Innlegg om Framsyningskappleiken v/ Erik Haugros

Etter Folkekulturfestivalen på Beitostølen 2003

Framsyningskappleiken

Historie
For å få folkedanserne/ folkedanslag/ leikarringar – til å kome på NU-stemne skipa ein til framsyningskappleik. Ein ønska samstundes å retta søkelyset på framsyningar som mange lag innan folkedansrørsla dreiv med for turistar, institusjonar og andre grupper, og på den måten heva kvaliteten på desse.
Ein valde vel kappleik for di ein etterlikna Landslaget for spelemenn sitt kappleikkonsept.

Røynsler

  1. Eit populært programtilbod som har trekt mye folk.

  2. Når ein ser på alle lag knytta til NU, har ikkje oppslutningen vore stor. Ein har strevd med å få nok lag til å melde seg, noko som vel skuldast kappleiksyndromet? Likevel har det vore nok lag + spelemenn for eit normalt 2 timars opplegg.

  3. Bylag har deltatt mest, særleg frå BUL-laga i dei større byane.

  4. Mest vinnarlag har kome att på seinare kappleikar. Kvifor kjem det så sjeldan att lag som ikkje rakk opp, det neste året.

Dei seinare åra
Har innhaldet/ tankane rundt kappleiken endra seg?

  1. Framsyningar som er bygd opp omkring eit tema, er godt likt.

  2. ”Teaterinnslag” er viktig.

  3. Eit program med folkedans, bunad og spelemenn (folkemusikk) er det vorte færre lag som syner.

Kva bør vurderast

  1. Ordet kappleik bør vekk. Kanskje er ordet dansetevling betre! Målet må vere å få fleire med, gjere det mindre farleg, Ein kan gjerne honorere lag Og ikkje minst gi alle som deltar ei kjensle av at det dei syner, er verdfullt.

  2. Som programinnslag er framsyningskappleiken liv laga. I kva grad kan andre utanom stemnefolket trekkast inn?

   3.    Dersom ein vil halde på kappleik,  bør det vurderast om ein skal lage ulike klasser,  t.d
              a) klasse for danseopplegg bygd på t.d. eit tema, ein viss sjanger.  
              b) klasse for folkedansframsyning,
              c) open klasse (berre jenter, gruppe samansett av folk frå fleire lag).

Erik Haugros