Danserettleiingar |
|
|
Tauskjerringviso
Tekst og tone er
etter Edvard Ruud som syng visa på ei plate som NRK/RCA gav ut i 1970. Tonen
hadde Ruud lært av Bertel Hartvigsen. Gunnar Rødal laga dansemåte til visa ein
gong han var på Vefsn Folkehøgskole. Visa er med i "Norske Folkedansar.
Songdansar" av 1985.
Dansemåte: Vi stiller i ring med færøytaket, og vi treng ikkje vere
par.Vi dansar først 2 bytomfotsteg rett inn mot sentrum av ringen (byrje på
venstre). Så dansar vi 2 bytomfotsteg tilbake att (rygger). Så dansar vi 4
kvilesteg i ring med sola, og slepper taket. På siste lina ("at de vil flyg i
flinta") slår vi høgre knytteneve i venstre handflata samtidig med at vi svingar
rundt kvar for oss mot sola på eit bytomfotsteg (byrje på venstre), og så to
appellar på staden til slutt (H-V).
Kjæm de i sammen to eiller tre, fekk de det tel å låta. Kjæftan de gjekk som hammar på ste, nett så de klenka båta. Bæst så de va så munter og mild så va de så fortærandes ill, at de vil flyg i flinta. |
Aka på isen håle
Teksten er frå Ervingen av Ivar Aasen.
Tonen er skreven ned etter Ivar Aasen av Paoli Sperati (1821-84) som var
kapellmeister ved Det Norske Teateret. Det kan vere Aasen sjølv som har laga
tonen. Visa er ein stevleik der gut og jente syng til kvarandre. Visa er
med i "Norske Folkedansar. Songdansar" av 1985. Dansemåten er laga av Hulda
Garborg etter mal av den færøyske Bandadansen. Første, 6. og 7. verset syng
alle, berre gutane syng vers 2 og 4, og berre jentene syng vers 3 og 5.
Dansemåte: Vi stiller opp på to rekkjer med fronten mot musikken, slik at
gutane står på høgre sida sett frå musikken. Gut og jente held eit strømpeband
mellom seg om lag i høgd med hovudet. Først startar alle med å danse kvilesteg
framover, men øvste partet snur straks mot kvarandre og byrjar dansa neover
mellom rekkjene. Dei andre para følgjer etter. Når første paret kjem nedst, snur
dei frå kvarandre og byrjar gå oppover mot musikken att på kvar si side med
strømpebandet mellom seg over hovudet. Dei andre dansarane følgjer etter når dei
er komne nedst. Når første paret igjen er komen øvst, dansar dei vidare
ned mellom rekkjene slik som i starten. Slik held vi fram til første paret er
kome nedst att, og vi har byrja på nest siste verset. Då skal vi starta å lage
stor ring. Første guten snur då mot høgre, jenta mot venstre, og dei tar
kvilesteg med neste dansar (guten tar med seg strømpebandet). Slik kjem fleire
og fleire inn i ein halvferdig ring med kvilesteg. Gutane dansar no medsols og
jentene motsols på den store ringen. Når gut og jente møtest øvst, tar alle
saman med færøytaket. Då bør vi vere ferdig med nest siste verset. Så dansar vi
resten av visa i stor ring med attersteg. Siste lina syng vi to gonger og løftar
armane heilt opp i det vi stoppar. Det er nokså vanleg at det paret som er
nedst når nest siste verset startar, byrjar å lage stor ring. Då passar det slik
at vi tar saman til stor ring med det same siste verset tar til.
1) Aka på isen håle med uskodd øyk og kåt, beita i stormen stride med styrelause båt, renna i kapp med reinen, når råsi er tung og våt: det må ein galning vera, som så vil fara åt. |
2) Ganga og gjera seg fager og fara så fint og
smått, løyna sitt rette lynde, til målet fyrst er nått, gjeva deg gode voner og svika deg sidan brått: det hev eg høyrt så ymse, skal vera kvende-hått. |
3) Ganga og gjera seg smeikjen og fria tidt og
trått, freista dei arme vækjor til både stort og smått, lata dei sidan fara og ha dei til glis og lått: det hev eg høyrt så ymse, skal vera karmanns-hått. |
4) Ganga så byrg og kræsa og skifta sin hug kvar
dag, kappast om største stasen og kaupa av alle slag, lata ein annan syta for enden på slikt eit jag: det hev eg høyrt så ymse, skal vera kvende-lag. |
5) Ganga så bratt og skrøyta og læst vera hæv og
hag, sitja i drikkar-stemna og sumla natt og dag, koma så heim og dundra og truga med hogg og slag: det hev eg høyrt så ymse, skal vera karmanns-lag. |
6) Endå lyt eg no seia: der er så ymse slag. Råkar ein på det gode, så ser ein eit anna drag; møter det gode hjarta eit hjarta med same lag: ja, då er der ljose voner som sol på ein sumardag. |
7) Ja, når dei rette møtast, så fær det sitt
rette lag. Trutt på vegen dei fylgjast alt utan kiv og klag. Ungdom og venleik vika, men hjarta slær friske slag; og kjærleiken held sin varme og varer til siste dag. (og kjærleiken held sin varme og varer til siste dag.) |
Jomfruva
Ingjebjør
Ei folkevise som kom med i Norske Folkedansar II i 1948 med eit
brigde som Klara Semb har laga.
Visa står i "Norske Folkedansar". Songdansar" av 1985. Ingvar Bøhn har laga
tonen.
Dansemåte: Vi dansar først 2 attersteg og 4 sviktar av neste. Vi trør
VS-HS på dei 4 siste for å kome på rett fot, og samtidig tar vi ned armane.
Brigdet byrjar på "Hore sko sveinen ..." Gutane tar saman hand i hand, og går på
3 sviktgangsteg rett inn i ringen medan dei løftar armane sakte (startar på
venstre fot). Så dansar dei 3 sviktgangsteg attover til plassen (startar med
høgre) med armane oppe. Gutane samlar ikkje føten verken inne eller når dei kjem
ut att. Samtidig figurerer jentene med 3 sviktgangsteg til høgre langs ringen
slik at dei kjem rett bak framand gut (på V-H-V), og så 3 sviktgangsteg til
venstre slik at dei kjem tilbake til eigen plass.Under figureringa sansar ho
slik: Ho trør fram med venstre, så vidare fram med høgre samtidig med at ho snur
innover 1/2 gong, og trør så bakover på venstre utan å ta ledig fot inntil. Så
tilbake att: fram med høgre fot, så fram med venstreog snur samtidig innover 1/2
gong, og så høgre litt attover utan å ta høgre inntil. Under figureringa fører
jenta stakken med begge hendene. På siste verset dansar gutane bakover istaden
for innover mot sentrum, og fram att med armane løfta. Jentene figurerer no
framfor eigen gut, slik at ho får andletet mot guten når ho set venstre foten
bak, og så tilbake att, og snur då slik at dei får andletet inn mot sentrum av
ringen.
1) Eg veit meg ein ædeli skog'e sunna og vestafor fjord: der veks'e så mange dei ædeli tre, dei venast på jordi som gror. - Hore sko sveinen finne jomfruva? |
4) Det var stride stjukmori, ris opp om midje natt: forskapte ho fruva Ingjebjør, som Herre-Per ha' sillt havt. |
6) Det var stride stjukmori, auka ho syndi stor; skapt 'a i ei villande hind som spring'e på øyde skog. |
11) Det var han rike Herre-Per, vakna og om seg såg: borte var fruva Ingjebjør, som på hass armen låg. |
18) Han sette snorur i kvor den kro der hindi vani å gange; men hindi var så var'e om seg, ho ville kje lata seg fange. |
20) Det var stride stjukmori, aukar ho syndi meir: skapte 'a i den ville ørn som flyg'e så hågt ivi hei. |
25) Skar han stykkje utor sin barm, kasta det hågt oppi kviste; ørni skreik, så høgt ho gol, ho ville Herre-Per giste. |
26) Sette ho seg på sale-brugda, plukka seg som ei duve. Skaut ho av seg ørnehamen, den rike stolte jomfruve. |
30) Gud signe deg, gjæve Herre-Per, fyr alle god-rå'ine dine! Stjukmor mi sit i Trollebotn, der græt ho sydine sine. No heve sveinen funni jomfruva. |
Inga Litimor
Folkevise som kom med i Hulda Garborg si visebok i
1904.
Klara Semb laga dansemåte til 10-års jubileet i BUL i Oslo i 1909. Visa er også
med i "Norske Folkedansar. Songdansar" av 1985, men med eit nylaga brigde som
revisjonsnemnda har laga. Teksten er etter Andreas Lavik i Eksingedalen i
Nordhordland.
Dansemåte: Dans først 2 attersteg og 4 sviktar av neste. Trø V-H på dei
to siste for å kome på rett fot for brigdet. Vi held parvis saman med
færøytaket, og tar også saman med ledig hand, og dansar 1 gong rundt på staden
(guten bakover, jenta framover) på 2 bytomfotsteg frå polkamasurka. (Vi song no :
"(Aldri) nokon kunde kveda som ho".) Så slepper guten taket med venstre handa,
og jenta dansar 1 gong rundt på staden motsols under armen på 2 bytomfotsteg frå
reinlender. Guten har front mot jenta og dansar stega omlag på staden (litt inn
og så litt ut av ringen).
1) Inga Litimor på handkvedn i kungsgarden mol, og kveda dei små visone tå ljos og liv og sol. - Aldri nokon kunde kveda som ho Litimor den unga og dan vena. |
2) Og adle kungjens sveina vart kadla fy' sin drott, "Kven va da no som leika so ven ein harpeslått?" |
3) Til svara kungjens drengje: "Me harpa ha forgjett; da er ho Inga Litimor som syng so vent og lett." |
4) Då gjekk da bod at Inga må trø fy' kungjens stol og kveda alt som lyse tå liv og ljos og sol. |
6) "Fy' kungjen, vetla Inga i dag du kveda skal. Til løn vil han deg klæda som jomfru i si hall." |
9) "Takk, stor er kungjens æra, song fuglen på sin kvist; men betre vera elska, veit mannabadne visst." |
12) "So høyr eit ord, mitt sista: Eg byd deg brura lin. Da er dan ungje kungjen som sjøl må verta din." |
17) Og dar vart vigsle veitsla, og songjen auka på. og har kje nyst dei slutta, so vare da endå. |
Terningspelet
Folkevise. Denne
varianten av visa tok Klara Semb inn i rettleiingsboka av 1946. Visa er også
med i "Norske Folkedansar. Songdansar" av 1985. Visa er ei dansk
folkevise som Klara Semb har omsett til norsk. Vi har teke med dei versa som er
mest vanleg å bruke. (Det er 22 vers i NFS).
Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåten er laga av Klara Semb og kom med i NF II i 1948.
Dansemåte: Først 2 attersteg og 4 sviktar av neste. Brigdet byrjar på
"For dei...". Då dansar alle eit krosssteg (høgre bak) og eit
slengsteg til venstre, og så eit krosssteg og slengsteg til høgre. Så tar vi
parvis saman begge i begge og går rundt ca ein gong på staden med sola, og
avslutter med at jenta støyper ljos (ryggen inn i ringen) og guten bøyer seg
framover, medan dei held saman begge i berre som før.
1) Prinsessa sat i høgan loft med handi under kinn, då kom ein fager ungersvein gangande dit inn. - For dei leika, for dei leika, dei leika og dei spela gullterning. |
2) "Å høyr du fagre ungersvein leik tavlebord med
meg!" "Eg heve inkje raudan gull å setja opp mot deg" |
3) "Du setje inn din gode hatt, - Så set eg opp mi perlesnor freist om du ho kan få!" |
4) Då fyrste gong gullterningen på tavlebordet rann, ungersveinen tapa han og stolte jomfru vann. |
5) "Å, høyr du fagre ungersvein, leik tavlebord med
meg!" "Eg heve ikkje raudan gull å setja opp mot deg!" |
6) "Di kappe set du opp mot meg, med raude snorer på, så set eg opp min ring av gull, freist om du han kan få!" |
7) Då andre gong gullterningen kring tavlebordet rann, Ungersveinen tapa han og stolte jomfru vann. |
8) "Å høyr du fagre ungersvein leik tavlebord med
meg!" "Eg heve ikkje raudan gull å setja opp mot deg!" |
9) "Du setje dine hosor inn, og dine ferdaskor. Så set eg opp alt det eg hev mi ære og mi tru!" |
10) Då tredje gong gullterningen kring tavlebordet rann, stolte jomfru tapa ho og ungersvein han vann. |
19) Prinsessa sine hender vreid og gret så mang ei tår. "Gud trøyste meg for fattigsvein som eg til brudgom får!" |
21) "Nei, eg er ingen fattigsvein om enn det tykkjest
så. Eg er den gjævast kongeson som soli skine på." |
22) Med krun' av gull han rider no rett fram til
brudlaupsgård. Med raude rosor flettar ho sitt vene gule hår. |
Bendik og Årolilja
Folkevise. Tonen
er komponert av folkehøgskolemannen Ingvar Bøhn (1838-1924). Teksten er etter
oppskrift ved Landstad 1853. Hulda Garborg tok visa med i viseheftet sitt
første gong i 1904. Dansemåten laga Klara Semb ca 1910. Vi tar med dei mest
brukte versa. Alle 30 versa står i "Norske Folkedansar. Songdansar". Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Først
5 kvilesteg. Brigdet er på omkvedet. På slutten av siste kvilesteget trør
gutane inn i ringen og tar saman. På "Årolilja" lyfter gutane armane
til port og trør bakover i det dei tar sats på høgre foten. Samstundes bøyer
jentene seg djupt framover og trør på venstre inn i ringen under
portane. På "(kvi) søv'e du" løftar jentene armane til port og
trør attover, medan gutane trør inn i ringen under porten. På "(så)
lengje" løftar gutane så armane til port og trør attover medan jentene
trør inn i ringen under portane.
På siste verset er brigdet annleis: Gutane set handflate mot handflate og
løfter armane medan dei står i ro, medan jentene legg hendene i kross over
brystet og bøyer hovudet.
1) Bendik rid åt Sølondo, ville han skoa møy; han var ikkje lagje til att'e koma, difyr så laut han døy. Årolilja, kvi søv'e du så lengje? |
2) Bendik rid åt Sølondo, ville han skoda viv; han var inkje lagje til att'e koma, difyr så let han liv. |
3) Han var inkje i konungs-garde, meir hell månar tvo; han la seg i med kongjens dotter i så stor elskog. |
5) Kongjen byggjer gullbrautene, både bratte og håge; Den som tore gull brautene trøa han skal livet låte. |
8) Om dagjen rid Bendik i skogen ut og veider den ville rå, om notti søve han hjå jomfruva det gjeld'e hass livet på. |
9) Eg tikje så vent om ditt gule hår som epli dei dryp på kviste - sæl er den som deg må få, gud bære den som sko misse! |
10) Eg tikje så, når eg sit hjå deg, som eg sat uti solskin bjarte; når eg og du me skyljast åt, då rivnar bå' hug og hjarta. |
13) Det var kongjen av Sølondo, han slær sin neve i bord: "Bendik sko inkje livet njote, om eg vann all verdsens jord!" |
25) Sunnan fyre kyrkja der let han Bendik liv, midt opp i høge loftet der sprakk hass vene viv (brast hjarta på vene viv). |
28) Så la dei han Bendik norda kyrkja og Årolilja sunna, det voks opp av deiris grefti tvo fagre lilje runnar. |
30) Det voks opp av deiris grefti dei fagre tvo lilje blomar; dei krøktes i hop ivi kyrkjesvoli, der stend dei kongjen til domar. |
Beltet mitt
Folkevise. Tonen er etter Aslaug Gunleiksdotter i
Seljord og nedskriven av Lindemann. Teksten er frå Norsk Folkedikting.
Visa står i I "Danse, danse lett" av Egil Bakka.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi dansar 2 attersteg og 2 sviktar av neste + 2 S-trinn.
Omkvedet er brigde. Guten dansar 8 gåsteg sidelengs mot venstre langs ringen.
Jenta svingar seg mot sola under armen til guten 31/2 gong rundt på 8 gåsteg.
Ho dansar heile tida rett innafor guten, og stoppar med ryggen mot sentrum.
Ikkje nokon stopp mellom versa.
1) Eg var meg så liten ein gut, og peningane var inkje mange, så kaupte eg meg eit sprotabelte, eg ville med skruvlet skramle. - I Rodelunden der kjenner dei meg, i Rodelunden der kjenner dei meg. |
2) Det var ein heilag sundagsmorgo, eg ville til kyrkjunne ride, så sprette eg på meg beltet mitt, det glima i verdi så vide. |
3) Som eg kom år kjyrkjeledet eg studde meg inn åt stette, så mange som mitt belte så dei lyfte på hatt og hette. |
4) Som eg meg i kyrkja kom, eg mune på kne'i falle, så mange som mitt belte såg dei gløymde på Gud å kalle. |
5) Presten framfyr altaret sto alt med si lærde tunge, men då han fekk mitt belte å sjå, han gløymde bå' lesa og sjunge. |
6) Så baud dei meg dei hestane tvo, og båe så var dei brune; men eg ville inkje mitt belte selje eg totte det kunna kje muna. |
7) Så baud dei meg dei stutane tvo, og båe så var dei kvite; men eg ville ikkje mitt belte selje, eg totte det var for lite. |
8) Så baud dei meg både sylv og gull, ville mæle det til meg i skålir; men eg ville inkje mitt belte selje, eg totte det var for hå'legt. |
9) Eg sto meg opp ein måndagsmorgo, eg ha' så mangt i tankar, så bytte eg bort beltet mitt, fekk att eit par gamle hanskar. |
10) Beltet mitt var inkje så mætt, som det var sjåande på: - det var gjort av sildeflus og smøygt med halm og strå. |
Horpa (Illustrert
av Harald Aadnevik)
Folkevise som er kjent frå mange stader i landet og i
andre land. Dansen blir dansa med to ulike tonar. Tone I er nedskriven av
O.M.Sandvik i 1916 etter Svein Tveiten (1814-1924) Hovden i Setesdal. Tone II er
nedskriven av Lindeman etter Marit Larsdotter Leira i Valdres. Liv Greni har
notert om tonane slik at dei høver til dansen. Teksten er særskilt
tilrettelagt av Knut Liestøl til Norske Folkedansar (utgåve 1925). Ole Ekornes
har laga den dansemåten som vert mest brukt i dag. Dansen
står i boka til Klara Semb: "Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Til tone I: To heile attersteg og 2 sviktar av neste.
På siste omkvedet: Eit bytomfotsteg frå reinlender rett inn i ringen og så
eit steg tilbake (rygge). Ein liten sving med ledig fot på første
dobbeltsvikten. Til tone II: Tre heile kvilesteg og to sviktar av neste.
Så dansar alle eit steg inn mot sentrum av ringen med eit jamvektsteg, og jenta
snur samtidig ryggen inn i ringen, og tar saman med framand dansar venstre i
venstre. Ho står no mellom eigen og framand gut. No dansar alle tre jamvektsteg:
På første steget frå kvarandre (ryggar), så mot kvarandre, og så frå
kvarandre. Dette vart gjort til teksten "Båra bere så vent eit". På
teksten "viv ifrå landet" dansar alle på ny eit kvilesteg langs
ringen på vanleg måte. Dei to tonane er merka med (I) og (II).
1) (I) Syster tala til syster så: - Ved sande - "Me vil okkon til Sjoar-å" - Båra bere så vent eit viv ifrå lande. |
|
2) (I) "Hot sko me 'kon til
Sjoar-å? me hava der ingji klede å två" |
|
3) (I) "Me vil två 'kon kvite, me er tvo systrar like." |
|
4) (I) "Du må två deg nott og dag, du tvær inkje av det Gud deg gav." |
|
6) (I) Den yngre gjekk fyre som ei sol, den eldre gjekk etter som orm i jord. |
|
7) (I) Då dei kom til Sjoar å, så for dei til å vaske å två. |
|
8) (I) Den yngre sette seg på ein stein, den eldre skuva ho ut fyr mein. |
|
9) (I) Ho rette opp si kvite hand: "Å, hjarte syster, hjelp i land!" |
|
10) (I) "Ligg du der og få du skam, eg vil hava din festarmann." |
|
13) (I) "Fyrr du sko få min festar mann, fyrr sko eg reka så langt eg kan." |
|
14) (I) Der gjekk tvo pilgrimar ut med å, dei såg det likjet på sanden låg. |
|
15 (I) Dei toke hennar kvite kropp, der gjorde dei av ein horpestokk. |
|
17) (I) Dei toke hennar gule hår, gjorde dei horpe strengjir små. |
|
18) (I) Så reiste dei til bryllaups gård, så for dei til på horpa slå. |
|
19) (I) Dei sette seg i duragått: "Lyster de høyre ein horpeslått?" |
|
20) (II) Horpa slo det fysste, "Bruri ho var mi syste." |
|
21) (II) Horpa slo det are: "Bruri ho var min bane." |
|
22) (II) Horpa slo det tre'e: "Brudgomen var min bele." |
|
23) (I) Mælte no bruri raud som blod: "Hav ut den horpa ho gjere uljod!" |
|
24) (I) Svara det brudgomen bleik som bast: "Slå meir på horpa og slå vel fast!" |
|
25) (II) Horpa slo det fjorde: "Bruri ho meg forgjorde." |
|
26) (II) Horpa slo det femte: "Bruri på å meg spente." |
|
27) (II) Horpa slo det sjette: "Brudgomen meg forgjette." |
|
28) (I) Bruri tro på spilemanns fot, så blodet sprang av naglerot. |
|
29) (I) Bruri tro på spilemanns tå: "De slå den horpa i stykkje små!" |
|
30) (I) Dei toke horpa og slo imot jord, så blei derav ei jomfru god. |
|
31) (I) Brudgomen heitar på sveinar två: "De gangje åt skogen og hogge bål." |
|
32) (I) Blea or og blea eik blea den veden som brenner heit." |
|
33) (II) Det var kje pilgrimar, det var likt, det var tvo englar av Paradis. |
Horpa (dei
mest vanlege versa)
Folkevise som er kjent frå mange stader i landet og i
andre land. Dansen blir dansa med to ulike tonar. Tone I er nedskriven av
O.M.Sandvik i 1916 etter Svein Tveiten (1814-1924) Hovden i Setesdal. Tone II er
nedskriven av Lindeman etter Marit Larsdotter Leira i Valdres. Liv Greni har
notert om tonane slik at dei høver til dansen. Teksten er særskilt
tilrettelagt av Knut Liestøl til Norske Folkedansar (utgåve 1925). Ole Ekornes
har laga den dansemåten som vert mest brukt i dag. Dansen
står i boka til Klara Semb: "Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Til tone I: To heile attersteg og 2 sviktar av neste.
På siste omkvedet: Eit bytomfotsteg frå reinlender rett inn i ringen og så
eit steg tilbake (rygge). Ein liten sving med ledig fot på første
dobbeltsvikten. Til tone II: Tre heile kvilesteg og to sviktar av neste.
Så dansar alle eit steg inn mot sentrum av ringen med eit jamvektsteg, og jenta
snur samtidig ryggen inn i ringen, og tar saman med framand dansar venstre i
venstre. Ho står no mellom eigen og framand gut. No dansar alle tre jamvektsteg:
På første steget frå kvarandre (ryggar), så mot kvarandre, og så frå
kvarandre. Dette vart gjort til teksten "Båra bere så vent eit". På
teksten "viv ifrå landet" dansar alle på ny eit kvilesteg langs
ringen på vanleg måte. Dei to tonane er merka med (I) og (II).
1) (I) Syster tala til syster så: - Ved sande - "Me vil okkon til Sjoar-å" - Båra bere så vent eit viv ifrå lande. |
2) (I) "Hot sko me 'kon til Sjoar-å? me hava der ingji klede å två" |
3) (I) "Me vil två 'kon kvite, me er tvo systrar like." |
7) (I) Då dei kom til Sjoar å, så for dei til å vaske å två. |
8) (I) Den yngre sette seg på ein stein, den eldre skuva ho ut fyr mein. |
9) (I) Ho rette opp si kvite hand: "Å, hjarte syster, hjelp i land!" |
14) (I) Der gjekk tvo pilgrimar ut med å, dei såg det likjet på sanden låg. |
15 (I) Dei toke hennar kvite kropp, der gjorde dei av ein horpestokk. |
17) (I) Dei toke hennar gule hår, gjorde dei horpe strengjir små. |
18) (I) Så reiste dei til bryllaups gård, så for dei til på horpa slå. |
19) (I) Dei sette seg i duragått: "Lyster de høyre ein horpeslått?" |
20) (II) Horpa slo det fysste, "Bruri ho var mi syste." |
21) (II) Horpa slo det are: "Bruri ho var min bane." |
22) (II) Horpa slo det tre'e: "Brudgomen var min bele." |
23) (I) Mælte no bruri raud som blod: "Hav ut den horpa ho gjere uljod!" |
24) (I) Svara det brudgomen bleik som bast: "Slå meir på horpa og slå vel fast!" |
25) (II) Horpa slo det fjorde: "Bruri ho meg forgjorde." |
26) (II) Horpa slo det femte: "Bruri på å meg spente." |
27) (II) Horpa slo det sjette: "Brudgomen meg forgjette." |
30) (I) Dei toke horpa og slo imot jord, så blei derav ei jomfru god. |
32) (I) Blea or og blea eik blea den veden som brenner heit." |
33) (II) Det var kje pilgrimar, det var likt, det var tvo englar av Paradis. |
Elskhugsstemna
(Nyst
munde...)
Teksten er laga av den danske folkeminnegranskaren
Svend Grundtvig (1824-83), og er truleg omsett til norsk av Ingvar Bøhn. Tonen
er ein folkemelodi frå Jylland. Det er ukjent kven som har laga dansemåten.
