Danserettleiingar
Bygdedans

Her finst det omtale av ein del dansar som er vanleg i bruk i norske leikarringar. Eg har teke utgangspunkt i dansar som er brukt i Symra i seinare år. Rettleiingane er relativt stutte. Sume plassar er det også laga såkalla kortversjonar i stikkordsform til hjelp for minne. Dersom dansane er omtala i rettleiingsbøker, er det også vist til desse. Eller til omtale andre stader på Internett.

Tilbake til danseoversynet

Springdans frå nordre Sunnmøre
Dansen slik vi har dansa han i Symra i ein del år. Oppskrifta bygg sæleg på tradisjonen etter Kåre Gausnes (kurs i Symra) og etter nedteikninga til Bakka/Rff 1983.
Dansen er inndelt i ein hovuddel (på fire turar) og ein tilleggsdel. Grunnsteget - bytomfotsteg- er begge, spring, spring - tung, lett, lett - både for gut og jente (liknar på gutestega i Vestlandsspringar). På begge er den ein foten litt framom den andre. I alle stega «trør vi forbi». I alle deler av dansen skal det vere god framdrift. Frisk dans! Ledig arm naturleg langs sida. Dansen er kort - ikkje drag ut turane.

Hovuddelen
1. tur - framover med grunnsteg
Paret dansar framover med grunnsteg og høgt handtak (om lag som i attersteg), ved sida av kvarandre - jenta til høgre.  Dei snur seg litt mot og frå kvarandre på annakvart steg. Både gut og jente startar med yste fot. Kan danse eit vek - eller mindre.

2. tur - jenta under armen
Guten løfter jentas hand over hovudet som teikn på at jenta kan starte andre tur når ho vil (så snart ho er klar med venstre fot). Jenta går rundt under armen med sola - to, fire eller seks gonger (vanlegvis 4 gonger). Ein gong rundt per takt. Ho startar med venstre foten i kryss over, og dansar venstre, svikt, høgre (omtrent som i Rørospols). Jenta er litt på skrå framom guten, guten har grunnsteg med avdempa hopp på begge. Etter at jenta er ferdig med snuingane, dansar paret med grunnsteg framover og med det lette taket, enten til veket er slutt eller litt kortare.

3. tur - guten under armen, og så jenta
Her tel vi ein, to, tre, fire, fem, seks. På dei seks slaga går guten rundt under armen motsols på 1, 2, 3 - og jenta rundt medsols på 4, 5, 6. Begge startar sin snu under armen på høgre fot. Steget blir trø, trø, trø og trø, trø, trø - omtrent som i polkamasurka. På 1,2,3 kjem guten nesten heilt rundt. På 4,5,6 fullfører han rotasjonen samtidig med at jenta går rundt, slik at han er klar til neste runde. «Glatte» overgangar. Den som går under armen, bør ligge på skrå framom, og guten har hovudansvaret for å passe på det. Det betyr at guten tar eit bra steg/hopp framover på 1, og trør stega på staden på 4, 5, 6. Ein tar så mange snuar ein vil - gjerne bortimot eit vek. Kan fullføre veket med grunnsteg framover - med «det lette taket».

4. tur - rundsnuane, først motsols så medsols
Guten gjev eit lite vink til jenta ved å «dra» litt i handa til jenta, som teikn på at no startar første rundsnuen: totaktssnu mot sola. Jenta startar då med eit litt langt steg på høgre foten framom guten, medan guten nærast «ryggar» for at jenta skal få plass til å kome framom. Dermed er rundsnuen i gang. Begge brukar her grunnsteg: begge/hopp, trø, trø - omtrent som i vrangsnudd polka. (I første takta av rundsnuen blir det trø, trø, trø for både gut og jente.) Hoppet på 1 er litt kraftigare enn i grunnsteget. Vi brukar to takter 1, 2, 3, 4, 5, 6 på ein rundsnu. Ta berre nokre få rundsnuar, 2-4 er passe. Så brukar vi ei eller to takter til å avslutte første rundsnu og førebu andre rundsnu, dvs avslutte motsols rotasjon og innleie medsols rotasjon. Andre rundsnu er for guten omtrent som i masurka: venstre, saman, høgre på 1, 2, 3. For jenta er det saman, høgre, venstre. I begge rundsnuane brukar vi vanleg samdanstak med handa ut (samdanstak nr 1). Talet på rundsnuar er valfritt; kan halde på til veket er slutt.
 
Som ein variasjon kan guten «midt» i siste rundsnuen sleppe jenta og gå rundt ein gong før dei tar saman og held fram med rundsnuen. Det foregår på to takter: 1, 2, 3, 4, 5, 6. På 1, 2 ,3 tar guten venstre, høgre, venstre og går rundt ein gong motsols. På 4, 5, 6 - høgre, venstre, høgre - nærmar han seg jenta og dei tar saman att. På 4 klappar guten i hendene. Jenta går normalt ikkje rundt.

Tilleggsdelen -  først «rundt kvarandre» og så «pannekakevending»
Etter andre rundsnuen tar paret saman med grunntak og grunnsteg som i 1. turen. Etter eit par steg framover tar dei hendene ned, guten dansar framom jenta, der han skifter hand attom ryggen sin (venstre hand til gut i venstre hand til jenta). Jenta kjem straks opp på venstre sida av guten og der skifter begge hand igjen (rett etter første skiftet) (høgre til gut i høgre til jenta). Så dansar guten attom jenta, fram på venstre side og framom jenta, der guten skifter hand slik som i første skiftet (venstre til gut i høgre til jenta). Så dansar guten vidare rundt, bak jenta og kjem opp jamsides jenta på innsida. Då lyfter jenta si ledige hand, og begge skifter handtak (høgre i høgre og venstre i venstre). Etter litt «framoverdansing» startar dei så på pannekakevendinga. Guten går medsols rundt og jenta motsols. Først går jenta rundt på ei takt, så går guten rundt på neste takt, men slik at det blir glidande overgangar. Guten heile tida på «innsida». Avslutte tilleggsdelen ved å ta saman att i grunntaket og starte på første tur av «hovuddelen». Det er viktig at det blir godt samspel mellom dansarane, ikkje minst der guten «dansar rundt jenta».
Dansen er så kort at det er naturleg å danse hovuddelen ein gong til og avslutte med rundsnuen.

