Danserettleiingar
Turdans

Her finst det omtale av ein del dansar som er vanleg i bruk i norske leikarringar. Eg har teke utgangspunkt i dansar som er brukt i Symra i seinare år. Rettleiingane er relativt stutte. Sume plassar er det også laga såkalla kortversjonar i stikkordsform til hjelp for minne. Dersom dansane er omtala i rettleiingsbøker, er det også vist til desse. Eller til omtale andre stader på Internett.
Tilbake til danseoversynet

Tremannsril frå Aure
Dansen står i Danse, Danse Lett. Tremannsdans med tre korte turar til reinlendermusikk. Normalt ein gut i midten og ei jente på kvar side tar saman med lette taket. Jentene tar også saman framfor guten med "ledig" hand. Det kan også vere ei jente og to gutar, då dansar jenta i midten. Ein stiller seg etter kvarandre i stor ring og dansar i motsols ring. Det skal vere godt samspel i dansen - flørtedans.

1.      Alle dansar framover med reinlendersteg utan hopp det første veket. Han i midten tar til med venstre fot, dei på sida med yste fot. Åtte reinlendersteg.

2.      Jentene slepper taket med kvarandre. Han i midten dansar høgre arms armkrok med dei to jentene, først med den til høgre, så venstre hands armkrok med andre jenta. Dettte blir så dansa ein gong til.

3.      Så dansar han i midten over til venstre hands jente på to steg (venstre, høgre), tar saman med samdanstak 3 (venstre rundt overarm, høgre rundt ryggen), dei står rett mot kvarandre. Dei hoppar rundt på 6 hoppsteg som i vanleg reinlender. Helst skal dei kome tre gonger rundt, men det blir travelt, så to gonger rundt går betre for mange. Så set guten frå seg jenta, og går over til andre jenta på to gåsteg (venstre, høgre), og dansar på same måten rundt med henne. Dette skjer så ein gong til (ein gong med kvar av jentene). Så byrjar dansen på nytt.
tilbake til toppen av dokumentet


Sandsværril i små ringar med 3 par
Denne dansen kan også dansast i stor ring (står i turdansboka). Dansen høver godt til framsyning. Det skal vere liv og fart i dansen, guten skal "vise seg fram" for jenta i figureringa. Vanlege polkasteg med hopp (galoppsteg) (bytomfotsteg) i heile dansen. Jenta held i stakken med begge ledige hender, guten let hendene hanga fritt.
Musikken er vanleg rilmusikk - det finst spesiell musikk på ein av turdans-CD'ane. Tre par stiller opp i ring med det lette taket.

1.      Stjerne med sola, og stjerne mot sola. Guten byrjar stjerna mot eiga jente, venstre fot og venstre hand inn i ringen (jenta har høgre inn i ringen). slik at det dannar seg ei "stjerne". Så rask snuing rundt mot framand, og motsett fot inn i ringen på neste polkasteg. Til saman åtte polkasteg i medsols retning. Så dansar vi på same måten tilbake motsols. Ingen appell når vi snur, berre rask snuing rundt.

2.      Figurering og kjede to gonger. Først firurering med eigen. Guten figurerer mot eiga jente, guten framover og jenta bakover 8 takter i motsols ring. (Guten kan "vise seg fram", slå seg på hælen, danse rundt seg sjølv, kruke etc.) På 8. steget snur begge raskt rundt mot framand (mot venstre) og figurerer tilbake 8 firurersteg. Så dansar vi open kjede  (utan å ta saman). Guten byrjar då på skrå ut av ringen, jenta på skrå inn i ringen - vi byrjar mot framand. Vi går forbi ei jente på kvart bytomfotsteg til vi har passert eiga jente 2. gongen. Då snur vi mot eigen med tre appellar. Så dansar vi dette oppatt ein gong til (firurering mot eigen, firurering mot framand og open kjede).

3.      Stjerne med sola, og stjerne mot sola. Vi dansar stjerne på nytt slik som i første tur. (Musikken på turdansplata er slik at det blir berre stjerne ein veg.)

tilbake til toppen av dokumentet

Schottis från Särna (svensk)
Denne dansen lærde Vebjørn av Søren Strandberg, 1999. Dansen står i Svenske dansebøker.Dette er ein svensk reinlendervariant som Sunnmørsreinlender byggjer på. Det er fire korte turar. Tur 1, 2 og 4 vert dansa to gonger, medan 3. tur blir dansa berre ein gong (tur 3 er lengre og fyller ut heile musikken). Vanleg reinlendermusikk. Når vi "hoppar rundt" i reinlenderen, brukar vi raske bytomfotsteg i staden for hoppsteg, slik som i Sunnmørsreinlender. Parvis oppstilling i stor ring, ringen sviv mot sola. Både jente og gut startar på ytre fot i alle turar slik som er normalt i reinlender. Husk framdrift i alle delene i dansen!

1.      Vanleg  reinlender tur. Vi tar saman med vanleg reinlendertak (arm bak på ryggen til jenta). Vi dansar to reinlendersteg framover, og så rundt to gonger (slik som i vanleg open reinlender). Dette skjer to gonger.

2.      Jenta under armen tur. Vi tar saman med det lette taket. På første reinlendersteget dansar jenta motsols under armen til guten, og på neste reinlendersteget dansar dei framover, og så to gonger rundt, på 4 takter. Dette skjer to gonger.

3.      Hælen og tåa tur. Vi tar saman med vanleg reinlendertak som i første tur. Først dansar vi eit vanleg reinlendersteg framover. Så tar vi hælen fram og i golvet med inste fot, og så foten bak med tåa i golvet også med inste fot på dei neste to taktene. Så dansar vi eit vanleg reinlendersteg framover att, og så "hælen og tåa" ein gong til som ovanfor, no blir det med yste fot. Så direkte på runddans 4 gonger rundt på 8 takter (altså dobbelt så lenge rundt som vanleg).

4.     Utslagsturen. Vi tar saman med det lette taket. Guten dansar eit reinlendersteg på skrå inn i ringen, jenta ut av ringen. Så neste reinlendersteg på skrå mot kvarandre att,  begge klappar i hendene på starten av andre reinlendersteget. Så dansar para rundt to gonger på 4 takter. Dette skjer to gonger. Så byrjar dansen på nytt att. Det høver godt at guten rykkje fram til neste jente når dansen byrjar på nytt.

tilbake til toppen av dokumentet
Schottis från Åland (svensk)
Denne lærde Vebjørn Bakken av Hareid leik- og  gamaldansklubb, og har vore brukt i Symra frå hausten 1999. Det er ein bytedans. Kan dansast til vanleg reinlender-musikk.

Dansemåte

Oppstilling parvis i stor ring, held saman med det lette taket. Alle dansar to reinlendersteg innover, guten byrjar med venstre og jenta med høgre. Så fire hoppsteg tilbake på plass. Så dansar jentene det same medan gutane står i ro og klappar takta. Så rykkje gutane inn, tar herdatak med kvarandre og dansar medsols i indre ring med reinlendersteg utan hopp 8 steg (stor fart og vill dans!), medan jentene står på sin plass og trør små steg på staden og held i stakken. Så tar guten fatt i den jenta som står der han er komen, tar vanleg reinlendertak og dansar framover to vanlege opne reinlender-turar (framover to r-steg og rundsnu). Så startar det heile oppatt. Dansar så lenge ein vil. Det kan lett skje at jente og gut ikkje finn kvarandre i første omgang, då må dei springe til den som er ledig.
Variant: I staden for å stå i ro på staden og trø stega, kan jentene danse med polkasteg motssols på den store ringen.
tilbake til toppen av dokumentet
"Reinlendervariant lært på Hareid"
Dansen lærde Vebjørn Bakken av Hareid leik- og gamaldansklubb, og har vore brukt i Symra frå hausten 1999. Dei hadde ikkje noko spesielt namn på dansen. Kan dansast til vanleg reinlendermusikk. Vanleg pardans.

Dansemåte

Dansen går på 8 reinlendersteg. Vi startar med å halde saman høgre hand til gut i venstre for jenta, og venstre for gut i høgre for jenta, halvt vendt mot kvarandre.Først dansar vi tre vanlege reinlendersteg framover. Men på andre steget fører vi høgrehendene over og framom venstrehendene, og på tredje steget er hendene som på første. På fjerde steget dansar guten bakom og til høgre for jenta (og jenta framom og til venstre for guten), og dei slepper ikkje taket, men guten løfter høgrehanda høgt (og jentas venstre), og slik at guten si venstrearm til slutt ligg tett inntil ryggen på jenta. På femte steget slepper guten straks venstrearma, løfter høgrearma og dansar framom jenta og over på venstre sida, og legg jenta si venstrehand ned på si høgre skulder. På sjette steget dansar dei eit vanleg ope reinlendersteg framover (guten har høgrearma om livet på jenta). Til slutt dansar dei vanleg reinlender-rundsnu med vanleg tak to gonger rundt.
tilbake til toppen av dokumentet
"Polka med støyt"
Dansen lærde Vebjørn Bakken og nokre andre frå Symra på eit kurs i Nordmørspols under NU-stemnet på Sunndalsøra sumaren 1999. Det var Ragna og Anders Ansnes som rettleidde nordmørspolsen, og denne masurka-varianten tok dei innimellom som "kvile" frå polsdansen. Han har vore brukt i Symra frå hausten 1999. Kan dansast til vanleg masurka-musikk. Vanleg pardans i motsols ring.

Dansemåte

Først dansar ein 4 masurkasteg (trø, svikt, svikt) den vanlege vegen (guten ryggen inn i ringen), men fremste handa skal støytast fram ein gong for kvart masurkasteg. Så dansar ein polkamasurka steg først eittt mot venstre (motsols) og så 3 steg mot høgre (medsols). Då har guten fått ryggen ut av ringen. Så 4 masurkasteg  (utan støyt) "motsett veg", dvs guten har ryggen ut av ringen og dansar mot høgre. På dei 4 siste stega er det polkamasurka mot høgre (medsols). Etter det har guten igjen fått ryggen inn i ringen og dansen byrjar på nytt.
tilbake til toppen av dokumentet

Fødelsesdagsvals til Mona (svensk)
Dansen lærde Vebjørn Bakken av Søren Strandberg, og har vore brukt i Symra frå hausten 1999. Benny Andersson skreiv denne valsen på 80-talet, og einkvan i Sverike laga dansemåte til han, og dansen har etter det vore mykje brukt av folkedansarar i Sverike. Det er ein bytedans, og alt foregår i stor ring. Valsen er å finne på CD'en "Klinga mina klokkor" av Benny Andersson.

Dansemåte

Dansen er delt i tre: Hovuddelen av dansen blir først dansa to gonger heilt likt, og til slutt blir ein kort ekstradel dansa.
Hovuddelen er delt i to deler: "Danse-forbi-kvarandre"-delen og "kjede"-delen.
Oppstilling parvis i stor ring, nokså tett saman, utan å halde i hop. Først kjem eit etter måten langt forspel der ein står i ro. Så startar det: Først eit valsesteg mot framand, og så eit mot eigen, og så dansar guten bak og forbi framand jente (og jenta framom og forbi guten) på to valsesteg samtidig som dei dansar ein gong rundt seg   sjølv den naturlege vegen. Guten har no bytt plass med framand jente. Dette skjer til saman 5 gonger, og då er "danse-forbi-kvarandre"-delen slutt.
Så startar kjede-delen. Guten snur seg og tar høgre i høgre med den jenta han nyss dansa forbi (gutane dansar altså motsols i ringen i kjeda, medan jentene dansar medsols). Han tar høgre i høgre med første jenta på første valsesteget, så venste i venstre med neste jenta han møter på andre steget, og tar høgre i høgre med den tredje jenta og henne svingar han rundt med sola ein gong på to valsesteg. Så tar han høgre i høgre med den jenta han nettopp svinga rundt, derpå venstre i venstre med neste, og høgre i høgre med den neste att (det blir femte jenta). Denne jenta svingar han rundt og dei held straks fram med vanleg vals i same rotasjonsretning (med sola), heilt til det veket er slutt. Denne delen av kjeda som er dansa så langt, blir så dansa oppatt ein gong til. Då er kjede-delen slutt. (Når gjenta går rundt, bør ho halde seg i ytterkanten av ringen, slik at det blir lettare for guten å kome i gang med valsen.)

No blir hovuddelen dansa ein gong til.

Den korte slutt-delen er slik: Alle tar saman med lett tak vendt inn i ringen. Så dansar dei eit valsesteg mot framand, eit mot eigen, og eit mot framand og eitt mot eigen att, og dansar så vals to gonger  rundt med eigen, og inn på plass. (Dette siste er altså vanleg norsk familievals.)
Eller så kan ein berre danse vals heilt til musikken er slutt.

Pass på: La ikkje ringen bli for stor! Trø valsestega heilt ut! Lytt til den fine musikken!
tilbake til toppen av dokumentet

Reinlendervariant frå Røros
Variant som vi lærde av Anders Saxhaug/Marianne Dahl i Symra hausten 2001. Variant av vanleg reinlender pardans.

Dansemåte:
Vi held saman som i attersteg frå songdans (eller Innharadpols). Det er to turar.
Første turen. Vi dansar først eit reinlendersteg framover (byrje med ytste fot). Så trør vi tilbake på inste fot med god tyngd. Så dansar vi det same ein gong til: reinlendersteg og eit steg tilbake. Så dansar vi to reinlendersteg framover og hoppar rundt medsols, medan vi har same handtaket bak på ryggen til jenta, og elles er samdanstaket likt samdanstak nr 3 (venstre arma til guten om overarma til jenta). 
Andre turen dansar vi med det same samdanstaket motsols bytomfotsteg frå reinlender.
tilbake til toppen av dokumentet

Reinlendervariant med to gåsteg
Variant som vi lærde i Symra hausten 2001. Variant av vanleg open reinlender pardans.

Dansemåte:
Vi dansar to vanlege reinlendersteg framover (det lette taket, byrje på yste fot). Då vrir vi oss så vi dansar to gåsteg på skrå bakover (men i danseretninga). Og slik held vi fram.
tilbake til toppen av dokumentet

Reinlendervariant frå Nordmøre
Variant som vi lærde i Symra hausten 2001 av Alf Steinar Nekstad. Variant av vanleg open reinlender pardans.

Dansemåte:
Først dansar vi to vanlege reinlendersteg framover (det lette taket, byrje på yste fot). Så dansar vi to reinlendersteg til framover, men det første av desse startar med hopp på begge føtene (møter golvet med begge i ein appell). Så dansar vi rundt med vanleg reinlenderrundsnu, men dobbelt så lenge som vanleg. Dette blir altså ein "dobbel reinlender" (dobbelt framover og dobbelt rundt).
tilbake til toppen av dokumentet

Reinlendervariant frå Vestvågøy
Variant som vi lærde i Symra hausten 2001 av Alf Steinar Nekstad. Variant av vanleg open reinlender pardans.

Dansemåte:
Vi dansar først eit vanleg reinlendersteg framover (halde "bak på ryggen-tak"). Neste reinlendersteg dansar vi slik: trø på inste litt bakover, trø så på yste litt bak det første steget igjen, og så trør vi litt framover med svikt på inste att (vi vender rett framover heile tida). Så dansar vi rundt med vanleg reinlenderrundsnu.

tilbake til toppen av dokumentet

Reinlendervariant frå Sunnmøre
Variant som vi har dansa i Symra i mange år. Vebjørn Bakken har lært han bort. Variant av vanleg  open reinlender pardans.

Dansemåte:
Dette er ein slags "dobbel reinlender". Først dansar vi 4 reinlendersteg framover (lette taket, byrje på yste), og så dansar vi rundt 4 gonger med vanleg reinlenderrundsnu. Når vi dansar framover dansar vi i "siksak": Først framover og frå kvarandre, så framover og mot kvarandre (og dette dansar vi ein gong til). Når vi har dansa fram og mot, kjem vi heilt inntil kvarandre. Godt samspel.
tilbake til toppen av dokumentet

Valsevariant - Kalle P's vals
Ein variant av vanleg vals som vi lærde i Symra hausten 2001. Ein svært vanleg variasjon på vanleg vals, og det finst ulike vriar på denne varianten.

Dansemåte:
Vi held saman med det lette taket og dansar to valsesteg framover (byrje på yste foten). Sår snur vi raskt på slutten av 2. steget (guten snur medsols, jenta motsols) tar saman med motsett hand, og dansar to valsesteg bakover. Så dansar guten to valsesteg motsols under armen (medan jenta dansar framover medsols); og dansar så det same ein gong til. Etter dette vender både guten og jenta i danseretninga, jenta er framfor guten. Vi byter no hand og dansar to valsesteg framover samtidig som jenta dansar under armen medsols. Så byter vi igjen hand begge to, og dansar framover to valsesteg til medan jenta danser under armen. Så dansar dei vanleg medsols rundvals resten av veket med samdanstak 1(to gonger rundt).
tilbake til toppen av dokumentet
Polkavariant frå Finnmark
Ein "nyare" (?) polkavariant, slik vi lærde han i Symra på etterjulsvinteren 2002 av rettleiaren Astrid Skrindo. Pardans, i vanleg stor motsols ring. vanleg polkamusikk. Vanleg ope samdanstak (samdanstak 1). Det er eit "poeng" i denne dansen at ein heile tida kjem i "utakt" med musikken samanlikna med vanleg polka.

Dansemåte:
1. del. Framover langs ringen. Guten startar med fronten i danseretninga, jenta med ryggen i danseretninga. Guten startar med venstre innover/bakover mot sentrum av ringen (jenta fram med høgre), så kryssar han høgre litt bak og vidare innover mot sentrum, samtidig med at han bøyer ned noko på venstre fot, medan jenta fylgjer guten med venstre fot på kryss framover og over venstre fot. Desse to stega tar altså guten halvt inn mot sentrum av ringen. Så tar dei to bytomfotsteg langs ringen, guten framover og jenta bakover (guten må då vri seg litt mot venstre på første steget). Ein tel altså: "gå, gå bytomfot, bytomfot" medan ein dansar dette. Ein dansar no nokre slike steg (f.eks. 4-6) før ein byrjar på første rundsnuen (rettsnuen).

2. del. Eintakts rettsnu  (med sola). På denne rundsnuen trør guten: Venstre fot "bak og rundt" (jenta høgre fram og rundt), vrir så vidare rundt på venstre og tar eit "polka-bytomfotsteg" vidare rundt, slik at ein har kome heilt rundt på desse to stega. For å kome ein gong rundt tel ein altså: "gå, bytomfot". Ein dansar gjerne nokre gonger (f.eks. 4-6) rundt slik før går over til den andre rundsnuen (3. del). Det fungerer bra å gå rett over frå del 1 til del 2.

3. del. Vanleg vrangsnudd polka  (mot sola). På denne rundsnuen dansar paret vanleg polka rundt motsols. Ein tel altså: "bytomfot, bytomfot". For å kome over frå del 2 til del3, vil det vere naturleg å ta to gåsteg som overgang (for å avslutte rotasjonen og byrje å rotere andre vegen).

Etter at ein har dansa 3. del nokre gonger, startar ein så på del 1 att, kanskje med eit gåsteg eller to som "mellomsteg" for å kome på rett fot (avhengig av kvar i rundsnuen ein er når ein startar på del 1 att).

Sjølvsagt kan ein kombinere dei tre delene i den rekkjefylgje ein vil, men det er vanleg å starte dansen med del 1.
tilbake til toppen av dokumentet


Pariser
Ein liten turdans, pardans,  som har vore brukt mange stader på Vestlandet. Han liknar mykje på 1. turen i Pariserpolka. Vi lærde han i Symra 13. mars 2002 av Victoria Carlsen og Bjørn Callin.

Dansemåte:
Oppstilling parvis i stor ring. Vi dansar mot sola. Tar saman med begge hendene og byrjar med yste foten. Vi går 3 gåsteg og inntil på fjerde mot sola, og så 3 steg og inntil tilbake med sola. Så går vi 4 gåsteg mot sola samtidig med at vi for kvart steg fører hendene fram og tilbake (fram på første steget, tilbake på andre, fram på tredje og tilbake på fjerde). Så tar vi saman og dansar to gonger rundt likeeins som i første turen på Pariserpolka.
Variant: I staden for å føre begge hendene fram og tilbake, kan vi berre føre den "bakre" handa fram og tilbake, under den fremste.
tilbake til toppen av dokumentet
Rugen og Sjutrøar 
Ein kombinasjon av Rugen og Sjutrøar, dansa parvis i stor ring. Vi lærde han i Symra første gongen 13. mars 2002  av Victoria Carlsen og Bjørn Callin.

Dansemåte:
Vi repeterer først Rugen. Oppstilling parvis på stor ring med samdanstak 1, vendt mot kvarandre og med sida inn mot sentrum av ringen. Vi dansar 6 sidesteg innover mot sentrum, appell på 7. steget og "kviler" på 8. taktslaget. så dansar vi sameleis ut frå sentrum av ringen tilbake til der vi starta. Så dansar vi eit sidesteg og eit appellsteg med halv vridning inn mot sentrum mot sola, og eit sidesteg og eit appellsteg tilbake igjen med sola, og held fram rotasjonen med å hoppe rundt to gonger som i reinlender. Det siste (halv vending med mot og med sola og to gonger rundt) dansar vi ein gong til.
Så repeterer vi Sjutrøar. Han er nesten sameleis som Rugen, men i første delen av dansen dansar vi langs ringen medsols, istaden for å danse inn mot sentrum av ringen. Andre del er heilt lik Rugen. Når vi startar, har guten ryggen inn i ringen. Vi tar 6 sidesteg, apell på 7. steget og på "kvilesteget" snur vi 180 grader mot sola på "fremste" foten. Slik at dei neste sidestega også blir i danseretninga. På "kvilesteget" dreiar vi igjen 180 grader, men no med sola. Den neste delen er så heilt lik Rugen.

Annakvart par dansar Sjutrøar og Rugen. Vi deler no opp para slik at annakvar par skal danse Rugen og annakvart Sjutrøar. Medan Rugen-paret dansar inn og ut, dansar så Sjutrøarparet forbi Rugenparet sin plass og dansar andre del av dansen der, slik at andre del av delsen dansar alle på ein stor ring. Vi dansar så mange gonger som musikken vil (8-12 gonger?).
tilbake til toppen av dokumentet

Svensk polka i ring - utan namn
Ein liten turdans i stor ring. Bytedans. Vi lærde han i Symra 13. mars 2002  av Victoria Carlsen og Bjørn Callin.

Dansemåte:
Oppstilling parvis i stor ring med det lette taket, alle vendt inn mot sentrum og alle held saman. Vi dansar først 16 sidesteg (polkasteg) mot venstre medsols og så tilbake mot høgre (med ein appell i det vi startar tilbake). Så tar vi saman til høgre hands kjede med eigen og går med gåsteg til vi møter 7. jenta med tre appellar. Så går vi kjeda vidare til vi møter 14. jenta. Vi dansar så vanleg rettsnudd polka rundt og langs ringen resten av dansen (16 steg). Så tar vi saman  til ring att og byrjar dansen på nytt.
Variant: I den siste polkarundsnuen kan vi danse rettsnudd polka dei første 8 stega og så vrangsnudd polka resten av rundsnuen.
Dans i to ringar. Dersom vi er nokså mange par, kan vi dele inn i to ringar, ein indre ring og ein større ytre ring. Dei to ringane dansar no i kvar si retning, til dømes den ytre mot sola (som ovanfor), og den indre med sola. Er vi retteleg mange kan vi ha 3 ringar der midt-ringen dansar i motsett retning av dei to andre.
tilbake til toppen av dokumentet

Tølasteppen
Pardans i stor motsols ring. Polkamusikk. Vi lærte han i Symra i oktober 2002 av   Anne Hval Jensen og Geir Halstensrud og i november litt annleis av Turid og Magne Sørøy. Her er han i siste variant. Finst også på www.folkdans.se

Dansemåte:
Oppstilling parvis i stor ring med det lette taket. Vi dansar først 3 gåsteg (i danseretninga) og inntil (starte på yste foten, gå, gå, gå, inntil). Så slepper dei taket og gut og jente byter plass på eit bytomfotsteg (sidelengs) og to gåsteg. På gåstega snur gut og jente slik at dei blir ståande mot kvarandre. Så går dei på 4 gåsteg ein gong rundt kvar for seg (guten medsols, jenta motsols) medan dei avanserer litt i danseretninga, og blir ståande front mot front att. Utan å ta saman dansar dei no eit lite bytomfotsteg sidelengs mot danseretninga. Så tar dei saman med ope tak (samdanstak I) men med "motsette hender" og dansar i danseretninga eit bytomfotsteg  og to gåsteg. På første gåsteget bøyer dei (side ved side) djupt i inste kne. Så skifter dei handtak til "vanleg" samdanstak I og dansar tilsvarande mot danseretninga (bytomfot, bøy ned og opp igjen). Utan å skifte tak dansar dei no eit polkasteg i danseretninga og rundt med sola, og deretter rundt to gonger saman på 4 svivesteg. Dei avsluttar så med å løyse opp samdanstaket og jenta sviv 2 gonger under armen (guten tar 4 gåsteg, jenta 4 svivesteg) samtidig som dei avanserer i danseretninga. 
Så byrjar dansen frå start igjen.
tilbake til toppen av dokumentet
Firkantreinlender (reinlender frå Internett)
Bytereinlender i stor ring.  Vi lærte han i Symra i november 2002 av Turid og Magne Sørøy. Dei hadde funne dansen på Internett. Sjå www.folkdans.se 

Dansemåte:
Oppstilling i stor ring med det lette taket, der alle har front inn i ringen, alle held saman. Vi startar alle på venstre. Vi dansar først 1 reinlendersteg rett inn mot sentrum av ringen, så eit steg til høgre, så eit steg rett bakover (rygge) og så eit steg til høgre att. Så dansar vi eit reinlendersteg mot venstre, så eit steg rett inn i ringen, så eit steg til venstre og til slutt eit steg bakover (rygge). No slepper alle taket. No dansar guten to reinlendersteg rett inn i ringen (mot sentrum) og snur rundt motsols på siste svikten slik at guten til slutt vender ut av ringen igjen. På desse to reinlenderstega står jenta først i ro på første steget (jenta byter fot for å kome på rett fot i runddansen etterpå), og dansar så rett mot guten på andre steget. Så dansar både gut og jente to reinlendersteg ut av ringen att, jenta baklengs (rygger) og guten framover. Guten dansar no "mot" framand jente. Så tar guten saman med framand jente og dansar 8 hoppsteg rundt på vanleg reinlendervis i motsols stor ring. Så byrjar dansen på nytt att (med den nye jenta).
tilbake til toppen av dokumentet

"Tante Ingeborg"
Polkamusikk. Pardans i stor motsols ring. Totrinnssteg frå polkamasurka (omtrent som framover i Varsovienne) og bytomfotsteg frå polkamasurka (1, 2, 3 med trø, trø, trø).  Vi lærte han i Symra i november 2002 av Turid og Magne Sørøy. Til dansen høyrer den teksten som står under. Dansen står også i boka "Dansetradisjonar frå Vest-Agder" av Egil Bakka, Brit Seland og Dag Vårdal (1990) s. 195.
Dansemåte:
Oppstilling parvis på stor ring i danseretninga (motsols). Vi held saman med akslevendings-taket (høgre hand til guten tar saman med høgre for jenta over skuldra til jenta, og venstre hendene saman ut og framfor paret). Jenta litt på skrå til høgre framfor guten. Begge startar på venstre fot. Det er opptakt på "Ingeborg". Først to totrinnssteg framover. Så på 1 bytomfotsteg frå polkamasurka byter gut og jente plass (på 1, 2, 3) (guten krysser bak jenta). Så dansar dei igjen eit totrinnssteg framover. Dette blir så dansar ein gong til: Først 2 totrinnssteg framover, så byter gut og jente plass på 1, 2, 3, og så eit steg framover att. (Då er dei første 4 linene av teksten ferdig, sjå nedanfor.) Så byte plass på 1,2,3 og eit steg framover. Så byte plass tilbake igjen og eit steg framover. Dette siste ein gong til: Byte plass og eit steg framover. Og så til slutt byte plass igjen og eit steg framover. Då er teksten ferdig, og dansen byrjar frå starten att.