Visa med dansemåte kom med i NF II i 1925.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Først 4 folkevisesteg. (Det er vanleg med eit svikt som
opptakt til stega.) Til teksten "(Om det) regnar og snor, om det stormar av
nord" dansar alle 4 gåsteg inn i ringen (byrje på venstre), og 4 gåsteg
utatt (rygge). Så eit folkevisesteg resten av visa. Vi held fram med neste vers
utan stopp. Ein kan syngje vekselsong, men det er ikkje så vanleg.
1) Nyst munde det regna så såre, og det dryper av tre og av runn; vind og stein, furugrein hev deg rive, dei hev slite di kåpa isund. Om det regnar og snor, om det stormar av nord, uti hugen så leikar dine ord! |
2) Eg kan sjå det på augo så klåre at du nyss gjekk og tårone gret; regn og vind, sorg i sinn, gråt i auga du som heve den hugen så lett! Kvar den tåra som fall og så fagnaden all heve du då åleine uti vald. |
3) Kor du gjeng, på din veg vil eg breia kvar ein blom, kvart eit angande blad. Fugl på grein, kvar og ein vil eg beda - skulo kveda og kvitra deg glad. Lat dei anga for vind, lat dei syngja i lind, vist dei inkje kan svæva mitt sinn. |
4) Men i morgon når soli ho stiger, fyre moder di bøni er ber, og eg bed henne blid som det høver: fær eg vera deg sonen så kjær? Sjå det ljosnar i li, vinden leikar så blid; du skal vera min ven i allan tid. |
Å spøte og spinne
Dette er ei vise frå Sunnfjord. Musikken er frå Catarinus Elling si samling. Vi lærde ho i Symra 13. mars 2002 av Victoria
Carlsen og Bjørn Carlin. (Dansen/visa/tonen finst også på eit stensil, men
det står ikkje kven som har laga rettleiinga). Høyr på songen her
(mp3).
Å spøte og spinne eg ikkje kan,
og ikkje kan eg koka.
Og ikkje held eg mine kle i stand,
og ikkje bøte broka.
Men skam for den so anna tru;
at eg meg gifte lyte,
anten det blæse elde tyte!
Brigde
Først dansar vi 4 kvilesteg ("bøte broka" song vi til slutt). Så
slepper guten framand jente, gut og jente vender mot kvarandre og tar saman til
lett handtak med ledig hand (det andre handtaket beheld vi som i
attersteget). Så dansar vi sidelengs inn mot ringen to sidesteg frå polkamasurka (for guten):
venstre, høgre, svikt på høgre (medan vi tar svikt på høgre løfter vi litt
på venstre fot). Jentene gjer det same, men med høgre i staden for venstre.)
Etter desse to stega, slepper ein taka med eigen. Gutane snur brått 180 grader motsols på høgre fot
(jentene snur samstundes medsols 180 grader på venstre fot), og guten tar saman med
framand jente med same taket som han hadde med eigen. Så dansar para sidelengs
to steg ut av ringen på same måten som dei nyss dansa innover. På siste
verselina går/snur gut og jente på plass med sin nye dansepartnar klar til å
byrje verset på nytt (2 bytomfotsteg frå polkamasurka). Ein byrjar på nytt vers utan noko
stopp imellom.
Spinn, spinn
Dette er ein dans som vi lærde av Turid og Magne Sørøy i Symra hausten 2002. Tekst, melodi og
dansemåte er frå Nord-Noreg.
Høyr på songen her (mp3).
Spinn, spinn dotter mi.
I mårrå så kjæm frieren din.
Jenta ho spainn og tåran de rainn,
men aldri så kom no den friaen fram.
(tonen startar høgt på første "spinn")
Dansemåte (utarbeidd som
Gruppearbeid på eit sangseminar i Tromsø ca 2000)
Kvilesteg fram til siste lina. I brigdet held vi
saman og dansar eit reinlendersteg ut av ringen (bakover) og eit
reinlendersteg fram att. Vi tar appell med høgre på første taktdelen når vi
dansar fram att. Svært frisk dans.
Krist gjeve
Tonen til visa er etter Tone Olsdatter Vistabakken, Mo i
Telemark, og nedskreven av Lindemann i 1861. Teksten er frå Norsk Folkedikting.
Visa står i "Danse danse lett på foten" av Egil Bakka.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Først 5 heile attersteg og 2 sviktar av neste. Alle slepper
taket, tar saman parvis høgre i høgre og snur seg mot kvarandre på ringen.
Så dansar vi eit bytomfotsteg mot venstre og så eit mot høgre. Så snur også
guten seg langs ringen og paret dansar 4 gåsteg langs etter ringen med sola, og
trør til slutt inn på plass på ringen på to små steg. Vidare utan stogg.
Berre dei mest brukte versa er utheva.
1) Krist gjeve eg var der soli renn, og sidan eg var der ho kviler, så sille eg leite min kjæraste opp, om det var tolv tusunde milir. - Om sumaren, om sumaren, når alle småfuglane syngje. |
2) Ho var no ljos den jonsoknatt, ein riddar så sakteleg mun ride; han pikka på dynni, ho slepte han inn, ho la'e han ned ved si side. |
3) Så låg dei til saman den notti så lang dei ha'e så mykje å tala - til gaukjen han gol i grønaste lund, små fuglane kvidra i dalar. |
4) Statt opp, statt opp, fagre ungersvenn! No hev du sovi så lengje; - guakjen han gjel'e i grønaste lund, og soli ho skin ivi engje. |
5) Du stige så varleg ut or mi seng du late kje sporane ringle, du ride så varleg ut or min gard, du late kje hestskoen singre. |
6) Så steig han så varleg ut or den seng, han let inkje sporane ringle, så rei han så manneleg utor den gard, han let fulla hestskoen singre. |
7) Så reid han seg ivi dei nordiske fjøll, og ivi dei villande heiar, der møtte han hennar brøane sjau, og alle var gramme og vreide. |
8) Hor hev du vori, du fagre ungersvenn, med' du kjem'e ri'ande så årle? Eg hev vore i grøne rosenslund å jaga dei dyri så småe. |
9) Nei inkje hev du vori i grøne rosenslund å jaga dei dyri så småe, men du heve sovi hjå 'kons syster i nott og inkje spurt oss til råde. |
10) Kvåre vil du røme, hell du vil no fly, hell du vil manneleg stride, hell du vil misse ditt fagre unge liv fyr jomfruvas søtaste kvile? |
11) Inkje vil eg røme, inkje vil eg fly, men eg vil vel manneleg stride, inkje vil eg misse mitt fagre unge liv og jomfruvas søtaste kvile. |
12) Dei stridde i daga, dei stridde i tvo, den tre'e dagjen til kvelde; - alle hennar brøar måtte vike ifrå og jomfrua vann han med velde. |
Liti Kjersti og
elvekongen
Tonen til visa er etter Olaf Olavsson Glosimot (1785-1858) frå
Seljord, og nedskreven av Lindemann. Teksten er frå Norsk Folkedikting. Visa
står i "Danse danse lett på foten" av Egil Bakka.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Først 4 heile attersteg. Med det lette taket med eigen
dansar vi med låg svikt framover langs ringen parvis med sola slik: venstre
fram, høgre inntil, venstre fram, høgre fram, venstre fram, høgre inntil,
venstre fram og høgre fram. På dei to siste stega snur ein inn på ringen.
Vidare utan stogg. Berre dei mest brukte versa er tekne med.
1) Moeri tala til dotteri si: - ti lillil hugen min - Kvi renn'e det mjølk utor brjosto di? - Dei leika så lett gjennom lunden. |
2) Det er inkje mjølk om det synest så, det er av den mjøden eg drakk igjår. |
4) Det nyttar kje lenger å dylje for deg: elevekongen hev lokka meg. |
8) Han gav meg ei horpe av gull til slå når eg var sutefull. |
13) Elvekongjen kom seg ridand i gård, liti Kjersti ute fyr honom står. |
16) Elvekongjen ha' seg ein gangare spak, han lyfte liti Kjersti opp på hass bak. - |
22) Elvekongjen tala til dotteri si: Du tappe i ei konne med vin. |
27) Den fysste drykk ho av konna drakk, då gløymde ho bort kven henne ha' skapt. |
30) I bergjet er eg fødd, i bergjet vil eg døy, i bergjet vil eg vera elvekongens møy. |
Tora liti
Tonen til visa er etter Marit Larsdotter frå Leira i Valdres, og
nedskriven av Lindemann. Teksten er frå Norsk Folkedikting. Visa står i
"Danse danse lett på foten" av Egil Bakka.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Først eit kvilesteg og to sviktar av neste. På "Gud å
råde" snur alle mot sentrum med eit S-trinn med venstre fot og høgre
inntil, og tar armane mjukt ned. Så dansar vi 1 kvilesteg og 2 sviktar av
neste. På "Herre Gud sende oss sin" snur alle mot sentrum, lyfter
armane og dansar 3 sidesteg med låg svikt. På siste ordet "nåde"
trør alle med høgre foten inn og set venstre inntil medan vi løfter armane
høgt. Berre dei mest brukte versa er tekne med.
1) Duva sette seg på lindekvist, - Gud å råde, ho syng'e så fagert om Jesum Krist - Herre Gud sende oss sin nåde. |
3) Tora liti sto ute og slo sitt hår: Eg hev alli høyrt venare fuglemål. |
6) Å kjære Tora liti, du fylgje med meg, i himmerik sko eg syngje for deg. |
9) Hoss kan eg til himmerik gå? eg kjenner meg ingjen sjukdom på. |
10) Tora liti fekk sott fyrr hanen gol, og ho var daud fyrr opp rann sol. |
14) Ho prilla på dynni med fingrane små: Å jomfru Maria, skreid loka ifrå! |
15) Maria stod opp frå raude gullstol: Velkomen, Tora liti, så trøytt og mod! |
16) Inkje er eg så trøytt, inkje er eg så mod, ei liti kvilestund var fulla god. |
Jenta som vildø jiftø seg
Tonen og teksten til visa er etter Andris Eivindson Vang
(1795-1877) frå Valdres, og nedskriven av Lindemann i 1948. Visa
står i "Norske folkedansar. Songdansar" av Klara Semb.
Høyr på songen her (mp3). Vi har også teke med teksten slik han
stod i tidlegare utfåver av retteliingsbøkene til Klara Semb.
Dansemåte: Først 2 attersteg og 4 sviktar av neste. Gutane, med armane
i kryss, dansar eit kryssteg til venstre og eit sluttsteg med høgre tåa i
kryss bak til slutt. Så dansar dei eit krysssteg tilbake med sluttsteg.
Jentene, med stakken vidt ut, dansar på same vis som gutane, men motsols i ein
ring innanfor gutane. På siste "(hei) hopsja falelila, ... klapper alle i
hendene og dansar med armkrok ein gong rundt med sola på 4 steg frå halling.
Siste vers utan stogg. Siste verset: I staden for atterstega i byrjinga, dansar
alle 6 sidesteg + sluttsteg først med sola og så tilbake igjen sameleis. Så
dansar dei rundt medsols på 4 steg frå halling, og til slutt det same motsols.
1) E vil ingjin spelømann ha, tå eg kan inkji dansø. Men e vil me ein skræddar ha, som sauma fine kransa. Hei hopsja falelila, hei hopsja faleli lalala, hei hopsja falelila, hei hopsja falelila. |
2) Men e vil ingjin skræddar ha, då må eg persø kluta. Men e vil me ein slaktar ha, då får e fine stuta. |
3) Nei e vil ingjin slaktar ha, då må e skrapa tarma. Men e vil me ein bryggjar ha, so får e øl i kanna. |
4) Nei e vil ingjin bryggjar ha, då lyt e skylø tynner. Men e vil me ein prestmann ha, so skrifta me frå synder. |
5) Nei e vil ingjin prestmann ha, e ha kje manga synde. Men e vil me ein snikkar ha, då får e nya sengje. |
6) Nei e vil ingjin snikkar ha, då må e slipø høvla. Men e vil me ein skomaker ha, då får e nye støvla. |
7) Nei e vil ingjin skomaker ha, før han ha bek på finge. Men e vil me ein gullsme ha, før han ha ring på finge. |
8) Om mednadn, ner han står opp, då står han ved mi siø, O krusa upp min gulø lokk: statt upp, mi veslø pikø! |
9) E æ so lystygø o gla, no ha e kjærest fønnø, e håpa o e meina dæ, at e ha spelet vønne. |
1) Eg vil ingen spelemann ha, for eg kan ikkje dansa, men eg vil meg ein skreddar ha, som saumar fine kransar. Hei hoppsa falleli la, hei hoppsa falleli lala la, hei hoppsa falleli la, hei hoppsa falleli la. |
2) Nei, eg vil ingen skreddar ha, då må eg persa klutar; Men eg vil meg ein slaktar ha, då fær eg fine stutar. |
3) Nei, eg vil ingen slaktar ha, då må eg skrapa tarmar; men eg vil meg ein bryggjar ha, så fær eg øl i kanna. |
4) Nei eg vil ingjen bryggjar ha, då lyt eg skylja tynner; men eg vil meg ein prestemann ha, som skriftar meg frå synder. |
5) Nei, eg vil ingen prestemann ha, eg har 'kje mange synder; men eg vil meg ein snikkar ha, då fær eg nye senger. |
6) Nei, eg vil ingen snikkar ha, då må eg slipa høvlar; eg vil meg ein skomakar ha, då fær eg nye støvlar. |
7) Nei eg vil ingen skomakar ha, for han har bek på fingrar; men eg vil meg ein gullsmed ha, for han har ring på fingrar. |
8) Om morgonen når han står opp, då står han ved mi side; og krusar opp min gule lokk: statt opp mi vesle pike. |
9) Eg er så lystug og så glad, no har eg kjærast funne; eg vonar og eg meiner da, at eg har spelet vunne. |
Pål på haugen
Tonen til visa er etter Johan Jørgen Broch (1791-1860). Teksten
er frå Lindemann. Visa står i "Norske folkedansar. Sondansar" av
Klara Semb.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Først 5 kvilesteg og to sviktar av neste. Slepper så
taket. Dei tek parvis saman høgre i høgre, dansar 1 sidesteg mot venstre, guten
inn og jenta ut av ringen. Dei trør vidare til venstre, høgre inntil og opp
på tå og nedatt. Byrjar så på høgre fot og dansar likeeins mot høgre
tilbake igjen. Med høgre i høgre dansar dei så rundt kvarandre medsols på 4
bytomfotsteg. Neste vers utan stogg.
1) Pål sine høner på haugen utslepte, hønun så lett over haugan sprang; På kunne væl på hønun fornema, ræven va ute med rumpa så lang; :/: klukk, klukk, klukk, sa høna på haugom :/: Pål han sprang og rengde med augom; Nå tor e inkje kåmå heim åt'n mor! |
2) Pål han gjekk se litt lenger på haugjen, fekk han sjå ræven låg på høna og gnog; Pål han tok se ein stein uti neve, dugle han da til reven slog; :/: ræven flaug, så rumpa hass riste, :/: Pål han gret for høna han miste; Nå tor e inkje kåmå heim åt'n mor! |
3) Hadd' eg no nebb og hadd' eg no klø og visste e bare kor rævan låg, skull' e døm både rispe og klore framma te nakkjen og bak over lår. :/: skam få alle rævan raue! :/: Gu' gjev at døm alle va daue! Så skull' e kåmå heim åt'n mor! |
4) Inkje kan ho verpe og inkje kan ho gålå, inkje kan ho krupe og inkje kan ho gå! E fæ gå mæ åt kvenne og målå og få att mjølet e miste igår! :/: Men skit! sa'n Pål, e æ inkje bangen; :/: kjeften og motet ha hjelpt nå så mangen, e tor nok væl komå heim åt'n mor! |
5) Pål han konnet på kvenne te å sleppe, så at dæ ljoma i kor ein vegg. Så at angan tok te å fljuge, og dei vart lange som geiteragg. :/: Pål han ga seg til læ og te kneggje. :/: Nå fekk e like for høna og for egge, nå tor e trygt komå heim åt'n mor! |
Blåmann, Blåmann
Teksten er av Åsmund Olavsson Vinje. Visa står i "Norske
folkedansar. Songdansar" av Klara Semb. Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Først 4 kvilesteg eller attersteg. Alle dansar så eit
krossteg og eit slengsteg mot venstre og så det same mot høgre.
1) Blåmann, Blåmann, bukken mi! tenk på vesle guten din! Bjørnen med sin lodne feld, kan deg taka seint i kveld. |
2) Gamle Lykle, moder di, seint kom heim med bjølla si. so ikring seg ho mun sjå, liksom der var fåre på.. |
3) Det såg ut, som der var naud, kanskje no du ligger daud. Tidt du dansa kringom meg, mangt eg rødde då med deg. |
4) Når eg låg som blind og dauv, grov du på meg med di klauv. Ja, du vilde vekkje meg opp til leiken din med deg. |
5) Du var sprek og glad og god, all min ros du vel forstod. tidt du veit eg sa til deg: han veit meir enn mata seg. |
6) Blåmann, Blåmann, svar meg no! mekre med ditt kjende ljod! Ikki enno, Blåmann min, må du døy frå guten din. |
Hans og hånån
Teksten er av Pål Kluften (1888-1942) frå Nord-Fron og melodien
av Oddvar Nygaard frå Sør-Fron laga på 1960-talet. Visa står i "Norske
folkedansar. Songdansar." av Klara Semb.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Først 4 kvilesteg. Så dansar alle parvis 2 bytomfotsteg
motsols (guten bakover, jenta framover). Så dansar vi 2 kvelesteg og 4 sviktar
av neste. Så dansar vi parvis (tommelgrepet) "islandsschottis" ein
gong.
1) Det var ein kar inni Sorperon (ein liten repp uppi nordre Fron), og denne karen var kåt i dans og lett og lentaug og heitte Hans. |
2) Og Hans var husmann åt garden Lo, og stugu ha'n, men itte do, og ku på setern og kælv og steill, så skull'n ditopp ein laurdagskvell. |
3) Men vil du tru at han Hans han ha' ein hånåkjukling som gol så bra. Så tok'n hånån og rusla åt, - på setern skull' dem få høre låt! |
4) Men Hesthaug-råket er stygt og bratt, og vil du meine: 'n Hans han glatt! og kanta gjord'n tull i tull det minna reint om ein åkerrull! |
5) Og hånån, stakkar, da spente ti, 'n sleit og baska og kom seg fri! Så fauk'n ut over kvist og grån og skreik og kåvå. Var stusleg sjå'n. |
6) 'n Hans vart liggjand' i brask og kvist, og pene bønne' det bad'n visst! For hånån reiste, og borte va'n. Det var nå heitaste svarte! sa'n. |
7) :/: Men stelle der som døm skjølde lag er Hånåhoppet den dag i dag, og derfor si døm nå au på Fron: Det flakse fugle frå Sorperon! :/: |
Fram dansar ein haugkall
Teksten er av Arne Garborg (1851-1924) og tonen av Olav Sande
(1850-1927). Visa står i "Norske folkedansar. Songdansar" (1985) av Klara
Semb.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Først 5 kvilesteg og 2 sviktar av neste. Vi vender parvis
mot kvarandre og dansar vanleg høgrehands kjede med 4 bytomfotsteg. Neste
verset utan stogg.
1) Fram dansar ein haugkall fager og blå, med gullring om håret som fløymer; han giljar for Veslemøy til og frå, og tonar i kring honom strøymer. Å hildrande du! Med meg skal du bu, i Blåhaugen skal du din sylvrokk snu. |
2) Om dagen er eg den brune bjørn, som bykser i skogen vide og laugar mitt ragg i den djupaste tjørn og vassar i straumane stride og leikar i strand og rår over land, så langt som ditt auga det timja kan. |
3) Men når det lid til midnettes bel, og dagen i haug er gjengen, då hører du klunk og yndeleg spel som linnaste lokking frå strengen; då kjem du til meg frå villande veg og søv i din arm, til det vekkjer meg. |
4) Men du skal sitja i Blåhaug brur i silke og sylv så det bragar, og aldri kjennast sår eller stur i alle dei levedagar. Å hildrande du! Med meg skal du bu, i Blåhaugen skal du din sylvrokk snu. |
Åslaug Møy
Teksten er av Kristofer Janson (1841-1917) og tonen av Severin
Eskeland. Visa står i "Norske folkedansar. Songdansar." av Klara Semb.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Startar i dobbel ring med gutane inst. Ingen held
saman.Guten dansar motsols og jenta medsols 2 sidesteg, forbi neste og til den
tredje dei møter (eigen medrekna). Byter så plass med 4 gåsteg (høgre i
høgre). Så 2 sidesteg tilbake til dei møter eigen, og går rundt med
eigen på 4 gåsteg (høgre i høgre) og er då tilbake slik det var då
dansen starta. No tar jentene saman til vanleg ring og gutane til vendt ring.
Så dansar alle 2 slengsteg, medan armane svinger i takt med stega, og stoggar
med armane høgt løfta. Gutane byrjar slengstega med å trø ned på venstre
fot, jenta på høgre fot.
1) Og det var vesle Åslaug, ho var så ven ei møy. Dei gøymd' ho i ei horpa, at ho inkje skulle døy. Men inkje døyr det som er skapt å leva. |
2) Og det var Heimer fosterfar han trutt på horpa let kvar gong den vesle jenta småsutrade og gret. Men inkje døyr det som er skapt å leva. |
3) Dei drap den gode fosterfar, dei kraste horpa sund, dei gjorde Åslaug til ein træl med sota hår og munn. Men inkje døyr det som er skapt å leva. |
4) Men Åslaug rein seg tvette, og håret skein som sol, og Ragnar Lodbrok sette ho på sveriks konungstol. For inkje døyr det som er skapt å leva. |
Stigelin
Teksten og tonen er etter Maret Mogstad, nedskriven i 1961 av
Olav Mogstad. Visa står i "Norske folkedansar. Songdansar." av Klara
Semb.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi dansar først 2 attersteg og 4 sviktar av neste (trø dei to
siste sviktane V-H for å kome på rett fot til brigdet). Så dansar gut og jente
runddans frå Nordmørspols (samdanstak 4) to gonger rundt kvarandre (jentene 12
springsteg, gutane venstre, høgre bak, spring, spring). Så dansar ein til slutt
1 attersteg og 2 sviktar av neste. Held så fram med neste vers utan stogg i
atterstega.
1) Å Stigelin tente på kongens gård, og jomfrua krusa og kjemma hass hår. Fadde rallalla la, fadde rallalla la, og jomfrua krusa og kjemma hass hår. |
2) Å da vi nå kom te Stigelins port, der spella ei hind og der dainsa æn hjort. |
3) Å da vi nå kom te Stigelin inn, fergylt va nå veggjin, ja rointen omkreng. |
4) Å golvet det va nå tå marmorstæn, og loftet det va nå tå kvitekvalsbæn. |
5) Å bordet det va nå tå ækjerot, og bordstoln hain va nå tå kvervilved gjord. |
6) Å dukjen hain va nå tå selkjeoill, og tallikain va nå tå pure goill. |
7) Å Stigelin inn på bordet sprang, og båe sølvkainnåinn hain hilt i si hainn. |
8) Å Stigelin klappa på dynå blå: Litl dråkja, litl dråkja ska sitta der på. |
Nøringen (Eg ser deg eg ser deg)
Melodien og teksten er eit slåttestev frå Voss til slåtten
Nøringen som går i rudl-takt. Visa står i heftet "Her er me grannar" utgjeve av Bondeungdomslaget i Bergen i 1995.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Først dansar vi 2 attersteg og 4 sviktar av neste. Så
dansar vi eit fullt kvilesteg (frå starten) og to sviktar av neste. Så dansar
vi eit fullt attersteg (frå starten) og to sviktar av neste. Så går alle
parvis med livtak (som i rudl) 4 gåsteg langs ringen medsols og 2 bytomfotsteg
inn på plass.
Eg ser deg, eg ser deg, men eg kan ikkje koma te deg. Eg ser deg, eg ser deg, men eg kan ikkje koma te deg. Å hadde eg aure å baot'n va go og fjorten te styra og saukjan te ro, dao skulde eg komma te deg ja te deg, ja te deg, dao skulde eg koma te deg, eg veit no so vel ka du ve meg. |
Åsmund Frægdegjeva
Tonen til visa er etter Olea Crøger og Olav Glosimot frå
Telemark, og
nedskriven av L.M.Lindemann. Teksten er frå Norsk Folkedikting (61 vers). Visa står i
"Norske Folkedansar. Songdansar" av Klara Semb. Visa vart brukt
tidleg, men noverande dansemåte vart laga seinare av Klara Semb.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Først vers kvilesteg (6 steg og 4 sviktar av neste). I vers
2 går jentene straks inn til vendt ring, og vender straks ringen og dansar
resten av verset i vanleg ring. Gutane held fram i ytre ringen. I vers 3 snur
jentene igjen ringen og dansar resten av ringen i vendt ring mot sola. I
omkvedet på 3. verset byter jentene og gutane plass. 4. verset byrjar gutane i
vendt ring og så snur gutane ringen og dansar medsols resten av verset. I 5.
verset snur gutane ringen att og dansar vidare i vendt ring. I omkvedet dansar
gutane inn på sin vanlege plass i den ytre ringen. I det 6. verset dansar alle
først vanlege kvilesteg. På "dukane var .." startar alle med
"ormkjede" slik som i "Trolldans". Jenta byrjar først inn i
ringen, medan guten tar to trøsteg først. Heile ormslynga held fram i 7.
verset. I vers 8 dansar alle vanlege kvilesteg (6 steg og 4 sviktar av
neste). I siste verset lagar føredansaren innbrot slik at ringen får
halvmåneform. På siste ordet ("dagen") stoppar alle med sluttsteg
på høgre foten og alle løfter armane høgt opp.
