Norgesmeisterskap på hardingfele 1931
Eit stykke som stod i "Spelemannsbladet" nr 5 1962.

Gamalt meisterskap

Når ein tenkjer seg attende er det alltid gildt å minnast dei gamle kappleikane. Det var noko meir intimt yver kappleikane den gong. Det verkar som um råma er sprengd idag, trass i at spelemennene fyrst lyt prøvespela før dei slepp til. Det segjest og at felespelet hev gjengje fram, men det veit eg ikkje um eg kan vere samd i. Mange av dei spelemenn som i gamle dagar fekk 2. pr. hadde idag fenge 1. pr. På den andre sidan var der større skilnad millom dei gode og dei dårlege den gong. På breiddi hev nok felespelet gjenge fram

Når me talar um kappleikar i gamle dagar, er det serleg ein eg minnest godt, og det er norgesmeisterkappleiken "Vestlendingen" skipa til i 1931 og sidan det i år er 30 år sidan, vil eg skriva nokre ord um den. Det var ein sers stilfull kappleik, og domarar var teatersjef Amund Rydland, Jon Rosenlid, og kapellmeister Lindberg.

Denne kappleiken var sers spanande avdi det skulde tevlast um ei gullmedalje, gjeven av direktør Sigv. Lauritzen, ein sann ven av norsk folkemusikk. Medalja skulde gå til den mest allsidige spelemann på stemna, ein tanke som vann sympati hjå mange spelemenn. Det gamle kappleiksystemet med berre 2 slåttar kunne føra til at måtelege spelemenn trena seg upp på eit par slåttar og slo spelemenn som kunde hundratals slåttar og felestille i  mengd.

Mange gode spelemenn var møtt upp for å spela um medalja. Fyrst skulde spelemennene spela dei tradisjonelle tvo slåttane, dernest skulde dei som domarane fann best spela um gullmedalja. Her var mange slags typar, og "Tidens Tegn" hadde ein slåande karakteristikk: "Her var ansikter trenet og tunge som røpet fjellbygdingen, rappe, men tilforlatelige på en spenstig kropp som fortalte at mannen var fra Telemark, samt vestlendingens livlige og lettbevegelige fysiognomi. Også den historiske spillemannstype, fandenivoldsk, slike som i gamle dager egget uvenner på hverandre, var representert."

Kappleiken vart halden i Teatersalen i Bøndenes Hus i Oslo, og ein merkte seg at fleire av dei konkurerande spelemenn var slektningar. Soleis var Lauritz Th. Hop med sine tvo søner Lorentz Hop og Ingvald Hop tilstades, og frå Telemark kom Harald Manheim og son hans Egil Manheim. Etter kvart som spelemennene kom upp på scenen, vart dei helsa med stor jubel frå salen. Mange av spelemennene var svert jamne, merkte ein seg. Det var for største delen kjende spelemenn.

Lorentz Hop og Martinius Jansen vart so av domarane utpeikte som dei mest kvalifiserte til å spela um gullmedalja. Den velkjende spelemannen Lorentz Hop synte seg å vera ein meistar av alle slav av vårt nasjonale felespel. Med meisterskap trolla han vakre lydarslåttar og kåte danseslåttar fram. Martinius Jansen hausta stor fagning, han synte seg millom andre og vera ein god komponist.

Premieutdelingi gjekk føre seg i ein ven matine dagen etter, der m.a. domarane, som var velkjende kunstnarar, gjorde eit stort innslag. Teatersjef Rydland las Henrik Rytters prolog, og kapellmeister Lindberg spela Johan Halvorsens Fanitullen og hausta stor fagning. Jon Rosenlid spela og ein slått reint og stødt og kraftig, og David Knuden las dikt av Vinje, Frøding og Wildenvey og hausta stor fagning. Deretter vart premiane delte ut. Lorentz Hop var best og fekk gullmedalja og Sjur Helegelands pokal som beste spelemann på stemna. Martinius Jonsen fekk 1. pr og "Vestlendingen" si båvepremie.

Elles fall premiane soleis, etter det eg hev det frå "Tidens Tegn":

1. pr. Lorentz Hop, Fana, Gullmedalje og Sjur Helgelands pokal som beste spelemann på stemna.
1. pr. Martinius Jansen, Telemark og "Vestlendingen"s gåvepremie.
1. pr. Harald Manheim, Telemark.
1. pr. Egil Manheim, Telemark.
1. pr. Ingvald Hop, Fana og Ola Mosafinns pokal.
2. pr. Olav Sataslåtten, Hallingdal, og jentones gåvepr.
2. pr. Jørgen Tjønnstaul, Telemark, og "Valdreslaget"s gåvepremie.
2. pr. Ola Okshovd, Valdres.
2. pr. Reidar Hamre, Valdres.
3. pr. Nils Borge, Voss.
3. pr. Ola Nyhaug, Telemark.

Yngste klasse: 2. pr. Magnus Daleng, Valdres

Umframtpremie: Gjermund Haugen, Notodden, Heidelbergs pokal til yngste tevlar på kappleiken. Og Lauritz Th. Hop, Fana, Heidelbergs pokal som eldste tevlar. jens Gustavsen, Valdres, fekk "Vestlendingen"s pokal.

So vart det folkedansframsyning på scenen, og til sist på stemna spela dei tri Hopkarane på kappleiken ein feiande vals i samspel.
(Herold).

  

Tekst til biletet:
Norgesmeisterskapet på hardingfele 1931. Frå vinstre ser ein i bakerste rekkja, Nils Borge, Voss, Ingvald Hop, Fana, Embrekt Beitohaugen, Valdres, Egil Manheim, Telemark, Lorentz Hop Fana, Hagnus Daleng Valdres, Fylken Hallingdal, Jan Gustavsen Valdres - Neste ukjend. Olav Sataslåtten Hallingdal, Midterste rekkja frå vinstre: Harald Manheim Telemark, Reidar Hamre Valdres,. So fylgjer domarane: kapellmeister Sverre Lindberg Oslo, teatersjef Amund Rydland Oslo, Jon Rosenlid Bergen,. Deretter Lauritz Th. Hop Fana, Ola Okshovd Valdres, Ole Nyhaug Telemark, og dei tvo som sit framum er frå vinstre: Gjermund Haugen Notodden, Martinius Jansen Telemark - Nokre av tevlarane hadde ikkje høve til å vera med på biletet, m.a. Jørgen Tjønnstaul, Telemark, som fekk 2. pr og Valdreslagets gåvepremie.