Teksten som høyrer til:
Tante Ingeborg, tante Ingeborg
hvorfor hinker du så?
Kan'kje hjelpe det, kan'kje hjelpe det,
he så vondt i mi tå.
He du vondt i di tå,
så til doktoren gå.
He du vondt i di tå,
så til dokteren gå.
tilbake til toppen av dokumentet
Bytereinlender
Byte-reinlender i stor motsols ring. Guten avanserer for kvar omgang to jenter framover mot sola (og jenta medsols).  Vi lærte han i Symra i november 2002 av Turid og Magne Sørøy. 
Dansemåte:

Oppstilling parvis på stor ring i danseretninga (motsols). Vi held saman med vanleg tak som til open reinlender. Først dansar para to reinlendersteg framover. Så hoppar vi parvis rundt ein heil gong på 4 hoppsteg (armkrok-tak). Så dansar alle to reinlendersteg i kjede. Gutane mot sola og jentene med sola. Vi startar med venstre i venstre med "framand". Den andre jenta vi møter hoppar vi så rundt med som i vanleg open reinlender. Så byrjar vi dansen på nytt framover att med vår nye partnar.
tilbake til toppen av dokumentet
Skøyteløperreinlender ("Salte hunder")
Reinlendervariant med 3 turar. Visstnok frå USA.. I stor motsols ring.  Vi lærte han i Symra i november 2002 av Turid og Magne Sørøy. Finst også på Internett: www.folkdans.se
Dansemåte:

Oppstilling parvis på stor ring i danseretninga (motsols). 
1. tur. Vi held saman med kryssvendingstak (høgre arma til guten under). Først dansar para  eit reinlendersteg på skrå framover og mot høgre - begge tar til på høgre fot (høgre til sides, venstre bak, høgre til sides og venstre sleng framom). Så dansar vi eit reinlendersteg på tilsvarande måte på skrå framover mot venstre, og deretter dansar vi 4 hoppsteg rett framover. Dette dansar vi så oppatt ein gong til, og avsluttar med å vende mot kvarandre, i det vi held saman venstre i venstre.  
2. tur. På eit reinlendersteg byter no jente og gut plass (medan vi held saman), og på neste reinlendersteg byter vi tilbake igjen  (utan å halde saman, til venstre for kvarandre) i det dansarane samtidig roterer ein gong rundt seg sjølv motsols. Så tar vi saman igjen (høgre i høgre med tommelgrep) og dansar rundt kvarandre ein heil omgang. Så byter vi til venstre i venstre og dansar det same ein gong til.
3. tur. Vi tar saman med krysstaket. På to reinlendersteg dansar vi først dette på staden: Høgre hæl i golvet (på taktslag 1), og høgre fot inntil venste og skift tyngd til høgre fot (på taktslag 2), så venstre hæl i golvet (taktslag 3) og venstre fot inntil og tyngd på begge (taktslag 4), så tar vi føtene (hælane) frå kvarandre (men tyngd på begge)  (på taktslag 5), så tar vi føtene inntil kvarandre att (på taktslag 5), og så to appellsteg (høgre, venstre) (på taktslag 7 og 8). Deretter vert det fire hoppsteg rett framover (starte på høgre). Så dansar vi det same ein gong til. 
Dermed kan vi starte dansen på nytt.
tilbake til toppen av dokumentet
Pedersens polka
Pardans til polkamusikk. I stor motsols ring.  Vi lærte han i Symra i november 2002 av Turid og Magne Sørøy. Namnet kjem av at Turid og Magne hadde lært dansen av ein som heiter Pedersen.
Dansemåte:

Oppstilling parvis på stor ring i danseretninga (motsols). Vi tar saman med "vanleg tak" som i laus reinlender (guten tar høgre handa om livet til jenta). Både gut og jente startar på yste foten. Først dansar vi 2 polkasteg rett framover. Medan vi står på inste fot, tar vi så hæl og tå på yste foten. Deretter dansar vi ein heil gong rundt på 3 bytomfotsteg (vi beheld same samdanstaket som før), guten framover medsols og jenta bakover. Då står vi på yste fot i danseretninga att. Så tar vi høgre hæl i golvet, etterfylgt av eit bytomfotsteg rett bakover på høgre fot (høgre, venstre, høgre). Så tar vi eit lite tramp i golvet med yste fot i det foten er på veg framover for å starte dansen på nytt.
tilbake til toppen av dokumentet

Fryksdalspolska
Turdans med 4 par til polkamusikk. Vi lærte han i Symra i november 2002 av Anne Hval Jensen og Geir Halstensrud. Dansen er svensk og står i "Svenske Folkedansar Del I".
Dansemåte:

Vi stiller opp to par ved sida av kvarande og rett overfor dei to andre para (med retning som i vanlege rekkjedansar). Sett frå musikken nummererar vi para slik: Nærast musikken til venstre = par 1, paret ved sida = par 2. Rett overfor par 1 = par 3, og ret overfor par 2 = par 4. Det lette taket. Kvar av dei 6 turane blir avslutta med para dansar rundt på staden på sin faste plass. Både i denne runddansinga og ofte elles brukar vi "Fyksdalssteg" med start på venstre foten (slike steg som framover i Varsovienne). 

Tur 1. Småringar medsols. Par 1 +2 dansar saman og 3 + 4 dansar saman i små ringar med Fryksdalssteg. Først 1 gong rundt med lette taket (4 steg). Så 1 gong til rundt men no med "krysstak" (vi tar rundt handleden til den som er "bak" oss, 4 steg). Så avsluttande runddans parvis til musikken er ferdig.
Tur 2. Jentene /gutane byter plass. Jentene i par 1 og 2 (og i par 3 og 4) byter plass med springsteg: Dei tar høgre i høgre på veg over og går rundt (motsols) med guten dei møter og stiller seg framfor "framand" gut med ryggen mot han. Dei tar der hendene i midja og guten legg hendene sine oppå jenta sine. Alle gjer no 4 "hælsteg", slik at vi byrjar med høgre hælen i golvet på første steget. Dei tittar på kvarande for kvart steg på same side som hælen er i golvet. Så dansar jentene tilbake til eigen parnar på same måten, men stansar no med front mot eigen gut, og dei dansar runddans parvis til veket er ute. Dette var halve turen. Så dansar vi "det same" ein gong til men no er det gutane som byter plass. Når dei tar "hælstega" har gutane armane i kryss på brystet og jentene hendene i sida på guten.
Tur 3. Samanslag/stor ring. Lette taket. Alle går rett motkvarandre på 6 springsteg/gåsteg, og para tar saman med lette taket. Så rygger all til det blir ein ring (6 steg). Så går dei mot kvarandre att med slik at ringen blir "flatklemd" i motsett retning (6 steg). Så rygger alle ut til rund ring (6 steg). så går alle mot kvarande att til flatklemd ring i "startretninga" (6 steg), så slepper para kvarandre og rygger tilbake til vanleg plass (6 steg). Så dansar alle runddans til musikken er slutt.
Tur 4. Mølle. Alle jentene tar saman med "krysstak" (som i tur 1) til medsols mølle (medan guten tar saman med lette taket tett inntil kvarandre) med 24 springsteg. Så snur mølla tilbake motsols der gutane er inst. Når dei snur roterer para slik at  guten går bakover og jenta framover. Runddans til slutt.
Tur 5. "Lang rekkje". Jenta i par 1 drar med seg eigen gut og par 2 i ei "lang" rekkje mot par 3. Samtidig vender par 3 og 4 seg parvis mot musikken, løfter armane til port og startar med slengsteg (startar med å slenge høgre fot over mot venstre på første steget). Den "lange rekkje" passerer først under porten til par 3, vidare under par 4 og rundt og fram att til dei er komne til eigen plass. Der tar dei saman parvis og dannar port og byrjar med slengsteg (slik som par 3 og 4 gjorde først). Når par 2 passerer par 3, tok gut 2  med seg jenta i par 3 og hekta dei to para inn i den "lange rekkja". Når par 1 og 2 er på plass med sine portar, leiar 3. jente si "rekkje" under portane bakfrå og vidare over til sin faste plass. Straks par 3 er på plass lagar dei port og byrjar med slengsteg, og par 4 passerer under porten til par 3 og inn på sin plass og startar med slengsteg/port til veket er slutt. Til slutt dansar alle rungdans på staden det neste veket.
Tur 6. "Byte ringar".  I denne turen dansar to og to par rundt i små ringar om lag som i starten av tur 1, til saman 4 omgangar med ulike parsamansettingar. Para dansar rundt på 3 Fyksdalssteg, og på fjerde steget dansar par 2/3/4 "over" og dannar ny liten ring (par 1 dansar på same plassen heilen tida). Ein må danse relativt raskt rundt i dei små ringane. Først dansar par 1+2 og par 3+4. I neste "runde" dansar par 1 + 3  og par 2 + 4. I tredje omgang dansar par 1 + 4  og 2 + 3. Og i fjerde og siste omgang dansar par 1 + 2 og par 3 + 4 som i omgang 1. Til slutt er det så parvis runddansing til musikken er slutt, som i alle dei andre turane.
tilbake til toppen av dokumentet
En framåt, to bakåt. SNOA
Pardans til polkamusikk/snoamusikk. I stor motsols ring. Vi lærte denne av Alix Cordray på Rettleiarsamlinga i BLS 9. februar 2003. 
Dansemåte:

Dans snoa med 4 gåsteg framover og 4 gåsteg rundt. Dans først en gang med eigen. Neste gong avanserer mannen til damen foran, og gangen etterpå ”anvanserer” han 2 damer bakover (han snur innover mot midten). Repeter 1 dame fram, og så 2 bak inntil musikken slutter.
tilbake til toppen av dokumentet

Reinlender med sidebyte
Pardans til reinlendermusikk  Parvis i stor motsols ring. Vi lærte denne av Alix Cordray på Rettleiarsamlinga i BLS 9. februar 2003.
Dansemåte:

Dans vanleg open reinlender ein gong. Så dansar vi ein gong rundt på 2 hoppsteg (som i vanleg open reinlender). Istaden for dei 2 siste hoppstega, tar vi 3 gåsteg og snur 1 1/2 gong rundt. (Ein variant er å snu 1/2 gang på første gåsteg, og ta dei neste 2 på staden). Jenta stopper på guten sin plass og han opner i jenta sin plass. I neste omgang danser vi open reinlender med rollene bytta. Vi byter altså roller for kvar omgang.
tilbake til toppen av dokumentet

Smygvalsen
Pardans til sakte vals (16 eller 8 takters vek) i stor motsols ring. Vi lærte denne av Kristin Solhaug på Rettleiarsamlinga i BLS 9. februar 2003. Dansen står også på den svenske Internettsida "Dansbeskrivelser"
Dansemåte:

Vi står i danseretninga og held saman venstre i venstre og høgre i høgre på jentas hoft. (I Noreg er det også vanleg å bruke skuldertaket.) Vi dansar eit valsesteg framover (starte på venstre), så eit bakover, så tre valsesteg framover og eit bakover att. Vi slepper venstrehendene og dansar to valsesteg slik at vi tar saman til stor ring (guten får ryggen inn i ringen og jenta ryggen ut av rigen). Guten dansar stega nesten på staden og jenta i ein boge bakover og tar saman med guten bak seg med venstrehanda. Så dansar alle  eit valsesteg framover (mot kvarandre), og eit valsesteg bakover (frå kvarandre). Så slepper vi igjen venstrehendene og dansar to valsesteg slik at vi byter plass med eigen partner, og slik at guten no vender ryggen utover og jenta ryggen innover mot sentrum, og tar saman til heil ring att. Så dansar alle igjen eit valsesteg framover (mot kvarandre) og eit bakover (frå kvarandre). Så til slutt slepper alle høgrehendene og på 2 valsesteg dansar jenta framover til ny partner (den jenta held i si venstre hand) medan guten trør stega om lag på staden. Til slutt vrir begge seg i danseretninga og tar også saman med høgre i høgre. Så startar dansen på nytt.
tilbake til toppen av dokumentet

Vinøvalsen
Pardans til sakte vals i stor motsols ring. Valsesteg gjennom heile dansen. Vi lærte denne av ? på Rettleiarsamlinga i BLS 9. februar 2003. Dansen står også på den svenske Internettsida "Dansbeskrivelser"
Dansemåte:

Vi står parvis i stor ring utan å halde saman, fronten innover mot sentrum av ringen. Alle startar med venstre fot. Jentene dansar 4 steg innover, tar saman i ring og dansar 4 sidesteg, 2 mot venstre og 2 mot høgre. Samtidig dansar gutane først 2 sidesteg mot venstre, så 2 sidesteg mot høgre og så 4 steg innover. Gutane tar saman på det 7. steget og lyfter armane på 8. steget. 
No held gutane fram med 2 steg innover mellom jentene (eiga jente til høgre), medan jentene dansar 2 steg bakover (ryggar) under gutane sine armar. På dei neste 2 stega dansar jentene inn med hendene lyfta i ring, medan gutane rygger under. Dei siste 4 stega blir dansa ein gong til, men på siste steget stiller guten seg bak eiga jente, og jentene sslepper taket og set hendene i sida. Guten tar om jentas midje og hender og begge dansar 2 steg saman medan dei ser på kvarandre, først mot venstre og så mot høgre.
Nå tar dei venstre i venstre (vendt innover) og guten legg høgre rundt livet til jenta og fører jenta rundt motsols på 2 steg slik at dei blir ståande parvis i danseretninga. Paret takkar for dansen og jenta dansar 4 steg framover i danseretninga - forbi 1 gut og fram til neste. Samtidig snur guten innover og dansar mot danseretninga til 3. jente på 4 steg. Dei tar saman med begge handene og dansar medsols ein halv gong rundt på 4 steg, slepper taket, snur mot jenta/guten som vart dansa forbi, tar saman med begge hendene og dansar motsols rundt ein gong på 4 steg og stiller opp på ring.
Nå startar dansen på nytt med ny jente/gut.
tilbake til toppen av dokumentet

Polka med støyt (Hardanger)
Ein polka-masurka variant frå Hardanger. Pardans. Vi lærte denne av Jon Låte på Rettleiarsamlinga i BLS 9. februar 2003. Dansen er slik Jon lærte han som liten. Det er polkamasurka-steg til sides og polkamasurka-steg i rundsnuen.
Dansemåte:

Parvis i stor motsols ring. Vi held saman med samdanstak nr 6 (guten tar venstre handa i sida si utan å sleppe handa til jenta). Vi har fronten parvis mot kvarandre. Vi dansar 2-3 polkamasurkasteg til sides (steget der vi tar fremste foten litt "fram i lufta" før vi startar på eit nytt steg). Så snur vi halvt rundt (som i vanleg masurka) på eit polkamasurkasteg (trø, trø, trø) og dansar vidare på 2-3 polkamasurkasteg til sides i danseretninga. Til slutt dansar vi rundt resten av veket på polkamasurkasteg (med eller mot sola).
tilbake til toppen av dokumentet

Wienerkryss (Hardanger)
Ein hamborgar-variant frå Hardanger. Pardans. Vi lærte denne av Jon Låte på Rettleiarsamlinga i BLS 9. februar 2003. Dansen er slik Jon lærte han som liten. Det er hamborgarsteg og gåsteg. Liknar mykje på "Winerkryss frå Hardanger" som står i "Danse danse lett" av Egil Bakka.
Dansemåte:

Parvis i stor motsols ring. Vi held saman med det lette taket, vendt halvt i danseretninga og halvt mot kvarandre. Vi dansar eit hamborgarsteg (byrjar på  yste fot) langs ringen og to gåsteg. På gåstega byter vi handtak til motsett hand. Så dansar vi det same tilbake: eit hamborgarsteg og to gåsteg. Så tar vi saman med samdanstak 6 (guten tar venstre handa si i sida utan å sleppe handa til jenta) og dansar først eit hamborgarsteg motsols og så hamborgar medsols til slutten av veket.
tilbake til toppen av dokumentet

Madammen (dansk)
Dansk turdans - samdans på Nordlek 2003. Rettleiing, musikk og video på Nordlek 03.
Dansemåte:

4 par i kvardrilje. Para med rygg eller front til musikken er premiærpar og dei to andre sekundærpar. Stega er sidesteg, bytomfotsteg, gåsteg og "hurresteg". Samdanstaka er Det lette taket, Samdanstak nr I, Krossvendingstak og "Midje-tak". Det er 4 turar og kvar tur har 4 delar. 1. del varierer frå tur til tur, medan turane 2-4 er lik for kvar gong. Dessutan er det ei avslutning heilt til slutt. Det er ikkje noko opphald mellom turane/delene.
1. tur - sidesteg
Del 1: Vi tar saman med det lette taket og dansar 16 sidesteg ein heil gong rundt ringen medsols. 
Del 2: Premiærpara (det lette taket) dansar motkvarandre på eit bytomfotsteg og eit sluttsteg, og sameleis tilbake att (rygger). Vi byrjar med yste foten. Så dansar sekundærpara det same.
Del 3: Para tar saman med krossvendingstak (høgre arm til guten over) og dansar med gåsteg motsols ein halv omgang (8 gåsteg), snur mot venstre på dei to siste gåstega (guten rygger) og para går sameleis tilbake. Alle byrjar på yste foten. 
Del 4: Alle dansar vanleg høgrehands kjede (guten motsols, jenta medsols) ein heil omgang. Guten startar på venstre fot og jenta på høgre.
2. tur - jentering i midten
Del 1: Jentene tar saman i midten av ringen med "livtak" (høgre arm over, held saman bak ryggen) og dansar 16 "hurresteg" medsols. Dei stig baklengs tilbake på plass ved slutten av musikken. Gutane står i ro.
Del 2 - 4 er lik tur 1.
3. tur - gutering i midten
Del 1: Gutane dansar sameleis som jentene i tur 2.
Del 2 - 4 er lik tur 1.
4. tur - alle i stor ring
Del 1: Alle tar saman med det lette taket og dansar "hurresteg" medsols ein heil omgang.
Del 2 - 4 er lik tur 1.
Avslutning (same musikk som del 1). Alle tar saman med eigen med samdanstak I og dansar 16 "hurresteg" medsols på staden.

tilbake til toppen av dokumentet

Gammelmodig Åtta, Solf.
Finsk turdans - samdans på Nordlek 2003. Rettleiing, musikk og video på Nordlek 03.
Dansemåte:

4 par i kvardrilje. Para med rygg eller front til musikken er premiærpar og dei to andre sekundærpar. Stega er  gåsteg og "hurresteg" (polskasteg nr 1). Samdanstaka er Det lette taket, Høgrehandsmølle med tommeltak med grep om albogen og "Ola Glomstulen-tak". 
1. tur - "Promenade"
Del 1. Premiærpara vender seg 1/4 gong mot venstre og dansar 8 små gåsteg framover (lette taket). Når dei er på høgd med "ståpara" snur dei 1/2 gong (mot kvarandre), dansar 8 gåsteg, snur på høgd med ståpara og nye 8 gåsteg, snur igjen på høgd med ståpara og så endeleg 8 gåsteg til dei igjen er på høgd med ståpara og snur igjen.
Del 2. Premiærpara dansar no (på ca 2 gåsteg) raskt mot midten av kvadrilja, tar saman til høgrehandsmølle med tommelgrep og med ledig hand med "undergrep" rundt albogen til dansaren framfor seg, og dansar 16 "hurresteg" medsols. På dei to siste gå-stega er det appell. Så dansar dei sameleis tilbake i motsols ring. På dei avsluttande to gå-steg med appell trør dei baklengs (langt steg) inn på plass.
Så dansar sekundærpara det same 2 delene som premiærpara nettopp dansa.
Deretter blir den overståande delen av 1. tur dansar nøyaktig på same måten ein gong til.
2. tur - Hurresteg i stor ring med klapp
Alle tar saman i stor ring med "Ola-Glomstulen-steg" (høgre arm over) og dansar 12 gåsteg medsols (med apellar på dei to siste) (byrje på venstre fot). Så held vi fram med 12 hurresteg i same retning. På 5. takt hoppar alle 3 hopp på samla bein og med 3 klapp (hendene høgt opp), og så tar vi nytt tak og  dansar på tilsvarande vis tilbake motssols (byrje med venstre  fot). Så blir det igjen 3 hopp med klapp og dansar så det same oppatt ein gong til først medsols og motsols. (Denne turen er heilt lik siste turen på "Åttemanna ängel").

tilbake til toppen av dokumentet

Schottis frå Stockholm
Svensk turdans - samdans på Nordlek 2003. Rettleiing, musikk og video på Nordlek 03. Reinlendermusikk. Bytedans. Det er tekst til (under).
Dansemåte:

Alle i stor ring.  Det lette taket. Alle tre turane blir dansa 4 gonger.
1. tur - byte plass med framand, rygg mot rygg.
Alle tar saman til stor ring med det lette taket. Gutane har ryggen inn i ringen. Vi dansar først eit reinlenderseteg sidelengs motsols (byrje på venstre fot) og så eit reinlendersteg sidelengs tilbake igjen (medols). På 4 hoppsteg byter vi så plass med framand, ved at gut og framand jente byter plass rygg mot rygg (guten utafor jenta).
Så tar dei saman att og dansar det same 3 gonger til. Når dei byter plass 4. gongen, snur guten seg med fronten inn mot ringen og alle tar saman med det lette taket.
2. tur - jenta mot venstre heile turen
Alle står no med fronten inn i ringen (lette taket) og dansar 8 trøsteg mot venstre (medsols) i reinlendertakt (4 på venstre fot og 4 på høgre). Alle slepper taket, jenta dansar vidare mot venstre på same måten medan guten dansar bak jenta (medsols) på 4 hoppsteg og tar  plass ved sida av neste jente (lette taket). (Her må altså gutane ha større "framdrift" enn jentene så dei kjem forbi ei jente på dei 4 hoppstega.)
Så dansar dei det same 3 gonger til. Etter 4. omgangen tar dei ikkje saman.
3. tur - utslagstur med byte
Utan å ta saman i starten dansar no guten på skrå "inn mot sentrum/framover motsols) og jenta sameleis "på skrå utover/framover motsols" på eit reinlendersteg (byrje på ydste fot), og så eit reinlendersteg til framover og mot kvarandre att. Guten dansar noko lengre steg enn jenta, slik at han no tar saman med "neste" jente og dansar vanleg "reinlender rundt" 2 gonger på 4 hoppsteg. (guten dansar altså ikkje rundt med den jenta han har i høgre handa når denne turen startar, men den neste jenta.).
Så dansar vi det same 3 gonger til. Den nest siste gongen startar vi reinlenderen med appell og vi klappar i hendene i det vi dansar mot kvarande att (ved starten av 2. reinlendersteget).

