frå. Men sume kjøper den bunaden dei synest er penast. I
Oslo har det i seinare år særleg vore ulike bunader frå Telemark som har vore mest
omtykt. Litt på fleip har Beltestakken frå Telemark fått namnet "Oslo-3
bunaden" fordi så mange i "Frognerstrøket" har kjøpt han.
- tilbake til toppen av dokumentet
- Rådet for
folkemusikk og folkedans
- Rådet for folkemusikk og
folkedans i Trondheim (Rff) er ei offentleg stifting som skal arbeide for å verne om,
fremje og føre vidare tradisjonar innan norsk folkemusikk og folkedans. Rådet har fleire
oppgåver, som å vere eit sakkunnig organ for offentleg forvaltning, samordne innsatsen
innan folkemusikk og folkedans i ulike organisasjonar, drive vitskapleg arbeid innan
feltet og formidle kunnskapen, og arbeide for å auke kunnskapen og forståinga for norsk
folkemusikk og dans.
Rådet er styre for stiftinga. Rådet skal arbeide for kontakt innan arbeidsfeltet,
vere rådgjevande organ for Departementet og fordele årlege midlar frå
Kulturdepartementet. Rådet har 7 medlemer - for kvar ulik sektor i arbeidet - utnemnt for
4 år om gongen. Leiaren, nestleiaren og dei to fast tilsette sekretærane ved Rff Egil
Bakka (dans) og Bjørn Aksdal (musikk) er arbeidsutval i Rådet.
Representantskapsmøtet er valforsamling og rådgjevande organ for Rådet. Dei
møtest ein gong for året og drøfter faglege og prinsipielle spørsmål. Ulike
organisasjonar som arbeider innan folkemusikk og folkedans kan få røysterett i
representantskapsmøtet, vere med å drøfte årsmelding og planar og velje nye
representantar til Rådet.
Rff-senteret er det utøvande organet for stiftinga Rff. Rff-senteret arbeider mest med
innsamling, arkivdrift, forskning, formidling og tenesteyting. Førsteamanuensis Egil
Bakka er dagleg leiar for senteret og sekretær for Rådet i folkedanssaker. Han er også
Professor II ved Universitetet i Trondheim. Førsteamanuensis Bjørn Aksdal er nestleiar
og sekretær for Rådet i fokemusikksaker. Han er dosent II ved Høgskolen i Telemark,
Rauland. I alt er det 7 tilsette ved Rff-senteret. Rff-senteret har ei stor samling av
videoopptak med dans, musikk og anna.
På vegner av Universitetet i Trondheim driv Rff-senteret eit opplæringstilbod i
folkedans som kan føre fram til eit mellomfag. Studiet kan gjennomførast som
deltidstudium, og er sett saman av 3 10-vektalsemne. To av emna gjev grunnfag, og alle tre
utgjer eit mellomfag. Dei tre emna heiter Tradisjonskunnskap, Folkedanspedagogikk og
Allmenn dansekunnskap.
- tilbake til toppen av dokumentet
- Leikarringane
tilbake til toppen av dokumentet
Gamaldansklubbar
tilbake til toppen av dokumentet
Andre
gamaldansaktørar
tilbake til toppen av dokumentet
Nordleik - nordisk
samarbeid
tilbake til toppen av dokumentet