1) Det var Olav kongjen, han tala til sine menn: Kven skal nord i Trollebotn og hente mi dotter heim? - Der er ingjen dage. |
2) Høyrer du Åsmund Frægdegjæva, du er den frægast i
londo; du sko nord i Trollebotn og løyse mi dotter or vondo! |
3) Vil du gjeva meg dotter di, den vene fru Ermelin, så fer eg nord i den skume heimen som ingjo soli skin. |
4) Så vatt dei opp det silkjeseglet høgast i seglerå, dei sille inkje på bjunken strjuke fyrr Trollebotn dei såg. |
5) Åsmund kasta den kufta blå, tok på seg ei fillute
flangje, han totte kufta var hoste god i trollehender å gange. |
6) Som han kom i den fysste halli, der var så underleg
vori, dukane var utor blodet dregne, og ormane spela etter bordet. |
7) Hogg han i hel alle bergetrolli som han fyre augo såg; så reiste han utor Trollebotn, der flaut med blod og våg. |
8) Kongjen han stend i høgeloftssvol og ser han seg ut så
vide: No ser eg Åsmund Frægdegjæva og fljotfolen under han ride! - Er det inkje dangen? |
9) Kongjen han stend i høgeloftsvol, og leikar med
dronningji si: No ser eg Åsmund Frægdegjæva med fagraste dottri mi: - Er det inkje dagen? |
Nordlandsvise
Tonen og teksten er skriven ned av organisten og komponisten
Fridthjov Andersen (1876-1937) frå Beiaren i 1905-06. Visa står i
"Norske Folkedansar. Songdansar" av Klara Semb. Dansemåte I er laga
av Mali Furunes (1888-1969), og dansemåte II av Brede Bakken (1898-).
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte I (einkel ring): Vi dansar først i ring med sola med
herdataket (byrje på venstre). På "(Kor mange) penga haver han"
dansar jenta forbi guten og rygger inn på hans venstreside (på 2 takter), og
så dansar guten forbi jenta på same måte (på "(du mi) dotter
Dalia"). Desse to forbidansingane blir så repetert ein gong. På siste
verset dansar alle på 6 springsteg inn mot sentrum av ringen og 6 springsteg
tilbake att i staden for den siste omgangen med forbidansing.
Dansemåte II (dobbel ring): På dei 4 første taktene (opptakt på
"Det står ein", og start på venstre fot) dansar gutane motsols i
indre ring og jentene medsols i ytre ring med bytomfotsteg (held saman med lave
handtak). På "hau, hau" tar alle to appellar og kviler på neste
opptakt og dansar likeeins tilbake (start på høgre) med to avsluttande
appellar framfor eigen partnar. No dansar alle parvis rundt på staden med sola
(samdanstak 4) med steg frå springar (jenta springsteg) (startar med venstre
fot)og avsluttar med at guten svingar jenta ein gong rundt medsols uder armen
sin (opptakt på "Kor mange"). Til slutt dansar dei sameleis men no
motsols (byrjar på høgre foten)
1) :/: Det står ein friar uti gare, mor lilla, hau, hau! :/: :/: Kor mange penge haver han, du mi dotter Dalia?:/: |
2) :/: Ethundre riksdaler sier han at han har.?:/: :/: Lat'n gå, lat'n gå, du mi dotter Dalia! :/: |
3) :/: No står ein friar uti gare, mor lilla, hau, hau! :/: :/: Kor mange penge haver han, du mi dotter Dalia?:/: |
4) :/: Tohundre riksdaler sier han at han har.?:/: :/: Lat'n gå, lat'n gå, du mi dotter Dalia! :/: |
5) :/: No står ein friar uti gare, mor lilla, hau, hau :/: :/: Kor mange penge haver han, du mi dotter Dalia?:/: |
6) :/: Femhundre riksdaler sier han at han har.?:/: :/: Femhundre riksdaler sier han at han har.?:/: |
Håvard Hedde
Tonen har Hulda Garborg truleg lært av dansarar frå Telemark.
Teksten er frå Landstad 1853. Klara Semb har laga dansemåte I. Visa står i
"Norske Folkedansar. Songdansar." av Klara Semb.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte I (folkevisesteg): Alle dansar 2 folkevisesteg (det lette
taket). På "(Eg) bur oppunder fjell" dansar alle eit steg inn i
ringen og eit steg ut att (venstre fram, høgre tilbake). På steget inn lyfter
vi armane noko og senker dei att på steget tilbake. Så dansar vi folkevisesteg
resten av visa. (Visa kan også dansast med attersteg i staden for
folkevisesteg.)
1) Eg heiter Håvard Hedde, og er så ven ein kar, no vil eg bort og gifta med og rydja meg ein gard. Eg bur opp under fjell, og jenta hev eg lova, eg svik'a inkje hell. |
2) :Eg heiter Håvard Hedde og bur oppunder nut, no vil eg bort og gifte meg eg vil 'kje gange gut. |
3) Garden den er liten men skogen den er god, der heve eg tvo furur, og dei skal stå i ro. |
4) Og når det lid på tida og borni aukar på, så høgg eg ned den eine, den andre let eg stå. |
5) Men når me verte gamle og kvar skal hava sitt, så høgg eg ned den andre og då er skogen kvitt. |
6) Det var no inkje undrands at Håvard totte vont, han reiste i frå Lanjei den myrke haustenott. |
7) Han reiste i frå Lanjei og då var jenta fest, men det var med ein annan det hev 'en trega mest. |
Siri-visa
Tonen og teksten er etter læraren Holger Barkved (1897-1963).
Dansemåten er laga av "Veiskrekk". Visa står i "Norske
Folkedansar. Songdansar." av Klara Semb.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Alle dansar eit kvelesteg, snur så inn mot ringen og
stoppar på venstre, høgre, utan å endre handtaket. Så dansar vi det same ein
gong til. Så ("Men) då eg kom ..) dansar alle eit kvilesteg. Så slepper
alle taket med framand, og jenta svingar ein gong under armen til guten på eit
bytomfotsteg (guten trør stega på staden). Utan å sleppe handa til guten
støyper jentene ljos, medan guten bøyer seg litt framover. Så slepper dei
taket, gutane tar saman hand i hand og løfter armane medan jeentene reiser seg
opp att.
1) Eg fekk i hug å gå te Siri, Siri og fretta om ho ville bli mi, bli mi. Men då eg kom på himlaleite, leite , leite eg sto forsjodla der og sveitta, sveitta. |
2) Eg sette meg på bjørkestubben, stubben, og såg så longleg bort i Sørliklubben. Då kom ho Siri meg i syne, syne, syne ho steig så snøgt og lett som lyne, lyne. |
3) Så klår i augo som ei svala, svala. Så ven som solå når ho dala, dala. Så kvit og fin som snø på skogen, skogen, skogen, når greinå henger tung og bogen, bogen. |
Mannen og konen
Tonen og teksten er etter verdalingen Oskar Arntsen (1899-1976),
nedskriven av Geir Egil Larsen. Dansemåten er laga av Geir Egil Larsen. Visa
står i "Norske Folkedansar. Songdansar." av Klara Semb.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi dansar 6 kvilesteg og slepper framand. Jenta trør
H, V på dei to siste sviktane for å vere klar til brigdet. På "(Å)
hoppfalalao" byrjar alle med "innheradspols" (eller polkamasurka)
parvis langs ringen, guten på venstre og jenta på høgre. Det første steget
til jenta må vere lengre enn det første for guten så ho kjem på plass
innanfor og ved sida av guten. Det neste steget dansar dei så rett framover.
Hendene litt under skulderhøgd.Så dansar jenta under armen til guten mot sola
på to bytomfotsteg, medan guten grør stega nesten på staden (litt framdrift).
1) Mannen og konen satte seg ned, talte om nytt og gammelt. Aldri æ visste at du var så vred, førenn vi kom telsammen. Nu kan æ spinna, veva og sy. Nu e æ like god som du er mann. Å hopp falalalo, så siger ho, og den dag forglæmmes aldri. |
2) Gubben han tok eit krokut veatre og knøvla kjærringa om øret: Nu ska du få dett sakramentska fe så fremt du mæ tel høre. Ikke kan du spinna veva eller sy, men du kan gå med skvadder uti by. |
3) Gubben han sprang i grønæng og skog og skar sær ein kjepp tå via. Men kjærringa hu sat på gølvi og svor Den ska du sjøl få slita. høgt oppå gølvi valse dæm i ring, kjæppstøbban dansa veggjin ikring. |
Mannen ut gjennom ddøra han sprang og møtte sin granngårds kvinne: I dag hi dæm banka kylryggjen min likeså at tåran rinde. Ja, dett ska du ha av hustruen din, Jeg skal hjem og gjøre ligeså med min. |
Oppi Hallingdal
Tonen er nedskriven av Olea Crøger, og står i Lindemann 1853,
der også teksten står. Dansemåten er laga av Egil Bakka og står i boka hans
"Danse, danse lett". Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi dansar 2 attersteg og 4 sviktar av neste. På
"(Oppi) Hallingdal" slepper vi handtaka og snur mot framand og dansar
2 gåsteg langs ringen (med sola). Guten byrjar framover med venstre og jenta
bakover med høgre. Så held vi fram med eit bytomfotsteg. Så dansar vi 2
gåsteg vidare, men på første gåsteget ein halv gong rundt med sola og jenta
ein halv gong rundt mot sola. Så held vi fram med eit bytomfotsteg. Til slutt
snur vi inn i ringen (mot eigen) på 2 gåsteg.
1) Å hadde eg meg ei fingerbør malt og dertil eit nataskal humle, så sille eg bryggje det ølet så sterkt at femten mann sille tumle. |
2) Å hadde eg meg eit pannkak-lass og det var klingande føre så sille eg reise til Hallingdal og spenne sju kjerringar fyre. |
3) Å ikkje kan det vera vere til enn ein forrasande bonde. Med hovudet opp og beina ned han ber seg verr' enn den vonde. |
Refreng: Oppi Hallingdal oppi Triumslått der bur ein mann som vil gjera godt med surt øl ig ned røykja kjøt om han hev det. |
Nissen
Denne dansen lærde vi av Trine Myrmo på Rettleiarsamlinga i BLS 9. februar
2003. Her kan du høre tekst/melodi (Trine
Myrmo).
Dansemåte: Alle tar saman i ring og går med sola medan vi syng
"Å nissen han var nå så grom en mann, og alle de kunstene kunne
han". Når vi syng om dei kunstene som nissen kan, står vi i ro og gjer
rørslene:
- Neier og bukker (stå i danseretninga)
- Pirk med høgre epikefinger i panna.
- Pirk på nasen med høgre peikefinger.
- Skriv på venstre handflate med høgre peikefinger.
- Slå høgre knytteneve oppå venstre knytteneve.
- Ta fart med armane og snurr rundt til høgre, rundt seg sjølv.
- Skrik ut KYKKELIKYYYY.
1) Å nissen han var nå så grom en mann, og alle de kunstene kunne han. - Han kunne neie og bukke. |
2) Å nissen han var nå så grom en mann, og alle de kunstene kunne han. - Han kunne neie og bukke. - Han kunne skurvene plukke. |
3) Å nissen han var nå så grom en mann, og alle de kunstene kunne han. - Han kunne neie og bukke. - Han kunne skurvene plukke. - Han kunne pille på sin nese. |
Slik heldt det fram dei neste versa også, og det
blir altså ei ny line i tillegg for kvart nytt vers. Dei neste
tilleggs-linene er slik: |
Søte lille Mette
Denne dansen fekk vi tilsendt av Trine Myrmo etter Rettleiarsamlinga i BLS 9.
februar 2003. Melodien er som "Ti små indianere".
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi stiller opp i to rekkjer, guterekkje og
jenterekkje. Rekkjene er vendt mot kvarandre. (Like mange guter og jenter).
1. vers. Jentene snur seg mot høgre, og spring etter første jenta, bak
rekkja dei sjølv stod i, og opp igjen tilbake på same rekkja. Verset syng vi
om nødvendig opp att til alle er på plass.
2. vers. Gutane snur mot venstre, og spring etter første gut, bak rekkja
dei sjølv stod i, og opp igjen tilbake på same rekkja. Verset syng vi om
nødvendig opp att til alle er på plass. Når vi syng "Come'an
boy's", ser dei bakover på dei andre i rekkja og "vinker" dei
framover ved å gjere ein stor armbevegelse med høgre arm og peikefinger.
3. vers. Jente og gut står rett overfor kvarandre, tar saman med begge
hendene, og set seg ned på huk/og opp att 8 gonger, i takt med sangen. (Ned på
dei orda som er understreka.). Den som ikkje er sprek, må ikkje bøye for
djupt!
1) Hvor er vel den søte, lille Mette, hvor er vel den søte, lille Mette, hvor er vel den søte, lille Mette, ut på den store grønne jordbæreng. |
2) Come’an boy’s, henne må vi finne, come’an boy’s, henne må vi finne, come’an boy’s, henne må vi finne, ut på den store grønne jordbæreng. |
3) To og to skal vi ut og plukke jordbær, to og to skal vi ut og plukke jordbær, to og to skal vi ut og plukke jordbær, ut på den store grønne jordbæreng. |
En bonde i vår by
Denne dansen fekk vi tilsendt av Trine Myrmo etter Rettleiarsamlinga i BLS 9.
februar 2003. Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Alle saman tar saman i ring og går rundt med sola.
Ein er inne i ringen og er bonde. bonden går mot sola inne i ringen. han tar
seg ei kone med høgre handa når han syng "tok ei kone". (Om han
ikkje har fått seg kone når verset er slutt, syng vi verset ein gong til). I
dei neste versa tar kona seg eit barn, og barnet ein hund osv. slik at det blir
ei lang rekkje inni den store ringen. Når vi syng "osten blei igjen",
tar bonden med seg rekkja og snur rekkja inne i den ytste ringen (som må opne
seg slik at dei innanfrå får plass). Osten blir nå bonde, og ein byrjar frå
starten att utan stans. Når vi vil slutte, kan den som leier avslutte med
".... og ingen blei igjen". Er det svært mange med, kan vi ha fleire
bønder som danner kvar si rekkje.
1) En bonde i
vår by, en bonde i vår by, hei, hopp, fallelallala, en bonde i vår by. |
2) Og bonden tok ei kone, og bonden tok ei kone, hei, hopp, fallelallala, og bonden tok ei kone. |
3) Og barnet tok en hund, og barnet tok en hund, hei, hopp, fallelallala, og barnet tok en hund. |
4) Og hunden tok en katt, og hunden tok en katt, |
5) Og katten tok ei mus, og katten tok ei mus, hei, hopp, fallelallala, og katten tok ei mus. |
6) Og musa tok en ost, og musa tok en ost, hei, hopp, fallelallala, og musa tok en ost. |
7) Og osten blei igjen, og osten blei igjen, hei, hopp, fallelallala, og osten blei igjen. |
Tante Monika
Denne dansen fekk vi tilsendt av Trine Myrmo etter Rettleiarsamlinga i BLS 9.
februar 2003. Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Alle saman tar saman i ring og går rundt med sola og
syng dei to innleiande linene. Så står vi på staden og gjer dei rørslene som
teksten fortel om.
1) Vi har ei
gammal tante, som heter Monika, og når'a går på torget, vi hermer etter'a. For sånn svaier hatten, og hatten svaier sånn, og sånn svaier hatten, og hatten svaier sånn. |
2) Vi har ei gammal
tante, som heter Monika, og når'a går på torget, vi hermer etter'a. For sånn svaier fjøra, og fjøra svaier sånn, og sånn svaier fjøra, og fjøra svaier sånn. Og sånn svaier hatten, og hatten svaier sånn, og sånn svaier hatten, og hatten svaier sånn. |
3) Vi har ei gammal
tante, som heter Monika, og når'a går på torget, vi hermer etter'a. For sånn svaier moffa, og moffa svaier sånn, og sånn svaier moffa, og moffa svaier sånn. For sånn svaier fjøra, og fjøras vaier sånn, og sånn svaier fjøra, og fjøra svaier sånn. Og sånn svaier hatten, og hatten svaier sånn, og sånn svaier hatten, og hatten svaier sånn. |
Slik blir det lagt til to liner for kvart nytt vers: - For sånn svaier veska, og veska svaier sånn .... |
Fjørhaneleken
Denne dansen lærte vi av Ingrid Maurstad på Rettleiarsamlinga i BLS 9.
februar 2003. Denne songleiken er frå Løten. Vi fekk han tilsendt av
Ingrid Maurstad etter samlinga. Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Alle saman tar saman i ring og dansar springsteg
medsols med lavt leietak. Vi dansar springsteg langs ringen heile første
verset. Når andre verset startar tar vi saman parvis med armkrok og dansar
medsols med springsteg. Halvvegs i verset snur vi og dansar sameleis motsols
resten av verset. Tredje og femte verset dansar vi som første verset. Det
fjerde verset dansar vi slik som det andre.
1) Vil du vara
med på fjørhanalek, fjørhanalek, fjørhanalek? Vil du vara med på fjørhanalek, fjørhanalek i kveld, du? |
2) Kom skar du få sjå på kjærringa je ha fått, kjærringa je ha fått, kjærringa je ha fått. Kom skar du få sjå på kjærringa je ha fått, kjærringa je ha fått i kveld, du. |
3) Denne kjærringa va slettes itte værst, slettes itte værst, slettes itte verst. Dænna kjærringa va slettes itte værst, slettes itte værst i kveld, du. |
4) Kjærringa hu kokte poteter og flæsk, |
5) Dalagubben dæinse rætt opp og ned, rætt opp og ned, rætt opp og ned. Dalagubben dæinse rætt opp og ned, rætt opp og ned i kveld, du. |
Sulle, rulle gulldokka
Dette er ein bånsull frå Saltdalen. Ho er nedteikna av Arnt Bakke i 1930 og av
Harald Bakke, og finst i Tromsø Museum sine samlingar.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi dansar 5 kvilesteg og 2 sviktar av det neste.
Jenta trør to sviktar på venstre for å ha høgre foten klar når brigdet
startar.
Brigdet startar med "Gjekk ...". Vi tar no parvis saman med
fronten i danseretninga som i reinlender (lett tak med fremste handparet og fast
gripetak med det bakre). Vi dansar 8 reinlendersteg framover. Guten startar på
venstre fot og jenta med høgre. På siste lina ("Hurra ...") snur
guten mot jenta, tar samdanstak nr 5 og dansar ein gong rundt medsols på 4
gåsteg.
Sulle, rulle gulldokka mi, vel du ha snora på trøya di, vel du ha gule, vel du ha blå å vel du ha lyserø' så ska du få. Gjekk ho åt elva så vaska ho se' (kle) gjekk ho åt skogjen så sanka ho ve' gjekk ho på bakkan' å kamma se' å ropa hurra smågluntane! Hurra småglunta ser dokker me'. |
Kråkevisa frå
Vesterålen
Dette er ei folkevise frå Vesterålen. Det første verset er nedteikna av
Fridtjof Andersen. Arnt Bakke, som var første styraren ved Nord-Norsk
folkemusikksamling ved Tromsø Museum, har laga dei to andre versa. Tonen er
frå Vesterålen og er innsungen på lydband av Arnt Bakke.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi dansar 4 kvilesteg. Så startar brigdet med
reinlendersteg (på siste "triolioliola"). Vi slepper framan, og guten
fører jenta opp på sida si på dei første trinna i bytomfotsteget og følgjer
med guten litt i det han byrjar danse ut av ringen medsols, og så slepper dei
kvarandre. Så dansar jenta åleine framover i ringen. Guten dansar rundt med
sola i ein liten ring på utsida av jenteringen og innatt i ringen bak eiga
jente på slutten av det andre bytomfotsteget. God framdrift heile tida. Neste
vers utan stopp.
Mannen han skulle til skogen gå, trioli, trioli,
triolioliola. Der såg han ei kråke som hakka så, trioli, trioli, triolioliola. Mannen tok børsa og la se' på kne, trioli, trioli, triolioliola. Og skaut så den kråka så ho datt ne', trioli, trioli, triolioliola. Mannen han hauka tel kjerringa og skreik, trioli, trioli, triolioliola. No tura vi jula med kråkesteik, trioli, trioli, triolioliola. |
Hei løsti
Denne folkevisa er nedteikna av Arnt Bakke i 1950 etter Julie Sørensen på
Kvaløya i Troms, og finst i Tromsø Museum sine samlingar.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi dansar 3 kvilesteg før brigdet startar på
"Og det ...". Vi snur oss inn mot sentrum av ringen, og lyfter armane
litt utan å endre handtak, og dansar to totrinnssteg (polkamasurkasteg) til
sides mot venstre. Så slepper vi taket (på "han e' .."), tar saman
med eigen med samdanstak nr 5, og dansar rundt medsols på 6 springsteg. Vi
dansar oppatt utan stopp.
Hei løsti vær no vaken, kle a' serken og dans spillenaken før ho ha' glunten sin i vente. Og det va' glunten i frå nabogården han e' så fæl ette' jente'. |
Gaukelåt
Denne visa lærte vi av Anne Hval Jensen på Songdansøkta under
folkedanskvelden 23. november 2003, og vi fekk tekst og dansemåte tilsendt
etterpå. Teksten er ved Alf Prøysen og tonen er "gamal tone ved Alf
Prøysen". Visa står i ei tidlegare utgåve av Klara Semb
"Norske folkedansar I, 8. utgåve" Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi dansar to heile attersteg + 4 taktdelarav
neste.Vi slepper kvarandre. Guten står stille på staden, og sviktar opp og
ned, og fylgjer med i dansen til jenta. Jenta dansar 8 springsteg: framom eigen
gut, svingar til venstre, rundt neste gut og vidare mot eigen gut (byrjar med
venstre fot). Jenta tar no saman med guten i danseretninga langs ringen (guten
legg høgre arma om livet på jenta og ho legg venstre hand på skuldra til
guten) og dansar 4 lette gåsteg, jenta snur så mot guten (dei legge høgre arm
rundt livet til kvarandre og grip med venstre hand rundt overarmen til
partnaren) og svingar rundt på staden med 4 steg med god svikt. Friskt tempo.
1) Og jinta
gikk på vegen ut i sønnavind og sol, hu såg seg ut ei lurvegran der gauken sat og gol. Dit ville jinta liste seg fram så stilt og saktelig, med ønsker om ei lykke som gauken skulle gi. |
2) Hu gikk i nord, hu gikk i sør, mens øra var på vakt. Så fekk hu høre gaukemål: Ho-ho - Ho ho - i takt. Og jinta gikk mot lykka og kom seg under gauketre. Men da var gauken flakse tel grana like ved. |
3)Det gikk i mo og måsåmyr, tel slutt vart jinta kje. "Nå kein du gala hen du vil, je følje itte me. Je leve lykka uten og sett meg ned i lyng og bar." Men på den såmma tua der satt en vaksin kar. |
4) Og jinta nevnte lykka si og gauken somvar lei. |
5) Så gikk det som det skulle gå med frieri og
"ja". Og nå er jinta gift og har det fredelig og bra. Og om hu hører gauken hu flyg seg æller stiv og støl. Nå har a lykka med seg og kæin å gala sjøl. |
Agnusdei ( Jomfru
Maria gjekk seg)
Tonen er frå ei færøysk folkevise Asmundur Adalsson, prenta i
Hjalmar Thuren: "Dans og Kvaddiktning på Færøerne", Kjøbenhavn
1901. Teksten er nedskriven av M.B. Landstad i Telemark i 1847. Dansemåten er laga av
Klara Semb og står i boka Klara Semb: "Norske Folkedansar.
Songdansar." (1985). Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Vi dansar 2 attersteg og slepper taket. I brigdet går
vi kjede (olbogetak) først rundt med eigen og så rundt med framand
(låste bytomfotsteg, byrjar på venstre fot). Det blir til saman 4 låste
bytomfotsteg. Så vidare på neste vers utan stogg.
1) Jomfru Maria gjekk seg ned på sand, fyre, fyre foldo. der såg ho det bånet kom fljotand i land. Leikom fagert å foldo, tungt trøa dansen unde moldo. |
2) Ho tok det bånet og bar det heim, fyre, fyre foldo. dei kalla det ungan Agnusdei. Leikom fagert å foldo, tungt trøa dansen unde moldo. |
3) Alle Guds englane sloge leik, fyre, fyre foldo. stur'e sat ungan Agnusdei. Leikom fagert å foldo, tungt trøa dansen unde moldo. |
4) Fram kom Maria plomekinn, fyre, fyre foldo. Kvi site du stur sæle gudson min? Leikom fagert å foldo, tungt trøa dansen unde moldo. |
5) Det er ikkje undrands eg sture må: fyre, fyre foldo. fa'er og mo'er i vondo står Leikom fagert å foldo, tungt trøa dansen unde moldo. |
6) Løys så di mo'er or vande, fyre, fyre foldo. og lat din faren stande! Leikom fagert å foldo, tungt trøa dansen unde moldo. |
7) Å nei, når eg måtte rå'e, fyre, fyre foldo. då ville eg løyse dei båe. Leikom fagert å foldo, tungt trøa dansen unde moldo. |
8) Høyrer du sæle gudson min: fyre, fyre foldo. løys så inn att foreldri di'! Leikom fagert å foldo, tungt trøa dansen unde moldo. |
9) Alle Guds englane sloge leik, fyre, fyre foldo. fyre dansar ungan Agnusdei. Leikom fagert å foldo, tungt trøa dansen unde moldo. |
Falkvor Lommannsson
(Sverddansen)
Tonen er nedskriven av L.M. Lindeman i 1851 i Mo i Telemark etter
Olea Crøger. Teksten er nedskriven etter ulike kvedarar i Telemark, og Hulda
Garborg tok visa med i "Norske Folkevisor" i 1903. Dansemåten er laga av
Hulda Garborg i 1907 og står i boka Klara Semb: "Norske Folkedansar.
Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Kvilesteg og sluttsteg. Dette er eit dansespel. Dansen
høver best for 8 par. Dei stiller på to rekkjer, guterekkje til høgre sett
frå fronten. God avstand mellom rekkjene. Gutane dansar med sverd (faklar) og
jentene med blomsterkransar.
I første biletet (vers 1-2) dansar rekkjene mot kvarandre,
helsar, og tilbake att (rygger) og ny helsing. Så dansar alle framover mot
fronten, møtest par for par tar saman med lett tak og dansar nedover mellom
rekkjene. Nedst deler para seg, det første går mot høgre, det neste mot
venstre etc. Når alle er komne "på plass", front mot front i paret,
står dei i ro og ventar. Alle helsar så til slutt.