Til tur nr 2 er det vanleg å synge dette:
Vill du komma te' mej, ligga här bre've mig
Tralli, ralli.....
Jag ska inge' göra, se men inte röra
Tralli, ralli.....
Sen när du har domnat, slumrat in och somnat
Tralli, ralli.....
Sov du lilla Greta, du får inget veta
Tralli, ralli.....

tilbake til toppen av dokumentet

Over the Ocean / Atlantic Mixer /Atlantic Cross
Ein pardans i polkatakt som er mykje brukt i internasjonal folkedans.  Bytedans. Vi lærte han av Alix Cordray på Rettleiarsamlinga i BLS 15. februar 2004. Vi fekk utdelt rettleiing til dansen, utarbeidd av Alix. Video finst på Internett.
Dansemåte:

Parvis i stor motsols ring, vendt i danseretninga. Vi held saman med venstre hand framfor guten og høgre over skulda til jenta. Vi går først 16 steg framover. Så slepper vi med venstre hand, svingar jenta ut slik at ho ser andre vegen, og slepper også med høgre hand. Så går vi igjen 16 steg framover, gutane mot sola og jentene med sola. Så møter vi ny partner. Vi tar tommelgrep og dansar 8 steg rundt saman med sola. Så skifter vi til venstre tommelgrep og dansar 8 steg rundt saman mot sola. Så tar vi høgre hand på skuldra til partneren og dansar snurresteg (høgre fot inn) rundt saman med sola. Til slutt endrar vi tilbake til "starttaket" slik at vi er klar til å byrje på nytt.
tilbake til toppen av dokumentet

Jig Circle
Ein opprinneleg skotsk dans i polkatakt/jig (gjerne "Scottish Reform").  han blir dansa i ulike variantar i Norge. Vi lærte han av Alix Cordray på Rettleiarsamlinga i BLS 15. februar 2004. Vi fekk utdelt rettleiing til dansen, utarbeidd av Alix.
Dansemåte:

Alle står i stor ring vendt innover mot sentrum av ringen, uten å ta saman. Ikkje nødvendig med par. Alle blir delt inn i 1, 2 og 3 rundt ringen med sola. Dansen er tredelt, og blir dansa som ein "tredobbel kanon" der alle som er nr 1 byrjar på del I. Når dei så byrjar på del II, byrjar 2'arane på del I. Når 1'arane byrjar på del III; byrjar 2'arane på del II og 3'arane på del I, osb.
Del I. Vi går rett inn mot sentrum av ringen (start på høgre): høgre på 1, venstre på 2, høgre på 3 og svikt på høgre og spart fram med venstre fot på 4. Så rygger vi bakover att: venstre på 5, høgre på 6, venstre på 7 og avslutt med eit raskt bytomfotsteg (høgre inntil og venstre bak) på 8.
Del II. Vi står på venstre fot og trampar med høgre på 1, klappar i hendene på 2 etc.
Del III. Vi dansar 8 bytomfotsteg sidelengs mot venstre (bak dei som står på ringen), og så 8 bytomfotsteg sidelengs tilbake mot høgre. Det er ikkje sikkert vi kjem tilbake til same plassen som vi hadde i ringen.
tilbake til toppen av dokumentet

La Bastringue
Dette er ein av dei mest brukte bytedansane i internasjonal folkedans.  Han er frå fransk Canada (Quebec). Vi lærte han av Alix Cordray på Rettleiarsamlinga i BLS 15. februar 2004. Vi fekk utdelt rettleiing til dansen, utarbeidd av Alix. Dansen har ein eigen melodi, men kan dansast til vanleg polka.
Dansemåte:

Parvis i stor ring, vendt innover mot sentrum. Vi byrjar med 4 steg innover mot sentrum (starte med høgre fot), 4 steg attovere att, 4 nye innover og 4 steg attover att (inntil på siste steget). Så dansar vi medsols langs ringen (byrje på høgre fot) 4 små bytomfotsteg, og så 4 bytomfotsteg motsols langs ringen tilbake igjen. Gutane slepper no si eiga jente og svingar framand jente framfor seg på 4 gåsteg (først rett framfor guten og så rundt under armen) slik at dei står ansikt mot ansikt, ho med ryggen inn i ringen. Så tar dei saman med samdanstak nr I og dansar 8 snurresteg rundt medsols. Til slutt går dei så med same taket 8 bytomfotsteg langs ringen i danseretninga.
tilbake til toppen av dokumentet

Einkel springar frå Nord-Noreg
Ein einkel springar til alle springar-slåttar
Dansemåte:

Vi stiller parvis i motsols stor ring med det lette taket. Vi tar eit slengsteg i danseretninga (1,2,3)og eit motsett (1,2,3) (slik som i starten på springpols). Så dansar vi 6 springsteg framover. Så tar vi saman med armkrok og spring rundt kvarandre på 6 springsteg (guten medsols, jenta motsols), snur brått og dansar 6 springsteg med armkrok motsett veg. Så dansar vi igjen 6 springsteg med armkrok), og 6 springsteg tilbake. Så byrjar dansen på nytt.

tilbake til toppen av dokumentet

Ril frå Dønna
Dansen står i "Dansetradisjonar frå Nordland og Troms" (1984).
To par i ring med det lette taket. Gåsteg II, hamborgarsteg. Vanleg rilmusikk.
Dansemåte:
1. Ring med og mot. Med det lette taket dansar vi 8 gåsteg i ring med sola (gåsteg II, starte med venstre foten), og så 8 gåsteg i ring mot sola. Alle slepper taket.
2. Figurering. Vi figurerer med eigen (hoftefeste med fingrane fram) med hamborgarsteg nesten på staden, først mot venstre. Så snur alle kortaste veg mot "framand" og dansar sameleis der.
3. "Dos a dos". Vi dansar no med eigen (gåsteg II)  rundt kvarandre rygg mot rygg. To gonger, 8 steg på kvar "rundtur".
4. Figurering. Vi dansar sameleis som i tur 2.
5. Ring med og mot. Sameleis som tur 1.
osb....

Slik heldt vi fram, til spelemannen sluttar å spele etter at vi har dansa "Ring med og mot".
tilbake til toppen av dokumentet


Bitte mand i knibe
Dansk turdans - mykje brukt også i internasjonal folkedans. Vi lærte han på Rettleiarsamlinga i BLS 6. februar 2005. Rettleiing på svensk på www.folkedans.se
Dansemåte:

Vanleg valsemusikk. Springsteg og valsesteg. To og to par dansar saman, alle på stor ring. Dersom det er eit par "til overs" dansar dei for seg sjølv inne i ringen. Dei er då i "knibe". Neste gong dansen byrjar, prøver det paret å danse med eit av dei andre para på ringen.
1. tur - 2 par saman
Vi tar saman parvis med vanleg livtak. To par stiller seg så saman på stor ring, det yste med fronten i danseretninga (motsols), og det inste med fronten mot danseretninga. Gutane tar saman med vanleg armkrok. 
Dei første 8 taktene spring alle rundt motsols "på staden". På dei neste 8 taktene spring vi vidare motsols rundt, men endrar handtak/formasjon utan at dansen stoppar opp. Den nye formasjonen tar vi slik: Gutane slepper armkroken og dannar port med kvarandre med venstre hand. Høgre hand tar guten i venstre handa til eiga jente. Jentene dansar straks gjennom porten til gutane, vender seg så motsols og tar saman høgre i høgre over venstre armane til gutane, slik at det blir eit kors.  
2. tur - tyrolervals
Vi slepper taket med det andre paret, og dansar dei neste 16 taktene rundt kvarandre motsols med vanleg vals (tyrolervals) med samdanstak I.

Så byrjar dansen på nytt igjen.

tilbake til toppen av dokumentet


Sirkel-vals
Engelsk (?) turdans - mykje brukt også i internasjonal folkedans. Vi lærte han på Retteilarsamlinga i BLS 6. februar 2005 ved å sjå på video på Internett.  Rettleiing på svensk på www.folkedans.se
Dansemåte:

Vanleg valsemusikk. Valsesteg og sidesteg. Det lette taket og samdanstak I. Bytedans i stor ring.
1. tur - jenta forbi
Alle tar saman i vanleg stor ring med lette taket, front inn i ringen. Vi dansar eit valsesteg rett inn mot sentrum av ringen (guten byrjar på venstre og jenta på høgre), og eit valsesteg tilbake (rygge). På to valsesteg dansar så jenta forbi guten til høgre for seg og inn på plass (samtidig med at ho dansar ein gong rundt seg sjølv), og tar det lette taket att. Guten trør valsestega på staden. Dette blir dansa tre gonger til.
2. tur - inn og ut
Vi dansar no (lette taket framleis) parvis rett inn mot sentrum av ringen tre små valsesteg (og vender litt på oss), og snur ein halv gong rundt på fjerde valsesteget (frå kvarandre, guten motsols og jenta medsols), og tar saman med lette taket att. Så dansar vi på 3 små valsesteg ut over att, og snur rundt (frå kvarandre) på fjerde valsesteget.
3. tur - sidesteg inn og ut og vals
Med samdanstak I dansar vi parvis to sidesteg inn mot sentrum av ringen, og to sidesteg utover frå sentrum att. Og til slutt dansar vi 4 valsesteg på ringen (to gonger rundt medsols).

Så byrjar dansen på nytt igjen.

tilbake til toppen av dokumentet


Blomman
Svensk (Åke Mårtensson) turdans. Vi lærte han på Retteilarsamlinga i BLS 6. februar 2005.  Rettleiing på svensk på www.folkedans.se
Dansemåte:

Vanleg valsemusikk. Valsesteg, frykdalssteg, springsteg. Parvis etter kvarandre på stor ring.
1. tur - på ring (8 takter)
Vi står parvis etter kvarandre på stor ring. Vi dansar to frykdalssteg og 6 springsteg langs ringen (begge startar på yste foten). Lett appell på første frykdalssteget og første springsteget. Dette dansar vi ein gong til og endar opp med å snu oss med fronten inn i ringen.
2. tur - inn i ringen (8 takter)
Jenta dansar no rett inn mot sentrum på to frykdalssteg og 6 springsteg, medan guten står i ro på ringen. jenta vender seg om på dei 6 springstega slik at ho får fronten utover mot guten. Så står jenta stille medan guten dansar mot henne på to frykdalssteg og 6 springsteg og byr opp til vals.
3. tur - vals på stor ring (8 takter)
Med samdanstak I dansar vi parvis vals utover og framover i danseretninga og vidare vals på stor ring.
4. tur - vals og parbyte
(8 takter)
Vi dansar parvis i danseretninga (lette taket) eit valsesteg frå kvarandre og eit imot, og så rundt oss sjølve på to valsesteg (guten motsols og jenta medsols). Så dansar vi igjen eit valsesteg ifrå og eit imot og på dei to siste valsestega dansar guten rett fram medan jenta dansar ein gong rundt under gutens arm og fram til neste gut.

Så byrjar dansen på nytt igjen.

tilbake til toppen av dokumentet

Kerenski
Dansen står i "Dansetradisjoner fra Finnmark" (1996), frå Pasvikdalen.
Dansen er velkjent i Finland. Parvis etter kvarandre i stor motsols ring. Samdanstak I. Sidesteg, slengsteg og polka. Polkamusikk. Notar står også i same boka og er innspela på tilhøyrande CD.
Dansemåte:
1. Sidesteg og gåsteg. Gut og jente vender mot kvarande, guten har ryggen inn i ringen. Vi dansar to sidesteg i danseretniga, og deretter vidare utan stogg 4 gåsteg ved sida av kvarandre. Dette blir dansa ein gong til.
2. Sidesteg og gåsteg tilbake.. Vi danar 2 sidesteg mot danseretninga og 4 gåsteg vidare ved sida av kvarandre. Det same blir dansa ein gong til, men no slik at dei to siste gåstega blir eit sluttsteg der vi tar begge i begge og snur mot kvarande (med litt større avstand).
3. Slengsteg og jenta rundt. Vi dansar no to små slengsteg på staden vendt mot kvarandre (jenta startar med høgre fot og guten med venstre). No tar jenta hoftefeste (fingrane fram) og gutane armane i kryss over brystet, og dansar på ny to slengsteg og 4 gåsteg langs ringen. På desse gåstega svinger jenta også rundt ein gong med sola. (Hoftefeste og armane i kryss har dei no heilt til den avsluttande polkaen.) Så dansar vi 2 slengsteg og 4 gåsteg ein gong til.
5. Gåsteg og slengsteg i begge retningar. Vi dansar no 2 gåsteg (jenta byrjar med høgre og guten med venstre) i danseretninga og så eit slengsteg, litt vendt mot kvarandre. Så dansar vi 2 gåsteg og eit sluttsteg mot danseretninga, igjen litt vendt mot kvarandre.
6. Polka langs ringen. Til slutt tar vi saman (samdanstak I) og dansar 4 takter polka på ringen rundt med sola.

Så byrjar dansen på nytt igjen.
tilbake til toppen av dokumentet


  • Ril frå Vegårdshei
    Dansen står i "Danse danse lett ut på foten" av Egil Bakka (1970). Vi stiller i ring med det lette taket og dansar mot sola i ringen. Hoppsteg II (rilsteg)

    0. Ring med/mot sola.  Vi dansar 16 hoppsteg med sola (byrje på venstre fot) og 16 hoppsteg mot sola. Denne delen blir berre brukt i starten av dansen.

    1. Figurering. Jenta snur ein halv gong mot venstre mot eigen gut og dei tar tommelgrepet med høgre hand. Så dansar dei langs ringen 16 hoppsteg (jenta bakover og guten framover). Så snur alle 1/2 gong rundt (gutane motsols og jentene medsols), tar tommeltaket med framand, og dansar 16 hoppsteg i ring mot sola (starte på venstre fot). Hoftefeste nr 3 (alle fingrane bakover) med ledig hand under figureringa.

    2. Kjede. Vi dansar vanleg høgre hands kjede (gutan med sola, jentene mot) til den 6. (medrekna den vi starta med). Her får vi venstre i venste, svingar rundt med kvarandre 1/2 gong mot sola og byter til høgre hands tommelgrep. Så byrjar dansen på del 1 igjen.

    Alle snuingar fell på sekstande steget i eit vek (ikkje på første).

    tilbake til toppen av dokumentet

  • Kørsdans frå Grue - Reidar Warme sin variant
    Kørsdans frå Grue står i "Norske Folkedansar. Turdansar. Denne dansen har berre ein "tur". Reidar Warme har på grunnlag av denne turen laga ein dans med 4 turar. To par stiller i ring med det lette taket. Kørsdanssteg frå Grue. Den første turen (og fjerde turen) kan ein godt danse i stor ring.
    Kørsdansstega slik dei blir brukt i 1., 2. og 3. turen er slik. Mot venstre: Vi kryssar høgre fot over venstre og tar tyngd på han. Dette er innleiinga til steget. Så svingar vi venstre fot heilt tilbake i kryss over høgre og set tåa lett i golvet (utan å ta tyngde). Straks etter tar vi eit raskt bytomfotsteg mot venstre ved at vi set venstre i golvet ved sida av høgre og byter fort til høgre fot att som vi set i kryss framfor venstre (og tar tyngde). Mot høgre er steget tilsvarande: Vi startar innleiinga med å ta venstre i kryss over høgre og tar tyngd. Så svingar vi høgre foten attende i kryss over venstre, raskt etterfylgt av eit bytomfotsteg i kryss mot høgre.



    1. Kørsdanssteg mot venstre og mot høgre. To par tar saman i liten ring med det lette taket og dansar kørsdanssteg mot venstre (forklart ovanfor) og avsluttar med 3 appellar på slutten av veket. Så dansar vi heilt tilsvarande mot venstre og avsluttasr også no med 3 appellar. Alle slepper taket til slutt.

    2. Byte plass. Jentene tar saman i kryss med tommelgrepet og byter plass (innanfor gutane) ved at dei dansar mot venstre (medsols) innleingssteget og eit kørssteg (avsluttar ved å sette begge føtene innntil kvarandre), og slepper taket. Så dansar gutane heilt tilsvarande, og byter dermed plass. Så dansar jentene det same ein gong til (også no medsols). Og til slutt dansar gutane like eins. Dermed har alle kome tilbake på eigen plass i oppsettet, og vi har dansa halve turen. Andre delen dansar vi på heilt same måte, men no dansar vi mot høgre (motsols ring).

    3. I valsetakt. Denne turen er nærpå heilt lik 1. turen. Men musikken blir no spela i valsetakt (og det går dermed saktare enn i 1. tur). Ved slutten av veket er det ikkje appellar, men i staden går alle rundt seg sjølv på tre gåsteg (motsols).

    4. Kørsdanssteg med hopp. Som i første og tredje tur dansar vi først eit vek av musikken mot venstre og deretter eit vek mot høgre. Vi brukar herdataket. Steget mot venstre er slik: Vi trør høgre i kors over venstre og tar tyngd. Så svingar vi venstre heilt tilbake i kryss over høgre og tar tåa så vidt i golvet. Så set vi venstre inntil høgre att idet vi satsar på begge føtene: hoppar opp, slår føtene saman oppe i lufta og landar att på begge føtene jamsides. Så dansar vi neste steg sameleis vidare mot venstre. I andre veket dansar vi så mot venstre med tilsvarande steg.
    tilbake til toppen av dokumentet


    Kørsdans frå Valdres
    Denne dansen står i "Norske Folkedansar. Turdansar. Det er best å bruke valdresspringarsteg med god framdrift i denne dansen, men sjølvsagt går det også an å bruke andre bytomfotsteg med god framdrift.
    På øving i Oslo Songdanslag fortalde spelemannen Knut Trøen (frå Vestre Slidre) at han hugsa at dei dansa denne dansen i jula då han var liten. I denne dansen/leiken kunne alle vere med, også dei som ikkje var støe i vanleg valdresspringar.

    Når ein bruker ein vanleg slått med 8 takter per vek, passar det best med eit oppsett med 8 dansarar. Men det går også bra med fleire eller færre par, men då snur ein ikkje rundt eigen i andre turen.
     

    1. Kørsturen. Vi tar saman parvis i ring slik at guten har høgre hand i jenta si venstre hand. Guten står i yst og jenta innanfor i motsols retning (eller jenta kan ha ryggen inn i ringen og guten fronten mot jenta). Vi startar med venstre foten og dansar 4 gonger rundt kvarandre i motsols ring. Vi brukar 4 bytomfotsteg på å kome ein gong rundt kvarandre. Det blir til saman 16 steg. Guten dansar først innanfor/til venstre for jenta, så framfor jenta og slik at jenta igjen kjem innanfor guten. Vi held saman heile tida med eit lett handtak slik at hendene "glir lett" i kvarandre. Samtidig med at vi dansar rundt kvarandre har vi framdrift i ringen. Idet vi er ferdig med fjerde "runden" snur guten mot venstre slik han er klar til å byrje kjeda i motsols retning.

    2. Kjeda. Vi dansar no kjede utan å ta saman åtte steg den eine retninga, snur med eigen, og dansar kjede sameleis tilbake utan å ta saman tilbake til eigen plass. Så startar dansen frå byrjinga att. I kjeda dansar gutane først medsols i ringen, så motsols tilbake. Jentene motsett. Når kjeda byrjar, snur guten mot venstre og dansar på skrå inn mot sentrum av rigen mellom eiga jente og den jenta som er "bak". Når vi møter eigen etter 8 bytomfotsteg, brukar vi kvarandre som "rudingsbøye" og rundar kvarandre med høgre side mot høgre side. Det er best å ha bra god avstand når vi dansar kjeda, men vi må ha god framdrift slik at vi passerer ei jente/gut for kvart bytomfotsteg.
    Vi kan danse dansen så lenge vi vil (til slåtten er slutt).
    tilbake til toppen av dokumentet


    Sekskorsedansen (frå Melvær i Sunnfjord)
    Denne dansen står i "Norske Folkedansar. Turdansar. Oslo 1991. Vi brukar "kjededanssteg", hoppsteg frå reinlender, og reinlendersteg. Reinlenderstega kan varierast.
    Tre par i ring med det lette taket, litt skrå inn i ringen. Kjededanssteget er om lag som eit kvilesteg i sogdans:  Vi trør på skrå framover på venstre, inntil med høgre, framover att på venstre, og gjer ein ekstra svikt, og så høgre inntil utan å ta tyngd. Så trør vi nesten rett inn inn i ringen med høgre, gjer ein ekstra svikt og set venstre inntil utan tyngd.
     

    1. Kjededanssteg og hoppsteg. Vi tar saman tre par i ein ring med det lette taket. Vi dansar 4 kjededanssteg i ring med sola (startar på venstre), og så 4 hoppsteg langs ringen (vi løfter ledig fot med bøygd kne fram og opp når vi dansar hoppstega). Dette dansar vi ein gong til.

    2. Kjede til vi møter eigen 4. gongen. Guten snur no mot jenta si, dei tar høgre olbogetak, og vi dansar "vanleg" kjede til vi møter eigen den 4. gongen. Før jenta tar saman med eigen 4. gongen svingar ho inn på plass og tar saman med guten sin med det lette taket. Så byrjar dansen på nytt.
    tilbake til toppen av dokumentet


    Veva vadmål
    Dansen står i "Danse danse dokka mi" av Klara Semb (1958). Ein leikprega dans. Vi stiller opp i to rekkjer (gjerne 8 par), gutane til venstre sett frå musikken, og jentene til høgre. ca 2 m mellom rekkjene når vi ikkje held saman. Vi deler inn i einar- og toar-par. Der det er naturleg flytter alle seg oppover mot musikken sidelengs med små steg i takt med musikken. Vi startar overalt på venstre foten.

    1. Renninga. Øvste paret tar saman med lette taket og spring ned mellom radene, vik av til høgre, og med hendene høgt løfta spring dei oppover mot musikken igjen på kvar si side av jenterada. Vidare spring dei nedover på begge sider av guterada på tilsvarande måte og stiller seg nedst på kvar si rad. Når første verset av musikken er ferdig (etter 36 steg), startar neste par på same måte osb. Ein kan også starte neste paret tidlegare, til dømes etter 12 steg.
    2. Spolinga. Øvste paret spring mot kvarandre, tar høgre hands armkrok og spring rundt kvarandre midt mellom radene på 6 springsteg. Så dansar guten rundt med neste jenta med venstre hands armkrok på 6 springsteg, medan jenta dansar rundt med neste gut tilsvarande. Så dansar dei igjen med høgre armkrok rundt kvarandre midt mellom radene på 6 springsteg, osb. Når dei har komne heilt ned, dansar dei rundt og inn på plass. Når ein har dansa 36 springsteg, byrjar neste par å danse på same måten som første paret.
    3. Skytlane. Her dansar alle para samstundes. I det same vi startar, dansar vi mot kvarandre og tar saman parvis begge i begge. Einarpara dansar no i sikssak nedover (frå musikken), og toarpara oppover (mot musikken). Einargutane byrjar med å dytte jenta på skrå bakover (vik av mot venstre), medan toarjentene dyttar sin gut bakover (vik av til høgre). Vi brukar 6 steg til kvar smetting, og så byter gut/jente rolle. Når eit par er kome nedst, står dei i ro i 6 taktdeler og så byrjar guten å dytte jenta si bakover. Når eit par er kome øvst, dansar dei først over til andre sida, og dei står dei i ro i 6 taktdeler, før dei held fram på vanleg måte. Turen er ferdig når alle er tilbake på sin gamle plass.
    4
    . Veften eller Isletten. Rett før turen byrjar snur alle einarpara seg frå musikken og toarpara mot musikken, og toarpara løfter armane høgt til port slik at einarpara kan smyge under. Alle byrjar samstundes. (Normalt held vi saman med berre ei hand så blir det lettare å lage port.) Vi bruker 6 steg til ei smyging og 6 til port. (Men vi kan også danse dobbelt så raskt, 3 steg på smyging og 3 på port.) Når vi er komne øvst eller nedst, snur vi og står i ro i 6 taktdeler før vi byrjar att. Turen kan gjerne dansast to gonger eller ein gong.
    5
    . Stampinga. Vi har same oppstillinga som i 3. turen, men vi held armane i om lag akslehøgd. Øvste paret bøyer seg og dansar nedover under dei låge portane. Vi kan dunke lett på ryggen til dei som passerer under. Etter 6 steg byrjar neste par. Når alle er tilbake der vi starta, er turen slutt.
    6
    . Opprullinga. Her har vi igjen same utgangsstilling som i 3. turen. Vi skal rulle saman veven og etterpå teste styrken. Øvste guten slepper handtaket med venstre hand, snur mot venstre og byrjar med appell på venstre fot (det gjer også jenta). Så dansar dei ut og nedover langs guterada med jenta etter guten. Når dei har dansa 6 steg, dansar par2 sameleis, og gut2 tar saman med jente1 med vanleg leietak. Når par1 er komne nedst, heldt dei fram oppover mot musikken på utsida av jenterekkja, heilt til alle er komne ut i rekkje. Då stoppar 1. paret med fronten mot kvarandre, og samtidig byrjar jente8 å springe i stor ring rundt par1 slik at alle etter kvart rullar seg rundt førsteparet (ståparet). Dette heldt fram heilt til alle er samla i ein rull. Då smetter gut1 ut gjennom rullen og drar jenta si og resten ar rekkja med seg. Når dei er utkomne, spring dei i ring med sola og tek til slutt saman med jente8 slik at det blir ein ring.
    7
    . Prøve styrken på veften. No hektar vi saman armkrokane på kvarandre og dansar små sidesteg med sola og vi må ikkje sleppe taket. Det er også vanleg å danse raske utfall framover mot dei andre slik at det blir liv/røre og rykkingar i ringen.

    tilbake til toppen av dokumentet


    Eikerril
    Denne dansen står i "Norske Folkedansar. Turdansar. Dansen foregår i ein liten ring med 6 (eller 7) par. Vi stiller opp i dobbel ring med gutane i inste ringen. gut og jente vender mot kvarandre. Vi bruker sidesteg II (ST), bytomfotsteg frå hamborgar SSS (eller bytomfotsteg STS), og gåsteg I.
     

    1. Gutane sidesteg rundt.
    Gutane dansar sidesteg 14 steg rundt ringen, og byter så plass med eiga jente på 3 appellar idet dei snur rundt medsols 1/2 gong andlet til andlet.