Det har vore vanleg at spreke gutar gjorde eit rundkast bakover og spente i bjelken, medan han støtta seg på jenta. Dette er vel ikkje så lett å få til? Andre variasjonar er også nemnt i heftet om dansen.
 

tilbake til toppen av dokumentet

Romsdalsspringar
Dansen slik vi har dansa han i Symra i ein del år. Oppskrifta bygg sæleg på tradisjonen etter Peder Varhaugvik slikk han lærde dansen i Molde omkring 1960, og oppskrifta etter Bjarne Rekdal.
Dansen er inndelt i fire turar og ein lausdansdel. Grunnsteget er ulikt for gut og jente. Guten dansar bytomfotsteg slik når vi tel 1, 2, 3, 4, 5, 6: begge, spring, spring, høgre, spring, spring. På 1 er venstre fot godt framom høgre fot og vi sviktar noko i knea. Det er størst tyngd på 1, men det er også tyngd på 4. I alle stega «trør vi framom». På 1 vender guten seg litt mot jenta. Grunnsteget til jenta er «lette små bytomfotsteg». Alle turane vert avslutta med ein «vanleg» eintakts medsols rundsnu. I alle deler av dansen skal det vere god framdrift. Frisk dans! Ledig arm naturleg langs sida. Dansen er kort - ikkje drag ut turane. Musikken er slik at ein høyrer kva som er taktslag 1- den tunge taktdelen i musikken.


1. tur - jenta under armen medsols, «raskt» rundt
Guten tar med si høgre hand jenta si venstre hand med «lett tak», dvs guten tar over fingertuppane til jenta i eit ledig, lavt handtak. Begge nyttar grunnstega. Jenta er først bak guten. Etter kvart kjem jenta fram jamsides guten, og litt på skrå framom. Guten lyfter hendene deira som teikn på at jenta no kan gå under armen medsols - vi kallar det sviving. Ho går ein gong rundt på ei takt - 1, 2, 3. Det høver bra å starte svivinga på gutens «begge». I svivinga bruker jenta trøsteg/svivesteg, guten brukar grunnstega heile tida. Talet på rotasjonar er fritt, men 3-5 kan høve bra. Svivinga går så utan stogg over i rundsnuen. (Ein kan også danse litt framover mellom svivinga og rundsnuen.)

Rundsnuen liknar mykje på den i SNS. Paret nyttar samdanstak nr 3. For guten blir det venstre, saman, høgre på 1, 2, 3 - slik som i masurka. Jenta dansar saman, høgre, venstre på 1, 2, 3. (Jenta kan også danse eit litt annleis steg med bytomfot.) Det høver bra å danse rundsnuen til veket er ferdig.

2. tur - jenta under armen motsols, «sakte» rundt
Starten på turen er lik med 1. tur. Men no går jenta under armen mot sola. Det høver bra å bruke to takter til ei sviving, dvs ein gong rundt på 1, 2, 3, 4, 5, 6. Steget for jenta blir trøsteg. Igjen høver det bra å starte svivinga på gutens «begge». Ved slutten av svivinga - som innleiing på rundsnuen - kan guten nytte apell. Det kan foregå slik: På 1, 2, 3, 4, 5, 6 dansar guten begge, høgre, venstre, begge/appell, venstre, høgre. På begge/appell er føtene jamsides. For å halde god balanse på 5, slår han litt opp/bak med høgre foten samtidig med at han trør på venstre. Dette steget med appell kan guten utføre samtidig med at jenta gjer si siste sviving, med direkte overgang til rundsnuen. (Eller guten utfører appellsteget etter siste svivinga.) (Merknad: Gutesteget med appell kan også utførast slik: På 1, 2, 3, 4, 5, 6 dansar guten begge, høgre, begge/appell, høgre, venstre, høgre.)

3. tur - venstre i venstre, først jente så gut under armen
Etter rundsnuen tar begge saman med venstre i venstre - begge jamsides med jenta yst. Som «innleiing» høver det bra å danse litt framover - jenta litt på skrå framom guten. Godt samspel. Guten lyfter armane deira litt, og så startar jenta å gå under armen medsols. Her bruker jenta to takter på å kome rundt 1, 2, 3, 4, 5, 6. Trøsteg. Det passar best at jenta igjen startar på 1 - dvs gutens «begge». Så skal guten gå under eigen arm motsols på dei neste to taktene 1, 2, 3, 4, 5, 6. Guten bruker heile tida grunnsteg. Glidande overgangar mellom jenta og guten si sviving. Den som går under armen, må ligge litt på skrå framom den andre. Guten har hovudansvaret for å passe på det. Det er jenta som går under armen siste gong. Medan ho gjer det, kan guten som «avslutning» på «under-armen-dansinga» slå seg på hælen med høgre handa. Det kan forgå slik: På 1, 2, 3, 4, 5, 6 dansar guten begge, høgre, venstre/slå-på-høgre, høgre, venstre, høgre. Så direkte over i rundsnu.

