Gode historier frå folkedans/folkemusikk-miljøet

Rispe om eit spelemannstreff i Numedal i gamle dagar.
Nils Svenske låg i plassen Oskehølen. Mannen der, spelemannen, og kona klædde seg spell nakne når dei la seg - og Nils skulde ligge millom dei i sengi.
Kjelde:  Arne Bjørndals Samling Tradisjon Numedal 53)
Innsendt av Jarnfrid Kjøk, aug 2004

Då Ola Bøe og Magne Myhren skulle ha radioprogram
Då opptaka vart gjort var Ola Bøe forkjølt, så det gjekk ikkje heilt bra. Myklebust meinte at dette kunne han ikkje sende, og sa til Ola Bøe at han laut kome att. Men då var Ola litt grinen då han kom i studio. - Du har sendt styggare spel, du, enn det eg spelte sist, sa han. - Å ja, men ikkkje av ein så god spelemann som du, svara Myklebust. Opptaket gjekk visst bra den dagen.
Fortalt av Magne Myhren i Spelemannsbladet 1/2004
  
Dersom du har ei lita historie på lur, kan du få ho på trykk her (dersom ho ikkje er for grov!) Trykk her og send!