    2. Jentene sidesteg rudt.
    Så dansar jente tilsvarande det gutane gjorde i tur 1.

    3. Kjede
    Alle dansar høgre hands kjede med 16 bytomfotsteg, to gonger rundt ringen. Gutane mot sola, jentene med. På slutten stiller guten seg framfor jenta si med fronten inn i ringen, med 3 appellar på siste steget.

    4. Gutane figurerer
    Jentene står i ro og held i stakken. Gutane figurerer først rundt eiga jente så så vidare rundt neste i medsols ring. Guten prøver i stor grad å ha fronten (halvvegs) mot jenta og innmot sentrum av ringen. Han bruker om lag 4 steg rundt kvar jente. Han stoppar ved sida av jenta si på 3 appellar klar til å starte ny høgre hands kjede.

    5. Kjede
    Alle dansar høgre hands kjede med 16 bytomfotsteg, to gonger rundt ringen sameleis som i 3. tur.

    6. Jentene figurerer
    Gutanee står i ro med hendene i kryss over brystet. Jentene figurerer først rundt eigen gut så så vidare rundt neste i medsols ring, tilsvarande det gutane gjorde i 4. tur. Det er vanleg at jentene figurerer rundt guten sin heilt til slutt.

    7. Arm i arm
    Gut og jente helsar lett og går arm i arm medsols rundt på ringen 14 gåsteg. Dei stoppar med 3 appellar, slepp taket og snur 1/2 gong rundt mot kvarandre og helsar lett. Så går dei arm i arm tilbake igjen motsols, stoppar på 3 appellar og helsar lett. Det er vanleg med godt humør her, vinke og tralle.

    tilbake til toppen av dokumentet


    Gilleråsen  frå Gjemnes, Nordmøre
    Denne dansen står i "Norske Folkedansar. Turdansar. Tre par stiller opp parvis etter kvarandre på ei rekkje med fronten mot musikken. Dei heldt saman med det lette taket. Ledig hand kan vere fri eller hoftefeste. Vi kan bruke springsteg, gjerne som i pols frå Nordmøre, eller annan anna bytomfotsteg/springsteg. Eit bytomfotsteg svarar til 3 springsteg.
     

    1. 12 springsteg bakover og 12 framover
    Alle startar med appell på yste foten og dansar 12 små springsteg bakoer frå musikken. Så dansar alle 12 små springsteg framover, igjen startar vi med appell.

    2. Fremste paret dansar bak
    Gut og jente i fremste paret dansar til høgre  forbi kvarandre (jenta nærast musikken), kryssar så mellom 2. og 3. paret og stiller seg bakest i oppsettet på 12 springsteg.

    3. 12 springsteg framover
    Alles startar med appell og dansar 12 små springsteg rett framover. Vi passar på at det ikkje blir for stor avstand mellom para.

    4. Smettinga
    Nå skal para byte plass med dei para dei møter ved skiftevis å lage port og smette under. Det parsom nå er øvst vender seg raskt frå musikken tar saman med lette taket og dannar port. Midtparet smett så under. Så smett førsteparet under porten som sisteparet har laga. Når eit par kjem øvst eller nedst, snur dei straks, tar saman med nytt lett tak og held fram dansen. Til saman skal vi i smettinga danse 3 heile omgangar slik at vi til slutt vert ståande på same plassen som den vi hadde då smettinga tok til. Det tar 48 steg. Smetting byrjar med appell. Det er viktig at vi snur straks når vi er på endane.
    tilbake til toppen av dokumentet


    Daldans  (svensk)
    Denne dansen er konstruert på midten av 1800-talet av A. Selinder ved Kungliga Teatern, og vart første gong framført i 1843. Han er basert på svenske folkedansar. Molodiane til turane er gamle visemelodiar frå Dalarne. Dansen står i den svenske rettleiingsboka "Grøna boken". Stega er i stor grad "Dalsteg", og byrjar med høgre fot i golvet om ikkje anna er sagt. Springsteg byrjar på venstre fot. Dansen vert dansa parvis etter kvarandre, enten i ring eller på ei rekkje. Det er mest vanleg med ring. Dalsteg, hambosteg, tostegsvalsesteg og utslagssteg blir dansa i 3/4 takt. Eit Dalsteg er stort sett som eit norsk slengsteg, men vi set foten kraftigare i golvet. I utslagssteget landar vi på begge føtene, bøyer i knea og slår ut med hendene, og reiser oss att.

    1. Dalsteg framover
    Guten held armane i kors over brøstet, med jenta på høgre side. Ho har venstre handa på gutens skulder og høgre handa i sida. Dei dansar 16 dalsteg framover. (I "Grøna boken" står det at dei dansar attende til startpunktet, men det er visst ikkje vanleg.)

    2. Dalsteg og pannekakevending
    Gut og jente vender seg mot kvarandre, tar saman begge i begge og dansar to dalsteg på staden, og gjer så pannekakevending på to takter (motsols for gut og medsols for jente). Dette blir dansa ein gong til.

    3. Sparksteg og utslagssteg
    Gut (armane i kors) og jente (hendene i sida) spring mot venstre forbi kvarandre og vender seg frå kvarandre medsols (i ca 4 stegs avstand), gjer så 3 sparksteg, og så eit utslagssteg. Så spring dei mot venstre og byter plass, vender medsols, og gjer igjen 3 sparksteg og eit utslagssteg. Dette blir dansa ein gong til.

    4. Dalsteg og "tåkurtise"
    Gut (armane i kors) og jente (hendene i sida) dansar 8 dalsteg mot kvarandre. Så tar dei saman begge i begge og dansar "tåkurtise" resen av veket. Tåkurtisen startar med at guten set fram venstre fot med hælen i golvet og jenta sin høgre fot med hæ i golvet slik at tåspissane får kontakt. Med eit hopp byter dei så fot, slik at dei blir ståande på motsett fot, medan den andre foten møtest tå mot tå. Og slik held det fram.

    5. Dalsteg rundt jenta
    Gut dansar på 8 dalsteg ein gong rundt jenta motsols medan han klappar i hendene eit slag for kvar takt. Jenta (hendene i sida) snur seg samtidig rundt på staden på 8 steg "tostegsvals", slik at ho heile tida har fronten mot guten. Etter 4 steg skal dei vere komne halvvegs rundt.

    6. Pannekakevending med overspark
    Dei tar saman begge i begge og gjer pannekakevending (2 takter). Så "dytter" guten hovudet til jenta ned, slik at ho set seg på høgre hæl og hovudet djupt bøygd. Så klappar guten i hendene og svingar samtidig høgre foten over jenta og vidare ein heil gong rundt mot venstre og "landar" med begge føtene inntil kvarandre. Dette blir dansa 3 gonger til.

    7. Jenta til sida og tilbake
    Gut (armane i kors) tar eit steg bakover og blir ståande der denne turen. Jenta (hendene i sida) dansar no 2 "kryssteg" langs ringen på denne måten: Fører først høgre fot litt fram mot høgre, den venstre foten blir så sett i golvet på kryss over den høgre  (og tar tyngd eit kort øyeblikk) samtidig som ho løfter høgre litt, og på 3. taktslaget set ho ned att høgre foten på same plassen. Så dansar ho eit tilsvarande steg mot venstre, og byrjar då på venstre fot. Så dansar jenta 3 sparksteg og deretter eit utslagssteg. Alt dette dansar jenta så ein gong til. Så dansar jenta attende til plassen framfor guten ved at ho dansar sakte rundt medsols med tostegsvalsesteg (ein halv omgang rundt på kvart steg, byrje på høgre foten). Ho vert ståande ca 4 steg frå guten

    8. Figurersteg mot kvarandre
    Gut og jente figurerer nå på staden med front mot kvarandre (guten ryggen inn i ringen). Guten (armane i kryss) og jenta (hendene i sida) byrjar med å sette venstre fot eit steg fram samtidig med at dei luter seg litt framover og mot venstre, bøyer litt i venstre kne og har høgre strakt bakover mot høgre med tåspissen i golvet. Så blir same steg utført på høgre foten samtidig med at jente og gut tar saman begge i begge (ho legg hendene i guten sine, og dei fører armane i mjuk bevegelse utover). Då set jenta hendene i sida og guten armane i kors. Så set begge venstre foten eit steg bak og snur rundt motsols med eit lite hopp slik at dei "landar" på begge føtene, igjen vendt mot kvarandre. Alt dette blir dansa 3 gonger til.

    9. Høgre armkrok og venstre armkrok
    Dei tar høgre armkrok og dansar to gongar heilt rundt. Ledig hand i sida. Så venstre armkrok to gonger tilbake, og ender opp med fronten i danseretninga.

    10. Dalsteg med jenteløft
    Guten (med armane i kors) og jenta (med venstre hand på hans høgre skulder og høgre hand i sida)gjer nå 2 dalsteg med venstre fot først. På det tredje "dalsteget" legg jenta begge hendene på gutens skuldrar, og han tar jenta om midja og løfter henne over på si venstre side. Så gjer dei på denne plassen igjen to dalsteg som før (denne gongen byrjar dei på høgre foten), og på tredje "dalsteget" løfter han jenta over på si høgre side att. Alt dette blir dansa ein gong til.

    11. Guten gjer dalsteg og utslagssteg
    Jenta tar eit steg til sides og blir ståande der denne turen, med fronten i danseretninga. Guten dansar 8 dalsteg framover langs ringen. For kvart steg svingar han armane (knytte hender) vekselvis framom og bakom seg (høgre hand bak først). Så dansar han 8 mjuke utslagssteg bakover slik at han ender opp på venstre side av jenta.

    12. "Titteturen"
    Paret tar krysstak og jenta "hopper" over på guten venstre side. Sjølve hoppet skjer på andre taktdelen. Så dansar guten på same vis over til jentas venstre side. Så dansar jenta enno ein gong over på gutens venstre side, og her står dei stille neste takt. På liknande måte dansar no jenta over på gutens høgre side, så dansar vidare guten over på jentas høgre side, og jenta dansar enno ein gong over på gutens høgre side. Så stiller guten seg på neste takta bak jenta  (begge har fronten i danseretninga), og guten legge hendene sine over jentas hender som ho har i sida. Så dansar dei 8 danldans-liknande steg på staden der dei vekselvis set høgre og venstre hæl i golvet. (Guten byrjar med høgre i golvet og jenta med venstre i golvet). Dei vrir seg samtidg ein del slik at dei "tittar" på kvarandre vekselvis på høgre og venstre side.

    13. Hambo langs ringen
    Alle dansar vanleg hambo langs ringen.

    tilbake til toppen av dokumentet


    Åttepardansen
    Denne dansen står i "Norske Folkedansar. Turdansar. Åtte par stiller i ein ring (kan vere fleire, men like antal). Vi held høgre i høgre. Vi deler inn para 1 - 8. Då byrjar par 1 og par 5 å danse mot kvarandre, etter det par 2 og par 6 osb. Hoftefeste med tommelen bak for ledig hand. Bytomfotsten frå reinlender, og hoppsteg frå reinlender, gåsteg og sluttsteg.

    1. Mot kvarandre og tilbake
    Oppførande par startar. Dei startar på yste foten og dansar eit bytomfotsteg frå reinlender rett mot det andre paret, og så 2 gåsteg. Dei samlar føten på andre gåsteget og gjer ei lett helsing mot det andre paret. Dei snur 1/2 gong mot kvarandre og dansar attende til plassen sin på 2 hoppsteg frå reinlender (byrjar på yste fot), og inn på plass på eit sluttsteg, snur mot sentrum av ringen og helsar lett på kvarandre. Så dansar dei to neste para likeeins, osb. Etter at alle para har dansa turen ein gong, blir turen dansa ein gong til.

    2a. Over til motsett plass
    Oppførande par dansar halvkjede (utan å ta saman) over til motsett plass på 2 bytomfotsteg frå reinlender, to hoppsteg og sluttsteg inn på plass. Startar på yste foten med appell. Jentene dansar mellom gutane. Para slepper taket etter første bytomfotsteget. Når dei dansar inn på plass, dansar guten føre i ein boge med sola, før dei stoggar og helsar lett. Så dansar alle dei andre para sameleis eter tur.
    2b. Tilbake til eigen plass
    Etter tur dansar alle tilbake på plass på heilt tilsvarande måte som i tur 2a).

    4. Kjede - snu tilbake med eigen
    Jente og gut snur mot kvarandre og dansar høgre hands kjede. Dei startar med appell på venstre foten. Når dei møter eigen (høgre i høgre) trør dei ein appell og svingar 1/2 gong rundt og dansar kjede tilbake igjen og stoppar slik dei stod då danse byrja.

    tilbake til toppen av dokumentet


    Firetur frå Romerike
    Denne dansen står i "Norske Folkedansar. Turdansar." To par stiller i ring med det lette taket. Stoppesteg og vals. Guten har lavt hoftefeste med ledig hand, jenta held i stakken med begge i djup helsing.

    1. Ring med og mot sola
    Vi startar på venstre foten og dansar 7 stoppesteg i ring med sola. Det sjuande steget trør vi vendt mot sentrum av ringen. Så set vi høgre foten litt bak og gjer lett helsing samtidig med at vi fører armane opp og ut i ein mjuk boge, og ringen blir litt større. Så dansar vi heilt tilsvarande tilbake motsols.

    2. Kjede
    Vi dansar no høgre hands kjede, startar på venstre fot. Vi brukar 2 stoppesteg på kvar vi møter, i alt 16 stoppesteg. Vi stoppar med fronten mot eigen.

    3. Djup helsing og vals
    Vi helsar først på eigen med djup helsing. Så dansar vi vals rundt kvarandre  (samdanstak II). Guten startar på høgre fot og jenta med venstre. Vi dansar tett rundt kvarandre "synkront", dvsgutane dansar rygg mot rygg, så jentene rygg mot rygg osb. Dei to siste taktene brukar vi til å avslutte valsen, ved at guten set jenta frå seg på si høgre side og dei helsar lett på kvarandre på siste takta.
    tilbake til toppen av dokumentet


    Åttetur med mølle
    Denne dansen står i "Norske Folkedansar. Turdansar." Fire par stiller i ring med det lette taket. Steg frå åttetur (Engelsksteg) og vals. Guten har lavt hoftefeste med ledig hand, jenta held i stakken i mølla og når dei snur i kjeda.

    1. Ring med og mot sola
    Vi startar på venstre foten og dansar 8 steg i ring med sola. På åttande steget snur vi på fotbladet og dansar 8 steg mot sola.

    2. Mølle med og mot sola
    Gut og jente tar saman med livtak, og guten fører jenta inn i ringen. Jentene tar saman med møllehjultaket med høgre handa (tommelen inn i neven på den framføre).Vi dansar så 8 steg med sola (startar på venstre foten). På åttande steget slepper jentene møllehjultaket (men gut og jente held saman som før), og para svingar rundt 1/2 gong med sola. Så tar gutane saman med venstre handa til møllehjultaket, og vi dansar 8 steg tilbake. Når guten er yst, har han djupt hoftefeste, og når jenta er yst, held ho i stakken.

    3. Kjede
    Vi dansar høgre hands kjede, startar på venstre fot. Når vi møter eigen, svingar vi rundt 1/2 gong med sola på 2 steg. Vi stoppar med fronten mot eigen.

    3. Støype ljos og vals
    Guten legg armane i kryss og bøyer seg noko framover, medan jenta held i stakken med begge hendene og støyper ljos (helsinga går nokså raskt). Vi tar no saman med samdanstak II og dansar 12 takter vals etter kvarandre på ringen mot sola. Para dansar tett saman. Dei to siste taktene bruker vi til å avslutte valsen, ved at guten set jenta frå seg på si høgre side og dei helsar lett på kvarandre på siste takta.
    tilbake til toppen av dokumentet


  • Vebjørns vals
     Pardans på stor ring.  Kan dansast til alle vanlege valsar med 8 takts elle 16 takts vek. Det er 4 små turar på 4 takter kvar. Laga av Vebjørn Bakken. Brukt første gong i Oslo Songdanslag hausten 2007.
    1. Peikevals framover
    Vi tar saman med det lette taket og dansar 4 valsesteg framover (byrje på yste foten). Vi "peikar" med ledig fot (som i Mignon). Vi vender litt mot og frå kvarandre når vi dansar.
    2. Jenta under armen to gonger
    På to valsesteg dansar jenta under armen til guten medsols. Så skifter begge handtak, og jenta dansar på nytt ein gong rundt under armen medsols. Guten vender seg litt for å hjelpe jenta rundt.
    3. Bakover og framover
    Guten held no saman med si venstre hand i jentas høgre og vi snur oss og dansar bakover i danseretninga to valsesteg. Så snur vi oss igjen og tar saman med lette taket (gutens høgre i jentas venstre) og dansar to valsesteg framover i danseretninga.
    2. Vanleg vals på ringen
    Til slutt tar vi saman med samdanstak 1 og dansar to gonger rundt medsols i vanleg vals på 4 valsesteg.
    tilbake til toppen av dokumentet

  • Stiger
    Denne dansen står i  "Dansetradisjoner fra Finnmark" (Egil Bakka og Arne Wikan 1996) . Dette er ein pardans som kombinerer element frå reinlender og frå steg-reinlender. Vi dansar parvis etter kvarandre i stor ring. Vanleg reinlendermusikk. Bytomfotsteg frå reinlender og stigersnu (SS SS).

    1. Reinlender framover to steg
    Vi tar saman med livtak, vendt i danseretninga. Vi startar med yste foten og dansar to reinlendersteg framover. På siste svikten på andre steget trør guten ned på venstre foten samtidig med at han snur seg mot høgre slik at han kjem andlet til andlet med jenta, men slik at dei står litt til sides for kvarandre.  Dei tar samtidig saman med samdanstak 3.

    2. Stigersnu
    Gut og jente dansar no litt til sides (til høgre) for kvarandre slik at føtene er fri. Resten av veket dansar vi så stigersnu. Det blir ei skifting mellom totrinnssteg (SS) dansa framover og bakover. Svikten er om lag den same på begge trinna. Dei dansar 1/2 gong rundt medsols på kvart steg, samtidig med at dei dansar framover på motsols ring. Guten startar med høgre fot på skrå bak venstre (i danseretninga), så venstre fot inntil høgre fot. Deretter høgre fot framover (i danseretninga) og venstre fot inntil, og så vidare. Det blir til saman 4 stiger-steg. Jenta startar med høgre fot framover, venstre inntil, høgre bakover, venstre inntil osb. Ved slutten av veket, vender dei i danseretninga, og guten må då ta to sviktar på høgre fot for å få venstre fot fri når han byrjar på nytt med reinledersteg framover i danseretninga.
    tilbake til toppen av dokumentet


    Den toppede høne fra Thy (dansk)
    Mykje brukt dansk folkedans. Kvadrilje med 4 par. Gåsteg og hurresteg. 2/4 takt. Det lette taket (lavt) og samdanstak 1. (Beskrivelse på Internett her)  (Høyr musikken her.)
    Det er 10 ulike turar pluss avslutning. Kvar tur består av 2 deler: Del a (16 takter ,varierer frå tur til tur = verset), og Del b (16 hurresteg i dobbeltring - to gonger rundt, og vanleg høgrehands kjede ein gong rundt på 16 gåsteg). Musikken har 3 vek på 16 taktar, vek 1 til Del a, og vek 2 og 3 til Del b.

    1. Første tur - stor ring
    Del a:
    Alle tar saman med det lette taket (lavt), og vi går rundt ringen medsols ein gong på 16 gåsteg.
    Del b: Dette blir dansa som avslutning på kvar tur.
    Alle tar saman med Ola-Glomstulen-tak (høgre hand over) og dansar to gonger rundt med hurresteg (høgre fot i kryss framfor venstre fot). Ein må ha god framdrift. Så går vi rett over til høgrehands kjede ein gong rundt.
    2. Hurresteg med eigen
    Vi dansar 16 hurresteg rundt medsols med eigen. Vi bruker vanleg samdanstak 1.
    3. Einhands jentemølle
    Gutane står i ro. Jentene tar saman til mølle (bære-på-gullstol-tak: vi tar med høgre hand om armleddet til den som er bak oss, og tar med venstre på overarmen til den som er til venstre for oss) og dansar ein omgang medsols med hurresteg.
    4. Einhands gutemølle
    Jentene står i ro. Gutane dansar slik jentene gjorde i tur 3.
    5. Tohands jentemølle
    Gutane står i ro. Jentene tar saman til mølle med begge hender (dei som står overfor kvarandre tar kvarandres hender (høgre med venstre, venstre med høgre), dei to andre tar saman likeeins, men stikk si høgre hand ovanfrå og gjennom den ringen som det andre paret dannar) og dansar ein omgang medsols med hurresteg.
    6. Tohands gutemølle
    Jentene står i ro. Gutane dansar slik jentene gjorde i tur 5.
    7 Jentering med livtak
    Gutane står i ro. Jentene tar saman med livtak (dvs vi tar saman bak ryggen på den som står oss nærast på kvar side - høgre hand over naboens handledd) og dansar ein omgang medsols med hurresteg.
    8. Gutering med livtak
    Jentene står i ro. Gutane dansar slik jentene gjorde i tur 5.
    9. Stor ring.
    Vi dansar sameleis som i tur 1.
    Avslutning. Etter tur 9 avsluttar vi dansen med å danse 16 hurresteg med eigen.


    tilbake til toppen av dokumentet

    Dansk reinlender (dansk)
     Pardans på stor ring.  Kan dansast til alle vanlege reinlenderar med 8 eller 16 takters vek. Reinlendersteg og hoppsteg. Denne finst også på video på  Internett (video).
    1. "Skøytereinlender" framover
    Vi tar saman med krysstaket (tommelfingertak, guten har armen øvst), og dansar eit reinlendersteg på skrå framover mot venstre (startar på venstre foten). Høgre fot på taktslag 2 tar vi i kryss bak venstre. Så dansar vi tilsvarande eit reinlendersteg  framover på skrå mot høgre. Så dansar vi rett framover på fire lave hoppsteg. Dette dansar vi ein gong til.
    2. Rundt på staden
    Vi snur mot kvarandre og tar saman høgre i høgre (tommelfingertak) og dansar eit reinlendersteg medsols, snur brått og tar venstre i venstre og dansar eit reinlendersteg tilbake motsols. Så hoppar vi vidare motsols rundt kvarandre ein gong på 4 hoppsteg. Dette dansar vi ein gong til.


    Familiesekstur (dansk)
     Bytedans på stor ring.  Har ein spesiell melodi. Gåsteg, kryssteg og hurresteg. Denne finst også på video på  Internett (video).
    0. Innleiing - krysssteg mot venstre
    Alle tar saman med lette taket i stor ring. Som innleiing til dansen dansar alle mot venstre 16 takter kryssteg (trør på høgre på kryss framom venstre fot, og trør venstre til sides) ("må tisse steg").
    1. Inn og ut to gonger
    Så går alle inn mot sentrum av ringen på 4 gåsteg (byrje på venstre), og 4 gåsteg tilbake igjen (rygge, byrje på venstre). Det dansar vi ein gong til.
    2. Kjede langs ringen
    Alle dansar så høgrehands kjede langs ringen 16 gåsteg (starte på venstre), to steg per person.
    3. Hurresteg
    Med den 7 . personen tar vi saman og dansar 16 hurresteg rundt på staden. Vi tar høgre hendene "i kryss" på skuldra til den vi dansar med, og held saman med venstre handa under.

    Tur1-3 dansar vi så mange gonger vi vil.

    tilbake til toppen av dokumentet


    Durham reel
    Denne dansen kan finnast på Internett (video). Dans med 4 par. Rilsteg og sidesteg. Det lette taket og krysstak (guten har armen øvst). Vi stiller på to rekkje frå musikken, gutane til høgre (sett frå musikken) og jentene til venstre. Vi startar over alt i dansen med høgre fot. Kvar tur har to gonger 16 takter med musikk. På videoen er rilstega nokså lave.

    1. Ring med og mot sola - rilsteg
    Vi tar saman med det lette taket til ring og dansar 16 rilsteg mot sola, og 16 rilsteg tilbake (i begge retningar startar vi med høgre fot). Vi endar opp på to rekkjer slik vi starta.

    2. Kaste av i begge retningar - rekkje
    Guterekkja og jenterekkja kastar no av, dansar nedetter frå musikken på rekkje og snur oppover i midten (utan å ta saman) til dei er kome på ei rekkje. Då snur alle brått mot kvarandre parvis (1/2 gong), og det siste paret kastar av og dansar "tilbake" til alle er inne på ei rekkje att.

    3. Rundt mot venstre, fram og tilbake - rekkje
    Så snur alle motkvarandre parvis 1/2 gong og tar saman med krysstak (guten har si arm øvst) og øvste paret tar av mot venstre og dansar nedover på "utsida", snur mot venstre att og dansar oppover "i midten". Så snur alle mot kvarandre lettaste vegen (utan å sleppa krysstaket), og det nedste paret leier an. Dei vik av mot vanstre, dansar oppover på utsida og nedover att i midten.

    4. Under port i rekkje
    Så tar alle saman med vanleg lavt leietak (først 4 gutar, så 4 jenter), første og andre jente løfter hendene til port, og første jut danser under og drar alle dei andre med seg nedover på "utsida" av jenterekkja, og når han er komen nedst, vik han igjen mot høgre og dansar oppover mot musikken att. Når første guten er komen øvst att har dei dansa 16 steg og det er no ei jenterekkje og ei guterekkje som heng saman nedst. Då løfter første og andre gut hendene til port og øvste jente dansar under og nedover, motsatt retning, til dei er tilbake til startoppstillinga.