I andre biletet (vers 3-7) snur alle mot fronten. Jentene dansar
no i ein motsols ring inne mellom guterekkjene, der første jente dansar først.
Samtidig bøyer gutane av utover, første gut mot venstre og andre mot høgre
etc, og dansar i rekkjer ned langs kvar si side av oppsettet i "lang
rekkje". Når gutane møtest nedst kryssar dei sverd, og dansar opp mellom
rekkjene med kryssa sverd. Dei stoppar når dei har kome "på plass".
Når jentene har dansa ringen sin, bryt første jenta ut av ringen og dansar
nedover langs første guten si rekkje, og dei andre jentene følgjer i
"lang rekkje". Jentene dansar no under sverdborga, og når dei har
nådd "toppen", snur så mot venstre og dansar nedover att på utsida
av guterekkja. Etter kvart som jentene har passert, fell gutane på kne (inste
kneet i golvet). Jentene dansar no i buktningar framover mellom gutane. Når
første jenta har nådd eigen gut, tar dei saman og han reiser seg, og sameleis
med dei andre jentene når ho når fram til sin gut. Til slutt i dette biletet
står så alle parvis vendt mot fronten, to par i breidda, og gutane yst. Dei
held saman med det lette taket, og dei held sverd og krans i ledig hand.
I tredje biletet (vers 8-9) byrjar alle å danse framover, ved
fronten bryt dei av slik at gutane dansar til høgre og jentene til venstre. Dei
bryt av og dansar nedover på utsida av oppsettet etter kvarandre i guterekkje
og jenterekkje. Nedst dansar jenterekkja og guterekkja forbi kvarandre (jentene
inst) og vidare oppover på andre sida av oppsettet. Etter kvart kjem dei inn
på to rekkjer vendt mot fronten. På omkvedet i siste verset vender alle mot
kvarandere samtidig, dansar mot kvarandre og helsar. Helsingane blir utført ved
at guten løfter sverdet høgt framfor seg, og jenta støyper ljos medan ho let
kransen "henga att" framfor seg over hovudet.
1) Det var Torstein Davidsson, han ville til bryllaups bjode; og det var Falkvor Lommannsson, han let sine hestar ringskoe. - Riddaren vågar han livet sitt fyr ei jomfru. |
2) Det var årle om morgonen, soli ho ryr i dalar, opp stend Falkvor Lommannsson, legg på forgyllte salar. - Riddaren vågar han livet sitt fyr ei jomfru. |
3) Ut kjem hass sæle mo'er, tårir renn'e på kinn: Hore aktast du av i dag, du Falkvord kjær sonen min? - Riddaren vågar han livet sitt fyr ei jomfru. |
4) Eg vil prøve mine hommenn, Eg vil prøve min hest; eg vil taka att vivet mitt, som Torstein Davidsson hev fest. - Riddaren vågar han livet sitt fyr ei jomfru. |
5) Det var Falkvord Lommannsson, han seg av garde rei: der grodde kje graset på femten år, der hass grågangaren steig. - Riddaren vågar han livet sitt fyr ei jomfru. |
6) Det var Falkvord Lommannsson, han kom seg ri'and i gård, inn så spring'e den lisle smådreng, seie han tidend i frå. - Riddaren vågar han livet sitt fyr ei jomfru. |
7) Inn så spring'e den lisle smådreng, seie han tidend i frå: Her stend fullt tunet av hærkledde menn, og alle som duvone grå! - Riddaren vågar han livet sitt fyr ei jomfru. |
8) Og det var fruva Vendelin, ho såg seg att yvi herd, då såg ho Falkvord Lommannsson med herskeleg stor'e ferd. - Riddaren vågar han livet sitt fyr ei jomfru. |
9) De takje av meg mitt hovudgull og setje på meg silkjeluve; kjem han inn Falkvord Lommannsson, han helsar meg fyr ei fruve. - Riddaren vågar han livet sitt fyr ei jomfru. |
Jonsoktid
Tonen er laga av Gerhard Gundersby (1903-1974) som i mange år
var spelemann i Bondeungdomslaget i Oslo og i Oslo Songdanslag. Teksten er
skriven av Åsmund Svinndal (1892-1964). Dansemåten er og laga av Åsmund
Svinndal. Visa står i boka Klara Semb: "Norske Folkedansar.
Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Attersteg, gåsteg, bytomfotsteg frå gangar og
sluttsteg. Alle står i ring vendt inn mot sentrum. Guten startar med å ta
venstre fot i kryss over høgre fot og trør ned med høgre litt attom, og
etterpå eit sluttsteg rett bakover. Samtidig trør jenta to gåsteg (starte på
venstre) inn i ringen og snur utover mot guten, og tar eit sluttsteg. Så trør
både jente og gut mot kvarandre på eit bytomfotsteg og tilbake att (ryggar)
på eit bytomfotsteg. No byter gut og jente plass på to gåsteg (byrje på
venstre, vik til venstre for kvarandre) etterfylgt av eit sluttsteg attover. Så
dansar dei igjen mot kvarandre (starte på venstre) på eit bytomfotsteg og
ifrå kvarandre att (rygger) på eit bytomfotsteg. Deretter dansar alle 3 heile
attersteg (guten dansar seg inn på ringen). Dei to siste sviktane på siste
attersteget trør dei som eit sluttsteg og vender mot kvarandre (slepper
framand), og lyfter handa dei held saman med ut og opp ("- ja danse").
I siste verset trør alle det avsluttande sluttsteget mot høgre, held saman
vendt inn i ringen, og løfter hendene høgt.
1) Ja, det er ved jonsoktid lett å leva livet. Natt og dag er like ljos, høge himmel, blide dros. Danse, danse jenta mi, låge sko med spenne i. Gull i hår og rosa band. Syn no at du danse kan. - ja danse. |
2) Opp på koll, ned på voll, lavar det av blomar. Gule, raude, kvite blå, balderblom med krage på. |
3) Fuglekor, høyr det gror, bia syg og summar. Gauketid, sol i li, jorda kror seg mett og bli'. |
4) Smil på kinn, glad i sinn, mann og møy dei unar. Inga sorg på denne jord, skiplar von om lukka stor. |
Tjovane
Tonen er nedteikna av Lindemann etter Anders Olsen, Bø i
Telemark. Teksten er frå "Norsk Folkedikting". Dansemåten er laga
av Egil Bakka. Visa står i boka Egil Bakka: "Danse danse lett utpå
foten" (1979). Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Attersteg, gåsteg, bytomfotsteg. Vi dansar to
attersteg fram til andre omkveldet. Vi slepper taket i kvarandre. Jentene
dansar 4 gåsteg medsols langs ringen, medan gutane dansar 4 gåsteg langs
ringen medsols. gutane i inste ring. Så snur alle ein halv gong på fjerde
gåsteget og dansar eit bytomfotsteg tilbake til eigen partnar. På
"lunden her" tar alle pravis saman med samdanstak 4 og svingar rundt
på staden ein halv gong med tre snurresteg, slepper kvarandre og svingar inn
på plass. Vidare på neste vers utan stogg.
1) Steinfinn og Ståle - Hei og hå, min gangar grå - dei var tjovane båe. - For enno stend'e gangaren i grøne lunden her og biar meg. |
3) Steinfinn var goe til kveda, men Ståle var be're til stela. |
7) Ståle gjekk åt buret stela, Steinfinn gjekk i stoga kveda. |
8) Høyrer du Åse gode: må eg kveda om tjovar? |
9) Du må kveda mest'e du vil, når det kjem okkon inkje til. |
10) Stel du lerreft, hell stel du lin, stel så det som er noko fint. |
14) Om tala fruva Åse: Er våre dynnar i låse? |
16) Kiss ut, kiss ut, puse no vil hustru tenne ljus. |
18) Ståle utor buret sprang, Steinfinn utor stoga rann. |
Mannen tala til
dotter si
Tonen er nedteikna av Lindemann i Skien. Teksten er frå
"Norsk Folkedikting". Dansemåten er laga av Egil Bakka. Visa står
i boka Egil Bakka: "Danse danse lett utpå foten" (1979). Høyr
på songen her (mp3).
Dansemåte: Attersteg, bytomfotsteg, snurresteg. Vi dansar to
attersteg og to sviktar av neste. På "(Å) nei, og nei"
vender vi parvis på ringen og dansar eit stutt bytomfotsteg mot kvarandre,
sli at guten får jenta på høgre sida si. Så tar vi samdanstak 4 og dansar
tre snurresteg rundt med sola ca halvannan gong, og snur vidare på 3 gåsteg.
Vidare på neste vers utan stogg. Berre dei mest brukte versa er tekne med.
1) Mannen tala til dotter si i ei skorsteinsstoga: Du sko inkje gifte deg, det sko du meg lova. Å nei, og nei, enno gjer jomfruva som ho vil. |
2) At eg sko inkje gifte meg, det vil eg inkje lova; den vetrenotti er så lang, d'er vondt åleine sova. |
5) Skam få deg, kjær dotter mi, du auke meg ingjo kvide! eg sko kaupe deg hest og sal, til kyrkjunne må du ride. |
7) Hav du sjav din sal og hest; eg kan til kyrkjunne gange; men eg vil hava meg mann i år, hor eg sko han fange. |
10) Skam få deg, kjær dotter mi! kan det deg ingjen stille, hot tru du fekk så vond ein mann; han slær deg bå' titt og ille. |
11) Å kjeme'e han no drukkjen heim, eg veit meg ingjo sak, så set eg honom i fangjet mitt, eg frir så vel mitt bak. |
12) Og er han då så ille lynd at eg veit meg ingjo råd. så legg eg han i den svarte jord og ein store stein oppå. |
Jomfruva Ingebjør
Ingvar Bøhn har komponert tonen til visa. Teksten er
frå "Norsk Folkedikting" og er nedskriven i Telemark. Dansemåten er laga av Klara Semb. Visa står i boka Klara Semb: "Norske
Folkedansar. Songdansar." (1985). Her har vi teke med dei mest
brukte versa (i NF er det 30 vers). Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Attersteg og sviktgongsteg. alle dansar 2 attersteg og 4
sviktar av neste (venstre-svikt og høgre-svikt på dei 4 siste sviktane). I
brigdet går gutane inn i ringen og løfter armane til port på 3
sviktgongsteg, og så ut att (rygger) med 3 sviktgongsteg, medan dei held
hendene høgt. Jentene held i stakken og figurerer først med 3 sviktgongsteg
(startar med venstre fot fram, høgre vidare fram, og så venstre attover) til
høgre langs ringen slik at dei kjem rett bak framand gut, og deretter 3
sviktgongsteg tilbake (framm på høgre, så fram på venstre og så litt
attover på høgre) slik at dei kjem attende til plassane sine. Når
jenta figurerer snur ho seg samtidig litt.
På siste verset er brigdet litt annleis (før brigdet samlar ein ringen):
Gutane tar sviktgongstega attover og framatt (armane som i versa før), medan
jentne figurerer inn i ringen og ut att på same måten som i versa før.
1) Eg veit meg ein ædeli skog'e, sunna og vesta fyr fjord: der veks'e så mange dei ædeli tre, dei venast på jordi som gror. - Hore sko sveinen finne jomfruva? (Korleis skal sveinen ...) |
4) Det var stride stjukmori, ris opp om midje natt: forskapte ho fruva Ingebjør, som Herre-Per ha' silt havt. |
6) Det var stride stjukmori, auka ho syndi stor; skapt 'a i ei villande hind som spring'e på øyde skog. |
8) Det var fruva Ingebjør, ho opp or sengji stod; tidom trilla tårine, i hindehamen ho for. |
11) Det var han rike Herre-Per, vakna og om seg såg: borte var fruva Ingebjør, som på hass armen låg. |
17) Han sette snorur i kvor den kro der hindi vani å gange; men hindi var så var'e om seg, ho ville kje lata seg fange. |
20) Det var stride stjukmori, auka ho syndi meir: skape 'a i den ville ørn som flyg'e så hågt ivi hei. |
25) Skar han stykkje utor sin barm, kasta det hågt oppi kviste; ørni skreik så høgt ho gol, ho ville Herre-Per giste. |
30) Gud signe deg, gjæve Herre-Per, fyr alle god-rå'ine dine! Stjukmor mi sit i Trollebotn, der gret ho syndine sine. - No heve sveinen funni jomfruva. |
Nykken og Heiemo
Visa er ikkje teken med i den siste utgåva av NF ( Klara Semb: "Norske
Folkedansar. Songdansar." (1985)), men står i tidlegare utgåver av
Klara Semb sine dansebøker. Dansemåten er ved Kari Semb. Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Attersteg (eller kvilesteg) og låste bytomfotsteg. Vi
dansar eit attersteg og 4 sviktar av neste. På dei to siste taktdelane, medan
vi syng ordet "minne", vender vi oss inn i ringen og trør dei to
stega med mjuk apell. Så dansar vi igjen eit attersteg og to sviktar av
neste. Så slepper vi taket og tek saman slik: Jenta tar med si venstre hand i
stakken og guten tar om denne venstre overarmen til jenta si. Med dei to andre
hendene tar dei saman til ein "høg ring". På "(tvo) rosor
søve der inne" dansar dei så rundt på staden (guten bakover, jenta
framover) på to låste bytomfotsteg.
1) Heiemo kvad, det song i lid, - med minne - det høyrde nykken, på havet skrid. - Tvo rosor søv'e der inne. |
2) Heiemo kvad, det song i lund, - med minne - det høyrde nykken, den heiinghund. - Tvo rosor søv'e der inne. |
3) Nykken tala til styringsmann: Du styre mitt skip på kristne land! |
4) Eg vil meg på kristne land gå, den vene jomfrua vil eg få. |
5) Han skapte seg klæde bå' gule og blå, han skapte seg hest og kull-sal på. |
6) So gjeng han seg i stova inn med høge hatt og blomekinn. |
7) No er han komen, som dansen kann treda, no skal den fram som venast kann kveda. |
8) Nykken han dansa og Heiemo kvad, det gleddest alt folket i stovunne var. |
9) No må kvar ganga heim til seg, heiemo tek eg på skipet med meg. |
10) Heiemo gret, sine hender vreid: Skal eg fylgja nykken den lange leid! |
11) Heiemo, Heiemo still di sut! Du skal rå mine fem gullbu. |
12) Heiemo, Heiemo, still din harm! Du skal få sova i Nykkens arm. |
13) So tok han Heiemo upp på sitt fang, vil bera henne på skipet fram. |
14) Ho stakk til nykken i holamot, odden ho sette i hjarterot. |
15) her ligg du nykken, fenner blod, enno trør eg mine jomfrusko. |
16) her ligg du nykken for hauk og ramn, enno ber eg mitt jomfrunamn. |
Folkevise
Visa står i den siste utgåva av NF ( Klara Semb: "Norske
Folkedansar. Songdansar." (1985). Dansemåten er laga av Leikrådet i NU
1981/82. Visa er skriven av lyrikaren Åse Marie Nesse
("Nomadesongar" 1978) og tonen er av Karl Fjogstad. Visa vart
framført av komponisten på Rogalandskvelden under NU-stemnet i Haugesund i
1981. Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Attersteg og låste bytomfotsteg. Vi
dansar 4 attersteg, og sslepper taket med framand. Så byrjar brigdet på
"(Kom) sol, .. " . I brigdet dansar vi parvis eit bytomfotsteg
etter kvarandre i ring med sola, og på "sår" dansar jenta under
armen mot sola på eit bytomfotsteg, medan guten trør steget på staden. Så
vidare på neste vers utan stogg.
1) Det står ein ask uti grønan lund. - Kom vind - kom vår - Der leikar livet kvar dag og stund. - Kom sol, kom sår - |
2) Tre norner står innved rot og spinn - Kom vind - kom vår - Dei tvinnar tråden så sterk og linn. - Kom sol, kom sår - |
3) To fuglar bygger sitt reir på kvist. - Kom vind - kom vår - Og songen er det som tagnar sist. - Kom sol, kom sår - |
4) Eit ekorn smyg seg innunder blad. - Kom vind - kom vår - Det sankar frø til eit vinterkvad. - Kom sol, kom sår - |
5) Og sevja stig frå den djupe mold. - Kom vind - kom vår - Så trør vi dansen på mjuke voll. - Kom sol, kom sår - |
6) Vi drikk ein mjød utav lauv og bark. - Kom vind - kom vår - Og døden når ikkje denne mark. - Kom sol, kom sår - |
7) Sjå gyldne tavler i graset skin. - Kom vind - kom vår - Og morgondogg er vårt brurelin. - Kom sol, kom sår - |
Kjære du mi Randi
Visa er ikkje å finne i dei vanlege dansebøkene. Versjonen
her er slik eg har visa i eit gamalt stensil.
Dansemåte: Attersteg , gåsteg og snurresteg. Vi
dansar attersteg dei fire første linene, dei to siste linene er brigde. I det
brigdet byrjar snur gut og jente mot kvarandre, og på nest siste lina trør
guten sidelengs inn i ringen på fire gåsteg, medan jenta trør sidelengs ut
av ringen, og så 4 sidelengs gåsteg tilbake på plass. På siste lina trør
gut og jente frå kvarandre og rundt (starte på venstre fot, guten motsols
inn mot sentrum av ringen, jenta motsols utover) på 3 gåsteg og set ledig
tå i golvet på fjerde taktslaget. Så går dei på tilsvarande måte tilbake
igjen til vanleg plass på tre gåsteg og set ledig tå i golvet på fjerde
taktslaget. Under brigdet har både gut og jente hendene i sida (tommelen
bakover). På siste verset er det vanleg å danse rundt parvis på snurresteg
medsols på siste lina i songen. Det er vanleg å bruke vekselsong, slik at
gutane syng første og tredje verset, jentene syng andre og fjerde verset.
Jentene syng også dei to første linene på siste verset. Resten av siste
verset synga alle.
1) Kjære du mi Randi kom hit lite granne du er den venaste jenta je' veit. Itte ska' je slå deg å itte bedra deg, snill ska' je væra kvar einaste dag. Snill ska' je væra kvar einaste dag, koke og steike og laga tel mat. |
2) Trur du da Tørkjell at nokon vil ha deg sliken en stygging og leiing som du. Trur du at je' tel en bytting vil gje meg, som itte har hverken hus eller gård. Med så stygge legger og krokute lår, kølsvarte auer og måsagrått hår. |
3) Kjære du mi Randi forhast deg nå itte, sjå på deg sjøl før du skjeller ut meg. Sjå på de trevlene som henger nedom skjørtet, sjå på ditt belte som sidt henger ned. Nei, sop du og fei og gjør reint for di dør, sia kan du skjelle ut din venn som du gjør. |
4) Nei, før enn je' soper og feier før deg Tørkjell, vil du itte inn kan du utafor stå. Vil du itte sjå på de trevlene som henger nedanfør skjørtet, så kast aua frå. Vel kan det hende at mitt belte henger ned, men buksa den slenger sosm en sekk om dine kne. |
5) Kjære du min Tørkjell kom hit lite granne, du er den venaste guten je' veit. Så ska' vi steike oss litt flesk uti panne, laga te' mølje og den ska' bli feit. Her ska' vi leva i fred og i ro, og vi ska' nok få det så hyggelig vi to. |
Anne Knutsdotter
Visa er dikta av Paul Pavels Riis (1826-1886) frå Bergen, og er seinare
omsett til nynorsk. Tonen er truleg ein folketone. Dansemåten
som er ei form for Sandøyardans frå Færøyane, vart teken i bruk tidleg
og Hulda Garborg tok visa med i Norske folkedansar II i 1904. Dansen står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Kvilesteg og hoppsteg. Alle dansar 5 kvilesteg og
to sviktar av neste. gut og jente tar saman med samdanstak 2, litt til sides
for kvarandre, og dansar 10 hoppsteg rundt med sola (startar på venstre),
gjerne 21/2 gong rundt.
1) Eg heiter anne Knutsdotter, Kari er mi mor, og Truls han er min bror; vi bur oppå ein plass der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Og plassen heiter Uren, Luren, Himmelturen, Steinrøy, Steinrøys, Sveltihel! |
2) Ja plassen ligg så høgt, høgt oppe i ei urd, tett under bergemur; og det er inkje meir enn at vi på simpel vis kan fø to kyr og ein gris. Og kyrne heiter dagros, Fagros, gamle Fagros, grisen heiter Giss, Giss, Giss! |
3) Og heile dalen ser vi der oppe fulla godt, men allting er så smått; for folket dei er slett inkje større enn som så -, når dei der nede går. Og plassen heiter uren, Luren, Himmelturen, Steinrøy, Steinrøys, Sveltihel! |
4) Om sumar'n er det moro å gå og plukka bær i munn og never kopp. På stovetaket veks det to unge hegge-kjerr, som geita eter opp. Og geita heiter Snygga, Stygga, Lurverygga, høna heiter Tupp, Tupp, Tupp. |
5) Og vinteren kan jamt ikkje vera oss for god med frost og fok og snjo; då kan det ofte over dei fjorten dagar gå som vi ikkje folk får sjå. Og plassen heiter Uren, Luren, Himmelturen, Steinrøy, Steinrøys, Sveltihel! |
6) Og far min han er kramkar og strevar flittig nok Og fer så vidt omkring. Ho mor ho steller huset, eg spinner på min rokk, men Truls gjer ingen ting. Og plassen heiter Uren, Luren, Himmelturen, Steinrøy, Steinrøys, Sveltihel! |
Ung Åslaug
Visa er dikta av Kristofer Janson (1841-1917) og trykt i samlinga "Norske
Dikt" (1867). Tonen er laga av Kristoffer Fuglem
(1843-1883). Dansemåten er laga av Klara Semb, og stod i
"Leikarvollen" i 1932. Dansen står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Attersteg og gåsteg. Tonen går over to vers. Vi
stiller opp i dobbel ring, jentene held saman i inste ringen tett innafor
gutane som også held saman. På dei første lina går jentene inn mot sentrum
av ringen på 6 små gåsteg, medan dei løfter armane, og rygger så tilbake
på 4 gåsteg og eit sluttsteg medan dei senker armane att. Samtidig med
at jentene går inn, løfter gutane armane medan dei står i ro, og står slik
til jentene er kome ut att. På neste lina går gutane inn i ringen på 6
gåsteg, og rygger så attende på 4 gåsteg og eit sluttsteg (armane oppe
medan dei rygger). Medan gutane går inn, står jentene i ro og
løfter armane, og står slik medan gutane rygger. Nå song vi første verset.
På neste verset dansar vi attersteg. Så byrjar brigdet att på tredje
verset, etc.
1) Ung Åslaug gjekk i bjørkeskog so tirøygd, frisk og
raud, ho tykte mest, atalle gret, der som ho gleda baud. |
2) Kva er det vel dei syta for i verdi vid og stor? når soli skin, og hjarta brenn, og kjærleiken fær ord. |
3) Då kom eit bod at hennar mor låg sjuk og måtte døy, då kom eit bod, at hennar ven hev fest ei onnor møy. |
4) Ung Åslaug vart so underleg, ho tagde reint den kveld, for noko bort frå hjarta fraus, endå det brann som eld. |
5) Ung Åslaug gjekk i bjørkeskog, så tårøygd og so
raud, ho tykte mest, at alle log, der som ho sorgi baud. |
6) Kva er det vel dei fagnast ved i verdi vid og stor? når soli brenn, men hjarta frys, og kjærleik bert er ord. |
Lerka
Visa er dikta av Per Sivle (1857-1904) og trykt i samlinga
"Skaldemål" (1896). Tonen er laga av Lars Søraas
(1862-1925). Dansemåten er laga av Klara Semb, og stod først i
"Leikarvollen" i 1926. Dansen står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Kvilesteg. Vi dansar 5 kvilesteg og 2 sviktar av
neste. På "(Å) hei og hi" trør guten på høgre og set venstre
tå inn i ringen, medan han snur seg mot eiga jente. Jenta gjer tilsvarande -
trør på venstre og set høgre tå inn i ringen medan ho vender mot eigen
gut. Samtidig tar vi armane ut frå kroppen. På "(å) tiriliti"
snur begge "tilbake" mot framand, og set ledig fot inn i ringen, og
vi tar igjen armane ut. Så gjer vi det same ein gong til på resten av
verset.
1) Og vesle lerka, ho hev det so, at finn ho ein tuve-topp fri fyr snjo, so kved ho i med sin gladaste song - so trur ho på vår med ein einaste gong. - Å hei ! å hi! å tiriliti! å tirili, tiriliti! |
2) Og vesle lerka, ho hev det slik, at finn ho ei solstråle so ver ho rik. Då stig ho i høgdi og trallar i lit Til sumar på jord, endå snjoen ligg kvit. - Å hei ! å hi! å tiriliti! å tirili, tiriliti! |
3) Og lyngtuva, det er lerka sitt fat. Der set ho seg ned , og so fær ho seg mat. Og når ho er mett, ho takkaar so glad Vårherre for maten med kvitter og kvad. - Å hei ! å hi! å tiriliti! å tirili, tiriliti! |
4) Gud signe deg! du er fuglen min, du! Gud signe no deg med di glade tru! Og møter eg kulde og snjo på min veg, Gud gjev meg i sol-tru å kveda med deg: - Å hei ! å hi! å tiriliti! å tirili, tiriliti! |
Varde (Vardevakt)
Songen er dikta av Per Sivle (1857-1904) og trykt i samlinga "Noreg"
(1894). Tonen er laga av lærar Olav Sande (1850-1927).
Dansemåten er laga av Klara Semb under eit leikkurs ho hadde i Vestre Slidre
i 1942. I sume ringar dansar dei "varden" i siste verset litt
annleis enn i Klara Semb sin dansemåte (jentene går ned på kne til slutt
utanfor gutane). Dansen står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Attersteg. Vi dansar 5 attersteg og 2 sviktar av
neste. Dei to siste sviktane trør alle litt inn i ringen. På "(Og) kvar
mann visste i same ande, dansar alle 4 gåsteg attover (byrjar på venstre),
samtidig med at ein tar armane ned litt og strammar musklane (men held
framleis færøytaket). På "(at) no var der kome " står alle på
staden og løfter armane rooleg heilt opp. På "ufred til landet"
sslapper alle musklane og trør to lange gåsteg inn i ringen (guten V-H, og
jenta H-V), og så snur alle seg først mot eigen (og set ledig tå i golvet
inn i ringen) og så mot framand (tåa i golvet ut av ringen).
