Kjente feler i norsk folkemusikk

Jåstadfela - den eldste hardingfela
Den eldste tidfesta hardingfela er laga av Ola Jonson Jaastad (1621-1694), lensmann i Ullensvang i 1650- og 60-åra. Fela er tidfest 1651, og finst no ved Historisk Museum i Bergen - frå 1996 på utlån ved Hardanger Folkemuseum. Fela har berre 2 understrenger som var vanleg på dei gamle hardingfelene. Desse felene var også ein god del mindre enn vanlege fiolinar. Jaastad-fela er fint utforma, og må byggje på ein eldre felemakar-tradisjon. At det fanst ein slik eldre tradisjon blir også styrkt av det finst endå eldre feleskrin, såleis eit frå Voss med årstalet 1512.
"Gullhardingfela"
Denne hardingfela er laga av Magne Kvamme i 2002 og fekk gull på Landskappleiken i Vågå i 2002. Det er den første hardingfela som har fått gull i nyare tid. Fela er ein kopi av ei Olaf G. Helland-fele frå tidleg 1930-tal. Domarane Sigvald Rørlien og Knut Myrann hadde ingenting å trekkje på utsjånaden til fela, men fela fekk litt trekk for tonekvalitet.
    
Feler på "Sylvartun" i Setesdal
I 1992 opna spelemannen Hallvard T. Bjørgum huset "Sylvartun" på garden sin i Rysstad i Setesdal. Det var faren Torleiv H. Bjørgum som planla dette kultursenteret, men han døydde i 1990 før det vart ferdig. Huset er meint å skulle nyttast til formidling av folkekunst og folkemusikk spesielt. I huset er det ei omfattande feleutstilling, og mange av felene som er utstilt der, er omtala nedanfor (bygd på artikkel i Spelemannsbladet 4/1997). I huset er det også ei konsertsal med plass til ca 60 personar, og dessutan eit lydstudio der det er innspela mange plater. 
"Pantefela
Dette er ein Gunnar O. Helland fele frå 1899. Ho fekk namnet sitt fordi eigaren den kjente spelemannen Lars Fykerud måtte pantsette fela for å finansiere det siste sjukehusopphaldet sitt. Fela vart aldri innløyst. Ho dukka langt seinare opp i Hallingdal. Inni fela star det skrive: "Paa reise i Sætersdalen 1889". Dette er ikkje noko meisterfele. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
Hardingfele - Jon Erikson Helland 1828
Denne hardingfela er av den vesle typen. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
Hardingfele - Erik Jonssen Helland 1844
Fela skal vere ei gåve frå Myllarguten til Ole Bull. Spelemannen Olav Evju frå Sauherad har hatt fela. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad, på utlån frå familien Gjessing i Bø i Telemark.
"Veslemøy"
Ei hardingfele laga i 1950-åra av Gunnar O. Helland for spelemannen Jørgen Tjønnstaul. På ein lapp som fylgjer fela skreiv Jørgen Tjønnstaul i 1957 at 70 fyrstepremiar er vunne på denne fela. Tjønnstaul selde fela, er det fortalt, fordi molekylane reiste utor fela etter at ho hadde vore ute i sterk vind.  Fela var borte i 37 år, og dukka så opp hjå ein svovelpredikant. Spelemannen Søren Nomeland fekk så kjøpt fela. Då hallvard T. Bjørgum fylte 40 år fekk han fela i gåve frå sambuaren sin Marianne Berg. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
Hardingfele - Olav Helland 1927
Spelemannen Svein Løndal er fotografert med denne fela. Spelemannen Neri Tjønnheim hadde fela før spelemannen Kjell Midttun på Voss fekk kjøpt henne. Så kjøpte Hallvard T. Bjørgum fela under Landskappleiken i Førde i 1979. "Dette er hovudinstrumentet mitt" fortel Hallvard til Spelemannsbladet (4/1997). Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
"Fjellmøy" - "Tvistefela"
Dette kal vere siste fela Olav Helland laga i 1945. Spelemannen Gjermund Haugen kjøpte ho på Vestlandet. Det vart rettsak om kjøpet, og Haugen vann saka. Etter dette vart ho kalla "Tvistefela". Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
"Solmøy"
Denne hardingfela er laga av Olav Helland 1904. Denne fela hadde spelemannen  Hans Smeland i Kviteseid. Eivid Mo lånte fela på ein kappleik ein gong. Mo skal ha fortalt denne soga om fela: Ein gong Hans Smeland sat og speele, måtte han ut og pisse. Då han kom innatt hadde det kome ei mus  i fela - nokre karar hadde putte musa dit medan han var ute. Då vart Smeland så redd for at det var skrømt i fela at han slengde ho frå seg og sprang på dør. Fela var også Halldor Meland si favorittfele i mange år. Kirst, kona til Halldor, kjøpte fela til mannen sin etter bryllupet. Det vert fortalt at Meland hadde konsert i Brunkeberg ein gong, og sendte drosje til Seljord etter fela medan publikum venta i salen. I seinare år brukte han fela lite. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
Hardingfele - Olav Venås 1925
Denne hardingfela nyttar Hallvard T. Bjørgum til felestillet gorrlaus bas. "Ho er den beste til det stillet" fortel han til Spelemannsbladet (4/1997). Fela er oktavharmonisert av spelemannen Bernt balchen jr. og har understrenger som går heilt bak. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