4. tur - krosstak med pannekakevending
Etter rundsnuen tar paret saman til krosstak. Høgre over (som i NP). Det kan foregå slik: Med jenta på høgre sida av guten tar begge først saman med venstre i venstre, så tar dei saman med høgre i høgre, slik at begge får høgre hand over og venstre under. Dei dansar så litt framover med godt samspel. Jenta går så først rundt under armane medsols på to takter 1, 2, 3, 4, 5, 6. Så gjer guten det same, men motsols. Guten er heile tida inst mot sentrum av ringen. Guten brukar grunnstega sine og jenta sine grunnsteg. Den som går under armen, ligg litt på skrå framom den andre. Jenta går rundt til slutt. Då kan guten bruke steg med appell slik som i 2. turen. Så rundsnu.

Lausdans
Etter rundsnuen kan guten gå ut i lausdans. Dei første stega brukar han då til å «kome laus» frå jenta framover. Så dansar han litt laus, slår seg på hælen og viser seg fram. Han brukar grunnsteg med tilpassingar. Under lausdansen dansar jenta roleg framover langs ringen og beundrar han

Etter lausdansen kan det som avslutning på dansen passe bra at paret tar saman att til ein avsluttande rundsnu. For å få til ein pen overgang til rundsnuen, må jenta danse sakte framover langs ringen medan guten kan kome litt på skrå mot jenta innafrå ringen.

Variasjonar:
Slå stift: Gut og jente held saman høgre i høgre. Guten set venstre hand i golvet og jenta hjelper han rundt.
Spark i taket: Ta saman som i det tunge taket slik at guten støtter seg på jenta. Guten sleng opp høgre fot og sparkar med venstre.
 

tilbake til toppen av dokumentet

Nordmørspols
Dansen slik vi har dansa han i Symra i ein del år. Oppskrifta bygg sæleg på tradisjonen etter Gunnar Hals og Gunn Berit Bonde, og oppskrifta til Olav Mogstad og John Røen 1977.
Nordmørspolsen består av ein innleiande tur, så lausdans, og til slutt avsluttande rundsnu. Det er det karakteristiske grunnsteget og avsluttande rundsnuen som særpregar dansen. Musikken er i lett rytme litt raskare enn Trønderpols. Grunnsteget er eit bytomfotsteg med 3 sviktar, men med eit lett haltande preg utan hopp. Det har også karakter av springsteg. Når vi tel 1, 2, 3, blir det fram, inntil, fram. På inntil set vi foten nesten jamsides den andre, kanskje litt attom. Det litt haltande preget kjem av at ein startar 2. trinnet lågt nede, med litt bøygd kne.


1. tur - framover og forbi kvarandre med korstak
Paret tar saman med høgre i høgre og venstre i venstre - høgre øverst. Guten til venstre for jenta (eller omvendt). Dei dansar først nokre steg framover. (Dei kan starte på same fot eller motsett for.) Så byrjar «forbidansinga». Guten fører jenta over på si venstre side, utan å sleppe taket. Enten med ein gong eller etter eit par steg framover dansar guten over på same måten så dei kjem tilbake i utgangsstillinga. Den som blir forbidansa må trekkje litt over til høgre for å halde ringen. Så eit par steg framover og ny «forbidansing». Forbidansinga er ikkje «regelmessig». Det er heller ikkje nokon fast regel for kor mange gonger ein dansar forbi kvarandre. Som avslutning på første tur dreg guten med venstre handa og løfter høgre handa slik at jenta snur rundt seg sjølv i ei pannekakevending. Så kan guten også gjere ei pannekakevending. Etter snuinga slepper dei kvarandre.

2. tur - lausdans
Guten gjer seg fri frå jenta ved å danse raskare framover. Jenta sviv rundt medsols på bytomfotsteg som tildels får karakter av springsteg. Guten held seg framføre og innafor jenta, og vender seg stort sett mot jenta under lausdansen. Han briskar seg for jenta med litt markering av svikt, slag på hælen eller liknande. Båe har hendene naturleg ned langs sida. Når dei har dansa lausdans ei stund, dansar guten mot jenta og klappar i hendene og dei tar saman til runddans.

3. tur - rundsnu
Paret tar saman til medsols rundsnu med dette taket: Guten legg høgre armen rundt livet på jenta og tek med venstre under høgre olbogen hennar. Ho legg venstre handa på høgre overarmen hans og høgre handa på venstre overarmen hans (eller om livet hans). Jenta dansar bytomfotsteg som før, men dei får gjerne ein dåm av springsteg. Guten trør slik: venstre fram, høgre fram, venstre fram og høgre bakom venstre. Heile steget går over 4 taktslag. Han set altså høgre bakom venstre på ulike taktslag i den tredelte polstakten. Når ein er lei rundsnuen, slepper ein samdanstaket og glir over i 1. tur.
 

Hallingspringar

Slik Thomas Stensgård frå Gol lærde han frå seg på kurs i Hallinglaget, BLS 2/11-2002. Karin Andresen frå Oslo demonstrerte jentedansen og Jegeir Trøim frå Hemsedal var spelemann. Nedskreven av Vebjørn Bakken.

Grunnsteg, handtak og danseretning
Grunnstega for både gut og jente er bytomfotsteg (med relativt lav svikt og ein litt skarp svikt på 1. taktslaget). Ein trør ikkje ”forbi” i bytomfotsteget. ”Bruk nokså små steg i heile dansen”. Guten og jenta kan vere på same fot eller motsett fot i steget. Berre ved overgang til ”vrangkanten” må dei vere på motsett fot (på ytre fot samtidig). Guten bruker elles nokså ofte ”gåsteg med bortsvikt”, her kalla ”gåsteg”. Gåstega kan vere på venstre eller på høgre fot. To ulike stader går jenta rundt framfor guten (under armen til guten). Den eine runddansen går snøgt og då nyttar jenta ”svivesteg” (”føtene tett saman”). I den andre nyttar jenta ”bytomfotsteg” og då blir det ein gong rundt på 2 taktar. I den avsluttande rundsnuen brukar dei ”vanleg” rundsnu-steg: guten har venstre, saman,høgre og jenta har saman, høgre, venstre.
Når ei hand ikkje er i bruk, heng ho normalt ned langs sida. Guten kan i sume høve ta hoftefeste med ledig hand (fingrane framover). Guten kan på ulike stader i dansen legge inn markeringar i form av lett tramp i golvet eller appell.
Heile dansen går rundt i stor motsols ring.