På siste verset er brigdet litt annleis. På dei to siste sviktane i
attersteg-delen, trør jentene litt lenger inn i ringen enn gutane, og alle
tar arman stilt ned. På "(Ja) brenn du varde, du signade, klåre"
tar alle først saman (jentene i ring inst, gutane utanfor), og alle står i
ro på staden og løfter arman heilt opp. På "bjartare, høgre fyr kvart
eit året" går alle stillsleg, med anletet løfta, innover mot sentrum
på 6 gåsteg
1) Der høyrdest ved nott eit dunger på dør. Og husbonden vaknar, spring fram og spør: Kva er det som bilar? Jau, no må de ut! for varden lyser på høgenut! Og kvar mann visste i same ande, at no var der kome ufred til landet. |
2) Og mennene hærklede på seg tok, og skjold og øks dei lyfte frå krok, dei hekta i beltet sitt gode sverd, treiv spjut og boge og skunda til ferd. For kom der deim, ville Noreg herja som fanst der og deim, som ville det verja. |
3) Og alt som varde frå varde vart tend, dei sanka seg saman frå grend til grend,. Og fylkingen bygdest, og veg han fann, der fyre gjekk hovding og merkesmann. Og ufreds-karen fekk jamnan smaka, kva det hever på seg, at varder vaka. |
4) og gjev det aldri må verta sagt, at landet ligg utan varde-vakt. Og logar 'kje varden på tind og nut, han logar i hjarta hjå Noregs gut. Ja, brenn, du varde, du signade, klåre, bjartare, høgre fyr kvart eit året! |
Je veit ei vakker jente
Visa er kanskje laga av Georg Robert Schirmer (1845-1917) og trykt i
samlinga Den norske Studentersamfunds visebog (1888). Tonen
er truleg også laga av Schirmer. Her er brukt den dialektprega forma som
står i NF (1985). Det er ukjent kven som har laga dansemåten. Dansen står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Folkevisesteg. Ein treng ikkje vere par. Vi dansar 2
folkevisesteg. På "med raue roser auer blå, runne kjakar hender
små" går alle rett inn i ringen på venstre, høgre, inntil, og
opp på tå og ned. Og deretter utatt på tilsvarande måte (venstre, høgre,
inntil, opp og ned). Så dansar vi eit folkevisesteg til resten av visa.
1) Je veit ei vakker jente, ja je kjenner a så væl, je veit ei vakker jente nord i skoga; raue roser, auer blå, runne kjaker, hender små, je veit ei vakker jente nord i skoga. |
2) Å langt te skogs ved blomstertjenna, langt, ja langt te skogs, der talatrosten signer så om kvelden, på sætervangen stog ei vakker jente glad og log, før stras austa tjenna, der gjekk losen. |
3) Å rau og rund gjekk sola bakom åsom ner i vest, så mørkt, ja så mørkt det vart i skoga. På sætervangen ga ei vakker jente bort sitt ja - je har en vakker kjærest nord i skoga. |
Sporven
Visa er dikta av Arne Garborg (1851-1924) og er ein del av diktverket
Haugtussa.. Tonen er laga av folkemusikksamlaren Catarinus
elling (1858-1942). Dansemåten er laga av Klara Semb, og stod først i
"Leikarvollen" i 1926. Dansen står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Kvilesteg eller attersteg, springsteg, slengsteg og
låste bytomfotsteg. Vi dansar 2 færøysteg og 4 sviktar av neste. Gutane
trør dei to siste sviktane som luttsteg, og jentene som V-H. På "(Pip)
pip det so seg lagar alle dagar" tar gutane saman og løfter straks
armane høgt, medan jentene smyg framom eigen, bakom neste og inn på plass
på springsteg. På resten av verset byter jentene og gutane rolle: jentene
klappar og løfter armane, medan gutan spring.
I siste verset er brigdet annleis. Etter to færaysteg og 4 sviktar av neste,
dansar alle 5 slengsteg på staden (startar med å slenge venstre). Så tar
dei parvis saman høgre i høgre (høgt oppe) og dansar medsols rundt på to
låste bytomfotsteg. På aller siste tonen tar alle saman på ringen og
løfter armane høgt.
1) Småsporven gjeng i tunet og tippar korn og ribbar strå Og hev så god ein une og lær åt katten grå. Pip, pip, det so seg lagar alle dagar at Monsemann meg jagar, men kan meg aldri få. |
2) Eg er so lett på vengjen, og Mons må sleikja seg om
trut; kvitt, kvitt, den gamle drengen, han fekk so mang ei sut. Og om i vide ringar hauken svingar, eg bort meg kverv og kringar og slepp av leiken ut. |
3) Eg lever dagar lette og er fornøgd, å ja, å ja! kvar dag eg fær min mette som eg det best vil ha. Pytt, pytt, kven spør om føda? Nok i løa! der ligg den rike grøda der kan eg berre ta. |
4) Og tidt eg fær i joli ein godbit fin av Veslemøy, og frys eg hev eg skjol i det gode varme høy. Og so - kvit-kvitt, godmår'n! so kjem våren, so kjem våren, då fri på vengjen boren eg byggjer reir på øy. |
Strid for fred
Visa er dikta av Arne Garborg (1851-1924) og trykt i første nummer av
"Det norske fredsbladet" i 1894. Tonen er laga av
Sparre Olsen (1903-1984). Dansemåten laga av Klara Sembi byrjinga av 2.
verdskrigen. Dansen står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Attersteg. Vi dansar 2 attersteg og 4 sviktar av
neste. Vi samlar ringen på dei to siste sviktane og jentene trør litt framom
gutane, og alle tar armane stilt ned (jentene trør V-H for å kome på rett
fot). På "heilage, høge framtid" trør jentene inn i ringen og
støyper ljos, medan gutane tar saman og løfter armane høgt opp.
1) Ja lat oss stride, og lat oss tru, og byggje med tankar ei bivre bru, til den heilage, høge framtid! |
2) Me lever midt i ei villmanns-tid med blinkande knivar og nevestrid; og livet er som ein bloddraum. |
3) Men vita skal me og vone visst, at ånd må vinne på troll til sist, og vit på den varge villskap. |
4) So lat oss tru og stride som menn! For trui er, som det skrive stend, den makt som vinner på verdi. |
Dølavise
Visa er dikta av Ivar Mortensson Egnund (1857-1934) i 1906. Tonen
er visstnok ein gamal bruremarsj. Dansemåten er laga av Klara Semb, og stod
først i "Leikarvollen" i 1928. Dansen står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3). Berre dei 4 vanlege vers er tekne med.
Dansemåte: Attersteg, sidesteg, gåsteg. Vi dansar 2
attersteg og 4 sviktar av neste (på dei to siste trør vi VS-HS for å kome
på rett fot til brigdet). På "Sjå kor det ljosnar i all lidom, skrida
fer etter berge-sidom" trør alle eit sidesteg til venstre og så eit
sluttsteg med ledig fot i kross bak, og derpå tilsvrande mot høgre att. Så
tar vi saman med begge hendene og går langs ringen medsols, og til slutt snur
vi mot kvarandre på eit sluttsteg med apell.
1) Flaumen går, i Noreg er vår, bjørka ssprett i dalom. Døla-kar, traust og hard rydjer fedra gard. Sjå kor det ljosnar i alle lidom, skrida fer etter berge-sidom. Flaumen går, i Noreg er vår, og dølan er det som rår. |
2) Frå fjellet rinn ein bekk så linn mellom stuv og
steinar. Av bekkjer små det vert ei å, fagrast du skal sjå. Høy kor det i vatnet susar, høyr kor det i fossen brusar. Flaumen går, i Noreg er vår, og dølan er det som rår. |
3) Lita å kan du forstå kor ho fekk slikt mæle? Bekk som rann, er vaksen mann. Stans han om du kan. Ingen mann kan straumen vende. Tømmer og hus det set han på ende. Flaumen går, i Noreg er vår, og dølan er det som rår. |
4) Haralds verk fjellbonde sterk gjer no andre gongen. Gamalt grjot av kjempe-rot endå hev manndom og mot. Kome alle, ver med på ferda, så skal det spyrjast i vide verda, at Noregs mann gjekk på og vann atter sitt eige land. |
Vårvon (Det var i
kveld)
Visa er dikta av Per Sivle (1857-1904) og trykt i samlinga "Bersøgslis
og andre viser" (1895). Visa skreiv han då han var på folkehøgskulen
"Askov" i Danmark. Tonen er laga av Anna Lindeman
(1859-1938). Dansemåten er laga av Klara Semb, og stod først i
"Leikarvollen" i 1924. Dansen står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Kvilesteg, bytomfotsteg. Vi dansar 8 kvilesteg, og
slepper taket med framand. Så vender vi halvt mot eigen og dansar 5 store
bytomfotsteg på staden, medan vi svingar armane nokså kraftig ut og inn. På
"(Og) kjenner du ikkje i kveld i kveld, at livet det er no det" tar
vi begge i begge og dansar medsols rundt parvis på to bytomfotsteg (SSSs).
Heilt til slutt, på "likaste lell" slepper guten med si venstre
hand og jenta dansar under armen på eit bytomfotsteg (guten trør steget på
staden), og begge avsluttar med eit sluttsteg og løfter armane høgt opp.
1) Det var i kveld, medan tankane sveiv - so vida ikring dei fuglane fer -, at ute i skogen eg gjekk og dreiv. Det var no so fagert og fint eit ver. himlen han kvelvde seg klår og rein, og våren log i frå kvar dan grein: Du Per, du Per - å hei! å hopp! - og er du no der! Og kjenner du inkje i kveld, i kveld, at livet, det er no det likaste lell? |
2) Og alle dei blomar og grøne stårå, eg såg, kvar helst eg so gjekk og for, dei rudde seg rom so hugheilt, dei små, imillom lauvet, som datt ifjor; dei kveik, og dei nikka. - eg tykte, eg, det var, som ville dei seia til meg: Du Per, du Per - titt titt! titt titt ! - og er du no der! Og kjenner du inkje i kveld, i kveld, at livet, det er no det likaste lell? |
3) Og vinden, han vifta so ender og gong, alt medan soli i vester seig. Og gauken, han gol, og sysvorti song, og lerka, ho tralla, imedan ho steig. Og som eg då gjekk der og rusla so smått, eg tykte eg skyna deim alle so godt: Du Per, du Per - ku ku! kvivit! tilleti - er du der! Og kjenner du inkje i kveld, i kveld, at livet, det er no det likaste lell? |
4) - So anda eg ut av min barm so sår den daude-dumba i djupe drag. Eg drakk av den lufti so frisk og klår, og klinka med livet som lever i dag. Eg nikka til lauv og til gras og til blom, eg tralla åt fuglo, so lunden gav ljom: Han Per, han Per - å hei! Hurra!! tralala!- han er her! Og det kan han kjenna i kveld, i kveld, at livet, det er no det likaste lell! |
Maidans (sjå det
lyser)
Visa er dikta av Hulda Garborg (18-1934). Tonen er laga av
armerikanaren Stephen C. Foster (1824-1864). Dansemåten er laga av
Klara Semb, og stod først i NF II i 1956. Dansen står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Attersteg, bytomfotsteg frå gangar. Vi dansar 2
attersteg og 4 sviktar av neste (vi trør dei to siste sviktane V-H for å
kome på rett fot i brigdet). Vi tar aksletak parvis med høgre handa og
dansar rundt medsols på 2 bytomfotsteg (ein halv gong), byter så tak til
venste aksletak, og dansar tilbake på 2 bytomfotsteg. På "(seg) sjølve
og verdi dei gløymer i den herlege høgsumarkveld" går vi parvis med
sviktgongsteg medsols langs ringen med livtak, og og til slutt dansar vi
parvis rundt på staden (guten bakover) på 2 bytomfotsteg.
1) Sjå det lyser av singlande syljor og av fargar i
braglande krans. Og i svivande rytme-bylgjor leikar ungdom i yndeleg dans. Og med songen stig og strøymer så det svarar frå skog og frå fjell, seg sjølve og verdi dei gløymer i den herlege høgsumarkveld. |
2) Liksom graset på blømande bøar, liksom lauvet på
sprettande tre, liksom solblenk på silkeblå sjøar, og som blomar med lysande fræ, i ein åker solgull-mogen under veiftande avdagsvind, så er ungdomens leik i skogen, så er songen frå vårfriske sinn. |
3) Og all ungdomens jubel og gleda, kling som klokker av
sylv og krystall; kvart eit kvikjend som levr må kveda Guds lov i hans herlege hall. Og når hjarta mot hjarta bankar, og hand tek trufast i hand, dei i vårmjuke sol-sæle tankar reiser vern kring sitt fedreland. |
Trolldans
Visa er dikta av Hulda garborg (18-1934). Tonen høyrer til den
islandske varianten av Olav Liljekrans. Dansemåten er laga av Åsmund
Svinndal (18 - 19) og byggjer på ein dansemåte Hulda Garborg tok i bruk
før. Dansen står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3). Det er vanleg at gutane syng andre og fjerde verset åleine, og jentene
tredje verset.
Dansemåte: Kvilesteg, bytomfotsteg frå reinlender. Vi dansar
5 kvilesteg. På "(å) hei deg og ..." dansar alle slynge/buktingar
inn og ut av ringen. Jentene startar direkte på venstre fot inn i ringen, og
nur ut att på andre svikten i reinlendersteget, dansar så samelei ut av
ringen etc. Gutane ventar med å danse innover til jentene dansar utover.
Gutane trør då på staden først på venstre og så på høgre (VSs - HSs)
før dei byrjar innover. Det siste steget, der jentene dansar otover, dansar
gutane på staden, slik at ein får samla ringen til neste vers.
1) Det leikar so mangt ei sumarsnott, i dvergeskog, i dvergeskog, alvedans og huldrelått; å hei deg å hildrande du! Lettlege trøa me dansen i kveld under fjelli, lettlege trøa me dansen i kveld under himmeltjeld. |
2) Å høyrer du Gro, kva eg seier deg, vil du til blåfjellet rida med meg? |
3) Å høyrer du, Per, kvi talar du so, fyrr skal det springe mitt hjarteblod. |
4) Eg syrgjer no ikkje so såre for di, heime ventar meg kjerringar tri. |
Min keisardom
Visa er dikta av Anders Underdal (1880-1973) og trykt i boka
"Kvitterlisongar" som kom i 1955. Han skreiv songen langt tidlegare
då han gjekk på Askov Højskole i Danmark i 1913. Tonen er
også laga av Underdal. Dansemåten er laga av Klara Semb. Dansen står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3). Vi tar med dei fire versa som er vanleg å bruke.
Dansemåte: Attersteg, gåsteg. Vi dansar 5 attersteg og 2
sviktar av neste og slepper taket med framand. Gut og jente tar livtak og
slår ut med uste armen og held armen høgt og fritt, og dansar 8 gåsteg
langs ringen (medsols). På "(Her) inne millom fjell og fjord eg har min
keisardom" går vi parvis rundt kvarandre på 8 små gåsteg.
1) Mitt bu min heim min keisardom, mitt rike her på jord; det ligg så lunt og trygt og godt imellom fjell og fjord. Den vesle slåtteteigen som der under lia låg, han lyser som ein herreheim, den venaste du såg. Her gyller det og angar det av bær og blad og blom: Herinne millom fjell og fjord eg har min keisardom. |
2) Når bekken tek på tralla så at elva går i dur og talatrosten fløyter så det syng i li og ur, og blom i bakken blikkar til sin liljeblom på voll og sola sender strålegull som gyllar tun og koll, då kved eg kaut og kongeleg til all den låt og ljom: Herinne millom fjell og fjord eg har min keisardom. |
3) Mi kone ho er dronning, ja ei keisarinne fin, ho bryggjar og ho bakar og ho spinn sitt eige lin, og ved sitt bord der benkjer ho så gild ein barneflokk, og ferm og fri ho svingar seg og er sin eigen kokk. Ja, kona mi er dronning, for ho fyller ut sitt rom! Herinne millom fjell og fjord eg har min keisardom. |
7) Med Solveig sat og venta der i stova under lid Peer Gynt han for på videvank og vingla bort si tid. Det var så vent i verda langt derute i det blå... Men under fjell der Solveig sat var venare endå. Der Solveig sit og ventar deg du finn ditt rette rom. Herinne millom fjell og fjord eg har min keisardom. |
No er dagen full av
song
Visa er dikta av dansken Jeppe Aakjær (1866-1930). Tonen er
laga av danseken Louis Mølholm (1881-1960). Dansemåten er laga av Klara
Semb, og stod først i "Olivant" i 1947. Dansen står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Attersteg, bytomsteg frå reinlender og slengsteg. Vi
dansar 5 attersteg og 2 sviktar av neste. Jenta trør dei siste to sviktane
på venstre for å kome med rett fot i brigdet. På "Hente, hente
..." legg guten arma om livet til jenta og svingar henne framfor seg på
eit bytomfotsteg (startar med venstre med lett appell). Så tar dei samdanstak
nr 2 og dansar 3 bytomfotsteg rundt medsols ein gong. På slutten av siste
steget svingar dei inn på plass (jenta tar då V-S og H-S). På "hente,
hente blomar." tar alle saman i stor ring med færøytaket og dansar 3
slengsteg (første sleng mot venstre) og sluttsteg til slutt.
1) No er dagen full av song og no er vipa kome. Graset gror på vidd og vang og blome står ved blome. Hente, hente blomar små, raude, kvite, gule, blå, hente, hente blomar. |
2) No vil møy med silkestrå på brurelinet saume. Den som kjærast ei kan få ho tek seg ein i draume. Hente, hente blomar små, raude, kvite, gule, blå, hente, hente blomar. |
3) Rett meg til ein kvist av eik - her skal ingen syrgja - Så, så lyktar vi vår leik så glade som vi byrja. Hente, hente blomar små, raude, kvite, gule, blå, hente, hente blomar. |
Første tur
(Det er laufallstid)
Visa er dikta av Henrik Straumsheim (1893-1975) og trykt i diktsamlinga
"Fjordlandet" i 1931.. Tonen er laga av armerikanaren
Paul Dresser (1857-1906). Dansemåten er laga av Klara Semb, og stod først i
NF II i 1948. Dansen står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Attersteg, låste bytomsteg frå reinlender. Vi dansar 5
attersteg og 2 sviktar av neste. Jenta trør dei siste to sviktane på venstre
for å kome på rett fot i brigdet. På "(Men han) Einar har fått Astrid
under armen" dansar vi parvis inn i ringen på 2 små bytomfotsteg, snur
så brått rundt mot kvarandre, tar saman med andre handa og dansar ut att på
to små bytomfotsteg. Resten av verset dansar vi 2 attersteg og 4 sviktar av
neste. Neste vers byrjar utan stopp. På dei versa som kjem etter byrjar ein
på svikt 5-6 i attersteget.
1) Det er laufallstid og lognt i alle lundar, rogn og asal står med tunge, mogne bær, det er laurdagskveld, og guten går og stundar etter møte med den jenta han har kjær. Men han einar har fått Astrid under armen, og Vårherre veit kvar han tok modet frå, høgt og hastig dulpar hjarta inni barmen, så han tykkjer det må høyrast langt i frå. |
2) Og han Einar hadde tenkt seg ut ein tale som han meinte at ho Astrid skulle få, men då talen skulle haldast gjekk det gale - miste tråden så det heile gjekk i stå. Kva skal så ein stakkars ordlaus arming gjere når han går der med ei jente, brydd og heit? Gudskjelov - ein kan då tale litt om veret, det har berga mang ein mann som kom i beit. |
3) - Høyr kor sønnavinden syng iggjennom lia, kjenn, sa Einar, - det er meir enn varmt og mildt, og det finaste av alt er haustartida. - Ja, det same tykkjer eg, sa Astrid stilt. - Han vert varig, sa han Einar, - denne varmen, og ho Astrid svara ja og var så blid. Og ho hengde seg litt fastare i armen, så han Einar miste mælet for ei tid. |
4) Han vart kortare den vegen enn dei trudde, det er alltid slik når to går hand i hand. Snart så stod dei utfor huset der ho budde, og dei stogga attmed grinda litegrann, og han trykte vesle armen, og han kjende at ho Astrid, tenk, ho Astrid trykte att, men dessverre lyt nok allting ha ein ende, ho laut gå no, og så kviskra dei godnatt. |
5) Og han Einar rusla heimatt mo åleine, så velsigna glad og lukkeleg og ør, for han gjekk og berre tenkte på den eine, kjende tyngda over armen sin som før. - Ho er vakker, tenkte Einar, - utan like, så vedunderleg som nokor møy kan bli. Vert det same fine veret om ei veke, vil eg spørja om ho Astrid vil bli mi. |
Vesle jenta mi
Visa er dikta av Torvald Tu (1893-1955) og trykt i diktsamlinga
"Lynglandet" i 1922. Tonen er laga av Einar Ellgen
(1897- ). Dansemåten er laga av Klara Semb, og stod først i NF II i 1948.
Dansen står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Attersteg, bytomfotsteg frå polkamasurka, gåsteg I. Vi
dansar 4 attersteg.. Jenta trør dei siste to sviktane på venstre for å kome
på rett fot i brigdet. På "Og at du er mi finst'kje meining i, det er
altfor godt for meg" dansar vi parvis etter kvarandre på ring med sola
på 3 bytomfotsteg med vendingar, og avsluttar med to appellar. På "Men
du hev sagt ja, og er er so glad" dansar dei på same måten tilbake
(også nå startar dei med yste foten først). På "Korleis skal eg takka
deg?" går dei parvis rundt kvarandre medsols med samdanstak 3. Jenta
dansar då 6 gåsteg og guten 4 gåsteg og eit sluttsteg for å kome på rett
fot til neste verset. Det 3. verset blir dansa som 1. verset, og 4. verset som
2. verset.
1) Vesle jenta mi, som du smiler blid gjer du hug og hjarta heitt! Ja, eg seier deg i frå sjølve meg: - du er venaste eg veit! |
2) Og at du er mi - finst'kje meining i, det er altfor godt for meg! Men du hev sagt ja, - og eg er so glad! Korleis skal eg takka deg?! |
3) Eg skal vera blid all mi levetid, eg vil vera grei og gild! Eg skal æra deg! Eg skal bera deg! Eg skal gjera kva du vil! |
4) Vesle jenta mi, som du smiler blid gjer du hug og hjarta heitt! Ja, eg seier deg i frå sjølve meg: - du er venaste eg veit! |
Skreddarsveinen
Visa er dikta av Jacob Sande (1900-1967) og trykt i diktsamlinga "Storm
frå vest" i 1931. Tonen er laga av Arne Brodersen
(1907-1956). Det er to vanlege dansamåtar til visa. Dansemåte I er laga av
Klara Semb, og stod først i NF II i 1956. Dansemåte II er laga av Reidar
Warme (1925-2007) og stod i Norsk Ungdom i 1954. Dansen står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte I (Klara Semb): Attersteg, snurresteg. Vi dansar 2
attersteg og 4 sviktar av neste. På "(Tra)-lalalalalala ---" dansar
vi parvis saman med snurresteg med samdanstak 4 (7 snurresteg og inn på
plass).
Dansemåte II Bytedans. (Reidar Warme): Kvilesteg, bytomfotsteg frå
reinlender. Vi dansar 4 kvilesteg. På det andre kvilesteget (4 siste
sviktane) slepper guten framand jente og dansar medssols rundt seg sjølv på
to hoppsteg, medan jenta dansar vanleg kvilesteg. På "evige
laurdagsnatt" dansar jenta over til venstre sida av guten på to
bytomfotsteg, medan guten trør stega på staden. Såleis blir det ny partnar
for kvart vers.
1) Det var ein gong ein skreddarsvein med hanskar og flossehatt, som gjekk til ei jomfru på hanebein kvar evige laurdagsnatt. |
2) Om dagen sat han med saks og nål og bia på neste helg til dess han vart grann som eit alnemål og skrinn som ein gamal belg. |
3) Og når han omsider til laurdags vann, då stod han i all sin stas, og kasta med småstein så sveiten rann, på jenta sitt kammersglas. |
4) Men skreddaren, stakkar, vart slegen ut, og jaga på dør som ein hund, og det av ein diger skomakargut, på atten bismarpund. |
5) Og det var den vesle skreddarsvein, han visste seg inga råd, han hengde seg på ei bjørkegrein, i trilagd snelletråd. |
Griskokk-trøsta
Visa er dikta av Alf Prøysen (1914-1970) og trykt i "Drengstuviser"
i 1948. Tonen er ein gamal melodi som Prøysen kjente.
Dansemåten er laga av Klara Semb, og stod først i NF I i 1961. Dansen står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Attersteg, gåsteg og bytomfotsteg frå reinlender. Vi
dansar 5 attersteg og 2 sviktar av neste. På "(for) arbe' skjemmer
ingen, gå trøstig inn i bingen" tar jentene saman til ring utanfor
gutane og dansar 4 gåsteg med sola, snur mot høgre og dansar 4 gåsteg
attende. Samtidig dansar gutane rett inn i ringen på eit bytomfotsteg, snur
ein halv gong rundt (mot sola)på siste trinnet og slår seg på låret
(høgre hand på høgre låret), og dansar inn att på eit bytomfotsteg, og
slår seg på venstre låret (med venstre hand) på siste trinnet. På
"(og) slå ti mat åt grisom" tar vi parvis armkrok og går rundt
kvarandre medsols ein heil gong. Heilt til slutt løyser dei opp armkroktaket
og jenta går rundt seg sjølv på 4 gåsteg medan guten trør dei på staden,
med apell på dei 3 første.