Hardingfele - Jon Tjønn 1964
Spelemannen Søren Nomeland hadde denne fela ei tid. Seinare fekk Hallvard T. Bjørgum fela. Fela nyttar han gjerne til stillet trollstilt. Han vann Landskappleiken i Bø 1988 då han spela skjaldmøyslaget på denne fela. Bjørgum har også brukt fela til plateinnspelingar. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
Hardingfele - Knut K. Steintjønndalen 1952
Denne hardingfela var bestilt til eit museum i Romania. Dette vart ei sers god fele, og professor Olav Gurvin fekk ordna det slik at ei anna fele vart sendt til Romania. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
Hardingfele - Gunnar A. Røstad 1914
Denne fela er signert Kristiania, Krusesgt. 5, som var ein av stadene der Røstad hadde verkstad. Grosserer Herbrand Hagen frå Numeland åtte fela, og spelemannen Torkjell Haugerud hadde fela på lån. Etter at Haugerud fekk tæring, ville ikkje Hagen ha fela attende, og ho vart verande hjå Haugerud. Fela gjekk i arv til Finn Kvalem, dotterson til Haugerud, og Kjell Midttun kjøte fela av Kvalem. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
"Faremofela"
Dette er ei vanleg fele som er ombygd til hardingfele av felemakaren Torleiv Frøysaa. Fela skal vere etter Olav eller Tarjei Faremo som var spelemenn i Agder. Tarjei utvandra til Amerika i 1845, og kvar Olav vart av er ukjent. Det er berre botn og sargar som er att av den gamle fela. Spelemannen Olav Heggland hadde fela i si tid. Hallvard T. Bjørgum fekk fela av Knut Nomeland, som var ein av læregutane til Knut Heddi. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
Hardingfele - Olav O. Underberg 1914
Denne hardingfela har spelemannen Hallvard Rysstad bruka. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
"Sæterjenta"
Ei hardingfele av Olav Helland 1921. Dette var hovudfela til spelemannen  Kjell Midttun på Voss. Spelemannen Eivind Moe hadde også fela ein periode. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad. 
Bastardfele etter Torleiv H. Bjørgum
Dette er ein fiolin som det er sett understrenger på. Dette er ei av dei første felene til Torleiv H. Bjørgum. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
Bastardfele etter Jørgen Tjønnstaul
Dette er ein fiolin som det er sett understrenger på. Dette er ei fele som Jørgen Tjønnstaul har hatt. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
Hardingfele - Sandland 1930
Denne fela ar tilhøyrt spelemannen Knut Heddi. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad. Fela er utlånt av Gyro T. Helle.
Hardingfele - Petter Eiken 1951
Denne fela laga av Eiken frå Fyresdal i 1951 var spelemannen Torleiv H. Bjørgum si første hardingfele.Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
Hardingfele - Olav Helland 1919
Denne fela var spelemannen Torleiv H. Bjørgum si hovudfele. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
Hardingfele - Olav Helland 1910
Dette var den fela spelemannen Torleiv H. Bjørgum spela på då han døydde i 1990. Då var han midt i ein gangar etter Petter Veum. Dette var einaste slåtten han kunne hugse han hadde hørt at Knut Heddi hadde spela. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
"Tulla" 
Første fela som spelemannen Hallvard T. Bjørgum fekk 4 år gamal i 1960. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
"Løva"
Denne fela laga Anders Åsen på bestilling frå Hallvard T. Bjørgum i 1980. Namet har ho fått av di munnen har eit sinna uttrykk. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
"Skjaldmøy"
Denne hardingfela vart laga av Knut Brattespe 1990. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad. Fela er på utlån der.
Hardingfele - Sverre Sandvik 1982
Dette er ei hardingfele som Hallvard T. Bjørgum fekk som premie på ein Luraas-kappleik i Tinn i 1982. Det var også med feleboge og felesskrin i premien. Feleskrinet var måla av Knut Buen. Fela er no (2003) i felesamlinga til Hallvard T. Bjørgum  på Sylvartun på Rysstad.
 
"Brita"
var namnet på hardingfela som Henrik Gjellesvik fekk kjøpt av Gunnar Røstad, laga i 1919. Gjellesvik brukte denne fela svært mykje, mellom anna som fast spelemann i Leikarringen i BUL  i Oslo i 40 år.
  
"Kjempa"
er kanskje den mest berømte fela til Erik Johnsen Helland, laga i 1864. Framifrå spelemenn har hatt fela, til dømes Leif Sandsdalen, Hallvor Uvdal og Gunnulf Borgen. Fala er av den nye typen som Erik Johnsen Helland utvikla kring 1860.
 
 

 

Den eldste norskbygde fiolinen
Den eldste norskbygde fiolinen vart laga av Trond Botnen i 1764, og er no å finne på Hardanger Folkemuseum i Utne.
"Gullfiolinen"
Denne fiolinen vart laga av Magne Kvamme  og fekk gullmedalje på feleutstillinga på Landskappleiken i 1993. Det er den einaste fiolinen som har fått gull.
 
 
 
 
|