1. tur (framover og guten rundt seg sjølv)
Guten startar framfor og tilsides for jenta med ”leietak” eller ”over-fingertuppane-tak”, i midjehøgd. Guten kan gjerne starte med eit par ”gåsteg” som innleiing, og kanskje med ein liten appell på første steget. Etter nokre steg framover dansar guten rundt seg sjølv med jenta ”på slep”. Hald hendene litt høgt (i midjehøgd), ikkje heilt nede. Etter nokre gonger rundt går guten under eiga arm motsols (han held då i jenta med si venstre hand). Jenta kjem fram på guten si venstre side (inn mot sentrum), så går ho vidare rundt under armen motsols framfor guten, guten skiftar hand til si høgre i midjehøgde og dei går litt framover med hendene (høgre for gut, venstre for jente) over hovudet til jenta.

2. tur (jenta raskt medsols rundt framfor guten)
Jenta er no på skrå framfor guten og dei held saman over hovudet til jenta, guten med si høgre og jenta med si venstre hand. Ho kan godt halde rundt langfingeren til guten (uten å halde fast), og sviv raskt rundt medsols med ”svivesteg”. Guten avsluttar svivinga med å gå rundt motsols under eigen arm (på innsida av jenta – mot sentrum av ringen). Når guten går under armen, kan han som eit karstykke gå djupt ned i knea.

3. tur (jenta rundt motsols på bytomfotsteg framfor guten)
Etter at guten har gått under, armen byrjar jenta straks å gå rundt framfor guten motsols med bytomfotsteg. Ein gong rundt på to steg. No held paret handflate mot handflate. Etter eit par snuar, skiftar guten til høgre hand, og etter eit par nye snuar igjen tilbake til venstre hand. Så avsluttar guten turen med å gå under armen att og slik at jenta legg si venstre arm på guten si høgre skulder, og guten tar si høgre hand rundt livet på jenta. Når guten går rundt, kan paret gjere det ”rygg mot rygg” eller ”først jente så gut”.

4. tur (”vrangkanten” – totakts rundsnu mot sola)
Paret går framover slik dei avslutta tur 3. Guten kan gjerne bruke eit par ”gåsteg”. Før dei startar ”vrangkanten” må guten no syte for at gut og jente er på motsett fot (ved å bruke ”gåsteg”). Som innleiing på ”vrangkanten” gjer guten ein apell på venstrefoten (på einar-slaget på eit bytomfotsteg), og jenta går på sitt bytomfotsteg over på guten si venstre side, slik at jenta blir ståande med ryggen i danseretninga, litt framom og ved sida av guten. Guten har framleis fronten i danseretninga. Taket er slik: Jenta beheld si venstre hand på skuldra til guten, medan ho tar høgre hand om ryggen. Guten tar si venstre arm over jentas høgre skulder, og høgre handa si tar han over overarmen til jentas venstre arm (eller på skuldra). No startar rundsnuen ved at guten trør fram på høgrefoten og jenta trør tilbake på venstre. På neste steg blir det omvendt: Guten tilbake på venstre og jenta fram på høgre. Dermed er dei komne ein gong rundt. I ”vrangkanten” nyttar dei altså ”vanlege bytomfotsteg”. Guten kan i
rundsnuen godt variere med ”bortsvikta bytomfotsteg” (= ”gåsteg”), og han kan slå seg ein gong på hælen. Etter nokre gonger rundt dansar guten bakover og jenta framover nokre steg. Her snur guten (og jenta) seg litt frå side til side medan dei dansar. Så snur dei ein halv omgang rundt og dansar med jenta bakover og guten framover.

5. tur (rundsnuen – eintakts rundsnu med sola)
Dei innleier rundsnuen ved at guten skifter litt på sitt handtak (jenta endrar ikkje sitt): Høgre hand til guten på ryggen til jenta, og venstre handbaken bak og oppunder høgre armhola til jenta. Dei held no fram med bytomfotsteg i medsols retning (to steg for ein gong rundt). Dette pågår ca to gonger rundt. Så går dei over til sjølve rundsnuen (som når det gjeld fotplasseringa liknar på masurka-rundsnu (venstre, saman, høgre) for guten og på springpolsrundsnu (saman, høgre, venstre) for jenta. I rundsnuen held guten ”litt lenge” på saman og har rak/stram haldning med føtene tett saman, etterfølgd av ein kort 3’ar på høgre fot. Rundsnuen kan gjerne avsluttast med eit løft. Under løftet tar gutane jenta i sidene med begge hendene, jentene har sine hender på skuldrane til guten, og dei held gjerne fram med noko rotasjon under løftet, før jenta blir sett mjukt og lett nedatt.

tilbake til toppen av dokumentet

Polsdans frå Finnskogen
Referat frå 2 øvingskveldar i Symra i mars/april 2003

Rettleiar:   Bjørn Sverre Haugen frå Finnskogen/Odal. Lene Furuli og andre hjelpte til.
Musikk: Lene Furuli og Helle Steinsholt Jansen i gruppa Veggpryden (sjå bilete).