1) Ja, dette er ei vise til trøst for en og hver, som fekk en jobb i livet der det inga framtid er. Og slit du vondt som griskokk og nesten synk i kne, så er det slettes ingen som ser ned på deg for det. for arbe' skjemmer ingen, gå trøstig inn i bingen og slå i mat åt grisom og gå ut att og le. |
2) Det er di eiga dumhet som gjør at du kain tru, at ingen har så simpel en arbe'splass som du. Nei, æillslags ærlig arbe' er like fint og bra, så offer skal du slutte med griskokkjobben da? Og arb' skjemmer ingen, gå trøstig inn i bingen, og trill tel rette båra og stell deg tel å spa. |
3) Ja, arbe' ditt det trengs det, det kan du lite på, for sjølve mæinn på gar'n, han som er så høgt på strå, er mindre uunnværlig en fjorten da'ers tid, enn du når du ska be om å få eftasøkta fri. Og det er store tingen, gå trøstig inn i bingen og slå i mat åt grisom og sving med bytta di. |
4) Og berre tenk på synda'n, det er himmelspott og sspe, om garden itte kviler og arb' legges ned. Men du kæin trøstig knoge, for i det høge blå der har du egen konto der slikt blir trrekt ifrå. Og det er store tingen, og bøy deg over bingen og finn den breie ryggen og stell deg tel å klå. |
5) Og så skal visa slutte og æilt er væl og bra, og æille folk er like og griskokken er gla, for vi skal villig glømme du er en grishusknøl men det på en betingels': du ska kommå hau det sjøl! Så kæin du lære visa og synge den for grisa og spør dom kæin du svara: Je fæinn a på ei fjøl! |
Liti Kjersti
Tonen til visa er etter"fru Tomine Finkenhagen" frå
Hjartdal , til visa om Brynjulf.
Teksten her er frå Norsk Folkedansar I. Vi har teke med d ei versa som står i
siste utgåva av "Norske Folkedansar Songdansar" av Klara Semb (1983).
Dei minst brukte versa er sette med kursiv. Høyr
på songen her (mp3).
Dansemåte: Dansemåten er laga av Klara Semb og vart først trykt i
1922.
1) Liti Kjersti ho var seg så lite eit viv, Brun folen løyper lett, ho kunne kje råde sitt unge liv. Med det regner og det blæs. For langt nord i fjello, djupt under hello der leikar det. |
2) Bergekongen kom seg ridand i gård, Pål gullsmed ute fyr honom står. |
3) Velkomen, bergekongjen, heim til min, no hev eg bryggja og blanda vin. |
4) Eg er ikkje om anten brygg hell bland, eg er meir om liti Kjersti, det liljevand. |
5) Liti Kjersti ho er berre bånet endå, ho kan inkje vera si moder ifrå. |
6) Liti Kjersti ho seg inn om dynni steig, bergekongjen totte at soli skein. |
7) Bergjekongen klappa på høyendi blå: Kom her, liti Kjersti, og set deg på! |
8) Eg vil inkje sitja, eg kan vel stå, sei meg ditt ærend, så vil eg gå! |
9) Å kjære mi dotter, du tala kje så, det er no den festarmann du skal få. |
10) Her er no så mang ein kristen mann, du tar meg kje gjeva eit troll uti hand. |
11) Og må eg deg inkje med godom få, så vil eg lata elden gjennom farsgarden gå. |
12) Fyrr elden skal gjennom farsgarden gå, fyrr lyt du no meg med godom få. |
13) Bergekongjen ha seg ein gangare spak, han sette liti Kjesti opp på hans bak. |
14) Så rei dei seg gjennom djupe dal. liti Kjersti ho gret og bergekongjen kvad. |
15) Så rei dei bergjet tri gonger ikring, og bergjet det opnast og dei kom derinn. |
16) Dei sette liti Kjersti på sylvar stol, dei gav henne drikke av sylvarskål. |
17) Den fyrste drikken liti Kjersti ho drakk, dei kristne londo ho endå gat. |
18) Hore er du fødd og hore er du boren? og hore er dine jomfruklede skoren? |
19) I Noreg er eg fødd, og der er eg boren, og der er mine jomfruklede skoren. |
20) Den are drykken liti Kjersti ho drakk, dei kristne londo ho endå gat. |
21) Dei gav henne drikke av raude gullhonn, dei slepte der nedi tri villarkonn. |
22) Den tre'a drykkjen liti Kjersti ho drakk, dei kristne londo ho alli meir gat. |
23) Hore er du fødd og hore er du boren, og hore er dine jomfruklede skoren? |
24) I bergjet er eg fødd og der er eg boren, og der er mine jomfruklede skoren. |
25) I bergjet vil eg leva og der vil eg døy, og der er eg kongjens festarmøy. |
Margjit Hjukse
Tonen til visa er er frå Norsk Folkedikting. Vi har teke med dei versa som står i
siste utgåva av "Norske Folkedansar Songdansar" av Klara Semb (1983).
Dei minst brukte versa er sette med kursiv. Høyr
på songen her (mp3).
Dansemåte: Dansemåten er laga av Klara Semb og vart først trykt i
1922.
1) Å, Hjukse den stoltaste gard i Sauherad var, - tidi fell meg long'e - stolt Margjit var dott'ri oppå den gard. - Det er eg som ber songji så tung'e. |
2) Stolt Margjit ho reidde seg til kyrkja å
gå, så tok ho den vegen til bergjet låg. |
3) Og som ho no kom fram med bergevegg, kom bergekongjen med det lange kvite skjegg. |
4) Bergekongjen tukka fram gyllte stol: Det deg der stolt Margjit og kvil din for! |
5) Så gav han henne dei raude stakkar tvo og lauv uti bringa og sylvspente sko. |
6) Møyane tolv dei reidde hennar hår, den trettande sette gullkruna på. |
7) Så skjenkte han i av den søtaste vin: Du takje dette honnet og drikk, stolt Margjit mi! |
8) Så var ho i bergjet i åri dei ni, og ho fødde sønir og døttar tri. |
9) Margjit ho sat med sin handtein og spann, då høyrde ho Bøherads kyrkjeklokkur klang. |
10) I berget hev eg vori i mange år, no lengtar eg heim til min faders gård. |
11) Stolt Margjit ho tala til bergekongjen så: Må eg få lov til min fa'er å gå? |
12) Ja, du må få lov til din fa'er å sjå, men du må kje vera borte hot ein time eller två. |
13) Stolt Margjit ho gjekk den leii så long, bergekongjen etter med hov og med tong. |
14) Og som ho kom der gangande i gård, hennar sæle fa'er ute fyr henne står. |
15) Eg meiner det er Margjit eg hadde så kjær! å kjære mi dotter, å er du no der! |
16) Tor Hjukse han tala til dotter si så: No hev du vori borte i fjorten år. |
17) No hev du vore borte i fjorten år, og me hev gråti fyr deg så mang ei tår. |
18) Han leidde inn stolt Margjit med glede og gråt, så sette han henne i sin mo'ers stol. |
19) Men så kom bergekongjen snøgt som ein eld: Kjem du kje heim att til bonni i kveld? |
20) Fare no vel då alle i min heim, no kjem eg alli til dikkon meir. |
21) Stolt Margjit ho sette seg på gangaren grå, ho gret fleire tårir hell hesten ha' hår. |
22) Ho pikka på berget med fingrane små: Statt opp mi eldste dotter, skrei loka ifrå! |
Tidt eg minnest/Gamle grendi
Det er to tonar som vert brukt. Den som står i Songdansboka er laga av Rasofiel
Rise (1844-1929) frå Hareid. Den tonen har vore mest bruk dei siste 50 åra.
Før brukte dei ein reinlender-melodi som stod i "Symra" frå 1875,
det er ein folketone. Teksten er laga av Ivar Aasen
(1813-96). Teksten er slik han står i
siste utgåva av "Norske Folkedansar Songdansar" av Klara Semb (1983).
Dansemåte I: Dansemåten til den først nemnde tonen er laga av Klara Semb og vart først trykt i
1931. Kvilesteg og gåsteg I. Vi dansar først 4 kvilesteg. Så dansar vi 6 små
gåsteg bakover (fronten er framleis mot sentrum), og så 6 gåsteg inn att. Så
dansar vi resten av verset på 2 kvilesteg. Vi held fram med neste vers utan
stopp.
Dansemåte II: Dansemåten til reinlender-tonen.
1) Tidt eg minnest ein gamal gard med store tre og runnar. Vollar, bakkar og berg og skard og blomster på grøne grunnar. Der eg hadde meg so godt eit rom: hus og mark med både bær og blom, alt eg nøytte som ein eigedom med både lut og lunnar. |
2) Der var dalar og lier nog, der lur og bjøllor klungo; der var ruster og fager skog, der tusund fuglar sjungo. Tett ved stova stod ei bjørk så breid, der hadde skjorene sitt gamle reid, staren song i kvar ein topp, som beid, og erlor i tunet sprungo. |
3) Heime var eg so vida kjend og slapp inn, kvar eg ville, i kvart hus i den heile grend, om endå folket kvilde. Der var kjenningar i kvar ei krå, og når eg ukjende folk fekk sjå, spurde eg radt, kvar dei var i frå, og dei var lika milde. |
4) Var det nokon som der leid vondt og vart fyre tap og spilla, brått det spurdest om bygdi rundt, og alle tykte, det var illa. Ofte minnast eg mi gamle grend, når eg framand uti verdi stend, heimlaus, frendelaus og lite kjend, og likar på leiken illa. |
Kulladansen
Denne dansen lærde vi av Marita Ramstad på Rettleiarsamlinga i
BLS 6. februar 2005.
Dansemåte : Vi står parvis på ein stor ring, den eine framfor den
andre, med fronten mot midten. Den fremste tar bakstetaket, dvs med knyttenevene
i sida. Den bak legg hendene sine oppå nevene til den framfor.
Vi står på venstre fot og set høgre i golvet og ser på kvarandre ("Vil
inte du"). Så til andre sida: Vi står på høgre fot og set venstre hæl
i golvet og ser på kvarandre ("så får vel jag"). Dette gjer vi så
ein gong til på "for jag skal dansa" og "med Kulla". Så
dansar vi det heile ein gong til med same teksten.
Den inste dansaren i paret snur nå rundt, så vi vender parvis mot kvarandre og
dansar 4 gåsteg frå kvarandre ("Kulla, Kulla, Kulla, Kulla") og
klappar så i hendene ("Hei!"). Så dansar vi 4 gåsteg mot kvarandre
(Kulla, Kulla, Kulla, Kulla") og klappar (Hei!"). På siste lina
i teksten tar vi saman med begge hender og hopper ein halv gong rundt medsols og
stiller innpå plass med fronten mot sentrum. Vi har nå bytta plass.
Så byrjar dansen på nytt.
:/:
Vill inte du, så får vel jag, for jag skal dansa med
Kulla, :/:
:/: Kulla, Kulla, Kulla, Kulla, hej! :/:
Å hej, så dansar jag med Kulla.
Kom vennen min
Dette er ein songleik frå Kjøllefjord i Finnmark. Han stod på
samdansprogrammet til NU-stemnet i Kirkenes 2005. Dansen står i boka
"Dansetradisjoner fra Finnmark" av Egil Bakka og Arne Wikan.
Dansemåte : Den som byrjar dansen går fram på golvet, og dei andre
står spreidde rundt omkring. Den som startar klappar i hendene idet songen
byrjar, går og finn seg ein dansepartnar og dansar høgre armkrok rundt med
sola på staden (springsteg). Når neste vers startar, skilst dei og finn seg
kvar sin nye dansepartnar, og dei dansar sameleis. Såleis heldt ein fram til
alle er komne med i dansen. Etter kvart må ein finne seg nye danseparnarar
mellom dei som allereide har kome med i dansen. Ein held fram så lenge ein har
lyst.
Kom vennen min, kom sving deg om med meg i ringen tra-la la-la la.
Glæden i dag er i vårt lag, måtte sorgen aldri komme.
Svarterabben
Denne visa gjorde Alfred Maurstad frå Nordfjord kjent
gjennom filmen om gjest Bårdsen frå 1939. Han ssong visa på ei plate som kom ut
i 1954. Klara Semb laga dansemåten til visa i 1955.
Teksten er slik han står i siste utgåva av "Norske Folkedansar Songdansar" av
Klara Semb (1983).
Dansemåte : Vi dansar 4 attersteg og slepper så taket. På "Mannen og merra"
dansar vi armkrok rundtmed eigen og så armkrok rundt med framand. Vi brukar to
masurkasteg (STSS) med eigen og to med framand. Så tar jentene saman framfor
gutane og alle dansar inn i ringen på 3 små springsteg og sluttsteg, og så står
vi i ro eit taktslag. Gutane løfter armane medan dei spring innover. På
"kjerringa med til like" dansar jentene 3 springsteg + sluttsteg bakover
(slepper kvarandre), medan gutane blir ståande og trør 1. og 3. taktslaget fast
med høgre fot, før dei til slutt dansar tilbake på plass med eit trinn med
einkel svikt og sluttsteg. Armane held dei høgt heile tida.
1) Svarterabben skulle stad og køyre ved, kjerringa skulle truske. Nett som han kom med lasset i le, sønde så gjekk hass bukse. Mannen og merra ned i ei veit, der låg no dei og ropte og skreik, ropte på Knut og Brite, kjerringa med te like. |
2) Knut og ho Brite, jente og dreng, haure det tok te skrike. La dei på døra alle som ein, honden med dei te like. Somme med kjepp og somme med staur, krydde kring merra nett lik som maur. Slepte og sleit og hala, alle med merra bala. |
3) Hondra og nitti vindespel, nye så laut dei vere, laga dei te og smore dei vel, laut så åt veita bere. Alle vindespel i stykkje dei brast, der sto no allje endå like fast. Alt til det kom ei kjempe, bar på ei bør med lenkje. |
4) Kjempa ho kasta børa si ned so det i markja dunde, treiv ho i merra, nett som i eit kje, merra ho låg og stunde. Treiv ho i merra, gjorde eit kast, kasta ho opp på markja med hast. Der låg ho spent' og sparka, rulla seg og grov opp markja. |
5) Svarterabben skulle gjeva kjempa brød, hondra og nitti leiva, sju smalefallj og sju vågje smør og skinnj utav seksten reina, tolv tynnje røme, tolv tynnje øl, tolv tynnje skjør og tolv tynnje mjøl, slire med knir og belte, for det han merra hjelpte. |
Ola Glomstulen
Tonen er nedskriven av L.M. Lindeman, og først trykt i 1848.Dansemåten er laga
av Klara Semb, først i 1925, og så endra i 1935. Teksten
er slik han står i siste utgåva av "Norske Folkedansar Songdansar" av Klara Semb
(1983).
Dansemåte : Vi stiller oss i ring med lekkjetaket (høgre arm over) og dansar
4 bytomfotsteg (SSS) langs ringen med sola, snur så på høgre fotbladet og dansar
4 bytomfotsteg mot sola. Så dansar vi to bytomfotsteg mot sentrum av ringen, og
eit bytomfotsteg og sluttsteg bakover att, og kviler eit taktslag.Så tar ein
saman med akslevendingstaket frå springar og dansar ein gong rundt medsols på to
"vestlandsspringarsteg". Guten dansar yste inste inste bakover, medan jenta
dansar to bytomfotsteg (springsteg) framover. Dei stoppar på eit sluttsteg og
guten løfter arman, fører venstre over hovudet og svingar jenta rundt så dei
blir klar til å ta lekkjetaket att.
1) Ola Glomstulen hadde ei gamal grå geit, Ola glomstulen hadde ei gamal grå geit, å kjære mi Kari gjer pølsa vel feit, for i morgon ska Ola Glomstulen gifte seg. |
2) Ola Glomstulen hadde eit fingerbør malt, Ola glomstulen hadde eit fingerbøl malt. å kjære mi Kari, du brygjer vel alt, for i morgon skal Ola glomstulen gifte seg. |
3) Ola Glomstulen hadde så lang ei brureferd, Ola Glomstulen hadde så lang ei brudeferd, ho nådde frå Solum til Gråten hjå blehr. For i morgon skal Ola Glomstulen gifte seg. |
Jifta deg jenta
Dette er ei vise som har vore vanleg fleire stader på Vestlandet.
Varianten her er frå heftet "Her e me grannar" som BUL i Bergen ga ut i 1995.
Slik teksten er utforma her er han laga av tre jenter som kalla seg
"Hordabanden" i Studentmållaget i Bergen. Dansemåten er laga av Steinar
Øydvin.
Dansemåte : Vi dansar eit attersteg og to sviktar av neste.Så dansar alle to
slengsteg (startar med venstre fot), og så byter jente og gut plass på 4 gåsteg.
Jenta dansar framom guten mot venstre medan ho svingar rundt ein gong mot sola.
Guten trør stega på staden.Så dansar vi igjen eit attersteg og to sviktar av
neste. Så dansar alle to slengsteg (byrjar med venstre) og så slepper alle taket
og alle dansar ein gong rundt på staden mot sola på 4 gåsteg. Neste vers byrjar
utan stopp.
1) Nei, gifta deg jenta, da raor eg deg ifrao, - byssan, lullan, lullan, lullan, lullan, lei. - Kjeme da eit mannabein du bite inkje pao! - Byssan lullan - lullan - lei. - |
2) Somme e' lure å slue å rao, andre ubjaodele vansjele føstao. |
3) Somme ve berre onde fedlen deg fao, andre e' nett so ein jokle taka pao. |
4) Somme e' nett so ein hesjastaur å sjao, andre e' ronde kan ofta tridla tao. |
5) Somme ha vansjele fø å fao da te å gao, andre treng du berre kitla litavetta pao. |
6) So jifta deg jenta, da raor eg deg ifrao, da vette inkje anna enn naue å fao! |
Vise av Hans Bakke (Eg
gjekk meg ut i lunden)
Tekst og tone finst i O.M.Sandvik: Folkemusikk i Gudbrandsdalen.
Tor Stallvik nytta ho på samlingar i Norddalsringen tidleg på 1980-talet, og
visa vart seinare brukt på NU Sommarkurs på Ringebu 10 år seinare.
Dansemåte : Vi dansar to attersteg og 4 sviktar av neste og trør ned med
høgre på siste svikten. Så slepper vi taket med framand og tar lett gripetak med
eigen. Så går gut og jente framover på ringen, jenter etter guten (som i starten
på ein bygdedans) med fire gåssteg (v, h, v, h), og så 4 gåsteg til medan guten
svingar jenta under armen medsols (guten vender seg litt på skrå mot jenta). På
dei 4 siste taktslaga går jenta framover langs ringen med rolege gåsteg (v, h,
v, h), medan guten trør to steg frå parhalling slik: begge, høgre, begge høgre.
(bra djupe svikt på begge). Når han hoppar ned på høgre, vil venstre foten få
ein liten sleng opp bak.
E gjekk me ut i lunden me' børse å me' spjut å spjut,
dær skaut e onge duvo å sjeilda brukte krut,
- hei! hopp faderifaderalala!
E skaut dei onge duvo å sjeida brukte krut.
Danse mi dokke mæ du æ
ung
Tekst og tone finst i O.M.Sandvik: Folkemusikk i Gudbrandsdalen,
2. utgåva 1948.
Tor Stallvik laga dansemåten og nytta ho på samlingar i Norddalsringen tidleg på
1980-talet. Ho står i danseheftet "Danse mi dokke mæ du æ ung" av Tor Stallvik.
Dansemåte : Vi dansar fem attersteg og 2 sviktar av neste og slepper taket
med framand (no har vi dansa første lina av verset to gonger). På eit
bytomfotsteg (V, H, V) svingar jenta seg under høgre armen til guten ein halv
gong medslols slik at ho vender ut av ringen, medan guten trør steget slik at
han svingar inn i ringen med fronten mot jenta. På neste bytomfotsteget svingar
jenta under armen motsols slik at ho får front mot guten, som trør andre
bytomfotsteget på staden. Til slutt slepper vi taket og legg høgre armen rundt
livet på kvarandre, og svingar oss så rundt 3/4 gong på staden på 4 mjuke
gåsteg. På fjerde steget løyser jenta taket og vrir seg på plass på ringen.
Danse mi Dokke mæ du æ ung, naar du blir gaamel så bli du for tung.
Danse mi Dokke mæ du æ ung, naar du blir gaamel så bli du for tung.
Danse mi Dokke mæ kopplete Sokke og sylvspente Skor.
(NB. gaamel kan gjerne syngast gåmål)
Ein golo gut
Dette er eit slåttestev i rudl-takt etter Margreta Opheim frå Voss. Slåtten er
kjent under fleir namn som "Golo gut", "Gjerki Haukeland" og "Luråsen". Dansen
står i heftet "Her e me grannar" som BUL i Bergen ga ut i 1995. Songen finst på
kassetten: Margreta Opheim, Mo, 1983.
Dansemåte : Vi dansar fire attersteg. Så slepper vi taket med framand, tek
saman med livtaket med eigen (som i rudl), og dansar 4 gåsteg framover langs
ringen. På dei to siste taktene dansar vi to bytomfotsteg, det første framover i
ringen, og det siste inn på plass på ringen. Vi dansar verset ein gong til utan
stans.
Her e' giljarar her e' vikjarar, men da e' no kje meir so eg lika da.
Gullfjordingar so da e' minsto tao, da vilde eg da skje vo mesto tao.
Ein svarto kar vil eg inkje ha, om han byo seg te meg me' hus og gard,
men ein golo gut ha eg valt meg ut, om han inkje eig meir enn ein torkoklut.
(giljarar = folk frå Giljane. vikjarar = folk frå Vik ved
Vangsvatnet. Gullfjordingar = folk frå Gullfjorden.
skje vo mesto tao = skulle vore mest av. svarto = mørkhåra karar
frå Dyrvedalen. golo = lyshåra kar frå Gullfjorden)
Kjære Olamann
Dette er vise frå Trøndelag som står i danseheftet "Trønderviser" av Geir Egil
Larsen. (1984). Han har også laga dansemåten.
Dansemåte : Vi dansar fem kvilesteg og sleppet taket med framand. Vi dansar
vidare to kvilesteg framover. På første kvilesteget snur jenta ein gong rundt
medsols under armen til guten ("Karen og æ vi dansa så lett"). På det siste
kvilesteget snur så guten under armen til jenta ein gong rundt motsols ("liksom
'n gammel-Ola"). Vi dansar verset ein gong til utan stans.
Kjære Ola-mann spålå littegrann, rett nå kjæm brura.
Brura va ong, krona hu va tong, brurpian va ferlora.
Sikkfell og sekk, bussleiv og bæk.
Karen og æ vi dansa så lett,
liksom 'n gammel-Ola.
Dei gamle fjell i
syningom
Teksten er laga av Ivar Aasen
(1813-96). Skrivemåten på nokre ord er modernisert i høve til originalen.
Dansemåte: Dansemåten er laga av Klara Semb og står i
rettleingsboka av 1956. Attersteg og gåsteg. Vi dansar først 2 attersteg og to
takdelar av neste (det er opptakt på "Dei"). Vi slepper taket. Gutane tar
herdatak (dei "når ikkje heilt fram") og går 7 gåsteg (appell på første) i ring
med sola og set høgre inntil på åttande taktdelen. Andletet inn i ringen. Så går
dei på tilsvarande måte tilbake (start på høgre med appell). Samtidig går
jentene mot sola i vendt ring innanfor gutane. Dei nyttar det lette taket og
startar på venstre fot med appell. Tilbake igjen startar dei på høgre foten med
appell.
(Kommentar: Også gutane kan godt bruke det lette taket.
Vebjørn Bakken)
1) Dei gamle fjell i syningom er alltid eins å sjå, med same gamle bryningom og same toppom på. I bygdom byggja sveinane, og huset stender laust; men dei gamle merkesteinane dei standa like traust. |
2) På fjellom er det leikande å ganga til og frå og kring om toppen reikande så vidt om land at sjå: til havet kring om strendene med skip som fuglar små, og til fjelli kring om grendene med tusund bakkar blå. |
3) Der er så mange hendingar i bygdom kome til; me sjå så mange vendingar alt på eit lite bil. Dei hava snutt om vollane og flutt og rudt og bygt; men dei gode gamle kollane dei standa like trygt. |
4) Så stod dei gjenom tidene vel mange tusund år. Og graset voks om lidene, og lauvet kom kvar vår. og vinden tok om toppane og vatnet tok om fot; men dei gilde gamle kroppane dei toko traust i mot. |
5) Av hav kom sjømann sigande og lengta etter land, då såg han fjelli stigande og kjendest ved si strand. Då kom det mod i gutane, som såg sin fødestad. Ja dei gode gamle nutane dei gjera hugen glad. |
Tale ved Kleng
spelemanns grav
Teksten er laga av Jacob Sande. Tone er av Edvin Helgheim.
Dansemåte: Dansemåten er laga av Signe Marie Hernes, Torunn Hernes
og Edvard Lauen i BUL Oslo i 1988. Han er å finne på ein stensil. Attersteg og
låste bytomfotsteg frå reinlender. Det er opptakt ("Det vart"). Vi dansar først
3 attersteg og slepper taket med framand og tar saman med ledig hand med det
lette taket. Så dansar vi medsols rundt på to låste bytomfotsteg (på : "sturta i
fylla ein kveld"). Opptakten på neste verset kjem på den siste svikten i det
andre bytomfotsteget. I brigdet på siste verset kan ein halde tonen i tredje og
fjerde line to taktdelar ekstra for å understreke den dramatiske teksten. Då
dansar vi dei to første taktdelane av eit fjerde attersteg før vi dansar brigdet
på vanleg måte.