    5. Ring med og mot sola - sidesteg
    Straks vi er tilbake tar vi saman til ring og dansar på same måten som i tur 1, men no med sidesteg. (Her startar vi med venstre fot medsols.) På takt 16 (idet vi snur) tar vi føtene saman. Heilt til slutt i dansen stig alle ut til to rekkjer med eit avsluttande kompliment mot eigen partnar.
    tilbake til toppen av dokumentet


    Åttetur frå Asker
    Denne dansen står i "Norske Folkedansar. Turdansar." Fire par stiller i ring med det lette taket. Steg frå åttetur (Engelsksteg) og vals. Guten har lavt hoftefeste med ledig hand, jenta held i stakken i mølla og når dei snur i kjeda.

    1. Ring med og mot sola
    Vi startar på venstre foten og dansar 8 steg i ring med sola. På åttande steget snur vi på fotbladet og dansar 8 steg mot sola.

    2. Kjede
    Vi dansar høgre hands kjede, startar på venstre fot. Når vi møter eigen, svingar vi rundt 1/2 gong med sola på 2 steg. Vi stoppar med fronten mot eigen.

    3. Støype ljos og vals
    Guten legg armane i kryss og bøyer seg noko framover, medan jenta held i stakken med begge hendene og støyper ljos (helsinga går nokså raskt). Vi tar no saman med samdanstak II og dansar 12 takter vals etter kvarandre på ringen mot sola. Para dansar tett saman. Dei to siste taktene bruker vi til å avslutte valsen, ved at guten set jenta frå seg på si høgre side og dei helsar lett på kvarandre på siste takta. 
    tilbake til toppen av dokumentet


    Trekrossedans frå Brekke i Sogn
    Denne dansen står i "Norske Folkedansar. Turdansar." Ein gut og to jenter stiller i ring med det lette taket. Gåsteg og springsteg. Vi tar med det som i Norske Folkedansar blir kalla ekstratur som tur 3. I første del av turane 1-4 (ring med og mot sola) går musikken sakte.

    1. Åttetal
    Vi startar på venstre foten og dansar 8 gåsteg i ring med sola. På åttande steget snur vi på fotbladet og dansar 8 gåsteg mot sola. (Dette er den rolege delen).
    Så slepper vi taket og dansar 8-tal på 18 springsteg. Guten i midten startar til høgre for jenta han hadde i si høgre hand. Vi stiller inn att på ringen med sluttsteg.
    2. Smygeturen
    I ring med og mot sola (som i første tur).
    Så slepper jentene taket i kvarandre, guten og høgrejenta løfter armane og venstrehandsjenta spring under og drar med seg guten, og jentene tar saman til ring igjen. Med det same dei har teke saman, slepper jentene igjen taket, og guten og venstrejenta løfter armane og høgrehandsjenta spring under og drar med seg guten inn på plass. Så slepper guten taket med høgre handa, jentene løfter hendene til port og guten spring under og drar venstrehandsjenta med seg rundt og inn på plass. Dei tar saman att på sluttsteget.
    3. Mot- og frå-turen
    I ring med og mot sola (som i første tur).
    Dansarane stiller på ei bein line. Guten stiller seg mot jenta han hadde i høgre handa, og den andre jenta stiller seg bak guten med med front i same retning som guten. Guten og høgrehandsjenta figurerer no med kvarandre ved å danse eit par små springsteg mot kvarandre og frå kvarandre (rygge). Dette dansar dei to gonger. Jenta bak guten føljer guten i hans rørsler. Så snur guten brått 1/2 gong rundt mot andre jenta og figurerer sameleis med henne (eit par steg mot, eit par steg frå, to gonger). Igjen føljer jenta bak guten hans rørsler. Til saman bruker dei 18 springsteg. Dei stiller inn på ring på sluttsteget.
    4. Kjede med armkroktak
    I ring med og mot sola (som i første tur).
    Dei slepper taket og stiller på rekkje og guten dansar første rundt høgrehandsjenta med høgre armkroktak (jenta svingar vidare rundt til ho kjem inn på plass), så rundt den andre jenta med venstre armkroktak. Så høgrehandsjenta og venstrehandsjenta ein gong til. Den jenta som ikkje blir dansa med står stort sett i ro (kjem guten litt i møte). Dei stiller til slutt inn på ring på sluttsteget.
    5. Ring med herdataket
    Denne turen blir dansa i raskt tempo heilt til dei to siste taktene.
    Vi tar saman med herdataket og dansar 16 springsteg medsols, snur på det 16. steget, og dansar 16 springsteg tilbake mot sola. På det 16. springsteget stoppar alle med front mot sentrum. Dei sviktar lett bakover, løfter armane høgt opp, slår eigne handflater saman og fører armane fram og medan dei held handflatene samla.
    tilbake til toppen av dokumentet


    Nikrossedans frå Brekke i Sogn
    Denne dansen står i "Norske Folkedansar. Turdansar." Gåsteg og springsteg. Dansen liknar mykje på Trekrossedans frå Brekke. Der dei tre dansarane dansar kvar for seg, er dansane heilt like, og vi viser til omtalen der. Når vi dansar i ring, dansar alle 9 dansarane i same ringen. Oppstillinga mellom kvar tur er litt annleis enn det som står i "Norske Folkedansar". Der står det at vi stiller opp i ring, men her stiller vi opp på 3 rekkjer og dansar oss inn i ring på dei første 2-3 gåstega.
    Oppstilling
    Ein gut med to jenter stiller seg med fronten mot musikken. Bak dei stiller to oppsett til på same måten, slik at det blir tre oppsett etter kvarandre alle med fronten mot musikken.
    Starten på kvar tur
    Frå startoppstillinga skal vi så snøgt som råd danse oss ut til stor medsols ring. Det kan skje på 2-3 gåsteg. Venstrehands jente i fremste oppsettet går raskt medsols "framfor" oppsettet sitt og drar dei to andre med seg, samtidig drar venstrehandsjenta i midtoppsettet sitt oppsett med seg ut på ringen, medan det tredje oppsett tar det meir med ro slik at første oppsettet når att det tredje, og dei kan ta saman til ein heil ring. På ringen blir det no slik at jentene held saman to og to, med dei tre gutane "innimellom".
    Avslutninga av ringen med og mot sola
    Ved slutten av ringen mot sola (tur 1-4) skal alle dei tre oppsetta passe på at dei dansar seg inn på den plassen dei hadde ved starten av dansen/turen. Dei tre oppsetta må då sleppe kvarandre eit par takter før ringdansinga er slutt, slik at dei får rimeleg tid til å danse seg inn på plass.
    Figureringa
    Figureringa i tur 1-4 foregår på den plassen som oppsettet har ved starten på dansen. Det er heilt likt med figureringa i Trekrossedans frå Brekke.
    tilbake til toppen av dokumentet


    Trondheimar (frå Ofoten)
    Denne dansen står i "Norske Folkedansar. Turdansar." Vals, bytomfotsteg frå feiar, gåsteg. Det lette taket og samdanstak nr 2.
    Oppstilling
    Vi stiller opp i ein firkant med 2 par på kvar side i firkanten. Dei to para kan halde saman med det lette taket. Einarsida er para med rygg/front mot musikken, dei andre er toarpara.

    1. Vals til diagonalplassen
    På 16 valsesteg dansar vi halvvegs rundt firkanten (til diagonalplassen). Vanleg medsols vals motsols på motsols "ring".
    2. Gåsteg mot kvarandre og tilbake
    Para på kvar side av firkanten tar saman med det lette taket. Einarpara går mot kvarandre på to gåsteg og sluttsteg (byrje på venstre), og rygger så tilbake på 2 gåsteg og sluttsteg. Så dansar toarpara tilsvarande.
    3. Kjede til eigen plass
    Vi dansar høgrehands kjede med sola tilbake til opprinneleg plass (byrje på venstre). Vi brukar bytomfot frå feiar (trø, trø trø svikt).

    Dansen kan også dansas med 6 par (2 par på ei side og 1 par på andre sida). Eller han kan dansat med 4 par (1 par på kvar side), og då valsar vi heilt rundt ringen, og har kjede heilt rundt ringen.

    tilbake til toppen av dokumentet


    Norsk vals (svensk, Hälsingeland) (video på www.folkedans.se)
    Pardans på stor, motsols ring, vanleg medsols vals. Samdanstak 1 og leietak. Vanleg vals med 8 takters vek.
    0. Innleiing
    Vanleg vals på ringen (8 takter).

    1.Vanlege omgangar resten av dansen
    Vi tar leietak og dansa eit valsesteg halvt frå kvarandre (på skrå framover) og eit halvt mot kvarandre. Så dansar vi vanleg vals (samdanstak 1) langs ringen.

    Tilbake til toppen av dokumentet


  • Totur frå Jelsa
    Denne dansen står i "Danse, danse lett utpå foten" (Egil Bakka 1970). Bytomfotsteg med lav svikt (feiar) og vals. Det lette taket og samdanstak nr 1.
    Oppstilling
    Vi stiller opp parvis i stor motsols ring med det lette taket. Hoftefeste nr 3 (alle fingrane bakover).

    1. Feiar fram og tilbake
    Vi dansar 4 bytomfotsteg med vendingar langs ringen (byrje på yste foten). På fjerde steget blir vendnga lita og vi snur snøgt halvt rundt mot kvarandre og skifter hand. Så dansar vi 4 bytomfotsteg tilbake igjen. På fjerde steget gjer vi ikkje vending, men vender mot kvarandre og byter hand. Vi dansasr så det same ein gong til.
    2. Vals
    Med samdanstak 1 dansar vi 16 valsesteg langs ringen.

    tilbake til toppen av dokumentet


    Hambo från Farsta (svensk) (video på www.folkedans.se )
    Pardans på stor, motsols ring. Hambovariant.
    Vi tar saman med det lette taket. Ledig hand i sida (tommelen fram). Dansar først to dalsteg (byrjar på yste foten), litt framdrift. På dei to neste taktene går gjenta rundt under armen til guten (frå guten, dvs medsols) på to bytomfotsteg.Guten dansar også bytomfotsteg. Litt framdrift. Så dansar vi igjen to dalsteg framover langs ringen, og så dansar guten under under armen til jenta tilsvarande (motsols). Etter dette dansar paret "vanleg hambo" (dvs eit bytomfotsteg framover og så runddansing resten av veket).
    Tilbake til toppen av dokumentet


    Familievals frå Baltikum
    Vi står parvis i stor ring med fronten inn i ringen, ikkje for stor avstand. Vanleg vals.Lært av Viljan i pinsa 2008.
    På første valsetakten slår vi oss på knea. På andre valsetakta slår vi saman hendene. På tredje valsetakta dytter vi hofta saman med framand, og på fjerde takta saman med eigen.  Så dansar vi 4 takter vanleg medsols vals langs ringen (motsols) med framand. Så startar det frå byrjinga att.
    Tilbake til toppen av dokumentet


    Fyrtur från Trosa
    Vi grupperer oss på golvet i små ringar på 2 og 2 par. Snoamusikk/gånglåt el. l. Lært av Viljan i pinsa 2008. Dansen finst på video på Internett
    Vi held saman i ringane med lavt handtak og dansar 8 gåsteg (startar med venstre) med sola, snur (valfri måte) og dansar 8 gåsteg tilbake mot sola (til saman 8 takter).
    Så snur vi mot framand og dansar 8 figurersteg (4 takter) med fritt valde figurersteg (avslutt gjerne slik at du trør på høgre mot eigen heilt til slutt i figureringa, så er du klar til snoa etterpå)..
    Så tar vi saman med eigen og dansar 8 snoa-steg (4 takter) i fritt vald retning til vi møter eit nytt par, som vi så startar på nytt saman med..
    Tilbake til toppen av dokumentet


    Fyrtur från Barva
    Vi grupperer oss på golvet i små ringar på 2 og 2 par. Rilmusikk i høgt tempo (til dømes seksmannsril-musikk. Dansen finst på video på Internett.
    a) Vi held saman i ringane med lavt handtak og dansar 8 gåsteg med sola, snur (valfri måte) og dansar 8 gåsteg tilbake mot sola.
    b) Så snur vi mot framand og dansar 4 takter figurersteg med fritt valde figurersteg. Så går vi med fire små gåsteg mot kvarandre (tre gåsteg og inntil) og 4 små gåsteg frå kvarandre (rygger) (3 gåsteg og inntil).
    c) Så går vi "rundt oppsettet" på 8 steg: Først går vi til venstre for den vi nå har figurert med (framand). Så bryt guten av mot høgre, og jenta mot venstre, slik at guten passerer jenta på "utsida", og jenta passerer på innsida (høgre skulder mot høgre skulder) og møter så framand på nytt
    d) Vi dansar sameleis som i b).
    e) Vi dansar sameleis som i c).
    f) No går vi "8-tal" på ei rad på 16 gåsteg. Gutane byrjar med å gå ut til sides mot høgre eit steg eller to, medan jentene går på skrå framover mot venstre (bort frå gutern sin) og passerer kvarandre høgre skulder mot høgre skulder (som om dei skulle dansa høgrehandskjede). Så passerer gutane kvarandre i midten (høgre skulder mot høgre skulder), medan jentene er no komne i enden av rekkja og snur (mot venstre) rundt og rundar gutane som kjem imot. Jentene passerer så kvarandre i midten (høgre skulder mot høgre) medan gutane snur i enden av rekkja. Så passerer gutane kvarandre i midten, medan jentene snur i enden av rekkja. Til slutt  møter så gutane si eiga jente att. Jentene er i enden av rekkja og vender mot eigen gut (gutane har altså ryggen mot kvarandre).
    g) Gut og jente figurerer no med eigen 8 takter fritt valde figurersteg (alle står no på ei rett line).
    h) Så tar vi parvis saman med eigen med "underarmstak" og går vidare rundt på golvet på 16 gåsteg til vi finn ei nytt par å starte dansen med (utan at musikken stoppar).

    Ulike typer figurersteg (forslag):
    Norsk figurersteg 1 (”kryss bak og hoppe fram”)
    Norsk figurersteg 2 (”strekke fram annakvar fot”)
    Gåsteg sidelengs – 1 :gå, gå , gå, inntil;   gå, gå, gå , inntil
    Gåsteg sidelengs – 2: gå, gå, gå, sleng-opp-bak;  gå, gå, gå, sleng-opp-bak
    Gåsteg sidelengs – 3: gå, gå, gå spenne i kryss framom; gå, gå, gå spenne i kryss framom
    Gåsten i kryss           : gå, gå (kryss framom), gå, gå, gå (kryss framom), gå, gå gå.
    Bytomfot 1: 1 og 2, 1 og 2, …  (føtene på ”normal” plass)
    Bytomfot 2: 1 og 2, 1 og 2 ….   (starte med eine foten i kryss framom den andre)
    Bytomfot 3: 1 og 2, 1 og 2 ..      (starte med å spenne i lufta ikryss framom)
    Tilbake til toppen av dokumentet


    Vilde Alvilde
    Reinlendermusikk.. Lært av Viljan i pinsa 2008.
    Vi stiller oss opp i dobbel stor ring med gutane i inste ringen (ryggen inn mot sentrum) og jenta i yste ringen med fronten mot sentrum. Vi held ikkje saman.
    Vi dansar først eit reinlendersteg sidelengs i danseretninga (motsols på ringen), så eit reinlendersteg sidelengs mot danseretninga, så trør gutane to gåsteg bakover (jentene framover) og så to gåsteg framover/bakover att. Dette dansar vi så ein gong til.
    Så dansar vi vanleg lukka reinlender framover langs ringen (motsols ring) 2 omgangar. Vi endar så opp slik at gutane står yst med fronten i danseretninga, og jentene inst med ryggen i danseretninga (vi står til sides for kvarandre). Venstre hender er bak på ryggen av eigen dansar, og høgre armen på overarmen til eigen dansar. Så dansar vi to reinlendersteg langs ringen, snur så brått 1/2 gong rundt eigen akse slik at guten får ryggen i danseretninga og jenta fronten i danseretninga. Så dansar vi to reinlendersteg  med denne stillinga. Til slutt slepper guten med si venstre hand, løfter høgre handa, og går i ein liten boge inn i ringen medan jenta snur seg under armen, slik at vi kjem tilbake til utgangsstillinga (3 apellar til slutt). Den siste gåinga tar 8 gåsteg. Guten kan gjerne gå fram til neste jente (bytedans).

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Familievals från Gästrikland
    Familievals (bytedans). Vanleg vals (8 takters vek). Lært frå Internett.
    Vi står parvis i stor ring med det lette taket. Først dansar alle eit valsesteg innover mot sentrum av ringen (guten startar på venstre, jenta på høgre), og eit valsesteg tilbake att (rygge). Så slepper vi taket med eigen, og byter vi plass med framand på 2 valsesteg. Guten passerer jenta på innsida og snur rundt ein gong motsols, medan jenta går under armen samtidig med at ho snur ein gong rundt medsols. Guten beveger seg medsols på ringen og jenta motsols. Guten snur seg inn på ringen, byter hand med jenta, og alle tar straks saman med lette taket att. Denne sekvensen på 4 valsesteg blir dansa ein gong til. Men i staden for å ta saman med framand med venstre handa, tar guten no saman med den jenta han passerte med samdanstak I. Så dansar alle parvis til sides inn mot sentrum av ringen på 2 sidesteg, så 2 sidesteg tilbake igjen ut frå sentrum, og til slutt dansar dei vanleg vals langs ringen 4 valsesteg, 2 gonger medsols rundt..
    Så byrjar dansen på nytt att.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Kontra med mølle
    Dansk. Frå Vejle-området. Oppstilling: 4 par i kvadrilje. Hurresteg, gåsteg og bytomfotsteg.
    Det lette taket (i stor ring), og vanleg samdanstak 1 når vi dansar hurresteg parvis. Tohandsgrep betyr at vi tar saman med begge med den tvers over, men slik at vi "flettar" armane der alle tar "høgre over første".
    1. Stor ring med 16 hurresteg
    i dansar 16 hurresteg med sola.
    Refreng
    a) Par 1 og par 2 dansar med eigen partner 8 hurresteg. Så byter dei plass med halvkjede (8 gåsteg)
    Så dansar 3. og 4. par det same.
    b) Alle dansar 8 hurresteg med framand, og alle svingar inn på opprinneleg plass på siste hurresteget. Så dansar par 1 og par 2 tilbake på eigen plass med halvkjede (8 gåsteg). Så dansar igjen alle 8 hurresteg med framand. Og så dansar par 3 og par 4 halvkjede heim.
    c) Gutane dansar no venstrehands mølle ein gong rundt motsols på 4 bytomfotsteg. Utan å sleppe mølletaket tar nå gutane høgre hand om livet på eigen og alle dansar mølla ein gong til rundt mot sola på 4 bytomfotsteg.
    d) Så dansar alle høgrehands kjede ein gong rundt på 16 gåsteg.
    2. Tohands jentemølle
    På 16 hurresteg dansar jentene med tohandsgrep ein gong rundt medsols.  Refreng.
    3. Tohands gutemølle

    På 16 hurresteg dansar gutane med tohandsgrep ein gong rundt medsols.  Refreng.
    4. Jentering med livtak

    På 16 hurresteg dansar jentene med livtak ein gong rundt medsols. Refreng.
    5. Gutering med livtak

    På 16 hurresteg dansar gutanene med livtak ein gong rundt medsols. Refreng.
    6.
    Stor ring med 16 hurresteg
    Vi dansar sameleis som i tur 1.
    Avslutning

    Til slutt dansar alle 16 hurresteg med eigen.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Gustavs skål (från Burseryd)
    Svensk. Enkel folkeleg variant av stildansen Gustafs skål. Spesiell melodi. Gåsteg og hurresteg.  Lært frå Internett.
    Vi står 4 par i ein firkant (kvadrilje) med det lette taket. Dei med rygg/front mot musikken kallar vi A-para, dei andre B-para.
    A-para går motkvarandre på 4 gåsteg (gå, gå, gå, inntil) og 4 gåsteg tilbake (rygger). Når A-para byrjer å gå bakover, går B-para innover mot kvarandre. Når B-para startar å gå tilbake att (B-para vert ståande når dei er komne tilbake), går A-para inn mot kvarandre, tar saman (lavt handtak) med framand, og dei går "gjennom" det B-paret som guten har på si venstre side (B-para lagar port). Så slepper dei taket, guten vik til venstre og jenta til høgre og dei møter eigen på sin eigen plass. Der tar dei straks saman og dansar hurresteg resten av veket (kan bli 13-16 steg). I hurrestega tar dei saman med høgre hand bak på ryggen til partnaren og venstre på overarmen).
    I neste omgang av dansen er B-para oppførande, dvs startar dansen, og dansar hurrestega.
    Dersom det er dansarar "til overs", er det normalt å smette inn føre ein av dei som dansar idet hurringa skal ta til.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Engelska från Sörbyn
    Svensk. Ril-musikk. Lært av Marianne Dahl i Symra hausten 2008. Ho lærde han under Rilprosjektet på Folkekulturfestivalen i Lillesand sumaren 2008.
    Figurerstega kan likne på norske figurersteg I frå ril (sette eine foten bak og hoppe fram på den andre, men ein kan slenge litt meir med kroppen og med føtene.

    Tur 1. Figurering. Tre personar på ei rad. Den som er nærast musikken er nr 1. Den i midten er nr 2. Den lengst frå musikken nr 3.
    Først figurerer 1 og 2 mot kvarandre (8 figurersteg). Så snur midtpersonen halvt rundt (motsols) og figurerer 8 steg med nr 3. Den som ikkje figurerer står nesten i ro, men trør takta på staden.
    Tur 2. Kjede.
    Vi går no høgrehands kjede med 3 personar (16 gåsteg). Midtpersonen startar med å ta høgre i høgre med nr 3. Når vi kjem til enden, snur vi, og då får vi same hand i kjeden to gonger etter kvarandre. Til slutt stiller vi inn på ei rad. No har person 1 kome i midten. Person 3 har kome nærast musikken og midtpersonen har kome lengst frå musikken. Så startar dansen på nytt.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Hornfiffen (dansk ril)
    Dansk. Ril-musikk. Pardans i stor motsols ring. Det lette taket i tur 1 og 2. Lært av Marianne Dahl i Symra hausten 2008. Ho lærde han under Rilprosjektet på Folkekulturfestivalen i Lillesand sumaren 2008.
    Det er spesielle steg i første tur, figurersteg i 2. tur, så er det polkasteg og snoasteg i 3. tur.

    Tur 1. Framover med spesielle rilsteg. Alle dansar 8 steg framover med følgjande steg. Gutestega: Trø til venstre (og litt fram) på venstre fot, trø høgre i kryss bak, trø venstre vidare til venstre (og litt fram). Så trør vi på høgre fot litt mot høgre (og litt fram), trør så på venstre bak høgre, og satsar på venstre og gjer eit lite hopp framover (medan vi fører høgre i ein liten boge framover) og landar på begge. Jentestega: (sameleis som guten men motsett fot) Trø til høgre (og litt fram) på høgre fot, trø venstre i kryss bak, trø høgre vidare til høgre. Så trør vi på venstre fot litt mot venstre, trør så på høgre bak venstre, og satsar på høgre og gjer eit lite hopp framover og landar på begge.
    Tur 2. Figurering.
    Vi snur oss mot kvarandre slik at guten får ryggen inn i ringen og jenta ryggen ut av ringen.  Vi figurerer no mot kvarandre på 16 figurersteg med steg som liknar på norske figurersteg nr 1 frå ril.
    Tur 3. Runddans. Vi dansar først 6 polkasteg rundt medsols langs ringen med samdanstak 1. Så skifter vi til samdanstak III og dansar 4 svivesteg (snoasteg) medsols (2 gonger rundt). (Vi kan også danse 8 polkasteg.)
    Så startar dansen på nytt.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Stegvals / Stigvals
    Pardansen Stegvals er ein relativt ny dans i Noreg og er truleg komen frå Sverike. Han blir brukt i litt ulik form i store delar av landet. I boka til Egil Bakka "Danse, danse, lett utpå foten"  (Noregs Boklag 1970) står ein variant frå Hardanger under namnet Stegvals. I boka "Dansetradisjoner fra Finnmark" av Egil Bakka og Arne Wikan (1996) står ein variant med namn Stigvals. Dei to variantane er nokså like. I begge nyttar ein totrinns valsesteg (dvs ein trør ned på første og tredje slaget i takta).
    Vi dansar parvis på stor motsols ring.
    Stegvals (Hardanger)
    Vi tar saman med samdanstak nr 4 (høgre armen om livet til kvarandre og gripetak med venstre om overarmen til kvarandre). Vi står side om side til høgre for kvarandre.
    Steget er slik at vi trør ned på høgre (framover eller bakover) på taktslag 1 (og 2) og inntil på venstre på 3. taktslaget. Det er vanleg å starte med del 1 og så danse del 2.

    Del 1. Framover. Vi dansar nokre stegvals-steg langs ringen i danseretninga, guten framover og jenta bakover (begge startar på høgre).
    Del 2. Rundsnu.
    Medsols rundsnu. Både gut og jente trør eit steg fram og eit tilbake (når den eine trør fram, trør den andre tilbake). For å kome inn i rundsnuen trør guten med høgre foten på skrå bak jenta, som svarar med å sette høgre foten noko i kryss bak venstre. Så trør guten attover på høgre og jenta framover på høgre, etc. Vi kjem ein gong rundt på to steg.

    Stigvals (Berlevåg, Finnmark)
    Vi tar saman med samdanstak nr 5 (guten har høgre armen om livet til jenta og venstre armen om overarma hennar. Jenta held høgre arma på overarma til guten og venstre på høgre skuldra hans). Vi står side om side til høgre for kvarandre.
    Steget er slik at vi trør ned på høgre (framover eller bakover) på taktslag 1 (og 2) og inntil/litt forbi på venstre på 3. taktslaget. Det er vanleg å starte med del 1 og så danse del 2. Del 3 blir gjerne brukt mellom to omgangar med del2.

