Bygdelagsstemnet i Oslo på Folkemuseet

Litt generelt om stemnet:
Bygdelagssamskipnaden (BLS) skipar kvart år til eit stemne på Folkemuseet på Bygdøy i samarbeid med museet. Denne årlege mønstringa har røter langt attende til før krigen. Stemnet blir som regel halde første søndag i juni. Stemnet varer heile søndagen, og startar ofte med stemnetog kl 12. Og barnelaga dansar på teateret. Viktigaste aktiviteten er kanskje at dei ulike leikarringane og folkedansgruppene dansar i ulike tun utetter ettermiddagen. Men det er som oftast også korsong, piknik, samdans på torget og folkedanskveld om kvelden med bygedans, turdans, gamaldans og songdans.
 

 
Stemnet 28. mai 2000
I år 2000 blir stemnet 28. mai. Det er stemnetog kl 12. Barnelaga dansar kl 12.15. Felles piknik på Festplassen kl 13.30. Junior Kven veit på Torgkafeen kl 14. Bygdelagskoret syng kl 14.30. Dans i ulike tun utover ettermiddagen. Samdans på Torget kl 17-18. Bygdedanstime 18-19 og  Folkedanskveld 19-22.
 
 
Dersom du har noko nytt om å melde, eller har kommentarar  Trykk her og send!