Kappleik i Kristiansund 1920



1. rekkje frå venstre: Domarane. Fotograf Bøbak, Ingebrigt Kvendset, Peder Hals, Edvard Bræin, Svein Øye.
2. rekkje frå venstre: Ole J. Birkelund, Jon Rosenlid, Alfred Maurstad, Torfinn Litlere, Lars Gjestad, Nils Bakke.
3. rekkje frå venstre: Peder Helle (Helle-Pe), Peder Tevik, Holger Aresvik, Ola Kallset.

Hallvard Ørsal var på kappleiken , "men det gjekk som mange gonger før: Han kom i dårleg selskap og øydela alt for seg".
Det var store premiar: Jon Rosenlid og Aslak Lundtveit fekk kr 500 kvar. Holger Aresvik var best på vanleg fele, Peder Helle gjorde stor lukke med klarinettspelet sitt og fekk ekstrapremie.

(Biletet er frå boka "Folkemusikken i Møre og Romsdal" av Jostein Fet. Fotograf ukjent.)