Dette er ein dans som har vore "nesten utdøydd". Ein del detaljar ved dansen er uklåre (finst det dårleg belegg for). Men det er nokså godt belegg for svikt og musikk.
Musikken er ¾- takt. Typisk for musikken er to lange (taktslag 1 og 2) og ein svært kort 3-ar.

Oppstilling: Parvis i stor motssols ring.
   
Grunnsteg:
Guten startar på venstre og jenta på høgre foten. Lik svikt - klår men ikkje svært stor - på kvart taktslag. Vi møter golvet med nokså flat fot.
Gå/spring på 1ar-slaget, gå/spring på 2ar-slaget og eit raskt bytomfot på 3ar-slaget. Alle trinna er nokså korte. For guten blir det: Trø fram med venstre på ein, trø vidare fram på høgrere fot på to, trø ned att på venstre på 3. På det tredje trinnet skal venstre fot plasserast litt bak høgre (ikkje heilt opp ved sida av). Dette trinnet er så kort at det nesten blir eit ”luftsteg”, men med klår svikt også på 3. svikten.
Når ein dansar grunnsteg framover i innleiinga av dansen, kan ein enten vende litt mot og frå kvarandre, eller danse nokså rett framover utan særleg vending mot/frå. Ubrukt arm heng laus ved sida både for gut og jente.

Når vi dansar steget bakover, blir det på same måten, men tyngda blir automatisk litt meir framme på foten (tåballen).

"Grunnstegtak". Vi tar saman med eit handtak som liknar på det vi har i kvilesteg-taket i songdans. Vi tar leietak, og løfter hendene relativt høgt. Olbogen til guten kjem gjerne "over" arma til jenta (på innsida av jenta si arm). Men ein kan også ta litt friare tak – ikkje så tett/fast.

Totakts-rundsnu. Etter nokre steg framover går ein gjerne over til ein kortvarig to-takts rundsnu med sola. Då skal ein nytte dei same grunnstega, og det meste av snuinga kjem på det korte 3ar-svikten. Det er viktig at trinn 2 peikar i danseretninga, annankvar gong framover og annankvar gong bakover.  For guten blir det venstre framover på trinn 2 og høgre bakover på trinn 2. Korkje gut eller jente tar noko ”juksesteg”. Denne rundsnuen er gjerne nokså kort – 3-4 steg er vanleg. Så går ein over til dansing framover att med grunnsteg/grunnstegtak. I rundsnuen kan ein ta saman med den ”frie” handa, enten med samdanstak 1, eller guten tar over overarmen til jenta. Den andre armen er rundt livet/ryggen. Rundsnuen startar når guten får einarslaget på høgre foten.

Eintakts-rundsnu. Dansen blir avslutta med eintaktsrundsnu. Her er gut og jente vendt rett mot kvarandre, og har samdanstak 1 eller ta over overarmen til kvarandre. (Samdanstak nr 2 (der guten held begge hendene i sida til jenta) skal ikkje brukast! (fordi jenta då lett blir svai i ryggen).) Guten plasserer høgre foten mellom føtene til jenta. Det tredelte steget kan beskrivast slik:
Guten: Trør fram på høgre fot på 1ar-slaget, trør på venstre fot på 2ar-slaget og sviktar på venstre fot på 3ar-slaget.
Jenta: Trør fram på venstre fot på 1ar-slaget, trør på høgre fot på 2ar-slaget og sviktar på høgre fot på 3ar-slaget.
Både gut og jente kan ha ganske "kraftige" rørsler under rundsnuen, god svikt på slag 2 og 3, slik at det blir nokså frisk runddans.
Dansarane går direkte over frå totakts-snuen til eintakts-snuen. Eintakts-rundsnuen startar når guten får einarslaget på høgre foten (guten kan då innleie eintaks-rundsnuen med ein appell på høgre foten).


Ei grunnform av dansen kan delast inn i desse 4 delane:
- Innleiande dansing framover. Paret dansar framover med grunnsteg og grunnstegtak.
- Jenta under armen. Guten strekker fram si høgre hand med handflata opp, og jenta legg si høgre hand oppi guten si hand, handflate mot handflate. Så går jenta rundt under armen på guten motsols med totakts-rundsnu. Jenta byrjar (når ho sjølv vil) med venstre foten fram. Armføringa er slik at hendene beveger seg som ein "avlang slipestein", slik at dei har hendene nokså lavt på det lågaste (i hoftehøgde).Under denne delen er jenta litt på skrå til høgre framfor guten (guten gjev litt plass for jenta). 
- "Lausdans" og totakts-rundsnu. Når jenta har avslutta sin totaktsrundsnu, slepper guten jenta og dansar seg framfor jenta med eit "rundsnu"-steg slik at han vender fronten mot jenta og ryggen i danseretninga. Så dansar guten attover i danseretninga eit par steg (brot av lausdans). Så klappar han i hendene (i ansiktshøgd) og jenta svarar med å klappe på same måten. Så dansar paret saman medsols med totakts-rundsnu (ikkje lenge, berre ca 2 gonger rundt). (Denne rundsnuen blir som ei innleiing til den avsluttande (lange) eintaktsrundsnuen som fylgjer etter.)
- Eintakts-rundsnu. Til slutt dansar paret eintaktsrundsnu medsols nokså lenge.

Variasjon
- Ein kan starte dansen direkte med  totakts rundsnuen. Då står guten med ryggen i danseretninga og byrjar med venstre bakover.
- "
Pannekakevending" er vist på videoen (sjå referanse), men vart ikkje gjennomgått på kurset.

Viktig
Det er rytmen/svikten som gir karakter til dansen. Det må vere 3 sviktar i steget, den tredje kortare enn dei to første. Det er framdrift i danseretninga under alle delene av dansen.