1) Det vart sagt av predikantane som preika på di grav, at di sjel var til Svartemannen seld, at frå helvete kom ho, og dit drog ho av, då du sturta i fylla ein kveld. |
2) Det vart vidare sagt at du var tru mot ditt kall, og for herren din ein nytteleg dreng. Mange urøynde sjeler kom i freisting og fall, når du spela buti bygdene, Kleng. |
3) Kvar du kom med dine tølor vart det turing og dans, folk var ville so dei rasa og drog kniv, mang ei jente har du spela reint frå samling og sans, so ho skjemde seg for resten av sitt liv. |
4) Og dei syndene som gamlepresten basta og batt, etter Herren heile livet å ha tent, slapp du laus att over bygda på ei einaste natt, når du fingra på ditt satans instrument. |
5) Difor fekk du over gravi det fordømande ord, som vart sagt av ein velvyrd predikant, at det var synd du skulde kvila her i kyrkjevigd jord, og dei fleste sa at preikaren sa sant. |
6) Men dei dømde deg som dårar dei som lyste deg i bann, for du åtte det som ingen av dei såg, det var gneisten frå Gud som djupt i sjela di brann, sjølv om slagget over logane låg. |
7) Du skal siga gjennom brådjup av trengsel og natt, du skal slipast imot gloande stein, men frå pinsla nedi myrket skal du lyfta deg att, imot høgdene, frigjord og rein. |
8) Og eingong skal du standa for Guds heilage stol, der påny du skal få stilla din streng, og i æveleg glans ifrå den nyskapte sol, skal du spela for Meisteren, Kleng. |
Jenta som ville gifte
seg
Teksten er frå Norsk Folkedikting. Tonen er nedteikna av
Lindemann. Visa står i "Danse danse lett" av Egil Bakka (1970). Berre dei mest
vanlege versa er tekne med.
Dansemåte: Dansemåten er laga av Egil Bakka. Attersteg,
bytomfotsteg (STS) og snurresteg. Vi dansar 2 attersteg og 2 sviktar av neste
(ikkje opptakt). På "nei, og nei" dansar vi eit bytomfotsteg parvis mot
kvarandre (små steg) slik at guten får jenta litt på høgre sida si (jenta er
byrg og har nasen i veret). Så tar vi samdanstak nr. 4 og dansar 3 snurresteg
rundt med sola ca halvannan gong, og går/snur vidare på 3 gåsteg. Vi dansar
vidare på neste vers utan stogg. (Stavingar med sløyfe er understreka.)
1) Mannen tala til dotter si / i ei skorsteinsstoga:
- Du sko inkje gifte deg, / det sko du meg lova. - Å / nei, og nei! Enno gjer jomfruva som ho vil. - |
2) At / eg sko inkje gifte meg, det / vil eg inkje
lova; - den / vetrenotti er så lang, d'er / vondt åleine sova. - ... |
5) Skam få deg, kjær dotter mi, du / auke meg ingjo
kvide! - eg sko kaupe deg hest og sal, til / kyrkjunne må du ride. - |
7) Hav du sjav din sal og hest! eg / kan til kyrkjunne
gange; - men / eg vil hava meg mann i år, hor eg sko han fange. - |
10) Skam få deg, kjær dotter mi! / kan det deg ingjen
stille, - hot tru du fekk så / vond ein mann han / slær deg bå' titt og ille.- |
11) Å / kjem'e han no drukkjen heim, eg / veit meg ingjo
sak, - så / set eg honom i fangjet mitt, eg / frir så vel mitt bak. - |
12) Og / er han då så / ille lynd at eg / veit meg ingjo
råd, - så / legg eg han i den svarte jord og ein / store stein oppå. - |
Margjit og Targjei
Risvollo
Teksten er frå Norsk Folkedikting. Tonen er nedteikna av
Lindemann i Telemark. Visa står i "Danse danse lett" av Egil Bakka (1970). Berre
dei mest vanlege versa er tekne med.
Dansemåte: Dansemåten er laga av Egil Bakka. Attersteg og gåsteg..
Vi dansar 2 attersteg og 4 sviktar av neste og slepp taket(ikkje opptakt).
Omkvedet byrjar på "(Det var) mi og alli di som", og på dette snur dei seg mot
kvarandre på første gåsteget (høgre fot for gut og venstre for jente), guten tar
saman med jenta (gutens venstre i jentas høgre), tar to gåsteg til medan vi snur
oss vidare slik at hendene vender ut av ringen (og opp). Så snur vi mot
kvarandre på eit S-trinn ("jala her") og tar saman også med ledige hender.
Så trør vi 2 S-trinn mot sentrum av ringen og set ledig fot inntil. Samtidig
løfter vi begge hendene opp og fram. Det er ikkje stopp i rørsla midt i brigdet,
men det vert litt stopp i rørsla mellom brigdet og nytt vers.
1) Margjit gjeng i lio nord, ho / blæs i forgyllte honn; - høyrer 'a Jon i Vaddelio, det / aukar honom stor sorg. - Det var mi og alli di som jala her unde lio. |
3) Eg sill' gjeva ut hest og sal'e, venast i lunden gjeng,
- var du Margjit så / glad i meg, som / lauvet i logjen brenn. ... |
5) Høyrer du Jon i Vaddelio, du / må inkje tala så; - eg sko hava Targjei Risvollo, eg må meg sjov inkje / rå. |
6) Dei låg i hop den / sumarsnotti innved kvorannas side; - notti leid og soli kom, dei / skjuldest med sorg og kvide. |
7) Dei / låg i hop den sumarsnotti oppå kvorannas arm, - notti lei og soli kom, dei / skjuldest med sorg og / harm. |
19) Det var Targjei Risvollo, kom seg ri'and i gård, ute sto ho Kristi terna, ho / blidt honom fagnar då. |
20) Om tala unge Targjei, han / studde seg på sitt
sverd: - Hore er no Margjit fruva, som / skrøyte sko minne ferd? |
21) Til svara Kristi terna, ho / toss vera stadd i
vande: Du / er kje lagje, rike Targjei, til / brudgom med Margjit stande. |
23) De / gange i stoga, de brudmennar, de / drikke mjød
av skål! - eg vil meg i høgelofte å / høyre på hennar mål. |
26) Så / breidde'n opp dei dynune / både gule og blå,
- blei han vare tvo / vene sønir, på / kvåre armen låg. |
36) Det var Targjei Risvollo, reiste med sorg og sut;
- laus'e løyp'e brurehesten / etter Risvollo ut. |
Å eg ser på deg
Dette er ein norsk folketone, og tre av versa står i "Danse,
danse dokka mi" av Klara Semb (1958). Vi har også teke med eit par vers til som
er vanleg å bruke.
Dansemåte: Dansemåten er laga av Klara Semb og står i "Danse danse
dokka mi". Kvilesteg og "trøsteg". Dansen startar med brigdet.Vi tar saman med
det tunge taket som til kvilesteg. Vi løyser på taket utan å sleppe. (Opptakt på
"Å"). Gut og jente snur mot kvarandre samtidig med at guten trør på høgre fot og
set venstre tå inn mot sentrum av ringen, og strekkjer armane inn og ut av
ringen. Jenta gjer like eins, men med motsett fot og arm. (No song vi "eg ser på
deg og"). På "du ser på meg. Å" snur vi mot framand, trør på motsett fot,
tar andre foten ut av ringen, og strekkjer igjen armane ut og inn.
Det vi har dansa så langt syng/dansar vi ein gong til. Så dansar vi resten av
verset på to kvilesteg. På det siste verset er det vanleg å gje kvarandre ein
klem i brigdet. Det går godt an å finne på nye vers i denne dansen.
1) Å eg ser på deg og du ser på meg. Å eg ser på deg og du ser på meg. Å hei, å hei å hildrande deg kor ille du hev no narra meg. |
2) Å eg lær åt deg og du lær åt meg. Å eg lær åt deg og du lær åt meg. Å hei, å hei å hildrande deg kor ille du hev no narra meg. |
3) I fjor sa du at du ikkje ville ha meg, i år kom du att og hjarteleg bad meg. Å hei, å hei å hildrande deg kor ille du hev no narra meg. |
4) Eg er sint på deg og du er sint på meg. Eg er sint på deg og du er sint på meg. Å hei, å hei å hildrande deg kor ille du hev no narra meg. |
5) Men eg likar deg og du likar meg. Eg likar deg og du likar meg. Å hei, å hei å hildrande deg kor ille du hev no narra meg. |
6) Eg er god mot deg og du er god mot meg. Eg er god mot deg og du er god mot meg. Å hei, å hei å hildrande deg kor ille du hev no narra meg. |
Bukkevisa
Dette er ein norsk folketone. Visa står i "Danse, danse dokka
mi" av Klara Semb (1958).
Dansemåte: Dansemåten er laga av Hulda Garborg og står i "Danse
danse dokka mi". Kvilesteg og gåsteg. Vi dansar 4 kvilesteg (opptakt på "Og").
Så slepper vi, klappar i hendene ("bukken min ser du geita") og snur rundt på
staden ein heil gong motsols på 6 små steg. (Det er vanleg til slutt å sette
høgre handa over augo og "sjå" inn i ringen på "ser du geita".)
Det er vanleg å gjere rørsler under dansen som illustrerer innhaldet i visa. I
andre verset dansar vi først to lange steg, og så to korte, og jagar på bukken
med armane. I tredje verset bøyer vi oss når vi legg bukken på ein krakk. Og vi
køyrer høgre handa inn i ringen på "stakk". I fjerde verset bøyer vi overkroppen
i heile verset. På "skola" veifter vi litt med armane.
1) Og bukken var brokut og bukken var svart. Og bukken var brokut og bukken var svart. Og bukken vart borte på ei laurdagsnatt, Kille bukken min, ser du geita? |
2) Den lange han leidde, og den stutte jaga på, den lange han leidde, og den stutte jaga på, så må du fulla tru at den bukken laut gå. Kille bukken min, ser du geita? |
3) Dei toko den bukken og la han på ein krakk. Dei toko den bukken og la han på ein krakk. Den lange han heldt, og den stutte han stakk. Kille bukken min, ser du geita? |
4) Og nordafor garden der renn(er) det ei å, og nordafor garden der renn(er) det ei å, der skola dei tarman' både store og små. Kille bukken min, ser du geita? |
5) Og skinnet det hengde dei attom ei dør. Og skinnet det hengde dei attom ei dør. Der ha' det fulla hange eit kinn ell' noko før. Kille bukken min, ser du geita? |
6) Og kjerringa på sætra ho koka seg kål. Og kjerringa på sætra ho koka seg kål. Ho gjord' bornom sine bitar av eit bukkelår. Kille bukken min, ser du geita? |
7) Og ned(a)for ein bakke og opp(a)for ein dal, og ned(a)for ein bakke og opp(a)for ein dal. Der budde dei karane som bukken stal. Kille bukken min, ser du geita? |
Hei huskom i hei
Tonen er truleg nedskriven av F.A. Reissiger (1809-83), og først trykt i
Lindeman 1853. Dansemåten er laga
av Klara Semb, først trykt i 1935. Dansen står i siste
utgåva av "Norske Folkedansar Songdansar" av Klara Semb
(1983).
Dansemåte : Vi står på ringen parvis og held saman hand i hand vendt langs
ringen. Alle byrjar med høgre foten og trør eit gåsteg fram på opptakten i visa.
Guten løfter armen og jenta snur ein gong rundt medsols under armen medan alle
dansar eit bytomfotsteg frå gangar (STS). Så dansar vi to gåsteg vidare. På
"(Eg) ruggar meg sjøl i kveldingen" snur guten ein gong under armen medan alle
trør eit bytomfotsteg, og deretter to gåsteg. Så tar vi saman med færøytaket og
dansar to attersteg resten av verset. Attersteget byrjar på "(med) hamar og ...)
1) Hei huskom i hei! sa hallingen. Eg ruggar meg sjøl i kveldingen med harar og tong! sa moingen. Kok velling på graut! sa sigdølingen. Så smakar eg med! sa kryllingen. |
2) Kor var du i natt? sa jonsingen. Av kjøpte meg ein katt, sa tentingen. Ka ville du med den? sa jonsingen Eg kjøpt'n for min ven, sa tentingen. Eg kjøpt'n for min ven, sa tentingen. |
3) Koss lever han Jo med båten si? Han ligg utpå havet og fiskar sild, og får 'an kje sild, så et han kling. Å silda var sur, sa hallingen. Å du talar som ein tjuv, sa nordingen. |
4) Flink kjering hev eg, sa Husåsen. Tvo slike hev eg, sa Luråsen. Hot vi' du ha for ei, sa Husåsen, ei ali med tobak, sa Luråsen. Det var gampe verd, sa Husåsen. |
Haugebonden
Teksten er frå Norsk Folkedikting. Tonen er nedteikna av
Olea Crøger i Telemark. Visa står i Norske folkedansar. Songdansar (1983).
Skrivemåten er slik som der. Berre
dei mest vanlege versa er tekne med.
Dansemåte: Dansemåten er laga av Klara Semb. Kvilesteg og opne
kvilesteg.
Vi dansar 6 kvilesteg. Då song vi "snillan du" til slutt. Så dansar vi eit heilt
kvilesteg utan å synge. Så dansar vi to opne kvilesteg vidare, men med
snuing/hopp slik: På første to taktslaga dansar vi framover (venstre, høgre), så
snur vi brått mot eigen på venstre-hopp, og snur tilbake på høgre-hopp slik at
vi vender mot framand. Dei to første taktslaga av siste kvilesteget dansar vi
langs ringen (jenta bakover og guten framover) (venstre, høgre). Så snur vi
igjen mot eigen på venstre hopp, og så mot framand på høgre-hopp. Vi lar armane
vere lavt og lar dei svinge med under snuingane. På siste venset dansar vi
kvilesteg med innbrot. I omkvedet dansar alle opne kvilesteg med snuingar omlag
som i dei andre versa. Men vi stoppar brått midt i siste kvilesteget med front
mot eigen på ordet "rimar".
1) Å det var den heilage joleftas-kveld, at bonden ville av finne limar; og som han kom seg i lunden ut då høyrde han koss haugebonden rima. - Snillan du! det lyder han på, bonden, koss haugebonden dansar og rimar. |
2) Å det var den heilage joleftas-kveld, at bonden ville av hente kransar; og som han kom seg åt bakko nord, då høyrde han koss haugebonden dansa. |
3) Høyre du det, du gode bonde sjav, kvi tuktar du kje drengjine dine; d'er alli så heilag ein joleftas-kveld, dei stukar ei i halline mine. |
8) Å, du hev vori ut på mine skip, og det uti åri dei åtte! Og ingjo skipsleige hev eg fengji av deg, og endå gjeng båten på botte. |
10) No hev eg vore i alle desse år ut på dine grunnar så lengje; ingjo skipsleige så hev'e du kravt, og ingjo så hev'e du fengji. |
17) Eg sko deg gjeva ein myllardam, der gjeng'e dei femten par kvernar; stolpane er utav kvite kvalsbein, og slokjet av hardaste jennet. |
18) Målfrid heiter kona mi, og mågjen min heiter Trauste; sjav så heiter eg gode Gullstein, eg bur her opp unde brauto. |
19) Lunden heiter garden min, han ligg her opp unde lie; sjav så heiter eg gode Gullstein, derav gjeng segnir så vide. |
Kakelinna
Melodien er ein kjent gamaldansmelodi frå Gudbrandsdalen, ofte
kalla Brimi-reinlenderen etter Hans Brimi. Teksten er laga av Geirr Lystrup det
tida han budde i Lom. Visa står i heftet "Her er me grannar" utgjeve av Bondeungdomslaget i Bergen i 1995.
Dei har laga dansemåten.
Dansemåte: Først dansar vi 4 kvilesteg og 4 sviktar av neste, slepper
taket og vender parvis mot kvarandre på 3 lette appellar. No er vi ferdig med
sjølve verset og byrjar på omkvedet. Vi står altså parvis mot kvarandre og
dansar sidelengs mot høgre eit reinlendersteg (guten ut av ringen og jenta inn i
ringen). Så dansar vi eit reinlendersteg tilbake mot venstre. Så tar vi saman
med samdanstak 4 og dansar eing gong rundt med sola på 4 hoppsteg (byrjar på
høgre). Så dansar vi det same ein gong til og avsluttar med 3 lette appellar.
1) Eg var liten loddseljar kom inn på Søre Jorde, skjønar 'kje no at eg torde. Komen innom døraglytten drog dei meg innåt bordet, gamla kom med traktement: - Lefse, lompe stompe, dompe, snippe, snuppe, honningkake duppa i sukker og lake. Skrylla mi er feit og god, ei krommelkake må du smake. Et meire biteti! |
2) Gamla sto og truga meg te tøyge ut magamålet, under kva vomba kan tåle. Straks eg åt eit romebrød la ho fram eit nytt på skåle, nytta ikkje takke nei. |
3) Magen tok te vrenge seg og verke, eg gret meg sinna, ingenting beit på vertinna. Heten steig, i buksa blei det reinaste kakelinna, i den søte juletid. |
4) Gamla Søre Jorde kjøpte ikkje noko lodd, for gjesten rømte på ullsokkelesten. Rømte heim med 24 uselde lodd bak vesten i kransekakelotteri. |
Sildevise
Visa står i tidlegare utgåver av Norske Folkedansar av Klara Semb.
Teksten er av Anders Hovden, musikken ved Kristian Wendelborg. Dansemåten er ved
Klara Semb. Visa vart brukt ein del i Symra på 1960-talet, og vi synest det
kunne vere kjekt i eit jubileumsår å ta opp att noko som ikkje har vore brukt på
lenge.
1) No er det eit liv og eit tidsfordriv, |
3) No er det eit liv og eit tidsfordriv, |
2) No er det eit liv og eit tidsfordriv, |
4) No er det eit liv og eit tidsfordriv, |
Dansemåte: Vi dansar først 4 taktdelar av eit attersteg (opptakt på ”No”). Så slepper vi kvarandre og snur rundt mot venstre kvar for oss ein gong på staden med 4 små steg. Vi klappar i hendene kvar gong vi syng ”hurra”, og har godt samspel. Så tar vi saman att og dansar 2 heile attersteg og 4 taktdelar av det neste. I siste verset snur vi også rundt og klappar i hendene medan vi syng ”Ølgryta på”. Eg trur at 4 taktdelar av eit attersteg må bety å trø: V-H-V-H i staden for V-H-V-V elles stemmer det ikkje.
Mass og Lasse
Tonen er truleg etter Lars K. Liestøl (1839-1912). Teksten er
frå Norsk Folkedikting i Hallingdal-dialekt. Dansemåten er laga av
Hulda Garborg i 1903/04, og liknar på Sandøyardansen på Færøyane. Dansen
står i boka til Klara Semb: "Norske Folkedansar. Songdansar."
(1985). Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Kvilesteg. Alle dansar 4 kvilesteg. Omkveldet byrjar
på "Me sku skjøte'n". Med samdanstak nr II hoppar alle rundt
kvarandre halvannan gong (eller 21/2 gong) slik at det blir bytedans.
1) Han Mass og han Lasse dei gingo på råd, tryå haile daga te enda, koslaine dai skulle bjødnen få: Me sku skjøte'n sa 'n Masss. Taka hu'e sa'n Lass. Sigji du det? sa'n Mass te 'o Lasse. |
2) Og Mass spende bogjin opp fyr sitt kne, tryå haile daga te enda, så skaut'n bjødnen så han datt ned. E trur 'n datt, sa 'n Mass. Kom tak'n fatt, sa 'n Lass. Sigji du det? sa'n Mass te 'o Lasse. |
3) Han Mass drog bjødn' te Hosløse by, .tryo haile daga te enda. der sto ai bikkje og gapa i sky. Vil ho bite? sa 'n Mass. D'æ 'kje sæt på! sa 'n Lass Sigji du det? sa'n Mass te 'o Lasse. |
4) Og Mass slo klo'ne i bikkje-skinn. tryå haile daga te enda, og rengde det ut så fyrr va inn. Æ ho dau? sa 'n Mass. Så ai sild, sa 'n Lass. Sigji du det? sa'n Mass te 'o Lasse. |
5) Han Mass slæpte bjødnen te Hosløse hus. tryå haile daga te enda, og der va no mykjy leven og sus. Drikke me! sa 'n Mass. Te me sturte! sa 'n Lass. Sigji du det? sa'n Mass te 'o Lasse. |
6) Mass slengde bjødnen på stugugolv, tryå haile daga te enda, så alt kvendfolkjet i stugunn skolv. Dai verte rædde? sa 'n Mass. Lat så bli! sa 'n Lass. Sigji du det? sa'n Mass te 'o Lasse. |
7) Lass han koka ein rjomegraut, tryå haile daga te enda, så femten kjeringa i smøret flaut. Han æ hait, sa 'n Mass. Han æ fait, sa 'n Lass. Sigji du det? sa'n Mass te 'o Lasse. |
8) Han Mass sette øltunna oppå bord, tryå haile daga te enda, så slo 'n i halsen kor einaste tår. Tvi koss du drakk! sa 'n Lass. Eg va tyst, sa 'n Mass. Sigji du det? sa'n Mass te 'o Lasse. |
9) Då vart 'n Lasse så rai så ain tysk, tryå haile daga te enda, Han sputta og banna så han vore rysk: Du ska blø! sa 'n Lass. Lat uss slåst sa 'm Mass. Sigji du det? sa'n Mass te'o Lasse. |
10) Og 'n Lasse drog ut sin tolekniv, tryå haile daga te enda, og kjøyrde 'n inn i Masses liv. Au, au! sa 'n Mass. No æ du dau! sa 'n Lass. Sigji du det? sa'n Mass te 'o Lasse. |
Oppå fjellet
Visa er dikta av Kristofer Janson (1841-1917) og tonen var ein
vanleg folketone på 1800-talet. Dansemåten er laga av Ragna Gunleivson
Øygard, og teke med i Norske Folkedansar i 1925. Han står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985). Høyr på songen her
(mp3).
Dansemåte: Kvilesteg. alle dansar eit kvilesteg. Så tar gut og
jente krossvendingsstak, og jenta dansar forbi guten i masurkatakt på
"venstre, høgre svikt", og så dansar guten forbi jenta på same
måte (vi kallar det "forbidansing"). Det skjer på " (oppå)
fjellet opp på fjellet! her". Så blir det dansa eit kvilesteg til og
"forbidansing". Så to kvilesteg og forbidansing heilt til
slutt.(Totalt: kvilesteg, forbi, kvilesteg, forbi, to kvilesteg, forbi).
1) Hu hei! kor er det vel friskt og lett opp på fjellet!, opp på fjellet! her leikar vinden i kåte sprett opp på fjellet! opp på fjellet! og foten dansar, og auga lær, og hjarta kveikjande hugnad fær opp på fjellet! opp på fjellet! |
2) Kom opp! kom opp frå den tronge dal opp på fjellet! opp på fjellet! her bles ein blåster so frisk og sval opp på fjellet! opp på fjellet! og lii skin utav blomar full, og soli drys alt sitt fagre gull opp på fjellet! opp på fjellet! |
3) I dalen starvar du tung og heit, kom på fjellet! kom på fjellet! kor fint her er, inkje nokon veit, her på fjellet! her på fjellet! ditt auga flyg over nut og tind, det er som flyg det i himlen inn opp frå fjellet, opp frå fjellet. |
4) Og når no soli til kvila gjeng attom fjellet, attom fjellet, då reia skuggane opp si seng attmed fjellet, attmed fjellet, då gidrar alt i ein strålesverm, og hjarta sveiper seg inn i draum opp på fjellet, opp på fjellet. |
tilbake til toppen av dokumentet
Gudmund og Signeliti
Tonen byggjer på ei nedteikning av L.M. Lindeman i Tuddal i
Telemark i 1860. Teksten er etter ei nedteikning i Landstad 1853.
Dansemåten er laga av Klara Semb. Visa står i boka Klara Semb: "Norske
Folkedansar. Songdansar." (1985). Her har vi teke med dei mest
brukte versa (i NF er det 25 vers). Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Folkevisesteg og gåsteg med
sluttsteg. Alle stiller opp i dobbel ring, gutane inst. Gutane snur mot
sola og jentene med sola. Alle trør to steg framover og tredje steget inn til
høgre slik at alle står på ein ring. Vi trør inn mellom annakvar vi
møter. Dette gjer vi to gonger til. Dei to som står mot kvarandre etter
tredje gongen tar saman begge i begge og dansar 3/4 gong rundt på 3 gåsteg,
stoppar på eit sluttsteg og støyper ljos. No er vi ferdig med første
verset. No dansar vi på same måten dei andre versa heilt til det siste
verset. I det siste verset dansar vi vanlege folkevisesteg. I starten dansar guten
seg inn i ringen på feil side av jenta si.
1) Herr Gudmund han tala til liten småsvein: - fager fell'e sol og blomar alle. Du salar min gangar, og ver inkje sein! - For den som så vel kunne leike. |
3) Og stolte herr Gudmund kom ridand i gård, - fager fell'e sol og blomar alle. ute stod gullsmeden, slo ut sitt hår. - For den som så vel kunne leike. |
4) Herr Gudmund han tala til gullsmeden så: - fager fell'e sol og blomar alle. Eg vønst Signeliti, di dotter å få? - For den som så vel kunne leike. |
5) Mi dotter, stolt Gudmund, du alli kan få, - fager fell'e sol og blomar alle. fyrr sko på havsens botn rotne hennar hår. - For den som så vel kunne leike. |
23) Og Gudmund han spela framtil med å, - fager fell'e sol og blomar alle. han spela Signeliti or bylgjune blå. - For den som så vel kunne leike. |
24)Og Gudmund han spela så alle strengjer brast, - fager fell'e sol og blomar alle. så hadd han Signeliti i armen sin fast. - For den som så vel kunne leike. |
25) Signeliti ho heldt i sin festarmanns hand, - fager fell'e sol og blomar alle. Sæl er den sveinen or bylgjun meg vann! - For den som så vel kunne leike. |
tilbake til toppen av dokumentet
Tordivelen og flua
Tekst og tone er ei folkevise ved Alf Prøysen. Dansemåten er
laga av Egil Bakka. Visa står i boka Egil Bakka: "Danse danse lett utpå
foten" (1979). Høyr
på songen her (mp3).