    Del 1. Framover. Vi dansar nokre stegvals-steg langs ringen i danseretninga, guten framover og jenta bakover (begge startar på høgre).
    Del 2. Rundsnu.
    Medsols rundsnu. Både gut og jente trør eit steg fram og eit tilbake (når den eine trør fram, trør den andre tilbake). For å kome inn i rundsnuen trør guten med høgre foten på skrå bak jenta, som svarar med å sette høgre foten noko i kryss bak venstre. Så trør guten attover på høgre og jenta framover på høgre, etc. Vi kjem ein gong rundt på to steg.
    Del 3. Framover - guten bakover. Denne delen er lik del 1, men no er det guten som dansar bakover. Guten må starte på del 3 når han har ryggen i danseretninga. For å gå over frå del 3 til del 2 må guten starte med å trø fram med høgre foten (medan jenta trør bakover med høgre).

    Stegvals i Sverike
    På Internett (www.mozilla.de) er det fleire videoar med stegvals. Til dømes "Stegvals från Lima" og "Stegvals med forsteg" dansar dei nokså likt det som er omtala ovanfor: Dei nyttar samdanstak 5, går ca 4 steg på del 1 før dei startar på del 2. Men dei har også ein del 3 der dei byter side slik at adei står til venstre for kvarandre og venstre og høgre fot byter då rolle samanlikna med del 2 ovenfor. Dei byter frå del 2 (eller del 3) når guten har fronten i danseretninga til del 1 enten ved å trø eit bytomfotsteg på ei valsetakt (trø, trø, trø) medan dei byter handtak/side eller ved å ha tyngda på begge føtene på ei valsetakt medan dei skifter handtak/side. På videoen "Stegvals från Våla" bruker dei samdanstak 1. Vi har ikkje sett at guten dansar bakover slik som i del 3 i Stigvals (Finnmark).

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Sex bussar  (finsk)
    Denne rekkjedansen var finsk samdans på Nordleik 2009, frå Tenala i Finland. Kan dansat med 6 eller 8 par. Vi bruker gåsteg, figurersteg frå ril ("engelskasteg") og springsteg. Vi stiller opp på to liner vendt mot kvarandre, gutane på høgre side sett frå musikken, og jentene på venstre. Når vi startar, held vi saman hand i hand med det lette taket. Dei som står i enden av ei line har ledig hand i sida med fingrane bakover. Video, omtale etc her.
     1.
    Komplimang og sidebyte
    Linene går mot kvarandre på 3 gåsteg (starte på venstre) og set høgre inntil på fjerde med lett kompliment (gutane bøyer seg framover og jentene neier). Så går alle tilbake (rygger, startar med høgre) til utgangsstillinga. Så slepper vi taket og byter plass med eigen på 8 gåsteg (byrje på venstre). Vi går til venstre for kvarandre og snur medsols inn på plass, og alle tar saman med det lette taket att.  Dei som står i enden av ei rekkje, tar ned handa som var i sida, etter eit par steg. Så går vi igjen mot kvarandre, helsar lett, rygger tilbake, og byter plass med eigen slik som første gongen. Når vi kjem tilbake på plass snur vi kortaste veg mot kvarandre, jente mot jente, og gut mot gut parvis.
    2. Figurering og "slingring" på rekkje
    I denne turen har vi hendene i sida heile tida. Først dansar vi 14 figurersteg frå ril (engelskasteg) og 3 apellar. På 64 korte springsteg dansar vi no "slingring" eller "siksak" til vi kjem tilbake til eigen plass. (Det passar akkurat med musikken dersom vi er 8 par. Det er 4 steg per takt - altså "rask springing".) Jenterekkja og guterekkja dansar kvar for seg. Alle startar samtidig og spring 4 steg på skrå framover mot høgre (starte med å krysse venstre fot over)forbi motkomande dansar. Så spring vi 4 steg på skrå framover mot venstre forbi neste motkomande dansar, så igjen mot høgre ved å starte med venstre litt i kryss, og så vidare. Når vi kjem til enden snur vi (mot venstre)og dansar fire springsteg om lag på staden, før vi igjen byrjar på nytt mot høgre ved å krysse venstre over. Alle må danse likt, slik at vi heile tida held fine rekkjer.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Gammel sekstur  (dansk)
    Denne kvadrilje-dansen var dansk samdans på Nordleik 2009. Fire par stiller opp i ein firkant. Paret nærast musikken er par 1, paret midt imot er par 2, paret til høgre sett frå musikken er par 3. Hurresteg, sidesteg og gåsteg. Vi brukar Det lette taket (i stor ring), og vanleg samdanstak 1 når vi dansar hurresteg parvis. I einhands jentemølle tar vi saman høgre i høgre med jenta rett overfor, og venstre handa om overarmen til jenta framfor. Når vi nyttar livtak, tar alle saman bak ryggen på næraste dansar, slik at høgre armen kjem øvst. I kjeda bruker vi lavt handtak. Video, omtale etc her.
    1. Stor ring med 16 hurresteg
    Vi dansar 16 hurresteg med sola i stor ring, det lette taket.
    Refreng
    a) Par 1 og par 2 tar saman parvis med begge hender og dansar sidesteg slik at dei byter plass med kvarandre på 4 sidesteg (jentene rygg mot rygg). Så dansar dei sameleis tilbake (gutane rygg mot rygg). Samtidig med at dette skjer, dansar par 3 og 4 hurresteg rundt på eigen plass (8 hurresteg). Deretter dansar par 3 og 4 slik par 1 og 2 gjorde, og par 1 og 2 slik som par 3 og 4 gjorde.
    b) Alle dansar så vanleg høgrehands kjede rundt ringen ein gong (lavt handtak).
    2. Einhands jentemølle
    Jentene tar saman inne i kvadrilja og dansar einhands jentemølle (så mange gonger dei rekk) på 16 hurresteg. Dei avsluttar med å stille utatt på eigen plass. Refreng.
    3. Gutering med livtak
    Gutane tar saman inne i kvadrilja med livtak og dansar medsols rundt (så mange gonger dei rekk) på 16 hurresteg.  Dei avsluttar med å stille utatt på eigen plass. Refreng.
    4.
    Stor ring med livtak
    Alle tar saman med livtak (høgre arm over) og dansar ein gong rundt på 16 hurresteg.
    Avslutning

    Til slutt dansar alle 16 hurresteg med eigen.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Åttamannadans från Ödsmål (svensk)
    Denne "engelskan" var svensk samdans på Nordleik 2009. Fire par stiller opp i ring med det lette taket (hendene i skulderhøgde). Stega er 3 springsteg og hopp (nokså nær reinlendersteg) gjennom heile dansen. Musikken kan vere ein "engelska" med 8 takters vek (eller ein reinlender). Vi bruker det lette taket og dobbelt handtak (begge i begge). Video, omtale etc her.
    1. Stor ring med sola og mot sola
    Vi dansar 8 springsteg med hopp med sola (startar på venstre) og så 8 steg tilbake igjen.
    2. Rundt parvis
    Med dobbelt handtak dansar vi parvis rundt medsols 2 gonger på staden på 4 springsteg med hopp. Så slepper vi taket og gutane flytter motsols på ringen fram til neste jente, medan jentene flytter seg medsols fram til neste gut. Dei tar saman begge i begge og para dansar motsols rundt 2 gonger med den nye partnaren sameleis som første gong. Så rykker vi alle "fram" på nytt og dansar rundt medsols. Så rykker vi igjen fram og dansar rundt for fjerde gong, denne gongen motsols. Til slutt rykker vi igjen "ein plass fram".
    3. Parvis på ringen medsols og motsols
    Gutane er no på utsida av ringen, og tar saman "arm i arm" med si høgre hand (jentas venstre) den neste jenta. Dei snur medsols langs ringen og dansar parvis hand i hand 8 springsteg med hopp. Så snur vi 1/2 gong rundt medsols, og dansar sameleis tilbake 8 springsteg med hopp.
    4.
    Stor ring med sola og mot sola
    Tur 4 er lik tur 1.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Åtte man engel (svensk/finsk. Österbotten))
     Fire par stiller opp i ring. Par 1 er nærast musikken, par 2 lengst frå musikken, og par 3 til venstre sett frå musikken.  Dei to første A-par, dei to siste B-par. Jentene snur seg rett inn i ringen, og gutane stiller seg rett bakom jentene sine. Gutane rekker hendene fram under jentene sine armar og jentene tar tak i hendene til gutane frå undersida med tommelgrep. Armane skal vere høgt oppe, ikkje i midja. Vi brukar sidesteg og kryssteg/hurresteg ("polskasteg") og springsteg. I denne dansen dansar A-para og B-para til dels ulike ting.
    1. Tur 1 
    (Del a) og b) blir dansar samtidig. Først dansar A-para del a) og B-para del b). Deretter omvendt.)
    a)
    Par 1 og 2 dansar først 8 små sidesteg mot høgre (starte med appell), så 8 sidesteg til venstre (forbi utgangsplassen og ut til hjørnet), vidare mot høgre att til hjørnet, og til slutt 8 sidesteg mot venstre tilbake til sine plassar.
    b)  Jente 3 og gut 4 spring mot kvarandre (byrjar på høgre) på 4 springsteg (guten til høgre for jenta si), tar saman med venste hand i venstre, og høgre hand på den andres høgre skulder, og dansar hurresteg ("polska") medsols i midten av firkanten (takt 9-16). Så spring dei tilbake til eigen (byrjar på venstre) på 4 springsteg, tar så saman høgre i høgre, og venstre hand på skuldra, og dansar hurresteg ("polska") motsols, og stiller til slutt inn på plass slik at guten står fremst med same type tak som dei starta med.
    Så dansar vi det same ein gong til, men no dansar par 1 og 2 del b) og par 3 og 4 del a). No blir det jente 1 og gut 2 som dansar saman i midten.
    Så dansar vi det same ein tredje gong, no dansar par 1 og 2 del a) og par 3 og 4 del b). Dei som ikkje dansa saman i midten første gongen, gjer det no.
    Så dansar vi det same ein fjerde gong, no dansar par 1 og 2 del b) og par 3 og 4 del a). Dei som ikkje dansa saman i midten første gongen, gjer det no.
    c) Kjede. Alle para dansar no høgre hands kjede ringen rundt på 24 gåsteg (byrje på høgre fot). Når vi møter eigen, tar vi saman venstre i venstre og høgre hand på skuldra til den andre, og dansar hurresteg medsols på eigen plass (takt 5-8). Så dansar alle igjen kjede tilbake (byrje på venstre, og venstre hand til eigen) på 24 gåsteg. Når vi igjen møter eigen på eigen plass, tar vi saman høgre i høgre og venstre hand på skuldra og dansar hurresteg ("polska") motsols (takt 13-16).
    2. Tur 2
    Par 1 og 2 dansar sidesteg som i tur 1a, medan jente 3 og gut 4 dansar "polska" medsols i midten slik som i tur 1b) (gut 4 stiller seg fremt inn på plass). Så dansar par 3 og 4 sidesteg som i tur 1a), medan jente 1 og gut 2 dansar "polska" medsols i midten som i tur 1b). Gut 2 stansar framfor si jente etter "polskan". Så dansar par 1 og 2 igjen sidesteg som i tur 1a), medan jente 4 og gut 3 dansar "polska" medsols i midten slik som i tur 1b). Gut 3 stiller seg framfor jenta si til slutt. Så dansar par 3 og 4 sidesteg som i tur 1a), medan gut 1 og jente 2 dansar "polska" i midten medsols som i tur 1b). Gut 1 stillerseg framfor jenta si til slutt. Siste del i denne turen er den same som 1c).
    3.
    Tur 3 Polska i stor ring
    Alle tar no saman til ring med dobbelttak ("Ola Glomstulen-tak"), høgre arm over. Først går alle 12 gåsteg medsols (byrje på høgre fot). På dei to siste taktslaga i veket gir leiaren teikn med to appellar, og alle dansar vidare med hurresteg til veket er slutt. Når vi så byrjar på neste vek står vi i ro og dansar 3 hoppsteg med jamsides føter medan vi klappar, før vi igjen tar saman med dobblettak (venstre arm over) og går med 9 gåsteg  (byrje på høgre), og derpå hurresteg resten av veket. Så blir det 3 hopp /klapp i starten av neste vek igjen, og så dansar vi den siste delen ein gong til (byrje på venstre) , først medsols og så motsols tilbake til eigen plass (byrje på høgre).

    NB! Ved framsyning er det vanleg å kutte ut tur 1. Det er vanleg å gjere det elles også.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Stockrosen
    Svensk turdans – vals – i alt 8 .takter x 4. Dans på stor ring. Bytedans.
    Lært av Mikke i Stockholm i pinsa 2009.
    Vi står parvis på stor ring. Over alt valsesteg. Startar på venstre.
    Del 1
    . Med tommelgrepet dansar vi parvis rundt på staden medsols 4 valsesteg, byter hand og dansar 4 valsesteg tilbake motsols.
    Del 2.
    Vi tar saman med samdanstak 1 og dansar 2 valsesteg sidelengs inn mot sentrum av ringen, og så 2 steg sidelengs ut att. Dette dansar vi eing gong til.
    Del 3
    . Alle tar saman til stor ring med det lette taket, og så dansar vi 4 valsesteg (starte med venstre) langs ringen medsols, og deretter 4 valsesteg motsols.
    Del 4.
    No dansar vi vanleg høgrehands kjede langs ringen (guten motsols og jenta medsols). Vi stoppar framfor 7. personen (medrekna eigen), gjer lite komplimang, tar tommelgrepet, klar til å byrje dansen på nytt.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    BINGO
    Svensk turdans – vals. Dans på stor ring. Bytedans.
    Lært av Mikke i Stockholm i pinsa 2009.
    Vi står parvis på stor ring. Over alt valsesteg. Startar på venstre. 

    Del 1. Alle held saman i stor ring  med det lette taket, front inn mot sentrum av ringen. Vi dansar først eit valsesteg rett inn, og så eit valsesteg rett ut att (rygger). Så dansar jenta forbi guten (framfor) og inn att til høgre for guten på 2 valsesteg (guten trør stega på staden). Dette dansar vi i alt 4 gonger. (2 x 8 takter)

    Del 2. Vi tar saman venstre i venstre med framandog byter plass på 2 valsesteg medsols rundt, slik at vi står med fronten mot kvarandre. Så dansar vi eit lite valsesteg mot sentrum av ringen og eit tilbake ut att. (4 takter)

    Del 3. Alle tar saman med samdanstak 1 og dansar 2 sidesteg inn mot sentrum av ringen, og så 2 sidesteg frå sentrum tilbake att.

    Del 4. Så dansar vi vanleg høgrehands kjede med gåsteg (?), samtidig med at alle reknar høgt: B (på den første vi møter), I (på den andre), N (på den tredje), G (på den fjerde) og O (på den femte). Då blir det litt musikk til overs og vi får tid til å gje den siste vi møtte ein skikkeleg klem. Så byrjar dansen på nytt.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Vals på Sunnanø
    Svensk turdans – vals (Det går en dans på Sunnanø). Ein nokså ny dans. Dans på stor ring. Bytedans.
    Lært av Mikke i Stockholm i pinsa 2009.
    Vi står parvis på stor ring. Over alt valsesteg. Startar på venstre.

    Del 1. Alle held saman parvis på stor ring  med det lette taket, front i danseretningen. Vi dansar 4 valsesteg framover langs ringen (ikkje peikesteg). Så dansar vi 4 valsesteg to gonger rundt medsols. Dette dansar vi ein gong til. (2 x 8 takter)
    Del 2. Vi held saman med det lette taket og jenta dansar rundt under armen  (medsols) på 2 valsesteg, så snur vi mot kvarandre (jenta ryggen ut av ringen) og tar samdanstak 1 og dansar 2 sidesteg i danseretninga, og så rundt saman to gonger på 4 valsesteg. Dette dansar vi ein gong til men no er det guten som går rundt under armen. (2 x 8 takter).

    Del 3. Alle tar saman med det lette taket på stor ring med fronten inn i ringen, og vi dansar vanleg einkel norsk familievals 1 gong (mot framand, mot eigen, mot framand mot eigen, og 4 valsesteg to gonger rundt med framand og byte plass).  Så byrjar dansen på nytt.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Enkedansen
    Svensk turdans – polkamusikk. Dans på to rekkjer. ”Bytedans”. Par + ei ekstra jente (enka)
    Lært av Mikke i Stockholm i pinsa 2009.
    Stiller oss opp parvis på to rekkjer med ca 1,5 m avstand (gutane til høgre sett frå musikken). Lengst nede står det ei jente med ryggen mot musikken straks nedanfor det nedste paret.

    Når musikken startar (frisk polka) tar det øvste paret (nærast musikken) saman med samdanstak 1 og dansar  sidelengs på utsida av oppsettet (på gutesida). Når dei passerer ”enka” byter guten jente, slik at han dansar vidare med enka, og den han dansa med før blir ny enke. Så dansar dei vidare på same måten opper på jentesida av oppsettet, og så nedover att mellom jente- og guterekkja, og stiller seg inn på plass som nedste paret. Når eit par har dansa nokre polkasteg (1/2 – 1 vek), startar neste par å danse. Det treng ikkje vere same avstand mellom para som dansar.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Norsken
    Einkel svensk valsevariant frå Rogstad. Pardans. Vanleg valsemusikk Valsesteg gjennom heile dansen. Dansen står også på den svenske Internettsida "Dansbeskrivelser"
    Dansemåte:

    Vi står parvis i stor ring og held saman med det lette taket (den andre handa i sida). Vi dansar framover og litt frå kvarandre på eit valsesteg (byrjar på yste foten), og framover og litt mot kvarandre på neste valsesteg. Så slepper vi handtaket og dansar rundt oss sjølv (og litt framover) på to valsesteg, guten motsols og jenta medsols. Så tar vi saman med samdanstak 1 og dansar 8 valsesteg rundt langs ringen i danseretninga, medsols eller motsols rundsnu.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Totur frå Holt
    Denne dansen står i "Norske Folkedansar. Turdansar." Kryssteg, figurersteg (SSS). Hoftefeste med tommel bakover. Figurersteget er slik: Vi trør på venstre litt framom høgre foten, så trør vi nedatt på høgre, og til slutt trør vi på venstre inntil høgre med ein lang mjuk svikt (same sviktmønster som i hamborgar). Det neste figurersteget blir tilvarande på motsett fot. Det har også vore vanleg å trø figurersteget med dobbelsvikt på tredje trinnet., og snu litt meir mot høgre og mot venstre.
    Oppstilling
    Vi stiller opp to par i ring med det lette taket.

    1. Ring med lette taket og figurering
    Vi dansar 6 kryssteg medsols og stoppar på 3 appellar. Så dansar vi 6 kryssteg motsols og tre appellar. Alle slepper takket, tar hoftefeste og snur mot eigen på den lange tonen i musikken. Så figurerer vi ot eigen med 4 figurersteg. På slutten av siste figurersteget snur alle rundt på høgre foten slik at vi får front mot framand (guten snur 3/4 gong med sola, og jenta mot sola.. Så dansar vi 4 figurersteg med framand.
    2. Ring med tommelgrep og figurering
    Som tur 1 med den skilnaden at vi held saman med den vi står tvers overfor med tommelgrep, først med høgre hand, så med venstre.
    3. Ring med dobbeltgrep og figurering
    Som tur 1 med den skilnaden at vi held saman med den vi står tvers overfor med "begge i begge".
    4. Ring  med klapping og figurering
    Som tur 1 med den skilnaden at vi ikkje held saman, men klappar i hendene (handflata opp/ned).
    5. Ring  med tommelgrep
    Som første del av tur 1 (utan figurering).

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Feiar frå Vestlandet
    Denne dansen står i "Norske Folkedansar. Turdansar." Gåsteg II (Ss), hoppsteg og bytomfotsteg frå feiar (SSSs). Hoftefeste med tommel framover.
    Oppstilling
    Vi stiller opp parvis etter kvarandre på stor ring med det lette taket.. Like antal par. Vi kan snu oss mot kvarandre før dansen byrjar, så veit vi kven som dansar saman første gongen. Eller vi tel opp par 1, par2.

    1. Med og mot sola på stor ring
    Vi dansar 3 bytomfotsteg  med vendingar og så to gåsteg med appell på stor ring. Vi byter hand og sansar tilsvarande medsols på stor ring.
    2. Mølle med og mot sola
    Så dansar par 1 og par 2 høgre hands mølle (tommelgrep) med sola (8 hoppsteg), klappar i hendene på første taktslaget i nytt vek, byter hand og dansar sameleis tilbake motsols.
    Byte plass med port i det dansaen startar på nytt
    Dei to para som dansa saman, skal no byte plass på eit bytomfotsteg. Par 2 (dei som har ryggen i danseretninga) løfter hendene høgt til port, og det andre paret , par 1, smett under og forbi.På andre svikten i siste trinnet av bytomfotstegetsnur gut2 og jente2 mot kvarandre, byter handtak og dansar framover medsols på den store ringen bak par 1. No har tur 1 byrja på nytt. I tur 2 blir det to nye par som dansar saman.
    Tilbake til toppen av dokumentet


    Krabbelur
    Denne dansen står i "Norske Folkedansar. Turdansar." Gåsteg, sluttsteg og springsteg.
    Oppstilling
    Fire par i kvadriljeoppsett med det lette taket.
    Inndeling med sola 1, 2, 3, 4. Jenta held med ledig hand i stakken, guten har lågt hoftefeste.

    0. Oppbyding. Par 1 og par 3 går mot kvarandre (startar på venstre) på tre gåsteg og sluttsteg med lett bøying som helsing. Så gjer dei det same attover (rygger). Dette tar til saman 4 takter. Så gjer par 2 og 4 tilsvarande.
    1. Kjede med 3 - einarjente i midten

    Einarjentatar venstre armkrok med guten sinog svingar rundt ein heil gong medan dei dansar seg inn mot midten av kvadrilja. Ho slepper så guten og dansar rundt med jente 2 med høgre armkroktak. Så med guten sin i midten, og deretter rundt høgre i høgre med gut2. Slik held dei fram til jente 1 har dansa rundt med gut4. Dette tar 24 takter.
    2. Kjede med 3 - einargut i midten
    Straks første omgang er ferdig, byrjar gut 1 med venstre armkrok med jenta si som kjem mot han. Og no dansar guten sameleis som jenta med alle dansarane ringen rundt. 24 takter.
    3 - 8. Kjede med 3 - dei andre i midten etter tur
    Alle dansar no etter tur som midtperson slik som i tur 1 og 2. Godt samspel. Når gutane dansar saman set dei båe føtene i golvet med appell. Beint mot kvarandre under figureringa.
    Den som "står" i midten, trør heile tida stega på staden.
    Avslutning. Dei dansar no slik som under oppbydinga. Så takkar gut og jente kvarandre for dansen slik: Guten tar jenta si høgre og legg henne i si venstre med handflata opp. Så klappar guten si flate hand i jenta si høgre.Så legg jenta si venstre oppå handbaken til guten og snur hendene rundt. Guten tar venste handa si bort, og jenta slår høgre handa si i guten si høgre.
    Tilbake til toppen av dokumentet


    Sunnmørsreinlender
    Denne dansen står i "Norske Folkedansar. Turdansar." Reinlendersteg med hopp (SSShs), eintktssnu frå reinlender (STS STS) og hoppsteg. Samdanstak 1. Ledig hand har hoftefeste i sida med tommelen framover. Samdanstak 1 i runddansen. Guten startar alle turar på venstre fot og jenta på høgre. Dansen liknar mykje på Gamal reinlender.
    Oppstilling
    Vi stiller opp parvis på stor ring med det lette taket.

    1a. Side om side framover
    Vi dansar side om side framover to bytomfotsteg og 4 hoppsteg. Dette dansar vi to gonger.
    1b. Framover og så rundt
    Vi dansar side om side framover to reinlendersteg. Så dansar vi rundt med eintaktssnu to gonger på 4 reinlendersteg Dette dansar vi to gonger.
    2. Jenta under armen - så guten - og så rundt
    Vi dansar to reinlendersteg framover. På første steget snur jenta ein gong motsols under armen. På andre steget snur guten under armen. Så dansar vi rundt to gonger som i tur 1b. Dette dansar vi til saman fire gonger.
    3. Framover og rundt kvar for seg - og så rundt
    Vi dansar framover to reinlendersteg. På første steget slepper vi kvarandre og dansar ein gong rundt, jenta medsols og guten motsols (guten har armane i kross og jenta hendene i sidene). På andre steget tar vi saman med det lette taket og dansar rett framover att. Så dansar vi rundt to gonger som i tur 1b. Dette dansar vi i alt fire gonger.
    4. Med krossvendingstak byte plass - og så rundt
    Vi tar saman med krossvendingstak (venstre handpar øvst) og dansar to reinlendersteg på staden. På første steget krysser jenta over på guten si venstre side, på neste tilbake att. Guten trør stega på staden. Så dansar vi rundt to gonger som i tur 1b. Dette dansar vi i alt fire gonger.
    5. Knefallsturen
    Guten trør fram på venstre fot med appell og set høgre kne i golvet. Samtidig startar jenta å danse rundt guten på to reinlendersteg. På slutten av siste steget byrjar guten reise seg. Så dansar dei rett framover på fire hoppsteg. Dette blir så dansa fire gonger.
    6. Utslagstur med løfting
    Vi slepper taket og guten dansar eit reinlendersteg inn mot sentrum av ringen, jenta utover (guten har armane i kryss og jenta har hoftefeste med begge hendene). Så dansar dei neste reinlendersteget mot kvarandre att. På 3. svikten i steget klappar guten i hendene. Så tar vi saman med samdanstak 1, jenta knyter handa i i guten si. Vi dansar så rundt. Dei to første stega blir dansa som vanleg. På første bøyinga i tredje steget, bøyer dei, tar sat og jenta hopeer og guten løfter. I det jenta hopparhar dei kome 1/2 gong rundt. Under løftet roterer dei vidare slik at jenta har kome om lag på plassen sin når ho landar. Dette dansar vi i alt fire gonger.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Figaro med to møller
    Denne dansen står i "Norske Folkedansar. Turdansar." Stoppesteg, bytomfotsteg frå polonese (SSS), bytomfotsteg frå trippevals (SSS) og vals (STS). Samdanstak 1. Lavt hoftefeste for guten.
    Oppstilling
    To par stiller opp med front mot kvarandre arm i arm (sida mot musikken). Alle andre stiller bak desse slik at det blir to (like lange) parrekkjer. Den rekkja ein står i når dansen tar til kallar vi eiga rekkje, den andre framand. I første omgang av dansen dansar berre eit oppsett (dei to para i midten). I seinare omgangar blir det to oppsett som dansar.