Referanse
I 2002 kom ein CD "24 polsdansar frå Finnskogen" der også dansen Pols frå Finnskogen er kort omtala og vist i to opptak på video. Noko av grunnlaget for dansen er eit opptak som Egil Bakka og Geir Egil Larsen gjorde med Astrid og Hans Kørra i Våler Finnskog i 1968. Heidi Arild og Sinikka Langeland nytta opptaka då dei tidleg på 90-talet studerte folkedans ved Universitetet i Trondheim. Dei utarbeidde ei einkel grunnform for dansen, og denne har det vore arbeidd vidare med lokalt. Heidi Arild og Bjørn Sverre Hol Haugen har stått sentralt i dette arbeidet

Tillegg frå Minikurs søndag 25. februar 2007 i Halli ved Alex Cordray.
Grunntak ved start:
a) som i attersteg i songdans. b) lette taket guten har handa øvst. c) lette taket jenta har handa øvst
Starte på dansen
Det er vanleg at guten startar på venstre (og jenta på høgre) på eit einarslag.
Variasjon
Vi dansar framover høgre i høgre: jenta går ein gong rundt seg sjølv medsols, så vidare rundt guten ein heil gong medsols og direkte vidare rundt seg sjølv motsols 3 gonger, og så over i vanleg dansing framover (guten høgre handa bak ryggen på jenta , ho venstre på skuldra og så dei andre hendene saman framfor.
Rundsnuen for jenta
Det har vore fleire ulike variantar i bruk. Nokså vanleg no med eit steg som liknar masurkasteget for jenta: venstre, bytomfot, høgre. Men i "folkeleg" dans i distriktet dansar dei helst venstre, saman, høgre.
Kort opplæringsform
a) Vi dansar framover med grunnsteg/grunntaket
b) Guten dansar seg framom jenta og vi tar saman med vanleg samdanstak I, og dansar medsols rundt.
c) Vi tar "siste eintakts rundsnuen".

Finnskogspols  - Referat frå Minikurs i Halli 29. mars 2009
Instruktør: Bjørn Sverre Hoel Haugen 

A. Etablere ei kort normalform av polsen

Musikken er tredelt med kort 3’ar. Det er tre nokså store sviktar, litt større på taktslag 1 enn på 2 og 3. Ikkje nokon regel for rekkjefylgje eller lengde av turane.
Øve steg framover kvar for seg
. Gut og jente dansar stort sett på motsett fot, men med like steg. God svikt. Små steg. Ikkje møte golvet med tåa (då blir svikten feil), men på heile foten. Kanskje møte golvet litt på hælen. Vi snur ein god del til og frå på kvart steg, mest når vi snur mot partnar (nesten 90 grader) og litt mindre når vi snur frå partner.
Øve parvis steg
. Samdanstak i grunnsteget: Enten det lette taket (guten tar over jentas hand/fingrar), eller same taket som i attersteg i songdans. Vi kan også halde saman høgre i høgre og venstre i venstre tett saman. Alle taka er ca i skulderhøgd.
Øve grunnsteg bakover/rundt
i begge retningar kvar for seg. Husk også her små steg. Bakover blir det fotbladet i golvet først. Byrjar rundsnu medsols når vi er på høgre fot.
Danse saman , grunnsteg og totaktssnu medsols.
Vi dansar saman  framover nokre steg og guten dansar seg så framom jenta på eit steg og dei tar saman med samdanstak nr 4, og dansar rundtmedsols på totaktssnu.
Øve rask medsols eintakts rundsnu  kvar for oss
. Når vi går inn i rundsnuen er det ikkje noko ”stå over” /ventesteg el. liknande. Alt går normalt.
Guten: høgre, venstre saman (bra svikt, litt større på 1). Kan starte med appell på høgre.
Jenta
: Eit masurkasteg som byrjer på venstre (den foten som er ledig).: Venstre, bytomfot, høgre (raskt bytomfot) Ein – ogto – tre. Jenta treng ikkje ”rusje” inn i rundsnuen. Kan stå over eit steg og så starte på masurkasteget.
Øve saman grunnforma
: Framover med grunnsteg, rundt medsols med totaktssnu, rask rundsnu medsols. 

B. Variasjon
I det vi dansar framover kan vi ta høgre i høgre, og så byrjar jenta danse rundt under armen motsols med vanlege totakts grunnsteg. Vi fører armane i ein oval sirkel ( ikkje rund slipestein). Guten gir jenta litt plass, og lar ho vere på skrå framfor seg til høgre. Etter nokre slike omgangar (2-5?) slepper dei taket, guten dansar seg framfor jenta på eit steg, med ryggen i danseretningen, klappar og dansa reit par steg bakover (og jenta klappar igjen) og dei dansar saman totakts rundsnu etc.
tilbake til toppen av dokumentet


Rørospols (pols frå Nord-Østerdal)
Referat frå kurs i Songdanslaget 11. og 12. mars 2000, 4 timar per dag
Rettleiar: Inger Larsen, Hamar  
Spelemann: Marit Larsen

Metodikk for innlæring av steg:

1)     
Gå vanleg  - møte golvet med hælen
2)     
Gå med dobbelt så lenge på venstre
3)     
Gå med dobbelt så lenge på venstre, og la det bli ein svikt på venstre (men møte golvet med hælen på strak fot)
4)     
Stå saman i stor ring vendt innover og trø stega inn og ut (framover og bakover) (Trø fram og inntil, trø bak og inntil etc, normale steg som under 3.)
5)     
Trø inn på skrå sving på fotballen, trø bakoveratt med snuing på fotballen, etc, bevege seg motssols i stor ring. (= øve på å snu/vri på fotballen)

Tak:
Starttak
: Hendene heilt nede, ikkje over fingertuppane, men meir vanleg ”leiing”.
Gå framover etter vrangsnu:
Ikkje over fingertuppane, men jentehanda på skrå oppi gutehanda.
I begge snuane:
Begge har eine handa rundt livet bak på ryggen, den andre på/rundt overarma.