Dansemåte: Attersteg. Vi dansar to attersteg fram til siste
omkveldet. Vi klappar så på første taktslaget og snur rundt mot venstre 3/4
gong på 3 trinn og foten inntil. Så slår vi saman høgre handa mot høgre
handa til eigen dansar. Så dansar vi sameleis i motsett retning (ein heil
gong rundt). Så klappar vi i eigne og svingar ein gong rundt mot venstre på
tre trinn. Neste vers utan stogg.
1) Og tordivelen knytte på seg hosoband, pirion! Så drog han like til fluguland, piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
2) Tordivelen ville til flua fri. pirion! Å vil du vara kjerringa mi? piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
3) Nei åssen kan du nå tenke slik? pirion! Du er fattig og je er rik. piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
4) For når du graver i muld og jord, pirion! så spiser jeg ved kongens bord. piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
5) Og når du ligger i åker og eng, pirion! så sover jeg i silkeseng. piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
6) Men da slo tordivelen flua på kinn. pirion! Detta ska du ha att for kjæften din! piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
7) Flua satte seg på snippen og gret. pirion! Å reis itte frå meg, men ta eg med! piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
8) Når skal så vårt bryllup stå? pirion! Itte i vår, men til neste vår. piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
9) Og bryllupet var både gjævt og stort. pirion! Og bryllupet sto på en hestelort. piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
10) Og dansen gikk lystig i brudehus. pirion! Det danse to lopper, det spelte ei lus. piri mitt mitt parian dan diri ditt ditt darian dan pirion! |
tilbake til toppen av
dokumentet
Jeg tenker så tidt på min
bryllupsdag
Tradisjonell melodi og tekst. Finst på CD mellom andre av Eli
Storebekken.
1) Jeg tenker så tidt på min bryllups dag.
Tra di ra di rullan dei.
At det skal skje på en uværsdag.
Tra di ra di rullan dei.
Tra ra di rulland ei, tra ra di rulland dei
tra di ra di ra di ra di rullan dei.
Tra ra di rulland ei, tra ra di rullan dei
tra di ra di ra di ra di rullan dei.
2) Å, hva skal jeg sige når presten spør?
Tra di ra di rullan dei.
Om jeg har hatt nogen kjæreste før.
Tra di ra di rulland dei.
Refr …
3) Å, jeg får sige som sannheten er.
Tra di ra di rullan dei.
At jeg har elsket noen og enhver.
Tra di ra di rulland dei.
Refr …
Dansemåte
Vi dansar kvilesteg dei fire første linene. På refrenget dansar vi
”Islands-schottis” to gonger.
Bind deg ein blomekrans
Teksten er kanskje skriven av Klara Semb, og tonen er henta frå ei dansk
melodibok. Dansemåten er laga av Klara Semb og kom med i Norske Folkedansar
1948. Visa står i frå Alvdal. Tonen er tradisjonell. Dansemåten er laga
av Klara Semb og trykt i Leikarvollen nr 33/1928. Dansen står i
boka Klara Semb: "Norske Folkedansar. Songdansar." (1985).
Dansemåte: Vi dansar 2 attersteg og to sviktar av neste. Dei
to siste sviktane trør vi VS + HS, for å kome på rett fot. Så slepper vi taket
med framand, tar saman høgre i høgre og løftar høgt og vi dansar 2 låste
bytomfotsteg rundt medsols på staden (jenta held stakken ut til sida). Så tar
vi igjen saman i ring med færøytaket, snur mot sentrum og dansar først eit
kryssteg og eit slengsteg mot venstre og så tilsvarande mot høgre. Så ("Sit
ikkje ..") dansar vi som i starten e attersteg og 4 sviktar av neste (to siste
sviktane igjen V - H). Til slutt tar vi samdanstak 2 og dansarvanleg rundvals
på ringen mot sola (guten startar på høgre fot og jenta på venstre).
1) Bind deg ein blomekrans, kom så til leik og dans, fela ho læt no så vakkert i lund. Bind deg ein blomekrans kom så til leik og dans, fela ho læt no så vakkert i lund. Sit ikkje stur og tung, syn at du og er ung, veks fri som fagre lyng, dans no og syng. Sit ikkje stur og tung, syn at du og er ung, veks fri som fagre lyng, dans no og syng. |
Flaumen går
Teksten er skriven av Ivar Mortensson Egnund (1857-1934) frå Alvdal. Tonen er
tradisjonell. Dansemåten er laga av Klara Semb og trykt i Lakarvollen nr
33/1928. Vi tar med dei vanlege versa. Dansen står i boka Klara
Semb: "Norske Folkedansar. Songdansar." (1985).
Dansemåte: Vi dansar 2 attersteg og 4 sviktar av neste steg. Dei to
siste sviktane trør vi VS + HS, for å kome på rett fot. Brigdet startar på
"Sjå kor ...". Vi trør til venstre på venstre fot, trør så høgre inntil og
trør med venstre foten til venstre med "trø-svikt" medan høgre foten svingar
lett i kryss opp bak dansefoten. Så dansar vi på tilsvarande måte tilbake mot
høgre. Så slepper vi taket med framand, held saman med eigen som i kvilesteg
med høgre handa og tar saman med ledig hand. Så dansar vi 6 gåsteg langs
ringen i danseretninga (byrje på venstre). Så svingar vi armane ut til begge
sider, snur mot kvarandre og stoppar på eit sluttsteg og kraftig appell på
høgre.
1) Flaumen går, i Noreg er vår, bjørka sprett i dalom. Døla kar traust og hard rydjer fedra-gard. Sjå kor det ljosnar i alle lidom, skrida fer etter berge-sidom. Flaumen går, i Noreg er vår, og dølan er det som rår |
2) Frå fjellet rinn ein bekk så linn mellom stuv og steinar. Av bekkjer små det det vert ei å, fagrast du skal sjå. Høyr kor det i vatnet susar, høyr kor det i vatnet brusar. Flaumen går, i Noreg er vår, og dølan er det som rår |
3) Lita å kan du forstå kor ho fekk slikt mæle? Bekk som rann, er vaksen mann. Stans han om du kan. Ingen mann kan straumen vende. Tømmer og hus det set han på ende. Flaumen går, i Noreg er vår, og dølan er det som rår |
8) Haralds verk fjellbonde sterk gjer no andre gongen. Gamalt grjot av kjempe-rot endå hev manndom og mot. Kome alle, ver med på ferda så skal det spørjast i vide verda at Noregs mann gjekk på og vann atter sitt eige land. |
tilbake til toppen av dokumentet
På Vossevangen
Visa er dikta av dansken Johannes Carsten Huach (1790-1872) og vart omsett til
norsk av Hulda Garborg, og prenta i Norske Dansevisur i 1913 første gong. er seinare
omsett til nynorsk. Tonen er laga av dansken Niels Peter
Hillebrandt (1815-85). Hulda Garborg har laga dansemåten, truleg bygt på ein
tidlegare songleik. Dansen står i boka Klara Semb:
"Norske Folkedansar. Songdansar." (1985).
Dansemåte: Bytomfotsteg frå polkamasurka, stoppesteg og gåsteg.
Vi stiller parvis på stor ring. Vi dansar høgre hands kjede på ringen (startar
på venstre fot), og stoppar framfor den 8. (medrekna eigen), guten med ryggen
inn mot sentrum og jenta med fronten inn mot sentrum - 7 bytomfotsteg og
sluttsteg- og tar saman med begge i begge. Så dansar vi 4 stoppesteg på
staden, guten startar med høgre og jenta med venstre fot ("(Der) dansar jenta
med band i hår ..."). Medan dei trør til sides svinger dei armane i takt med
musikken i ein mjuk boge (ned, til side og høgt opp). Så slepper guten med
venstre handa, vi trør eit steg til sides (guten til venstre og jenta mot
høgre), fører ledig fot inntil og går opp på tå og ned att ("(Ja) tru du meg,
.."). Dette siste dansar vi ein gong til. Så tar vi igjen saman med begge og
dansar 6 gåsteg ein gong rundt på staden (byrjer på venstre).
1) På Vossevangen der vil eg bu; der veks det kløver på heia. Der gjeng kvar ungkar i blanke skor, og sylvknapp hev han i trøya. Der dansar jenta med band i hår, og flettun radt ned på marki når. Ja tru du meg, eg seier deg: der er det fagert å leva. |
2) Der veks det hassel og bjørk og eik, og der veks blåbær i lia. Der klive geiti i ur og kneik, og elvi fossar ved sida. På marki veks'e den grøne lauk; i skogen gjel'e den ville gauk. Ja tru du meg, eg seier deg: der er det fagert å leva. |
3) Det stend ei selje i dalen trong; ei hulder bur attom steinar. Der tidi fell'e meg aldri long, om enn eg sit der åleine. For marki angar av blom og lyng, og elvi susar og huldri syng. Ja tru du meg, eg seier deg: der er det fagert å leva. |
tilbake til toppen av dokumentet
Liti Kjersti
Tonen til visa er etter Johan Jørgen Broch (1791-1860). Teksten
er frå Lindemann. Visa står i "Norske folkedansar. Sondansar" av
Klara Semb.
Høyr på songen her (mp3).
Dansemåte: Først 5 kvilesteg og to sviktar av neste. Slepper så
taket. Dei tek parvis saman høgre i høgre, dansar 1 sidesteg mot venstre, guten
inn og jenta ut av ringen. Dei trør vidare til venstre, høgre inntil og opp
på tå og nedatt. Byrjar så på høgre fot og dansar likeeins mot høgre
tilbake igjen. Med høgre i høgre dansar dei så rundt kvarandre medsols på 4
bytomfotsteg. Neste vers utan stogg.
1) Pål sine høner på haugen utslepte, hønun så lett over haugan sprang; På kunne væl på hønun fornema, ræven va ute med rumpa så lang; :/: klukk, klukk, klukk, sa høna på haugom :/: Pål han sprang og rengde med augom; Nå tor e inkje kåmå heim åt'n mor! |
2) Pål han gjekk se litt lenger på haugjen, fekk han sjå ræven låg på høna og gnog; Pål han tok se ein stein uti neve, dugle han da til reven slog; :/: ræven flaug, så rumpa hass riste, :/: Pål han gret for høna han miste; Nå tor e inkje kåmå heim åt'n mor! |
3) Hadd' eg no nebb og hadd' eg no klø og visste e bare kor rævan låg, skull' e døm både rispe og klore framma te nakkjen og bak over lår. :/: skam få alle rævan raue! :/: Gu' gjev at døm alle va daue! Så skull' e kåmå heim åt'n mor! |
4) Inkje kan ho verpe og inkje kan ho gålå, inkje kan ho krupe og inkje kan ho gå! E fæ gå mæ åt kvenne og målå og få att mjølet e miste igår! :/: Men skit! sa'n Pål, e æ inkje bangen; :/: kjeften og motet ha hjelpt nå så mangen, e tor nok væl komå heim åt'n mor! |
5) Pål han konnet på kvenne te å sleppe, så at dæ ljoma i kor ein vegg. Så at angan tok te å fljuge, og dei vart lange som geiteragg. :/: Pål han ga seg til læ og te kneggje. :/: Nå fekk e like for høna og for egge, nå tor e trygt komå heim åt'n mor! |
tilbake til toppen av dokumentet
E gjekk me opp te
sæterli
Melodien er skriven ned av Catharinus Elling i Kvikne i
Østerdalen. Teksten er ei folkevise nedskriven av L.M.Lindeman. Dansen står i
"Norske Folkedansar. Songdansar" (1985). Dansemåten er laga av Klara Semb.
Dansemåte: Først dansar vi 4 attersteg eller kvilesteg og slepper taket.
Brigdet byrjar på "(Ho) va'nkje ..". I første delen av brigdet ((Ho) va'nkj
....du får'kje mei" Står jenta i ro, tar venstre handa i sida (tommelen bak) og
hyttar med høgrehanda mot guten. Så byter ho hender og hyttar med venstre handa.
Klappar så i hendene og snur ein gong rundt mot venstre og trør 4 appellar med
begge hendene i sida. Samtidig ta guten i armhola på vesten, dansar 2 små
bytomfotsteg inn i ringen (byrjar på venstre fot), snur mot høgre og dansar eit
bytomfotsteg mot jenta og toppar på 4 appellar.Når siste delen av verset blir
repetert dansar begge mot kvarandre slik jenta dansa første delen. Guten dansar
inn på ring på starten av neste vers.
1) E gjekk me opp te sæterli, te jenta mi, ho va 'nkje bli, e gjekk me opp te sæterli, te jenta mi, ho va 'nkje bli. Ho va' nkje grei, ho svara me nei, kva vil du her, du får kje mei, ho va' nkje grei, ho svara me nei, kva vil du her, du får kje mei. |
2) Men som det led te laurdagskveld, e pynta me og gjekk i vei lell. Men som det led te laurdagskveld, e pynta me og gjekk i vei lell. Og lia va bratt, e gjekk og datt, eg kom 'nkje fram før langt på natt. Og lia va bratt, e gjekk og datt, eg kom 'nkje fram før langt på natt. |
3) Men som e kom te jenta da, så vart ho glad og svara me ja. Men som e kom te jenta da, så vart ho glad og svara me ja. Eg e inkje vond, du skal få rom, e vart så glad, e såg du kom. Eg e inkje vond, du skal få rom, e vart så glad, e såg du kom. |
4) Så hengt' ho på vesl-gryta si me rømme ti og kokte te me. Så hengt' ho på vesl-gryta si me rømme ti og kokte te me. Og grauten va heit, og han va feit, og e sku skunde me, va 'nkje greit. Og grauten va heit, og han va feit, og e sku skunde me, va 'nkje greit. |
tilbake til toppen av dokumentet
Kakelinna
Melodien er ein kjent gamaldansmelodi frå Gudbrandsdalen, ofte
kalla Brimi-reinlenderen etter Hans Brimi. Teksten er laga av Geirr Lystrup det
tida han budde i Lom. Visa står i heftet "Her er me grannar" utgjeve av Bondeungdomslaget i Bergen i 1995.
Dei har laga dansemåten.
Dansemåte: Først dansar vi 4 kvilesteg og 4 sviktar av neste, slepper
taket og vender parvis mot kvarandre på 3 lette appellar. No er vi ferdig med
sjølve verset og byrjar på omkvedet. Vi står altså parvis mot kvarandre og
dansar sidelengs mot høgre eit reinlendersteg (guten ut av ringen og jenta inn i
ringen). Så dansar vi eit reinlendersteg tilbake mot venstre. Så tar vi saman
med samdanstak 4 og dansar eing gong rundt med sola på 4 hoppsteg (byrjar på
høgre). Så dansar vi det same ein gong til og avsluttar med 3 lette appellar.
1) Eg var liten loddseljar kom inn på Søre Jorde, skjønar 'kje no at eg torde. Komen innom døraglytten drog dei meg innåt bordet, gamla kom med traktement: - Lefse, lompe stompe, dompe, snippe, snuppe, honningkake duppa i sukker og lake. Skrylla mi er feit og god, ei krommelkake må du smake. Et meire biteti! |
2) Gamla sto og truga meg te tøyge ut magamålet, under kva vomba kan tåle. Straks eg åt eit romebrød la ho fram eit nytt på skåle, nytta ikkje takke nei. |
3) Magen tok te vrenge seg og verke, eg gret meg sinna, ingenting beit på vertinna. Heten steig, i buksa blei det reinaste kakelinna, i den søte juletid. |
4) Gamla Søre Jorde kjøpte ikkje noko lodd, for gjesten rømte på ullsokkelesten. Rømte heim med 24 uselde lodd bak vesten i kransekakelotteri. |
tilbake til toppen av dokumentet
Haugebonden
Teksten er frå Norsk Folkedikting. Tonen er nedteikna av
Olea Crøger i Telemark. Visa står i Norske folkedansar. Songdansar (1983).
Skrivemåten er slik som der. Berre
dei mest vanlege versa er tekne med.
Dansemåte: Dansemåten er laga av Klara Semb. Kvilesteg og opne
kvilesteg.
Vi dansar 6 kvilesteg. Då song vi "snillan du" til slutt. Så dansar vi eit heilt
kvilesteg utan å synge. Så dansar vi to opne kvilesteg vidare, men med
snuing/hopp slik: På første to taktslaga dansar vi framover (venstre, høgre), så
snur vi brått mot eigen på venstre-hopp, og snur tilbake på høgre-hopp slik at
vi vender mot framand. Dei to første taktslaga av siste kvilesteget dansar vi
langs ringen (jenta bakover og guten framover) (venstre, høgre). Så snur vi
igjen mot eigen på venstre hopp, og så mot framand på høgre-hopp. Vi lar armane
vere lavt og lar dei svinge med under snuingane. På siste venset dansar vi
kvilesteg med innbrot. I omkvedet dansar alle opne kvilesteg med snuingar omlag
som i dei andre versa. Men vi stoppar brått midt i siste kvilesteget med front
mot eigen på ordet "rimar".
1) Å det var den heilage joleftas-kveld, at bonden ville av finne limar; og som han kom seg i lunden ut då høyrde han koss haugebonden rima. - Snillan du! det lyder han på, bonden, koss haugebonden dansar og rimar. |
2) Å det var den heilage joleftas-kveld, at bonden ville av hente kransar; og som han kom seg åt bakko nord, då høyrde han koss haugebonden dansa. |
3) Høyre du det, du gode bonde sjav, kvi tuktar du kje drengjine dine; d'er alli så heilag ein joleftas-kveld, dei stukar ei i halline mine. |
8) Å, du hev vori ut på mine skip, og det uti åri dei åtte! Og ingjo skipsleige hev eg fengji av deg, og endå gjeng båten på botte. |
10) No hev eg vore i alle desse år ut på dine grunnar så lengje; ingjo skipsleige så hev'e du kravt, og ingjo så hev'e du fengji. |
17) Eg sko deg gjeva ein myllardam, der gjeng'e dei femten par kvernar; stolpane er utav kvite kvalsbein, og slokjet av hardaste jennet. |
18) Målfrid heiter kona mi, og mågjen min heiter Trauste; sjav så heiter eg gode Gullstein, eg bur her opp unde brauto. |
19) Lunden heiter garden min, han ligg her opp unde lie; sjav så heiter eg gode Gullstein, derav gjeng segnir så vide. |
tilbake til toppen av dokumentet
Hei huskom i hei
Tonen er truleg nedskriven av F.A. Reissiger (1809-83), og først trykt i
Lindeman 1853. Dansemåten er laga
av Klara Semb, først trykt i 1935. Dansen står i siste
utgåva av "Norske Folkedansar Songdansar" av Klara Semb
(1983).
Dansemåte : Vi står på ringen parvis og held saman hand i hand vendt langs
ringen. Alle byrjar med høgre foten og trør eit gåsteg fram på opptakten i visa.
Guten løfter armen og jenta snur ein gong rundt medsols under armen medan alle
dansar eit bytomfotsteg frå gangar (STS). Så dansar vi to gåsteg vidare. På
"(Eg) ruggar meg sjøl i kveldingen" snur guten ein gong under armen medan alle
trør eit bytomfotsteg, og deretter to gåsteg. Så tar vi saman med færøytaket og
dansar to attersteg resten av verset. Attersteget byrjar på "(med) hamar og ...)
1) Hei huskom i hei! sa hallingen. Eg ruggar meg sjøl i kveldingen med harar og tong! sa moingen. Kok velling på graut! sa sigdølingen. Så smakar eg med! sa kryllingen. |
2) Kor var du i natt? sa jonsingen. Av kjøpte meg ein katt, sa tentingen. Ka ville du med den? sa jonsingen Eg kjøpt'n for min ven, sa tentingen. Eg kjøpt'n for min ven, sa tentingen. |
3) Koss lever han Jo med båten si? Han ligg utpå havet og fiskar sild, og får 'an kje sild, så et han kling. Å silda var sur, sa hallingen. Å du talar som ein tjuv, sa nordingen. |
4) Flink kjering hev eg, sa Husåsen. Tvo slike hev eg, sa Luråsen. Hot vi' du ha for ei, sa Husåsen, ei ali med tobak, sa Luråsen. Det var gampe verd, sa Husåsen. |
tilbake til toppen av dokumentet
Smalavisa
Melodien og teksten er laga av Ottar Wiik frå Hordaland. Visa står i heftet "Her er me grannar" utgjeve av Bondeungdomslaget i Bergen i 1995.
Dansemåte: Først dansar vi 5 kvilesteg og 2 sviktar av neste. Så
slepper vi taket med framand og tek saman med det lette taket med eigen. Vi held
eit høgt tak slik at vi kan danse underarmane. Jenta dansar framfor guten på to
hoppsteg på innsida av ringen og inn framfor guten. Guten trør stega mest på
plassen.Begge starta med venstre fot. Så dansar guten to hoppsteg framfor jenta
på utsida av ringen, medan jenta trør stega mest på staden. Så dansar det oppatt
det same ein gong til. Neste vers utan stogg.
1) Ja, låna du meg no eit øyra eller to, så ska du få eit hove og ein liter blo, og noken vers tå denna smalaviso mi, om sauasanking og om ull og slakteri. Saudi du di lam dam, sau di du di lam, saudi du di lam dam, sau di du di lam. |
2) Sjå sankarane fer og spring i fjedl og fidn, me kikkert i ei reim og nysmidd bjørkepidn, og gaula da dei kann og badna adle mann, at no ha bjødn fengje sauablod på tann. |
3) Fø bjødlesauen e' da ingjen som kan sjå; da spørst om han i sommar togg sitt sista strå. Og storeveren står og grev oppi ei to og leve på diett tå stein og tidle snjo. |
4) Men heimatt kjem dei då me kver sin sauaflokk og våte sko og kle og dubbelsidig brokk. Og somme ha funne ein, og somme ha funne alt, og ein ha funne fleir, og hine ha 'kje talt. |
5) Men sauena tykkje vel at da e' mager takk å verta kledde tå og lagde på ein krakk, og malne opp te korv og kokte borti kol og røykte øve glo og svidde på eit bål. |
6) Men saue må me ha, da e 'kje snakk om da. De e 'kje rett me maten ifrå andre ta! Oljo kann ve bra, so lengje so ho redn; gull og gråe skoga vert da når ho bredn. |
7) Men sauena et gras og para seg - i lengda e' da da so svara seg. Saudi du di lam dam, sau di du di lam, saudi du di lam dam, sau di du di lam. - BÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆ- |
tilbake til toppen av dokumentet
Brum basken i bomba
Dette er ein norsk folketone. Visa står i "Danse, danse dokka
mi" av Klara Semb (1958).
Dansemåte: Dansemåten er laga av Klara Semb. Kvilesteg, opne
bytomfotsteg og snurresteg. Vi dansar 3 kvilesteg. Det fjerde kveilesteget trør
vi på staden med appell på kvar taktdel, medan vi har front inn mot sentrum av
ringen. Slik dansar vi også andre verset. I tredje verset dansar vi først 3
bytomfotsteg og slepper kvarandre. Gjenta snur så brått mot venstre med 2 små
steg (høgre - venstre) så ho får ryggen inn i ringen. Guten snur samstundes litt
mot høgre så han får front rett mot sentrum. Så tar vi saman i krysstak bak på
ryggen til kvarandre og dansar rundt medsols på 9 snurresteg (lett bøygde kne).
På siste taktdelen løyser vi opp.
1) Brum basken i bomba, katta sat oppå tromma, og fire myser dei går i dans, så heile jordi ho dundra. |
2) Katta sat oppå taket, tala te' sine døtter: Kor ska' me til vettern vera, me fryse på våre føtar. |
3) Me ska' reisa til Danemark, kjøpa sko for ei halve mark. Trine, trine og trine, trine og trine pepar og kod'n. |
tilbake til toppen av dokumentet
Matvisa
Dette er ein norsk folketone. Visa står i "Danse, danse dokka
mi" av Klara Semb (1958).
Dansemåte: Kven som har laga dansemåten er ukjent, men han står i
"Danse danse dokka mi". Kvilesteg eller attersteg, figurersteg I og gåsteg
(Opplatkt på "Om"). Vi dansar 5 kvilesteg (eller 2 attersteg og 4 taktdelar av
neste. Tempoet vert raskare om vi nyttar attersteg). Så slepper vi framand, trør
eit steg mot høgre (på "Hei") så vi vender parvis mot kvarandre og tar saman med
begge i begge. Så dansar vi 7 figurersteg nr 1 (startar på venstre fot), og
avsluttar med å sette venstre fot innåt på 8. taktdelen. På "Å den er no kokt på
ein sikoriknart" bøyer vi mot kvarandre og tar høgre handa mot munnen for å vise
at vi slarvar. På "sjung, falleri, fallera!" reiser vi oss opp, klappar i
hendene og snur rundt åleine ein heil gong mot sola på 3 gåsteg og høgre innår
til slutt.
1) Om søndagsmårran er det kaffikoppen svart! sjung falleri, hei fallerallera! Å den er no kokt på ein sikoriknart! Sjung falleri fallerara! Hei sjung falleri, hei sjung fallera. Å seitu, reitu, fallerallera! Å den er no kokt på ein sikoriknart, sjung, falleri, fellera! |
2) Om månda'n så er det no grauten grå, og mjølka den er no så temmeli' blå. |
3) Om tirsda'n så er det no myssmør og brø', og den er så tynn som den tynne frikasø. |
4) Om onsda'n så er det no erter og gryn, og atten erter og nitten gryn. |
5) Om torsda'n så er det no kjøt og flesk, og litevore kjøt og ikkje noko flesk. |
6) Om freda'n så er det no mjølkegryn, og den er så blå som den klåre måneskin. |
7) Om lørda'n så er det no potet og sill, og tek eg no to, så blir kjerringa vill. |
1) Eg gjætte tulla i
femten år,
|
2) Eg gjætte Tulla bort
i ei li,
|
3) Og så kom skrubben
laskande fram,
|
4) Eg fekk kje meire av
Tulla mi,
|
1) Frå mårrån tile te
kvelden seint
|
2) Og kyrn og grisin og
kelvan små
|
3) Og hønån flakse frå
vagla sin
|
4) Og kyrn fe skullu og
ånnå drekk,
|