    Første omgangen
    1. Ring med og mot sola

    Dei to para i midten tar saman med det lette taket til ring og dansar 3 stoppesteg (startar på venstre) med sola pluss lett helsing på fjerde takta (guten helsar på framand jente). Så dansar dei tilsvarande motsols (startar på venstre).
    2. Fram på tvers, kjede og mølle
    Dei to para slepper kvarandre, og snur slik at dei står på bein line ”arm i arm” vendt mot musikken, og dansar rett mot musikken på 4 stoppesteg (startar på venstre), og snur mot kvarandre på 3 stoppesteg og lett helsing på fjerde takta. Så dansar oppsettet kjede på 16 bytomfotsteg (frå trippevals). Dei tar så saman med det lette taket og dansar høgre hands mølle medsols (6 bytomfotsteg frå polonese). Dei slepper taket, trør eit sluttsteg og dansar tilsvarande venstre hands kjede tilbake att. Under mølla syng ein: ”Alting i verden jeg så jeg glemmer , men pigerne glemmer jeg aldrig”.
    3. Vals rundt kvarandre og tilbake på plass
     No er det to vek valsemusikk ( 16 takter eller 24 takter). På det første veket dansar dei to para tett rundt  kvarandre på staden. På det neste veket skjer to ting samtidig. Alle som står i dei to rekkjene dansar 3 stoppesteg bakover og gjer lett helsing og står så i ro. Samtidig dansar dei to para tilbake i opninga imellom dei to rekkjene (tilbake til framand rekkje) på 4 stoppesteg og 3 stoppesteg for å kome på plass og lett helsing mot det paret dei no skal danse saman med. 
    Dei andre omgangane
    Det blir no to oppsett som dansar ”ved sida av kvarandre” slik som i første omgang. På det siste veket i valsen dansar dei to ”gamle” para vals vidare slik at dei vert ståande bakerst i framand rekkje. Dei to ”nye” para dansar med 4 (el 8) stoppesteg inn mellom rekkjene og 3 stoppesteg for å snu inn på plass, og byr opp nye par med lett helsing. Samtidig, når siste veket startar, dansar dei to rekkjene mot kvarandre på 3 stoppesteg og lett helsing.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Figaro med ei mølle
    Denne dansen står i "Norske Folkedansar. Turdansar." Stoppesteg, bytomfotsteg frå polonese (SSS), bytomfotsteg frå trippevals (SSS) og vals (STS). Samdanstak 1. Lavt hoftefeste for guten.
    Oppstilling
    To par stiller opp med front mot kvarandre arm i arm (sida mot musikken). Alle andre stiller bak desse slik at det blir to (like lange) parrekkjer. Den rekkja ein står i når dansen tar til, kallar vi eiga rekkje, den andre framand. I denne dansen er det berre to par som dansar i kvar omgang.

    1. Ring med og mot sola
    Dei to para i midten tar saman med det lette taket til ring og dansar 3 stoppesteg (startar på venstre) med sola pluss lett helsing på fjerde takta (guten helsar på framand jente). Så dansar dei tilsvarande motsols (startar på venstre).
    2. Fram på tvers, kjede og mølle
    Dei to para slepper kvarandre, snur slik at dei står på bein line ”arm i arm” vendt mot musikken, og dansar rett mot musikken på 4 stoppesteg (startar på venstre), og snur mot kvarandre på 3 stoppesteg og lett helsing på fjerde takta. Så dansar oppsettet kjede på 16 bytomfotsteg (frå trippevals). Dei tar no saman med det lette taket og dansar høgre hands mølle medsols (6 bytomfotsteg frå polonese). Dei slepper taket, trør eit sluttsteg og dansar tilsvarande venstre hands kjede tilbake att. Under mølla syng ein: ”Alting i verden jeg så jeg glemmer , men pigerne glemmer jeg aldrig”.
    3. Vals rundt kvarandre og bakerst i rekkjene
     No er det 2 vek med valsemusikk (16 el 24 takter til saman). På det første veket dansar dei to para tett rundt  kvarandre på staden. På det andre veket skjer to ting samtidig. Dei para som no dansar, dansar vals og stiller seg bakerst i framand rekkje. Alle i dei to rekkjene dansar 3 stoppesteg framover og gjer lett helsing med paret dei møter, tar saman i ring med det lette taket, og står så i ro og ventar til valsen er slutt.
    Tilbake til toppen av dokumentet


    Østlandsrilen frå Holt
    Denne dansen står i "Norske Folkedansar. Turdansar." Rilsteg (Shs), hamborgar (SSS), sidesteg II (ST). Lette taket. Ledig hand fritt.
    Oppstilling
    Tre par i ring med sola med det lette taket.

    1. Ring med og mot sola
    Vi dansar 16 rilsteg med sola (byrje på venstre), snur så på høgre, og dansar likeeins tilbake mot sola. På siste steget slepper jenta taket med framand og snur motsols mot guten sin på høgre foten.
    2. Figurere med eigen og framand
    Vi figurerer med eigen 4 hamborgarsteg på staden (held same handtaket som før). På slutten av fjerde steget slepper dei handtaket og snur mot framand (snur innover i ringen). Vi tar saman høgre i høgre med framand, og figurerer 4 hamborgarsteg.
    3. Kjede to gonger rundt
     Vi dansar no kjede to gonger rundt (starte med venstre) gutane mot sola og jentene med sola på 8 hamborgarsteg. Når vi møtest andre gongen tar vi venstre i venstre og snur 1/2 gong rundt mot sola inn på plass.
    4. Figurere med eigen og framand og kjede så lenge vi vil
    Vi dansar opp att tur 2 og 3 så mange gonger vi vil. Til nokon klappar i hendene.Når vi byrjar figurere med eigen, tar guten si høgre hand i jenta si venstre, slik som ved første gongs gjennomdansing.
    5. Ring med og mot sola - sidesteg
    Vi tar saman til ring med det lette taket som i starten av dansen og dansar 7 sidesteg og sluttsteg mot venstre. Så dansar vi 6 sidesteg og tre appellar (HVH) mot høgre.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Skånsk mazurka
    Denne svenske pardansen finst på internett  www.folkdans.se Dalsteg, fryksdalssteg og springsteg (eller mazurkasteg). Det lette taket og midjetak.
    Vi stiller på stor motsols ring, med det lette taket.

    1. To dalsteg og rundt - to gonger
    Med det lette taket dansar vi to dalsteg framover (yste fot i golvet først). Så slepper vi taket og dansar ein gong rundt oss sjølv (guten motsols og jenta medsols). Vi dansar litt framover samtidig med at vi dansar rundt. Det blir V-H-V for guten og H-V-H for jenta. Alt dette dansar vi ein gong til.
    2. To fryksdalssteg fram og så rundt
    Vi tar einkel midjetak og dansar to fryksdalssteg framover (Varsovienne-steg). Så dansar vi saman ein gong medsols rundt på 6 springsteg (eller to svenske mazurkasteg).
    Tilbake til toppen av dokumentet


    Firetur frå Landvik
    Denne dansen står i "Norske Folkedansar. Turdansar." Gåsteg II (med dobbelsvikt), gåsteg, rilsteg, figurersteg med 3 eller 4 sviktar, vals.
    Dansen har ein del som skifter frå tur til tur, og ein del ("omkvede") som går igjen etter kvar skiftande del.
    Dansen kan dansat med 4 par i ring, eller med alle par i stor ring.

    1. Ring med og mot sola

    Alle tar saman med det lette taket og dansar med gåsteg II (startar på venstre) motsols 8 gåsteg, snur så snøgt på høgre fotbladet og dansar på tilsvarande vis tilbake.På åttande steget snur guten 1/2 gong mot venstre mot framand jente. (Det åttande steget kan både gut og jente bruke vanleg gåsteg.).
    Fast del /"omkvede"
    Alle figurerer 4 figurersteg med framand (guten har armane i kryss over brøstet og jentene held stakken ut til sidene). På siste trinnet snur dei ein halv gong, guten mot venstre og jenta mot høgre, slik at dei får front mot eigen.Så figurerer alle 8 rilsteg (eller 4 figurersteg) med eigen. Så tar alle høgre olbogetak med framand går (vanlege gåsteg) rundt 1/2 gong med framan, så 1/2 gong med eigen(venstre albogetak) og så igjen 1/2 gong med framand. No går gut og jente mot kvarandre på to vanlege gåsteg,  og dei støyper ljos på to takter. Så tar dei saman med samdanstak 2 og dansar vanleg vals i 12 (eller 16) takter. Dei stoppar med fronten mot kvarandre og slepper samdanstaket.

     2. Rundt kvarandre parvis
    Vi legg høgre armen rundt livet på kvarandre, og løfter venstre armen, og går med gåsteg II rundt kvarandre med sola på 8 gåsteg (startar på venstre), snur så mot kvarandre, legg venstre armen rundt livet på kvarandre og går motsols tilbake 8 gåsteg II. På siste gåsteget løyser dei opp taket og vender seg mot framand klar til figurering. Så omkvede.

    3. Ring med og mot sola med handa i veret
    Vi dansar 8 gåsteg II i ring med sola medan vi held venstre hand i aksehøgd med bøygd olboge og hoftefeste med høgre hand (tommelen bakover). Så snur alle på høgre fotbladet og går på tilsvarande vis tilbake (høgre handa i veret).  Så omkvede.

    4. Ring med og mot sola med begge hendene  i veret
    Vi dansar på tilsvarande måte som i tur 3 men har nå begge hendene i veret. Så omkvedet.

    5. Ring med og mot sola med klapping
    Vi dansar tilsvarande tur 3, men nå klappar vi i hendene - eit klapp for kvart steg (eine handa over og den andre under). Så omkvede.

    2. Rundt kvarandre parvis
    Vi dansar sameleis som tur 2. Ikkje omkvede til slutt.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Posties Jig

    Dette er ein skotsk  dans. Han blir visstnok i Noreg også kalla ”Stolpedansen”. Han vinst i ei fin video-innspeleing på Internett: http://www.youtube.com/watch?v=3stc0bK-9xM. Musikken er ein frisk Jig. Det er naturleg for oss å bruke eit lett bytomfotsteg med god svikt (i staden for dei typiske skotske bytomfotstega).
    Oppstilling: Vi stiller opp fire par som til rekkjedans. Gutane står til høgre sett frå musikken og jentene til venstre. Vi kan telje opp 1, 2, 3 og 4. Det er dei to para som er i kvar ende (par 1 og 4) som startar å danse kvar omgang, men i starten av dansen rykker ”midtpara” ut til enden og blir ståande der (som stolpar eller hjørne) til omgangen er ferdig. Det er altså dei to para som startar, som dansar ”aktivt” gjennom heile omgangen. Dansen går i godt tempo utan stopp. Guten og jenta i eit par dansar heilt ”symmetrisk” gjennom heile omgangen. Dei to para dansar også ”symmetrisk”. Når to dansarar held saman, er det alltid med det lette taket (kan bruke albogetaket når dei dansar rundt med stolpen). Alle ”små element” i dansen tar to bytomfotsteg – til dømes å danse gjennom ein port, eller rundt med ein stolpe. Kvart lite element startar med ”høgre-bytom-fot”. Det lette taket er i skulderhøgde.

    Sjølve dansen. Dei ”aktive” dansarane (dei som står i enden av oppsettet i starten av omgangen) dansar først to bytomfotsteg på staden (startar på høgre fot), snur så utover frå oppsettet (kastar av) og dansar så rundt den næraste dansaren som i det same flytter seg ut på enden av oppsettet (dei tar ikkje saman). Så krysser dei over til motsett side (jenta har forkjørsrett) og rundar den dansaren som står i enden (stolpen) utan å ta saman, motsols. Så tar dei saman med den dansaren dei møter (av same kjønn) og dansar på tvers gjennom det andre ”paret” (gutane lagar port). Så slepper dei taket og dansar rundt den næraste dansaren ”på enden” – ”sin stolpe”. Denne gongen tar dei saman med det lette taket, og ”stolpen” dansar også rundt på staden (på to bytomfotsteg og sluttsteg). No møter dansarane sin eigen partner ved enden av oppsettet, og dei tar saman med det lette taket og dansar gjennom kvarandre på langs mellom rekkjene (det paret som dansar mot musikken lagar port – port 2). Komen gjennom porten, dansar dei aktive igjen rundt med ”sin stolpe” (dei held saman) og tar deretter saman med den dansaren dei møter (av same kjønn), og dansar så ”port” på tvers av oppsettet (port 3). Så dansar dei igjen rundt med ”sin stolpe”, møter igjen eigen partnar og dansar på nytt gjennom ein port på langs mellom oppsetta (igjen er det dei som dansar mot musikken som lagar port – den 4. og siste). Så dansar dei vidare rundt med sin stolpe. (Nå startar avslutninga, som foregår inne i oppsettet.) Når dei nå møter ein dansar, tar dei ikkje saman, men dansar på tvers av oppsettet, og dansar forbi eigen partnar (høgre i høgre), bøyer så av 90 grader mot den dansaren dei møter, passerer han (same kjønn, med venstre i venstre), møter så eigen dansar med høgre i høgre og dansar ein heil gong rundt og ryggar inn på plass. Dei to aktive dansepara har no bytt plass.

    Når dansen sluttar bukkar gutane mot eigen, og jentene neier.
    Det er viktig at ”stolpane” følgjer godt med og er klar til å danse rundt med dei aktive dansarane.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Auretti Dutch Skipper
    Dette er ein engelsk ”country dance” med røter i Nederland.

    Oppstilling: Rekkjedansoppstilling. Gutane står til høgre sett frå musikken, og jentene til venstre. Inndeling 1,2,1,2… Vanleg rekkjedansprogresjon. Gåsteg og ”skipping steps”. ”Skipping steps” i element 1 – 4 (?).

    Element 1. Par 1 dansar nedover på innsida av rekkja (lette taket), kastar av rundt par 2, møtest igjen på eigen plass, tar saman begge i begge og dansar rundt medsols ein gong mellom rekkjene og inn på plass (16 steg).
    Element 2. Par 2 dansar oppover på innsida av rekkja (lette taket), kastar av rundt par 1, møtest igjen på eigen plass, tar saman begge i begge og dansar rundt medsols ein gong mellom rekkjene og inn på plass (16 steg).
    Element 3. Gut 1 tar saman begge i begge med jente 2, rundt ein gong medsols og ryggar inn på plass (8 steg).
    Element 4. Gut 2 tar saman begge i begge med jente 1, rundt ein gong medsols og ryggar inn på plass (8 steg).
    Element 5. Så trør alle eit sidesteg til høgre og tilbake to gonger på staden (8 steg).
    Element 6. Til slutt byter para1 og par 2 plass ved at dei går kjede med hendene lavt: Vi tar først høgre i høgre med eigen, så tar vi framand av same kjønn venstre i venstre på motsett side, og så møter vi igjen eigen partnar høgre i høgre, svingar rundt ½ gong medsols og inn på plass (8 steg).

    Så startar dansen på nytt att.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Skottis ur Myrdal (Islandsk)
    Pardans på stor motsols ring. (taktar i parentes)
    1) To lave bytomfotsteg framover langs ringen med krysstak (gutens høgre over) (1-2).
    2) Løyser opp med venstre hand, og dansar 3 gåsteg og inntil på fjerde medsols rundt med eigen dansar (3-4).
    3) Tar venstre i venstre og dansar tilsvarande motsols tilbake. (5-6)
    4) Tar samdanstak 1 og dansar rundt 1 gong på to bytomfotsteg i danseretninga (7-8).
    Kan reperterast så ofte ein vil.
    (Omtalen byggjer på det som vart lagt ut på Internett til Nordleik 2012.)

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Engelska från Stigetomta (svensk)
    Vi stiller opp parvis på stor ring.
    Tur 1: Vi tar saman i stor ring med lette taket og dansar 16 gåsteg medsols, byrjar med venstre fot. (innleiing, blir dansa berre ein gong)
    Tur 2: Vi tar saman høgre i høgre med eigen og går kjede (starte på venstre, nokså lavt handtak), og stoppar framfor nr 4 (eigen medrekna) og gjer tre kraftige apellar framfor den fjerde. Så dansar vi hurresteg (polska-tak)til veket er ute.
    Deretter dansar vi tur 2 ein (nokre) gong(er) til, før vi byrjar dansen på nytt.
    (Omtalen byggjer på det som vart lagt ut på Internett til Nordleik 2012.)

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Sekstur fra Nordfyn (dansk)
    Oppstilling 4 par i kvadrilje. Par 1 med rygg mot musikken, par 2 rett imot, par 3 til venstre for par 1 og par 4 til høgre for par 1. Bytomfotsteg, hurresteg og gåsteg. Dansen er med eit kort vers og eit lengre omk vede.
    1a (vers)  Vi tar saman til stor ring med det lette taket og dansar 16 bytomfotsteg ein gong rundt ringen (byrjar på venstre fot).
    1b (omkvede) Par 1 og 2 dansar mot kvarandre med eit bytomfotsteg (starte med venstre fot), tar så samdanstak 1 med motståande dansar og dansar rundt to gonger med 6 hurresteg, slepp og stig tilbake på plass. Så dansar par 3 og 4 det same som par 1 og 2. Til slutt i omvedet dansar alle vanleg høgrehands kjede (starte på venstre, litt lave handtak) ein heil gong rundt, og stoppar på eigen plass.
    2a Jente 1 og jente 2 dansar 16 hurresteg medsols, begge i begge.
    3a Jente 3 og jente 4 dansar 16 hurresteg medsols, begge i begge.
    4a Gut 1 og gut 2 dansar 16 hurresteg medsols, begge i begge.
    5a Gut 3 og gut 4 dansar 16 hurresteg medsols, begge i begge.
    Omkvedet er likt mellom alle turane. Dansen stoppar med kjeda i tur 5.
    (Omtalen byggjer på det som vart lagt ut på Internett til Nordleik 2012.)

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Kikari (finsk)
    Oppstilling 4 par i kvadrilje. Par 1 med ryggen mot musikken, par 2 til venstre for par 1, par 3 rett over, par 4  til høgre. Gåsteg eller karelsk springsteg.
    Tur 1. Ring. Vi tar saman med lette taket i ring og 16 steg medsols og 16 steg motsols.
    Tur 2. Komplimang og ring. Premiærpara gjer komplimang med einkelt midjetak; 3 steg framover (byrje på ydste fot), og rygge tilbake.Så fram ein gong til og rygge tilbake og premiærpara dannar ring. Dei går 8 steg medsols og 8 motsols og rygger tilbake til sine plassar.
    Så dansar sekundærpara det same.
    Tur 3. Figuré. Gut 3 og jente 1 går mot kvarandre på 4 steg, går medsols rundt kvarandre (augekontakt) og tilbake til sine plassar der dei dansar rundt med sin partner med samdanstak 1.
    gut 4 og jente 2 dansar det same.
    Gut 1 og jente 3 dansar det same.
    Gut 2 og jente 4 dansar det same.
    Tur 4. Ring. Lik med tur 1.
    (Omtalen byggjer på det som vart lagt ut på Internett til Nordleik 2012.)

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Innherredspols (norsk)
    Motiv 1. Framover. Vi dansar frammover på motsols ring 4 dansesteg slik som i ”Mannen og konen”. Armane i olbogehøgd.
    Motiv 2. Eintakts runddans. (Asynkron snu SsS/sSS) Guten startar med eit langt steg med venstre foten og snur seg for å kome godt framfor og rundt jenta, og trør ned på venstre foten (S) på utsida og litt bakom høgre foten til jenta. På andre taktslaget slepp han seg ned med ein djup svikt (s) medan han vrir venstre foten i danseretninga. Høgre foten vert plassert parallelt med V foten. Guten har no ryggen i danseretninga. Han vrir deretterH foten og slepp seg ned med full tyngd framover i danseretninga (S), mellom føtene til jenta, og bruker denne krafta nedover som ein sats til ei kraftig strekking og førebuing til å koma seg langt rundt jenta.
    På første taktslaget står jenta på plassen og ventar til guten kjem rett framfor henne, samtidig som ho sviktar på V-foten og plasserer H-foten mellom føtene på guten. På andre taktslaget slepper ho seg ned på H-foten (S), og brukar denne krafta nedover som ein sats til ei kraftig strekking, slik at ho på tredje taktslaget får til å ta eit langt steg med V-foten rundt guten. Ho trør ned på V-foten på utsida av H-foten til guten, slik at ho har ryggen i danseretninga. Det er på tredje takta at det meste av snuen hennar kjem.
    (Omtalen byggjer på det som vart lagt ut på Internett til Nordleik 2012.)

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Menuett från Lappfjärd (finsk)
    Oppstilling. Gutane stiller seg på ei rekkje med ryggen til musikken (par 1 er lengst til høge sett frå musikken). Jentene stiller seg nesten rett bak gutane, med høgre hand i høgre.
    Steg. Det er særskilde menuettsteg og overgangssteg. Musikken er i ¾ takt, og eit steg går over to takter, så vi tel til 6 når vi dansar stega.
    Handtak. Vi held saman høgre i høgre.
    Menuettsteg. Med høgre fot som slepar seg langs golvet i føregåande takt forbi venstre fot, tar vi eit trinn mot eigen partnar med tåsa rett fram utan å svinge kroppen. Så fører vi venstre fot lett inntil høgre hæl. Så trør vi med venstre fot tilvake til plassen sin. Så stig vi tilbake på høgre fot (nesten utan å svinge på kroppen). Vi løfter venstre foten og set han ned att på same plass. Så fører vi høgre fot slæpande forbi venstre fot, for å settast i golvet i byrjinga av føljande takt.
    Overgang. Det skjer på to overgangssteg (4 takter av musikken). Med høgre fot, som ved slutten av førre takt vart slepa i golvet forbi venstre fot, tar vi eit markert trinn mot eigen partner. Så slepar venstre fot seg forbi høgre fot. Med venstre fot tar vi eit trinn på skrått framover mot venstre. Deretter tar vi to korte steg der venstre skulder leier fram, høgre fot stig inntil venstre, og venstre eit kort steg framover. Så sleper høgre fot forbi venstre fot. (No har vi telt til 6) No trør vi fram med høgre fot framfor den venstre med tåa halvt vendt mot venstre, kroppen også halvt mot venstre. Medan vi framleis snur mot venstre på høgre fotsolen, fører vi venstre fot inntil høgre. Etter vendingen tar vi eit kort trinn framover mot eigen partner med venstre fot. Så trør vi med høgre fot inntil venstre. Så tar vi eit steg med venstre framover, og vi fører høgre slepande forbi venstre fot, for å settast i golvet i starten av den føljande menuettsteget.

    Opprinneleg dansa dei menuetten med eit ubestemt antal menuettsteg og overgangssteg, etter som den leiande guten ga teikn. Til framsyning kan føljande inndeling brukast.
    Danseordning. Alle gjer apell med høgre foten i starten av dei tre første taktene av musikken, dvs på andre taktdelen i kvar takt løfter vi venstre foten litt, setter han så ned att på same plass på den tredje taktdelen.
    På tre gåsteg og inntil går no jentene over på andre sida av guten slik at ho står midt imot guten (jenta byrjar på venstre fot og går motsols). No gjer alle igjen apell med høgre foten tre gonger. Så byter gut og jente plass medsols på tre steg og inntil (byrje på venstre). No er vi ferdig med 8 takter. Alle stampar no med høgre fot mot kvarandre. Vi løfter venstre fot litt, slepper handtaket, og trør bakover på venstre fot, tar eit steg bakover med høgre fot, og vi løfter litt på venstre fot og set han nedatt på same staden. Deretter sleper vi høgre fot forbi venstre, for så å sette han ned att i byrjinga av det neste menuettsteget. No dansar vi 2 menuettsteg og 2 overgangssteg til venstre forbi kvarandre til eigen plass. Så dansar vi igjen 2 menuettsteg og 2 overgangssteg tilbake til venstre forbi kvarandre. Her gjer gutane teikn til at middagen skal byrje ved å klappe ein gong på taktslag 3 i 9. takt i andre overgangssteget. No dansar alle 2 menuettsteg. Så stampar alle med høgre foten ein gong og vi tar saman høgre i høgre, og går medsols ½ gong rundt på tre gåsteg og inntil (slik som i starten av dansen). Så stampar alle igjen med høgre fot, og byter så igjen plass på tre steg og inntil medsols. Så stampar igjen alle ein gong på høgre foten, og lyfter litt på venstre idet vi byter til venstre i venstre, og byter igjen plass med 3 steg og inntil. Så stampar alle igjen med høgre fot og byter igjen plass på 3 steg og inntil (byrje på venstre). No er middagen ferdig. No trampar vi igjen med høgre fot mot kvarandre. Vi løfter så litt på venstre foten, og slepper handtaket samtidig med at vi trør bak på venstre. Så trør vi vidare bak på høgre, og løfter så venstre litt og set han ned att på same plass. Deretter sleper vi høgre fot framover forbi venstre, og trør i golvet i starten av det neste menuettsteget. No dansar vi 2 menuettsteg og 2 overgangssteg til motsett plass. Så dansar vi igjen 2 menuettsteg og 2 overgangssteg tilbake på eigen plass. Så dansar vi igjen 2 menuettsteg og 2 overgangssteg, og gutane klappar i hendene ein gong på første takslaget på takt 23 som teikn på at no byrjar ”kveldinga”.  No dansar alle 2 menuettsteg. Alle stampar så med høgre foten ein gong, løfter litt på venstre fot, idet vi tar saman høgre i høgre. Så byter vi plass på 3 gåsteg og inntil (medsols og start på venstre). På dei neste tre taktene stampar alle med høgre foten, samtidig med at vi tar hendene ned med eit trykk. Vi slepper handtaket etter siste stamp, og står og ventar til musikken sluttar.
    (Omtalen byggjer på det som vart lagt ut på Internett til Nordleik 2012.)