Vrangsnu: (”rettsnuen” = den eigentlege/opphavelege/særmerkete polssnuen)
Gutestega
= slik  eg gjer til vanleg  (venstre over, høgre fram/til side, venstre bak tåa peike på hælen, og høgre igjen på tre, hugs å vri på tåballen). Metodikk å øve steg: Øve dei med guteane for seg (liknar mykje på innlæring av steg i byrjinga, med snuing).
Jentestega
: Innleiinga: (medan guten trør venstre og høgre nesten på staden, men ikkje stoppe heilt opp). Jenta trør venstre over  og ned på høgre og har då fått ryggen i danseretninga. Inger ville helst ikkje telje (men dersom: dette blir 1,2,3). Så venstre på skrå bak på eit vanleg taktslag (ikkje lengre!), så ”opp på høgre” og vidare snuing på neste taktslag, så rett framover i danseretninga: tre raske springsteg (ikkje bytomfotsteg), og så ned igjen på høgre fot  litt på skrå på slutten av neste takt. (Dersom vi startar å telje med 1 på jenta bakover på venstre, blir det: Venstre bak på 1, opp på høgre på to, tre raske springsteg framover  (”spring, spring, spring”), og ned på høgre på 6. Det blir nokså lenge å vente før jenta  trør ned att på høgre på 6). Stega blir litt forskjøvne i forhold til taktslaga.

Metodikk å øve stega: Øve dei først framover med jentene for seg. Ikkje telje men seie: venstre, høgre (opp på høgre), spring spring spring, høgre. Spring sspring spring: ”nå igjen guten”. ”Ikkje bli sitjande nede på venstre på 1 (berre eit taktslag!)

Desse jentestega er slik dei normalt blir dansa i Nord-Østerdal og av svært mange i Røros-distriktet (dei fleste). Sume i bygdedansmiljøet der held på ei litt anna form, og dansar litt annleis, ei litt eldre form (?).

Rundpols-snuen
Gutane:
Venstre, saman, høgre. Vekt på saman slik som i musikken. Vi skal helst starte med tåballen på venstre og snu/vri oss ned  - ikkje ein rask svikt på begge. Husk å få høgre foten i danseretninga på 3 for å styre retninga på dansen.
Jentene: På det innleiande steget blir det berre : trø, trø, trø (spring, spring spring) – ein, to, tre. Så begge saman, høgre, venstre, men med svikt på høgre (andre taktdelen som i musikken). Jenta snur rundt med guten på desse trøstega. Relativt korte steg, men ikkje svært korte. Også jenta må passe på å styre retninga med høgre i danseretninga. Det må ikkje bli masurkasteg!

Guten bestemmer:
Guten bestemmer når dei ulike delene i dansen skal starte.

Trafikkregel: Dans etter kvarandre i ein stor ring som fyller salen. Alle må halde på framdrifta i alle delene av dansen. Dei gode dansarane dansa ute ved veggen!

"Spelemennene bør spele tre slåttar i rad når det er pols!"

Tillegg frå Mini-kurs i  Rørospols Halli, januar 2007

Jentas vrangsnu:
Har trødd ned på høgre fot, med ryggen i danseretninga. Har altså tyngda på høgre fot når vrangsnuen startar.
Først: venstre fot litt på skrå bak. Så: høgre litt på tå og litt snu. Så: venstre. Desse tre trinna blir nokså mykje på staden.
Så kjem tre springsteg: spring, spring, spring. Då er det god framdrift på desse tre.
Jentas korketrekkjar (jenta går rundt under armen ved oppløysinga av vrangsnuen):
Jenta står med tyngd på høgre frå før: Første sviktar ho på høgre foten, samtidig med at ho støttar litt i golvet med venstre tåa). Så trør ho ned på venstre på andre taktslaget. Så på høgre att.
Jenta snur noko på alle tre trinna.
Jentas avsluttande rundsnu:
Fotplassering: Saman, høgre venstre. Brukar 3 springsteg som innleiing til rundsnuen.
Jenta forbi/framfor guten:
Då kan ho godt bruke bytomfotsteg. Men husk å få tyngde på andre taktslaget då også.
Halde saman:
Guten tar over fingertuppane til jenta.

tilbake til toppen av dokumentet


Polska Binsjø
Kort referat frå kurs i Blåsalen 21. november 2009. Instruktør Jonny Olsson.
Nokre poeng:
Øve mykje på å gå åleine etter musikken på stor ring - venstre på 1 og høgre på 3 - nesten uten svikt og jamn "flyt" framover.
Guten har høgre handa bak på ryggen til jenta, jenta venstre handa på skuldra. Avslappa. Kan halde saman med dei andre hendene framfor.
Tyngda bra framme, men ikkje knekk. Heile personen ligg litt frampå.
Både gut og jente startar på venstre foten på einaren når vi går framover  - forstega.
Rundsnu gut:   1) venstre ut/litt bakover 2) saman (ryggen i danseretninga) 3) snu på tå/hel og stige på høgre i dansesetninga.
Rundsnu jente: 1) "saman" - berre høgre tå inntil  - nesten heile tyngda på venstre.2) høgre  3) venstre
Inngang til rundsnuen for jenta: (i det same gutenstarta på rundsnuen): gå, gå, gå, venstre tå inntil

Polkamazurkadel: Kan trø bak på eine steget, men kan også trø alle framover ved sida av kvarandre.