    Tilbake til toppen av dokumentet


  • Klappdans frå Henning
    Dette er ein variant av vanleg klappdans. Dansen står i "Danse danse lett ut på foten" av Egil Bakka (1970). Vi stiller i ring med sola på stor ring.. Gåsteg med liten svikt, bytomfotsteg II (hamborgarsteg), med djup bøying i kneet i siste trinnet. Bytedans. Ein omgang av dansen tar 16 takter. Det lette taket.

    1. Ring med sola.  Vi dansar 8 bytomfotsteg i ring med sola (byrje med venstre).

    2. Figurering. Vi slepper taket og snur parvis mot kvarandre på ringen på to gåsteg. Vi klappar: 3 gonger i eigne hender, tar ned hendene og står i ro (ei takt), klappar 3 gonger i eigne, høgre mot partnar, ein gong i eigne, venstre med partnar, ein gong i eigne. Vi tar no saman med høgre hands tommelgrep og dansar ein halv gong rundt med sola, så vi byter plass. Når vi no tar i ring att, har vi bytt partner.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Reinlender med ”ekstra sleng”
    Pardans. Variant av vanleg open reinlender. Lært av Marianne Dahl i Symra hausten 2012. Vanleg reinlendertak.
    Vi dansar først eit vanleg reinlendersteg framover som i open reinlender, starte på ydste foten. Det neste reinlendersteget er litt annleis enn vanleg. Før vi trør ned på indste foten på taktslag 1, slenger vi foten litt fram ”i lufta” før vi trør ned på foten litt bak den ydste, og held fram med ydste, indste, svikt. Så hoppar vi rundt to gonger som i vanleg open reinlender.

    Reinlender med ”foxtrotvri
    Pardans. Variant av vanleg open reinlender. Lært av Marianne Dahl i Symra hausten 2012.
    Vi dansar to vanlege reinlendersteg framover som i open reinlender, byrje på ydste foten. Så tar vi samdanstak 1 og hoppar rundt på vanleg måte ein gong på dei to neste taktene. På dei to siste taktene kjem ”foxtrotvrien”: På dei to siste daktene dansar vi to ”gåsteg”, utan at vi roterer. På første ”gåsteget” trør guten på venstre og jenta på høgre fot, jenta bøyer seg bakover og guten framover ”over” jenta. På andre ”gåsteget” trør dei ned att på ledig fot og er klar å starte på nytt.

    Reinlender med både ”ekstra sleng” og ”foxtrotvri”
    Pardans. Variant av vanleg open reinlender. Lært av Marianne Dahl i Symra hausten 2012.
    Her kombinerer vi dei to variantane med ”ekstra sleng” og ”foxtrotvri”.

    Tilbake til toppen av dokumentet


  • Tretur frå Hordaland
    Dansen står i Norske Folkedansar - turdansar. Det er ein skjemtedans med tre dansarar, gjerne ein gut og to jenter. Vi bruker hoppsteg frå ril, rilsteg(figurering), og figurersteg med eitt trinn og gåsteg.

    1. Ring med mot sola. Vi tar saman med det lette taket og dansar 14 hoppsteg (startar på venstre) med sola og 3 appellar. Vi snur på V fotbladet og dansar tilsvarande tilbake.
    2. Figurering. Alle slepper taka, rettar oss inn på bein rekkje med guten (eller jenta dersom det er to gutar) i midten og så figurerer han med eine jenta (gjerne den til høgre) 14 figurersteg og 3 appellar. Så figurerer han tilsvarande med andre jenta. Guten vel kva figurersteg han bruker, og jenta svarar med den andre typen. Guten har armane i kors og jenta har hoftefeste med tommelen fram eller held i skjørtet. Jenta som ikkje figurerer kan stå i ro bak guten vendt mot han, eller gå att og fram bak guten og prøve å få merksemd frå han.
    3. Åttetal. Dei tre dansar no åttetal med 30 gåsteg og 3 appellar (startar på venstre). Armane heng fritt. Guten byrjar med å gå til høgre for den jenta han figurerte med sist.
    Dansen skal dansast 3 gonger, slik at alle får vere i midten. Til framsyning dansar vi ofte to gonger med guten i midten begge gongene.

    Tilbake til toppen av dokumentet


  • Fjärilen
  • Svensk. Kvadrilje. Vals. Starte med venstre. Det lette taket. A-par (med og mot musikken), B-par. Eit vers = 16 takter, omkvede = 16 takter.

    Tur 1. Stor ring 8 steg medsols og 8 steg motsols.Det lette taket.
    Omkvede:  B-gutane slepper sine jenter og A-gutane held i to jenter. Dei to jentene byter plass framfor guten (eiga jente passerer nærast guten) ved at guten løfter venstre arm (2 steg), slik at guten får armane i kryss framfor seg. Så dansar dei tre mot sentrum på to steg, og tilbake (rygge) på to steg, og så dansar jentene tilbake på eigen plass (igjen løfter guten venstre arm).

    Tur 2. A-para dansar vanleg halvkjede over (4 steg) og tilbake igjen (4 steg). Så dansar B-para det same.
    Omkvede.

    Tur 3. Alle gutane dansar inn mot sentrum og snur mot høgre slik han står rett mot eiga jente (2 steg). Jenta trør stega tilnærma på staden. Så tar gutane saman med eiga jente og fører henne i medsols retning, medan han sjølv roterer litt medsols rundt eigen akse. På dei to neste stega dansar jentene vidare medsols på ytre ring, medan gutane roterer vidare rundt eigen akse slik at han igjen vender utover. Så tar gutane saman begge i begge med den jenta som no dukkar opp og fører henne vidare, medan han sjølv byrjar rotere. Slik held dei fram til jentene er tilbake på eigen plass.
    Omkvede.

    Avslutning = Tur 1.

    Tilbake til toppen av dokumentet


    Gamal reinlender
    Dansen står i Norske Folkedansar - turdansar (1991).  Pardans på stor motsols ring. Bytomfotsteg frå reinlender, hoppsteg frå reinlender. Vi byrjar med ydste fot.  Hoftefeste med tommel framover om ikkje anna er sagt. Samdanstak I.

    1a. Fram og tilbake og hoppe framover
     Vi dansar eit bytomfotsteg i danseretninga og eit tilbake, og så 4 hoppsteg framover side ved side. Det dansar vi ein gong til.
    1b. Fram og tilbake og rundt
    Vi dansar eit bytomfotsteg framover og eit tilbake, og så dansar vi to gonger rundt medsols på 4 hoppsteg. Det dansar vi ein gong til.
    2a. Fram og tilbake og jenta under armen
    Vi dansar eit bytomfotsteg framover og eit tilbake, og så dansar vi framover på 4 hoppsteg idet jenta snur seg 2 gonger mot sola under armen til guten. Dette dansar vi ein gong til.
     2b. Fram og tilbake og hoppe framover
    Vi dansar eit bytomfotsteg framover og eit tilbake, og så dansar vi framover på 4 hoppsteg. Når vi hoppar framover har jenta hoftefeste med begge hendene og guten har armane i kryss over bringa. Så dansar vi framover og tilbake ein gong til, men avslutter med 2 hoppsteg framover og 3 appellar. Jenta snur seg mot danseretninga og vi tar saman med saksetaket bak ryggen.
    3. Hoppsteg med saksetaket
    Vi dansar rundt framover på staden med 3 hoppsteg og hælen i golvet. Så dansar vi tilsvarande bakover. Turen blir dansa 4 gonger.
    4. Forbi kvarandre og framover
    På eit reinlendersteg byter gut og jente plass (guten dansar bak jenta), og så byter vi tilbake på neste reinlendersteg (guten framfor jenta). Guten har armane i kross og jenta hoftefeste med begge hendene. Så tar vi det lette taket og hoppar vi framover side om side på 4 hoppsteg. Turen blir dansa 4 gonger.
    5. Knefallsturen
    Guten fell på høgre kne (uten å sleppe taket med jenta) og jenta dansar rundt guten motsols på to reinlendersteg. Jenta byrjar på høgre foten. Så hoppar dei framover jamsides på 4 hoppsteg. Turen blir dansa 4 gonger.
    6. Utfallsturen
    Vi dansar eit reinlendersteg sidelengs frå kvarandre (guten inn i ringen, jenta ut av ringen) og så eit reinlendersteg mot kvarandre att. I det vi dansar mot kvarandre byrjar guten med appell på høgre foten og klappar i hendene samstundes. Jenta har hoftefeste med begge hendene. Når dei møtest, tar dei samdanstak 1 og dansar rundt to gonger på 4 hoppsteg. Turen blir dansa 4 gonger.
    6. Løfteturen
    Med samdanstak 1 dansar vi eit reinlendersteg i danseretninga og eit tilbake. Jenta knyter høgre handa si inne i handa til guten. Så dansar dei rundt ein gong med sola på to hoppsteg. Den andre gongen dei dansar rundt løfter guten jenta (jenta hoppar). Turen blir dansa 4 gonger (i praksis oftast berre to gonger).

    Den toppede høne fra Vendsyssel (dansk, lært av Marianne Dahl og frå Internett)
    Springsteg, gåsteg og hurresteg.
    Vi stiller på to rekkjer, gutane til høgre og jentene til venstre sett frå musikken, vendt mot kvarandre. Vi tel opp par1, par2, par1, par2 osb. Alle par1 startar dansen på likt.
    Del 1 (første reprise av musikken) Gut1 spring framfor gut2, så bak neste gut, framfor neste gut og bak og rundt den neste guten. Vi spring altså i zik-zak 4 gutar framover. Dei gutane som kjem til enda av rekkja, held fram i zik-zak forbi imaginære (tenkte) dansarar. På tilbakevegen spring han bak første guten, framfor neste gut, bak neste gut og sluttar på eigen plass. Samtidig spring jente1 på same måte i jenterekkja. Til saman 32 små springsteg.
    Del 2. Jente1 og gut1 krysser forbi kvarandre og guten går utvendig nedover langs jenterekkja; jenta går tilsvarande nedover langs guterekkja. Dei dreier inn mellom 3. og 4. par på 12 gåsteg. Guten og jenta tar saman med det lette taket og går opp mellom rekkjene til eigen plass. Her går jenta til høgre framfor guten og rundt jente2. Guten går til venstre og rundt gut2; på 12 gåsteg. Paret møtest mellom dei to para som står nedanfor der dei starta og dansar 8 hurresteg saman inne mellom rekkjene (valsetak).
    Del 3. 1. og 2. par klappar 3 gonger på 3 steg, tar høgrehandsmølle og går rundt med sola 13 gåsteg til. Når musikken spelar ein gong til, snur alle mot høgre, klapper 3 gonger, tar venstrehandsmølle og går rundt på 13 gåsteg til, tilbake til der dei starta del3.
    No har par 1 rykka nedover ein plass, og dansen startar på ny med det som før var par2.


    Folkeleg svensk menuett
    Grunnsteget tar to takter og 6 taktslag. Byrjar alltid på høgre. Kraftige rørsler, og så med hendene. Vi vrir kroppen når vi dansar grunnsteget, og pendlar med armane.
    Einkel oppskrift: 1. Trø på høgre. 2. Eit lite svikt på høgre. 3. Trø på venstre. 4. Trø på høgre. 5. Trø på venstre 6. Eit lite svikt på venstre. Når vi sviktar på ein fot, lar vi den andre foten kome inntil foten vi sviktar på.
    Vi dansar sidelengs både til høgre og til venstre:
    Til høgre: 1. Trø til høgre med høgre fot. 2. Svikt på høgre. 3. Trø på venstre i kryss bak høgre fot. 4. Trø på høgre til høgre for venstre. 5. Trø vidare på venstre i kryss framfor høgre. 6. Svikt på venstre.
    Til venstre: 1. Trø litt bak og til venstre på høgre fot. 2. Svikt på høgre. 3. Trø på venstre litt fram og til venstre. 4. Trø på høgre litt framfor venstre. 5. Trø på venstre til venstre for høgre. 6. Svikt på venstre.

    Skjematisk oppskrift:
    Vi står parvis med fronten mot kvarandre og held begge i begge.
    Del1. Sidesteg. Først eit menuettsteg mot høgre. Så eit menuettsteg til venstre. Så eit nytt menuettsteg mot høgre. Så eit menuettsteg til venstre og ta saman begge i begge med partnar.
    Del2. Byte plass. Vi byter plass på eit menuettsteg. Vi dansar forbi kvarandre til venstre. På siste del av steget (venstre-svikt) snur vi kraftig rundt mot venstre, slik at vi får fronten mot eigen. Så dansar vi mot kvarandre på eit menuettsteg og tar saman begge i begge. Så byter vi plass på eit menuettsteg, tilsvarande det vi gjorde ved første plassbytet. Og dansar så mot kvarandre og tar saman begge i begge på eit menuettsteg.

    Denne grunnforma med Del1 og Del2 kan vi danse oppatt og oppatt, men vi kan også variere: Dersom vi tar saman begge i begge med hendene nokså tett saman, skal det vere eit signal om at vi skal byte plass. Dersom vi tar saman med breitt handtak (hendene langt frå kvarandre), er det signal om at vi skal danse til høgre att. Vi kan også danse berre ein gong mot høgre før vi byter plass.

  • Pas d’espagne
    Dansen står i Norske Folkedansar - turdansar (1991). Pardans på stor ring. Stoppesteg og sidesteg i valsetakt. Under sidestega drar vi ”bakerste” foten langs golvet.  Jenta held i stakken og guten har lavt hoftefeste med ledig hand. Det er vanleg å danse dansen to gonger.
    Tur 1. Rygg mot rygg. Vi dansar eit hoppsteg og sluttsteg i danseretninga og snur samtidig rygg mot rygg. Så dansar vi eit sidesteg og eit sluttsteg tilbake med rygg mot rygg. Så dansar vi igjen eit hoppsteg og sluttsteg i danseretninga, idet vi snut mot kvarandre. Og så eit sidesteg og eit sluttsteg mot danseretninga med front mot front. Så dansar vi tur1 ein gong til.
    Tur 2. Under armen. Vi tar saman begge i begge og held hendene godt ut til sida. Vi dansar 2 sidesteg i danseretninga, og så går jenta under armen på eit sidesteg og eit sluttsteg, medan guten dansar same stega nesten på staden. Så dansar vi tilsvarande mot danseretninga, men denne gongen går guten uder armen. Så dansar vi tur 2 ein gong til.

    Tur 3. Byte plass. Vi slepper kvarandre og byter plass på 4 stoppesteg (passerer til venstre for kvarandre). Så snur vi brått mot kvarandre og figurerer på staden på 4 stoppesteg. Så dansar vi tilsvarande ein gong til så vi kjem attende til eigen plass. Vi kan til dømes knipse i fingrane under denne turen.
    Tur 4. Rundt og vidare. Vi tar det lette taket ein kort augneblink, og dansar i danseretninga samtidig med at vi snur rundt kvar for oss ein heil gong på 2 sidesteg (guten motsols, jenta medsols). Så tar vi igjen saman med dei hendene som er i danseretninga, og dansar eit sidesteg og eit sluttsteg vidare. Så dansar vi heilt tilsvarande i mot danseretninga.  Så dansar vi tur 4 ein gong til.

    Feiar etter Walcke   Rekkjedans - Ny ”stildans” etter norsk dansebok.
    Frå eit nytt dansehefte av Dag Vårdal. Bytomfotsteg frå feiar (same rytme som i reinlender) gjennom heile dansen. Oppstilling på 2 rekkjer, gutane på ei side (høgre sett frå musikken) og jentene på andre sida. Inndeling 1,2, stå. Vanleg rekkjedansprogresjon. Alle element startar på høgre fot. Det lette taket.
    1. Nedover og oppover mellom rekkjene. Gut1 tar med seg jente1 og jente2 og dansar nedover mellom rekkjene (frå musikken) på 4 bytomfotsteg. Jente1 si høgre hand tar han i si venstre, medan jente2 krysser raskt framfor par1 og tar med si venstre i guten si høgre hand. Når dei snur oppover att, byter jentene plass, idet jente2 smett under armane til par1, idet guten snur rundt, og jente1 kryssar over på andre sida bak guten. Så dansar dei oppover att på 4 bytomfotsteg. Dei stansar litt før gut2.
    2. Kjede. Par1 og par2 dansar no høgrehands kjede, til dei møter eigen 3. gongen??, men par1 byter plass heilt til slutt slik at alle ender opp på sin vanleg plass.
    3. Figurering. (Som figurering i Fransese.) Par1 figurerer no på innsida av rekkjene, gutane frå musikken og jentene mot musikken (start på høgre): Eit bytomfotsteg og to gåsteg. Dei snur ½ omgang på gåstega. Så figurer dei tilbake igjen. På sin eigen plass mellom rekkjene dansar no par1 rundt medsols ein gong (lette taket) og stiller seg inn på plassen til par2, som i mellomtida har flytta seg oppover mot musikken ein plass. (Derved skjedde rekkjedansprogresjonen.)
    4. Balanse. Par1 dansar no figurering. Dei dansar først eit bytomfotsteg mot kvarandre, så eit sidesteg til venstre og eit tilbake mot høgre, og så eit bytomfotsteg tilbake på plass (rygger).
     5. Engelsk kjede. Til slutt dansar par1 og par2 engelsk kjede, dvs dei dansar høgrehandskjede heilt rundt (startar med høgre i høgre med eigen) på 4 bytomfotsteg.

    Pariserpolka med turar
    Dansen står i Norske Folkedansar - turdansar (1991). Pardans på stor ring. Sviktgongesteg og sluttsteg (to sviktar) og eintaktssnu frå pariserpolka (SS). Ledig hand heng fritt. Samdanstak 3. Det lette taket.
    Tur 1. Fram og tilbake. Med det lette taket dansar vi i danseretninga 2 sviktgongesteg og sluttsteg (to gåsteg, startar på ytre fot). På sluttsteget set vi ledig fot i golvet litt forbi dansefoten. Så dansar vi tilsvarande mot danseretninga. Så dansar vi 4 sviktgongesteg i danseretninga, og til slutt to gonger rundt saman på 4 sviktgongesteg.
    Tur 2. Frå kvarandre. Vi slepper samdanstaket og svingar ein gong rundt frå kvarandre på 2 sviktgongesteg og sluttsteg, guten mot sola og jenta med sola. Dei flytter seg samtidig litt i danseretninga. På sluttsteget kan vi klappe i hendene. Så dansar vi heilt tilsvarande eit gong rundt mot kvarandre. Så dansar vi 4 sviktgongesteg i danseretninga, og til slutt to gonger rundt saman på 4 sviktgongesteg (som i tur 1).
    Tur 3. Pannekakevending. Vi tar saman med begge i begge, løfter dei, og snur ein gong rundt under armane guten mot sola og jenta med sola, på 2 sviktgongesteg og sluttsteg. På sluttsteget set vi ledig fot lett i golvet i kryss over dansefoten. Så dansar vi heilt tilsvarande tilbake, men no i motsett rotasjonsretning. Så dansar vi 4 sviktgongesteg i danseretninga, og til slutt to gonger rundt saman på 4 sviktgongesteg (som i tur 1).
    Tur 4. Jenta bakover. Jenta avslutta tur 3 med ryggen i danseretninga. Vi dansar 2 sviktgongesteg og sluttsteg i danseretninga, jenta bakover og guten framover (begge i begge). På sluttsteget set vi ledig fot inntil. Vi dansar så tilsvarande tilbake, men som innleiing snur jenta rundt ½ gong mot sola under armen på guten. Så dansar vi i danseretninga 4 sviktgongesteg: Jenta svingar under armen 2 gonger med sola. Til slutt dansar vi saman rundt som i tur 1.
    Tur 5. Jenta rundt under armen. Vi tar saman med det lette taket. Vi dansar 2 sviktgongesteg og sluttsteg i danseretninga, jenta dansar rundt medsols to gonger. På sluttsteget set vi ledig fot inntil. Vi dansar så tilsvarande tilbake, men no snur jenta rundt motsols. Så dansar vi i danseretninga 4 sviktgongesteg: Jenta svingar under armen 2 gonger med sola. Til slutt dansar vi saman rundt som i tur 1.

    Oppdalsril
    Dansen står i Norske Folkedansar - turdansar (1991). Ein gut og to jenter. Det lette taket. Hoppsteg frå ril, figurersteg med eitt trinn og figurersteg med rilsteg.
    Tur 1. Ring med og mot sola. Vi dansar 6 hoppsteg i ring med sola og stoppar med 3 appellar (byrjar på v fot). Så dansar vi tilsvarande tilbake mot sola.
    Tur 2. Smygeturen. Vi dansar 16 hoppsteg. Guten trør appell samtid med at han slepper handtaka, snur seg rundt ½ gong mot høgre slik han får ryggen inn i ringen og tar så saman igjen med jentene på nytt med det lette taket. Så løfter han venstre armen, rygger bakover under. Han dreg med seg først høgrehandsjenta og deretter venstrehandsjenta før han til slutt snur under eigen arm slik at dei kjem tilbake til utgangspunktet. Så gjentar dei denne snuginga ein gong til.
    Tur 3. Figurering. Dei tre slepper kvarandre og stiller på ei bein line med guten i midten med front til den eine jenta (gjerne den han har på si høgre side). Guten legg armane i kors og jentene tar hoftefeste med tommelen fram. Dei to som har front mot kvarandre figurerer no mot kvarandre, guten med 8 figurersteg og jenta med 8 rilsteg. Den andre jenta står i ro med ryggen mot dei som figurerer. Så snur guten seg mot den andre jenta og dei dansar det same ein gong til (jentene har bytt roller).
    Tur 4. Kjede. Vi dansr no kjede med 3 med lett handtak. Guten startar med å gje høgre handa til jenta han sist figurerte med. Samtidig snur den andre jenta seg mot dei to og står klar til å vere med i kjeda med venstre handa. Guten dansar rundt 2 gonger med kvar jente på i alt 16 hoppsteg.
    Heile dansen blir no dansa ein gong til, med den endringa at vi bruker olbogetak i staden for lett tak i kjeda.

    Oslo-valsen
    Dette er ein nokså ny valse-variant, han liknar på "Familievals från Gästrikland". Springar'n har lagt video av dansen på You Tube, med "Kristiania-valsen" som god og passande musikk til. Lekkje: https://www.youtube.com/watch?v=9mPuFg92PIY .
    Oppstilling i stor ring med det lette taket. Guten byrjar med venstre fot og jenta med høgre.
    Del 1. (16 takter) Alle dansar eit valsesteg inn mot sentrum og eitt tilbake, og så dansar framand jente forbi guten på innsida og inn på plass til høgre for guten på to valsesteg ("mage mot mage"), medan guten trør valsestega utafor. Medan jenta dansar over har ho ei kort stund begge i begge med guten ho dansar forbi. Dette blir dansa 3 gonger til.
    Del 2. (16 takter) Guten tar saman begge i begge med den nye partnaren sin, vender mot kvarandre, og dansar eit valsesteg sidelengs innover, eit utover att. Så slepper vi handtaket og dansar innover og rundt oss sjølve på to valsesteg og tar begge i begge på nytt. Så dansar vi det same ein gong til men nå byrjar vi utover, så innover og så utover  med rundt seg sjølv.
    Del 3. (16 takter) med begge i begge med "eigen" dansar vi to sidesteg innover og to sidesteg utover, og til slutt vanleg medsols vals (samdanstak 1) i motsols retning på ringen.

    Schottis frå Binga
    Dette er ein svensk reinlendervariant, bytedans. Springar'n har lagt video av dansen på You Tube.. Lekkje: https://www.youtube.com/watch?v=U_ukYjR1zvs .
    Oppstilling i stor ring med det lette taket. Guten byrjar med venstre fot og jenta med høgre. Heile dansen tar 8 takter reinlender.
    Alle dansar to reinlendersteg rett inn mot sentrum, guten slepper taket med framand, snur seg brått mot høgre, tar dobbelt handtak med eigen og dansar ut igen på to reinlendersteg (guten framover og jenta bakover). Så dansar vi 6 hoppsteg med eigen (samdanstak 1) medsols rundt i motsols ring, 3 gonger rundt. På dei to siste "hoppstega" smett guten under arma til jenta og inn på ny plass på to gåsteg.

    Byttesnoa (Dagen derpå snoa)
    Bytedans på stor ring med snoa og gåsteg, til roleg snoamusikk. Heile tida er det 4 gåsteg (lette taket) og 4 snoasteg rundt to gonger. Vi byrjar med ytre fot.
    Som innleiing dansar vi 4 gåsteg ved sida av kvarandre motsols langs ringen og 4 snoasteg to gonger medsols rundt. Så startar byttingane. Under byttingane går jenta roleg framover på utsida motsols, medan guten går raskare på innsida vekselvis motsols og medsols. Først går guten motsols 4 steg fram til neste jente og rundt på 4 snoasteg med henne. Neste gong går guten bakover medsols forbi første jente og dansar rundt med neste jente. Slik held det fram vidare. På denne måten får guten stadig ei ny jente å danse rundt med!