tilbake til toppen av dokumentet


Innherredspols (norsk) (Slik dansen vart dansa på video/omtala til Nordlek i Steinkjer 2012)
Motiv 1. Framover. Vi dansar frammover på motsols ring 4 dansesteg slik som i ”Mannen og konen”. Armane i olbogehøgd.
Motiv 2. Eintakts runddans. (Asynkron snu SsS/sSS) Guten startar med eit langt steg med venstre foten og snur seg for å kome godt framfor og rundt jenta, og trør ned på venstre foten (S) på utsida og litt bakom høgre foten til jenta. På andre taktslaget slepp han seg ned med ein djup svikt (s) medan han vrir venstre foten i danseretninga. Høgre foten vert plassert parallelt med V foten. Guten har no ryggen i danseretninga. Han vrir deretter H foten og slepp seg ned med full tyngd framover i danseretninga (S), mellom føtene til jenta, og bruker denne krafta nedover som ein sats til ei kraftig strekking og førebuing til å koma seg langt rundt jenta.
På første taktslaget står jenta på plassen og ventar til guten kjem rett framfor henne, samtidig som ho sviktar på V-foten og plasserer H-foten mellom føtene på guten. På andre taktslaget slepper ho seg ned på H-foten (S), og brukar denne krafta nedover som ein sats til ei kraftig strekking, slik at ho på tredje taktslaget får til å ta eit langt steg med V-foten rundt guten. Ho trør ned på V-foten på utsida av H-foten til guten, slik at ho har ryggen i danseretninga. Det er på tredje taktslaget at det meste av snuen hennar kjem.

tilbake til toppen av dokumentet


Sønderhoning (dansk)
Sønderhoning er ein ”bygdedans” – pardans - frå øya Fanø på vestkysten av Danmark. Dansen og musikken har vore i ubroten tradisjon i 300 år. Dansen har blitt rekna som ein ”sjømannsdans”: Dansen sjømennene brukte når dei kom i land. Dansen liknar på svenske polskor: Det er ein innleiande gåtur framover (gjerne 16 gåsteg) etterfylgd av ein medsols rundsnu (gjerne 5 gonger i rundt) på 8 takter. Samdanstaket i rundsnuen er spesielt. Musikken har jamn takt (2/4), medan vi i rundsnuen brukar tre taktdeler på ein gong rundt. Det er tekst til ein del av melodiane, og dansarane kan godt synge til og kome med utbrot. Dansen går rundt på golvet i stor motsols ring.

Første del = promenade
Guten tar leietak med jenta (guten høgre, jenta venstre), litt over midjehøgde. (Eller guten tar rundt handleddet til jenta.) Dei andre hendene heng fritt. Dei går framover ved sida av kvarandre, nokså tett saman, med noko svikt, til dømes 16 steg. Begge kan byrje på venstre fot, eller guten kan byrje på venstre og jenta på høgre. På dei to siste stega kan dei nærme seg kvarandre og byrje å ta saman med det taket dei skal ha i rundsnuen.

Andre del = rundsnu
Dei går rett inn i rundsnuen (medsols). Skjemastisk blir det slik: På taktslag 1 trør guten framom jenta og snur seg rundt ¼ gong, medan jenta trør på begge. Så trør guten på begge, sviktar og snur vidare rundt ¼ gong. Jenta trør no fram på høgre (mellom føtene til guten), sviktar og snur rundt ¼ gong. På taktdel 3 dyttar guten frå med venstre foten med ein liten sprett, og trør på høgre (mellom føtene til jenta) og svingar rundt ½ gong. Jenta trør eit langt steg framover på venstre rundt guten og snur ½ gong. Dermed er dei komne ein heil gong rundt. Når guten trør på ”begge” har han normalt fronten inn mot sentrum av ringen. Dersom vi dansar 5 rundsnuar på 16 taktslag, er det eit taktslag til overs, så då må gut og jente enten stå over eit taktslag, eller ta eit raskt fotbyte, slik at dei kan byrje på venstre fot i promenaden. Samdanstaket i rundsnuen er slik: Medan guten framleis held rundt handleddet til jenta, tar han handa hennar bak på ryggen til jenta og grip over fingrane hennar med si venstre. Jenta tar høgre handa si bak under arma til guten og legg ho på skulderbladet til guten. Dei lener seg litt frå kvarandre slik at det blir lett å danse rundt. I rundsnuen er det svikt på alle tre taktslaga; med god svikt på 2. taktslaget (når guten trør på begge). Det skal vere ei minning om båten som går opp og ned i bylgjene.
Kortform i rundsnuen: Guten: venstre - begge - høgre.   Jenta: begge - høgre - venstre.

tilbake til toppen av dokumentet


Polska frå Binsjø (svensk)
Pardans i ¾ takt. Først ein innleiande del med gåsteg framover (forsteg), så rundsnu så lenge ein lystar. Lite svikt.
Del 1. Forsteg.
Guten har høgre handa bak på ryggen til jenta, jenta venstre handa på skuldra til guten. Avslappa. Dei kan halde saman med dei andre hendene framfor. Det er mest vanleg at begge startar på ydste fot (men sume startar med venstre også for jenta).
Del 2. Runddansing.
Rundsnu gut: Første taktslag: trør på venstre, ut/litt bakover. Andre taktslag: saman (ryggen i danseretninga). Tredje taktslag: snu på tå/hel og stige på høgre i dansesetninga.
Rundsnu jente: Første taktslag: "saman" - berre høgre tå inntil  - nesten heile tyngda på venstre. Andre taktslag:  høgre fot. Tredje taktslag: venstre fot. (Dersom jenta byrjar forstega på venstre, blir inngangen til rundsnuen litt annleis: gå, gå, gå, høgre tå inntil, høgre venstre etc.)

tilbake til toppen av dokumentet